Skip to main content

Mine minste

Page 1

Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 1


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 3

Åsne Valland Nordli

MINE MINSTE Om gatefolk frå Romania og eit forsøk på å hjelpe

Samlaget 2017


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 2


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 5

INNHALD Forord 7 I byrjinga 10 Prosjektet for fattige heimlause eldre 27 Gateborna, arven etter Ceaus,escu 43 Vakta hjarta ditt 62 Sigøynarane, den lange vandringa 78 Arbeidet veks 120 Gjensyn 149 Koparsmeden frü Bratei 162 Notar 175 Kjelder 178 Takk 180


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 6

ÂŤSanneleg eg seier dykk: Alt de gjorde mot ein av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.Âť Matteusevangeliet 25, 40


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 7

FORORD Frå eg var lita, var eg særs oppteken av å hjelpe. Såg eg nokon som var aleine i skulegarden, kunne eg vie fleire veker på å leike med akkurat det barnet. Var ein hund på ville vegar i heimbygda mi, tok eg den med meg heim for så å presse foreldra mine til å finne den rette eigaren. Observerte eg ei mor som fortvila leita etter det forsvunne barnet sitt i 17. mai-toget, kunne eg ikkje la vere å kjenne på redsla hennar og prøve å leite. Då eg som 13-åring i 1989 såg sterke bilete av eit nyleg frigjort Romania rulla over tv-skjermen, gjorde det djupt inntrykk på meg. Eg kunne ikkje gløyme det. I 1998 reiste eg, mannen min, Andreas Nordli, og den nyfødde sonen vår til Romania for å jobbe med hjelpearbeid gjennom organisasjonen Ungdom i Oppdrag i hamnebyen Constant,a. Romania var eit land prega av postkommunisme, diktatur, fattigdom og enorme sosiale behov. Me reiste ned for å hjelpe. Etter fem år i landet, prega av alt det me opplevde der, flytta me i 2003 attende til Noreg og etablerte oss her. Takksemd og glede over å kunne kalle Noreg landet mitt blandar seg i dag med skuldkjensle. Mitt andre heimland, Romania, møter meg stadig oftare på gatene. Møte med tiggande rumenske sigøynarar her i Noreg vekker kjensler


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 8

8 / MINE MINSTE

og minne som har lege i dvale dei siste åra. Bilete av Romania på 1990-talet, nokre år etter revolusjonen, trengjer seg fram på netthinna mi. Dei er der i minnet mitt enno, gateborna eg vart glad i, og fattige familiar som trong hjelp til å overleve. Då mannen min Andreas og eg frå 1998 til 2003 jobba blant gatefolk og sigøynarar i Romania, fekk eg vere med og hjelpe menneske i liknande situasjonar som tiggarane eg no møter i min eigen norske småby Hamar. Det var ikkje berre sigøynarar som strevde med å klara seg i Romania. Menneske frå fleire folkegrupper, både etnisk rumenske, sigøynarar og tyrkarar, trong hjelp i hamnebyen Constant,a på 1990-talet. Då EU i 2007 utvida grensene sine, fekk Romanias befolkning moglegheit til å reise visumfritt i EU og Schengen-området. Ikkje eingong den etniske rumenske middelklassen fekk endane til å møtast i heimlandet, og mange tusen rumenarar med høg eller lågare utdanning fann seg jobbar i Vest-Europa. Medan etniske rumenarar vart integrerte i samfunna våre, var det sigøynarane frå Romania me la merke til her i Noreg då fattigdomen deira kom krypande heilt inn over vår eigen dørstokk. Me vart konfronterte med den ubehagelege sanninga at me, ein styrtrik oljenasjon, ikkje likte dei verkelege andleta bak armoda. Me ville ikkje sjå armoda i augo eller ta i dei utstrekte hendene til den som bad oss hjelpe. Fattigdomen var stygg, pågåande og brautande. Den passa ikkje inn verken under bybruer, utanfor kyrkjedøra ein sundag føremiddag eller i skogen. Det forsøpla bybiletet og gav oss dårleg samvit når me kom med fulle handleposar ut av dei store kjøpesentera våre.


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 9

FORORD / 9

Så jaga me dei bort frå kyrkjetrappa, benkane i parken, bort frå skogholt og bruer. Kjøpesentera beordra dei bort frå inngangspartia sine, bilane deira fekk ikkje stå på parkeringsplassane våre, og til sist ville me forby dei å tigge. Eit lyst hovud kom jamvel på den gode ideen at me kanskje kunne straffe dei som prøvde å hjelpe. Me nordmenn er kjende for å vere gode, blir det sagt. Noreg er eit land der verdiar som rettferd, ærlegdom og solidaritet blir haldne høgt. Men sjølv nordmannen møter seg sjølv i døra iblant. Det var kanskje dette som hende med oss nordmenn i møte med dei nye tiggarane på gatene våre. Mangel på kunnskap og gamle haldningar, dei same som frendane deira – taterane – vart møtte med, kom skremmande nær overflata att. Eg kan eg ikkje anna enn å tenkje på eit sitat frå filmen Matrix. «Ignorance is bliss» – Å vere uvitande gjer ein lukkeleg. Motstykket til dette sitatet finn me i eit ordtak frå Forkynnaren i Det gamle testamentet: «Den som aukar sin kunnskap, aukar si smerte.»


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 10

I BYRJINGA Sola skein alt høgt på den rumenske himmelen, morgonen den 17. mai i 1998. Den vesle familien vår var klar for morgonstellet i den nye heimen vår, ein campingbil frå midten av 1980-talet. For oss var det ein luksusbil, sjølv om den ikkje var av nyaste dato. Bilen skulle fungere som bustad for oss dei neste månadene, medan me var innvandrarar i eit ukjent land. Kvelden før, medan folk flest på vår eigen alder var mest opptekne av fest og fotball, kryssa me den rumenske grensa med skrekkblanda fryd. Væpna grensevakter gjekk fram og tilbake med maskingevær på ryggen. Frå bilen før oss i køen høyrde me høglydt krangel. Vaktene peikte på bilskilta og brølte sin harme ut over dei stakkars utlendingane som hadde tenkt seg inn i landet. Adrenalinet steig i årene mine, eg kjende pulsen i tinningane etter som det nærma seg vår tur. Den andre bilen vart beordra ut på sidelinja, og bilisten vart fylgd av vakter inn på eit kontor. Så var det var vår tur. Me såg på kvarandre, Andreas og eg, før han starta motoren og køyrde fram til luka. Grensevakta utanfor bua helsa bryskt og tok imot passa våre. Dei vart inspiserte nøye i tur og orden, fyrst Andreas sitt, så mitt. Med streng maske og stive blikk hagla spørsmåla på dårleg engelsk: – Kva skal de i Romania, kvar kjem de frå? Me svarte så godt me kunne.


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 11

I BYRJINGA / 11

Det tredje passet vart opna, og no fekk fløyta ein annan låt. Småborn hadde ikkje sine eigne pass i Romania. Grensevakta snudde seg om og bøygde seg inn i luka til vakthavande der. Passet til den vesle guten vår vart studert, dei peikte, prata, studerte og lo. Så snudde han tvert om og stakk hovudet inn att i bilen. «Saˇ tra˘iascaˇ!» – må han leve! sa han med eit stort smil og peikte på Mikal som låg i bagen i baksetet. Han var tre månader, men hadde allereie fått gode kinn og lo tilbake til den rare mannen i uniform. Smilande steig han eit steg unna og peikte framover. Andreas, som var like forundra som meg, vrei om nøkkelen. «Velkomen til Romania!» ropte han venleg etter oss idet me trilla over grensa til vårt nye land. Eg kjende eg var letta då me køyrde vidare med grenseposten like bak oss. Me hadde forventa at grensevaktene ville oppføre seg bryskt og uvenleg mot oss, og var både overraska og glade for å bli møtte med eit smil. Tanken på å skulle flytte til Romania var ikkje så unaturleg for meg. Allereie frå eg var ei lita jente, hadde eg vore særs oppteken av ulike folkegrupper og kulturar. Medan veninnene mine på barneskulen heime i Norheimsund gjerne ville bli popstjerner og frisørar, ville eg bli same. Eg kunne ikkje fatte kvifor ikkje samisk var ein obligatorisk del av undervisninga i skulen. Skuffelsen var stor då eg forstod at eg ikkje hadde så mykje som ein drope sameblod i årene. Men eg vart interessert og glad i min eigen kultur òg og forsona meg med at eg ikkje trong drøyme meg bort frå røynda. Eg var ei hardingjente med røtene godt planta mellom frukttre og bratte fjell inst i det nordre sundet midt i Hardangerfjorden. 10 år gamal byrja eg å synge.


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 12

12 / MINE MINSTE

I folketonane frå Hardanger fekk eg dekt interessa for både kultur og musikk og heldt som tenåring konsertar kringom i landet. Som 18-åring gav eg ut mi fyrste plate. Eit kommersielt gjennombrot var innanfor rekkjevidde i 1997. Året før hadde eg sleppt mi andre plate – Julekvad – på plateselskapet Kirkelig Kulturverksted. «Årets juleplate», skreiv avisene i Akersgata og trilla seksarar. Det fanst menneske i musikkbransjen som ville ta meg vidare, men eg var trøytt. Eg hadde femna om for mykje, og skulearbeidet lei under alt fråværet. Eg kjende ein sterk og inderleg pasjon for musikken, men hadde mista noko av meg sjølv på vegen. Eg takka nei til eit fast management og hadde bestemt meg. Eg trong ein pause. Det var seint i tenåra eg fyrst høyrde om rørsla Ungdom i Oppdrag (UIO). Rørsla fanga merksemda mi då det store sjukehusskipet «Anastasis» ankra opp i Bergen på 1990talet. Ungdom i Oppdrag hadde fleire slike skip der gratis naud og medisinsk hjelp kom ut til hundretusenvis av menneske i den fattige delen av verda. Dei store skipa, utstyrte med operasjonssalar, tannlegar og legeteam, segla til avsidesliggjande øyar og avkrokar i Stillehavet. Der hadde ikkje befolkninga tilgang på medisinsk hjelp. Born fekk vaksinar, menneske med behov for kirurgiske inngrep vart opererte på skipet. Og det vart gjeve tannlegehjelp til alle som trong det. Eg var fasinert. Ungdom i Oppdrag (internasjonalt kalla Youth With a Mission) bestod på den tida av 17 000 frivillige arbeidarar frå heile verda som jobba med tre ulike felt: hjelpearbeid, utdanning og trusformidling. I 1994, 18 år gamle, drog eg og kjærasten min Andreas til


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 13

I BYRJINGA / 13

Romania i regi av Ungdom i Oppdrag for fyrste gong. Rørsla sende kvar sommar ungdomar til ulike europeiske land. Målet var å gje vanleg ungdom frå Noreg innblikk i andre kulturar, eit møte med fattigdom og om mogleg på den måten gje dei eit større perspektiv på livet. Grupper vart sende til lokale evangeliske kyrkjer der dei ofte fekk hjelpe til med sosialt arbeid. Den fyrste turen gav meirsmak, og me reiste ned att til Constant,a by i Romania dei tre påfylgjande somrane frå 1995 til 1997. Me vart godt kjende med menneska der, og på desse turane fekk me jobbe med pinsekyrkja – Farul – i Constant,a. Me la merke til kor involverte dei var i samfunnet rundt seg. Dei gjorde ikkje skilnad på fattig eller rik, etnisitet eller status. Mange var frivillig involverte i arbeid på gata blant heimlause born og eldre. Det gjorde djupt inntrykk på oss. Eg fekk slik godhug for borna som budde på gata, og kunne ikkje sleppe dei i tankane mine. Eg ville gjere noko med livet mitt som betydde noko, og kjende at draumen om å kunne hjelpe born i naud byrja å spire i meg. Andreas og eg gifta oss i 1996, 21 år gamle. Sommaren etter fekk me førespurnad om å flytte til Constant,a for å jobbe med pinsekyrkja Farul. Eg var gravid den sommaren, og me venta vårt fyrste barn i februar. Det var likevel eit enkelt val, og me bestemte oss for å flytte til Constant,a våren 1998. Andreas og eg hadde ofte snakka om å flytte til Romania. Me hadde sett nauda og visste me kunne hjelpe med å kanalisere materiell hjelp inn i landet, i fyrste omgang med finansar og hjelpesendingar med varme vinterklede til pro-


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 14

14 / MINE MINSTE

sjekta den lokale kyrkja jobba med. Me skulle også hjelpe til med vidareutvikling av både gatebarnprosjektet Project Romanian Rescue og arbeidet blant heimlause eldre. Me ville gjerne reise ut gjennom Ungdom i Oppdrag, sjølv om det betydde at me ikkje fekk løn i tradisjonell forstand. Alle pengar me samla inn til prosjekta i Romania, skulle gå uavkorta til gateborn eller eldre. Derfor måtte me skaffe oss eigne sponsorinntekter på sida. Støtta skulle bli som ei løn for arbeidet me sjølve gjorde. Familie og vener engasjerte seg og gav oss små pengegåver kvar månad. Slik fekk me det til å gå rundt økonomisk. Opplæring skulle me fyrst få nede i Romania, av lokale rumenarar i Constant,a. Våren 1998 pakka me alt me eigde i tre koffertar. Me bar dei og den snart tre månader gamle sonen vår med oss ut i den nye campingbilen vår. Den skulle vere heimen vår i seks månader til me fann eit høveleg husvære. Den fyrste tida og den lange reisa til Romania sit som spikra i minnet mitt. Det var ikkje fyrste gong me hadde køyrt denne turen. Likevel var det som om alt var annleis denne gongen. Sansane og kjenslene mine var varare. Eg kjende på ei sitrande spaning og ein angst for det ukjende livet som låg framom oss, og kunne samstundes kjenne glede over små, vakre detaljar som eg såg langs vegen. Det var som om det eg såg, for fyrste gong verkeleg vedkom meg. Me køyrde nedover Europa medan Mikal sov, og stoppa kvar gong han vakna for å gje han mat og den merksemda og kjærleiken han trong. Det var ein behageleg og veldig praktisk måte å reise på med eit lite spedbarn. Me hadde alt me trong i campingbilen. Dermed kunne me vere


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 15

I BYRJINGA / 15

til stades og heime kvar gong vesleguten vår vakna frå soveøktene sine. Kaffitraktaren var to steg unna, og sjakkspelet hadde sin faste plass på kjøkenbordet på vår veg nedover Europa. Eg var klar for det nye livet, me hadde lenge tenkt gjennom kva me gjorde. Men det var ikkje fritt for at eg likevel kjende litt på angsten då me køyrde inn i grensebyen Arad på den rumenske sida. Det var allereie mørkt, og me hadde ikkje funne nokon stad å overnatte. Dei identiske firkanta lågblokkene stod stramme på kvar side av hovudvegen som pløgde seg gjennom byen. Neonskilta lyste mot oss frå sentrumsgatene, som no var nesten folketomme. Ein og annan hund leita etter mat i søppelspanna. Elles var det stille. I utkanten av byen fann me ein liten privat campingplass. Det var i røynda ein liten hage knytt til bustadhuset på eigedomen. Den var brukt til overnatting for reisande over grensa og var ei god biinntekt for paret som budde her. Me var trøytte no etter endå ein lang dag på vegen. Mikal sov roleg i bagen sin. Me lyfta han forsiktig bak i bilen der senga venta. Det tok ikkje lang tid før me sov alle saman. Mikal var morgonfugl. Han vekte oss til fast tid kvar morgon når det var på tide og stå opp. Morgonstellet fekk han på kjøkenbordet i ein liten, gul vaskebalje. Ute var det framleis skumring, me gjorde oss klare for endå ein dag på vegen. På oss vaksne vart det ein rask dusj i kaldt vatn i det som likna eit provisorisk dusjanlegg i hagen. Målet var å kome midtvegs ned mot svartehavskysten før det vart natt. Bilen svinga ut på vegen att då sola kom over den fyrste åskammen i aust. Her var ingen motorvegar, og det gjekk


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 16

16 / MINE MINSTE

ikkje så fort, for hovudfartsåra gjennom landet var like smal og svingete som gode, gamle vestlandsvegar. Ferda gjekk langs nysådde kornåkrar og lange strekk med skogar. Her kunne ein treffe på gamle karar med vest, langbukse og saueskinnshatt midt på heitaste dagen. Krokete og hjulbeinte kom dei langs vegane med ein gris i band som om dei var på luftetur med bikkja si. Kanskje skulle dei på leiting etter trøflar? Me var på veg til vårt nye liv. Det var ikkje meir enn ni år sidan eg sjølv hadde sett dei fyrste bileta av eit fritt Romania rulle over tv-skjermen. Eg var berre 13 år den gongen, og det var den fyrste utanrikssaka som nokon gong fanga merksemda mi. No, nesten eit tiår etter, kunne me framleis sjå spor etter den kommunistiske totalitære staten, slik me hadde gjort det i møte med grensevaktene. Dei var bryske og skremmande i framtoninga, akkurat slik dei hadde lært det i det avstengde diktaturet, med skarpe våpen over skuldra. Dette var landet som under den andre verdskrigen kjempa seg bort frå ein nazistisk diktator, og som til sist enda som eit kommunistisk totalitært regime. I 45 år – frå 1944 til 1989 – vart landet styrt av kommunistar. Dei siste 24 åra av Nicolae Ceaus,escu og kona hans Elena. Det var fyrst dei siste ti åra av kommunistregimet som verkeleg braut ned landet. Då bestemte Ceaus,escu seg for å kvitte seg med all utanlandsgjeld. Alle resursar vart sette inn i ein ineffektiv tungindustri. Mest all elektrisitet og arbeidskraft vart brukt til industrien, og mat vart det for lite av. Resultatet var at menneske svalt og fraus i hel i sine eigne heimar. For å


Mine minste ferdig_a 05.04.17 12:47 Side 17

I BYRJINGA / 17

skaffe mat måtte dei stå i timevis i kø – for kanskje å kunne kjøpe det dei trong til livsopphaldet sitt. Så kom revolusjonen. Ceaus,escus tidlegare samansvorne ofra sin Judas og sikra seg mektige stillingar i samfunnet. Ingen rettargang vart sett i verk mot landsforrædarane, utanom den mot diktatoren sjølv og kona hans. Ingen mapper vart opna. Kommunistane sat framleis med makta – men no i den demokratiske republikken Romania.1 Overgangen frå planøkonomi til fri marknadsøkonomi vart svært vanskeleg. Inflasjonen var stor og fattigdomen i landet brutal. Menneska som ikkje kunne betale marknadens høge leigeprisar, vart tvinga ut på gata. Dei rike vart rikare, og dei fattige vart endå fattigare. Vanlege menneske med jobb og heim strevde med å klara seg. Det verste var kanskje at tilliten mellom vanlege rumenarar var borte. I Noreg stod me side om side mot ein felles fiende under den andre verdskrigen. I Romania i kommunisttida var det få som visste kven fienden verkeleg var. Det vart sagt at ein av fire statsborgarar opererte som angjevar for Securitate – det hemmelege statspolitiet. Det kunne vere bror din, presten din, sjefen din eller naboen. Ingen visste. Tilliten mellom menneska var i stor grad borte. Dette gjorde det endå vanskelegare for rumenarane å kunne byggje opp att landet sitt etter 45 år med kommunistisk styre.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Mine minste by Det Norske Samlaget - Issuu