Skip to main content

Noregs største steinras: Tjelle-skredet 1756

Page 1

Andre bøker i Krisetid-serien: Etter folkemordet. Ingjerd Veiden Brakstad Dei harde trettiåra. Knut Kjeldstadli Flukta til Finnmark. 1800-talet. Kathrine Nedrejord Dei norske borgarkrigane 1130–1240. Hans Jacob Orning


Astor Furseth NOREGS STØRSTE STEINRAS Tjelle-skredet 1756

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 11/15 pkt. Minion Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0434-6 Forlaget har fått stønad frå Fritt Ord til Krisetid-serien.

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


«Åknes-objektet synes i dag å være det fjellskredobjektet som har det mest omfattende skadepotensiale i Vest-Europa, bortsett fra et mulig kollaps i vulkanen Vesuv med etterfølgende tsunami i Napolibukta» Noregs geologiske undersøking, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Statens landbruksforvaltning, Statens vegvesen, Jernbaneverket og Statens kartverk: Store fjellskred i Norge. Utredning for Landbruks- og matdepartementet på vegne av 6 departementer. 2006, s. 3.

5


INNHALD Varsla katastrofar. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 1 Det største fjellskredet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 2 Dei store fjellskreda . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 3 Det neste fjellskredet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Dei største fjellskredulykkene i Noreg . . . . . . . . . . . Litteratur . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Informantar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Notar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

9 12 61 78 85 87 91 92


VARSLA KATASTROFAR Det norske terrenget og klimaet er slik at ein vanskeleg kan unngå all busetnad og aktivitet i skredutsette område. Vi må leve med otten for at skred kan ramme oss ein dag. Kvart einaste år blir landet råka av skred som både tek menneskeliv og gjer stor materiell skade. I dag har vi lett for å tenkje at menneska er i ferd med å meistre naturen. Men når vi opplever at det stadig går nye skred med tap av liv og eigedom, er det grunn til å spørje: Har vi kontroll? Skred er ein naturleg prosess. Nokre område kan verke tryggare enn andre, og sjølve bustaden, der vi held til mykje av livet, blir gjerne plassert på slike stader. I mange høve kan ein vere uvitande om skredfaren, andre gonger finst kunnskap; ein veit korleis folk tidlegare har unngått skred. Mange er overtydde om at vi har kome noko lenger, slik at vi for framtida er i stand til å sikre busetnaden betre, blant anna med planarbeid for sikrare tomteval og ny teknologi. Men spørsmålet, sjølv i dag, blir det same som før: Kor stor risiko er samfunnet villig til å ta? 9


Det er eit merkeleg faktum at historiske standardverk totalt manglar oppslagsord om kampen mot naturen. Ikkje eingong dei største ulykkene er nemnde. Dette er uforståeleg i eit land som så å seie er som skapt for naturkatastrofar, med bratte fjell, leirgrunn, store temperaturskilnader og elveerosjon. Historikarar og forskarar har lukka auga for at det til saman er registrert over 5000 omkomne av skred i løpet av dei siste 400 åra. Kanskje er dette grunnen til at Noreg kom svært seint i gang med offentleg skredsikring og skredforsking? Andre fjelland i Europa var lenge i forkant, ikkje minst på fagfeltet som er hovudtemaet i denne boka. Fjellskredforsking vart ikkje teken på alvor i Noreg før i slutten av 1990-åra. Det finst mange segner om store fjellskred i dei fleste landsdelane. Første gongen fjellskred er nemnt i skrift, er i år 1180 i islandske annalar, då eit fjell fall ned i Sogn. Andre kjelder opplyser om fleire fjellskred frå 1500-talet til vår tid. Det er innsamla opplysningar om 14 500 små og store steinskred som i alt har teke livet av meir enn 1115 menneske i Noreg. Dette utgjer ein fjerdedel av alle skred-dødsfalla. Talet er noko lågare enn for andre skredtypar som snøskred og jord-/leirskred, fordi fjellskredulykkene kjem meir sjeldan. Men nettopp dei store fjellskreda, som har kome nokre få gonger i hundreåret, har ført til dei mest alvorlege naturkatastrofane i Noreg. Når fjell10


massane fell i vatn eller fjord, blir det laga flodbølgjer med eit enormt skadepotensial over lange avstandar. Noreg er eitt av dei landa i verda som oftast blir råka av slike fjellskred. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) lagar nasjonale planar for å førebu oss på framtidige katastrofar – og i analysane deira høyrer fjellskred til hendingar med katastrofale konsekvensar for samfunnet. Denne boka om fjellskred tek utgangspunkt i Tjellefonna, eller Tjelle-skredet, i Nesset innanfor Molde i året 1756. Dette er det største fjellskredet i Noreg som har råka busetnad. Det var på nesten alle måtar typisk for ein slik naturkatastrofe.


1 DET STØRSTE FJELLSKREDET Kapellan Christian Morsing var augevitne til Tjellefonna. Han skreiv ned det han opplevde, og innleia med eit bibelvers frå Salmane 66: Gaaer hen, og seer Guds Gierninger; Hand er forfærdelig i sin Gierning mod Menniskers Børn.1

Nesset prestegard, februar 1756 Christian Morsing var noko uroleg sundag 22. februar 1756. Det var seksagesima, det vil seie såmannssundagen. Etter ein liten periode med etterlengta opphaldsvêr hadde det teke til å regne att. Det kom meir nedbør enn nokosinne, syntest Christian. Det hadde vore samanhengande regn i fjorten dagar. Alt frå grytidleg morgon slo det inn ein ny storm frå sørvest som varte heile dagen. Det var nett den vindretninga som tok hardast i Langfjorden, og vinden stod beint mot prestegarden, som låg på neset som 12


skilde Langfjorden frå Eresfjorden, fem mil aust for Molde. Christian var personleg kapellan under faren, Johan Chr. Morsing (1680–1755), sokneprest i Nesset prestegjeld. Det vil seie at han var assistent, utan å ha nokon fast kyrkjelyd, og at han tok på seg dei fleste oppgåvene innanfor kyrkja, men med nokså låg løn. Christian var fødd på Fosnes i Trøndelag, vart presteutdanna som 29-åring i 1744 og gifta seg same året «uden forudgående trolovelse med Demoiselle Barbara Lucia Blix». Etter det hadde dei budd i Nesset, på prestegarden hos faren, der han «gjennemgik en lang, tung, brødløs Tid som Solicitant i 12 Aar».2 Det vil seie at han stadig hadde søkt, men ikkje fått seg eit kall. Men familie hadde han fått seg; i desse åra hadde han og Barbara blitt velsigna med fem barn. Han var no snart 41 år gammal, kona 34 år, og dei budde framleis på Nesset prestegard: «… en af de skønneste Gaarde i Landet, som den ligger der bredbarmet mellem to mødende Fjorde med grønt Fjæld over sig, Fossefald og Gaarde på modsatte strand, bølgende Marker og Liv inde i Dalbunden, og udover langs Fjorden Fjælde med Næs i Næs skydende ud i søen og en stor Gaard ude paa hvert», skreiv Bjørnstjerne Bjørnson om nettopp denne garden, som var barndomsheimen hans åtti år seinare. Men det var ikkje alle som syntest at denne flotte 13


naturen spegla tilhøva på prestegarden eller i bygdene omkring. Etter at biskop Fredrik Nannestad (biskop i Nidaros 1748–1758) hadde vore på visitasreise til Nesset sommaren 1755, eit halvt år før skredet gjekk, la han ikkje fingrane imellom i visitasmeldinga til kongen, datert 17. januar 1756: I Romsdals prosti er Nesset menighet den uskikkeligste og vandkundigste, som ikke annet kunne være, da en gammel, uduelig, egensindig og fortredelig mann har vært prest der i mangfoldige år, men Gud har forløst menigheten fra denne forhindring – aldri så presten menigheten, og menigheten ikke heller presten uten når han kom på predikestolen og holdt en meget slett prediken for den. Til katekisasjon var han ikke til å formå, og skolemestrene gjorde hva de ville, det er slett intet.3

Christian blir ikkje nemnd av denne pedantiske biskopen. Christian var i ei svært beskjeden stilling under den gamle faren, som hadde vore enkemann sidan 1751, og som verka vanskeleg å ha med å gjere. Christian var truleg nokså mismodig over lagnaden sin. Det var fint å bu her, på den største garden i prestegjeldet, med 16 bygningar, 22 mjølkekyr, 13 ungnaut og 30 småfe, og ikkje minst dei 4 hestane. Dei hausta 175 tønner korn, og mykje frukt frå ein stor hage med kirsebær, eple og plommer. 14


No måtte han reise frå alt dette til eit usikkert tilvære. Gamle Johan Chr. Morsing hadde sloppe å lese den karakterdrepande visitasmeldinga, for han døydde like etter bispebesøket, om hausten 1755. Men bortgangen hans hadde ikkje opna nye dører for sonen Christian. Det viste seg fort at han ikkje fekk ta over som sokneprest. Slike stillingar var ettertrakta, og søkjarar med betre kvalifikasjonar eller omgangskrins vart prioriterte. No sat Christian her einast på nåde, og var i desse dagar i ferd med å førebu seg på flytting, då den nye presten Lorentz Schnitler allereie var komen. Christian hadde også av andre årsaker i det siste ikkje følt seg vel i prestegarden. Han hadde sett med uro på heile denne unaturlege etterjulsvinteren 1756. Ikkje berre var det uvanleg mildt og mykje regnvêr, det kom også orkanaktige stormar, den eine følgde den andre. Dessutan syntest han at fjellet oppførte seg underleg. Gjerne skjedde det i stormkast og regnføyke at det kom nokre dumpe drønn innanfrå berget. Det var uråd å seie kva for fjell dei kom frå, men skjelva var så kraftige at det rista under føtene. Elles hadde han likt desse pittoreske fjella kring prestegarden, dei var verken spesielt truande høge eller bratte, med Snarketinden som steig 1100 meter opp på sørsida av Langfjorden og Rødhesten 600 meter på nordsida. Annleis var det lenger inne i prestegjel15


det, der var fjella meir trolske og raga mykje villare til vêrs. På denne februarsundagen i 1756 hadde han ingen plikter som prest, og han heldt seg i StudereKammeret, som var bygd saman med rullebua som stod tett nedanfor borgstova. Han var i ferd med å pakke ned i alt 345 bøker som faren hadde late etter seg. Men ofte måtte han stanse opp, ved at stadig nye stormkast fekk huset til å knake og skake. Det «faldt der den hele dag en Storm af en W.Syd W: med Regn og meget Tyck Taage».4 Slik begynte det i skriftet han forfatta, som mykje av skildringa her er bygd på. Christian var ikkje den einaste som følte seg utrygg, også folk i bygdene omkring Langfjorden hadde ank for dette uvêret og denne rare vinteren, og det spurdest om storflaum nord i amtet. Mot kvelden då mørket senka seg, auka stormen og regnet, og det så mykje at dei frykta det kunne gå ille. Og det gjorde det. Men det var ikkje sjølve uvêret eller storflaumen som skulle ende med katastrofe; det var noko heilt anna, noko fullstendig sjokkarta og uventa. Ingen hadde den aller minste aning om at dette kunne skje, sjølv om førevarsla eigentleg var svært tydelege, som eit heva damoklessverd mot himmelsjå over grendene langs Langfjorden.

16


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Noregs største steinras: Tjelle-skredet 1756 by Det Norske Samlaget - Issuu