Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 1
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 3
Harald Nortun
NESTEN SAMAN Dikt
Samlaget Oslo 2013
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 5
Ditt og mitt ansikt Vi går på same skule. Vi tek same buss kvar einaste morgon og kvar einaste ettermiddag. Du ser meg aldri. Ikkje i dag heller. Men eg kan sjå deg utan at du ser meg. Ansiktet ditt speglar seg i bussvindauget. Auge og kinn, nase og munn. Og i det same spegelbiletet kan eg sjå mitt eige ansikt. Du og eg i same vindauge. Ditt og mitt ansikt nesten saman. Eg bøyer meg litt fram. Kjem nær deg i bussglaset. Du sit som før. Rører deg ikkje. Eg bøyer meg endå litt fram,
5
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 6
og endå litt. Nasen min er nesten borti nasen din der i spegelbiletet. Eg legg hovudet litt på skakke. Munnen min rører munnen din. Eg lukkar auga. Opnar leppene. Så gjer vi det. Kysser.
6
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 7
Sommarfuglar og nattsvermarar Eg ser deg. Du veit det sikkert ikkje. Men eg ser deg og kjenner deg igjen på hundre meters avstand midt på skuleplassen full av folk. Du fyller tankane mine med blodraude og lillafiolette sommarfuglar som stig og søkk og leiker og kiler. Du fyller kroppen min med danseflygande dagpåfuglauge som stryk vengene sine mot huda mi innanfrå kvar gong eg ser deg. Eg ser deg. Du veit det sikkert ikkje. Men eg ser deg og du fyller tankane mine med gråbrune og frostbleike nattsvermarar
7
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 8
som fyk og flaksar og baksar og slår. Du fyller kroppen min med ville og galne nattpåfuglauge som kjem frå det svartaste mørkret, som styrer sanselaust etter lyset, som flyg rett mot bålet og styrtar inn i flammane kvar gong eg ser deg.
8
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 9
Sugekopp Du! seier ei stemme. Skal ikkje du av her? Eg opnar auga. Bussen bremsar opp. Sovna du? spør du. Drøymde du om sjokolade? For ein trutmunn! Såg ut som ein sugekopp, seier du og hermer med leppene. Sat nesten fast, fniser du og peiker på vindauget. Leppene mine har laga merke i dogga på glaset. Eit stort, rundt kyssemerke. Når bussen endeleg stoppar treffer kysset haldeplassen vår. Eg går av like bak deg. Du snur deg ikkje. Du går den eine vegen. Eg går den andre. Bussen køyrer vidare.
9
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 10
Fraktar kyssemerket mitt ut i verda, heilt til bussparkeringa bak bensinstasjonen.
10
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 11
Ting eg har høyrt Ein i klassen har fortalt at i barnehagen leika du kattunge og tissa i sandkassa. Bestemor hugsar godt at farmor di var heilt tonedøv. Ho kunne ikkje synge men likevel song ho heile dagen. Mamma bruker ofte å seie at folk har ei viss aning om kvar far din får pengane frå og kva han bruker dei til. Pappa har sagt at mor di er ei jazztante som køyrer scooter i frynseflagrande lilla skjerf. Ho jobbar deltid i kultursektoren og er ikkje rett navla. Søskenbarnet mitt har sjølv sett at storebror din gjer ville ting på fest og har tre jenter på same tid. Eg har høyrt at du hatar symjing og alltid kjem for seint til gymmen.
11
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 12
Førre veka kunne du ikkje spele fotball fordi du hadde pest i venstrebeinet og svartedauden i høgre. Då læraren trua med å ringe foreldra dine låste du deg inne på do. Folk i klassen din seier at du er litt rar og at du nesten ikkje har venner. Eg har høyrt folk le bak ryggen din. Dei seier at du er ordentleg snål på håret. At du er den suraste på heile skulen. Men ikkje ver redd. Eg trur ikkje på alt folk seier. Du kan stole på meg. Eg sladrar ikkje. Eg har aldri sagt eit ord om deg, ikkje til nokon.
12
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 13
Hei! Eg ser opp. Kan nesten ikkje tru det. Men du sa verkeleg hei til meg. Eit heilt vanleg hei. Hei, svarer eg lågt. Bussdørene glir opp. Vi stig ut, og for første gong går eg same vegen som deg. For eg vil gå dit du går. Eg vil vere der du er. Men då sperrar du vegen for meg. Du ser meg rett i auga. Bur ikkje du der borte? spør du og peiker den andre vegen. Nei. Eller. Jo! seier eg og bråsnur. Du smiler og spør: Veit du ikkje kor du bur? Ikkje alltid, seier eg. Du ler og seier: Håper du finn ut kor du bur før middagen blir kald!
13
Nesten saman ferdig.qxd:a
24-06-13
13:24
Side 14
Heimlaus Heimløysa kan målast i tannbørstar. Kor skal eg pusse tennene i kveld? Eg har ein tannbørste hos mamma. Ein tannbørste hos pappa. Ein tannbørste hos bestemor. Og ein tannbørste hos bestefar. Men ingen hos deg.
14