Skip to main content

Miklastaur

Page 1

Mads Rage Og skipet siglar vidare. Roman. 2018


Mads Rage

Miklastaur Roman

Samlaget Oslo 2019


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Kim Hiorthøy Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Minion Pro 11/15 Papir: 80 g Munken Print Cream Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9802-7

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


Bry deg sytten i um kva andre seier, ver deg sjølv um det sü ber lukt i heite helvete. Kristofer Uppdal


Prolog

Ein stad på vestkysten av den skandinaviske halvøya, i den vesle bygda Lunde1 på øya Tysnes2, går tida som så mange andre stader sin ubønhøyrlege gang. Stort sett skjer det utan ytre dramatikk. Skogen står, men han 1 Det

skal ikkje vera usagt at Lunde er eit av mange heilage stadnamn i området, som kan henda skriv seg frå eit førkristent hov der det vart ofra trælar og andre verdisaker. 2 Staden finst faktisk, du kan berre sjekka, og namnet skriv seg frå guden Tyr. Men når det gjeld sjølve uttalen av stadnamnet, er den avgjerande for korleis du vert oppfatta av lokalmiljøet, om du nokon gong skulle innfinna deg i kommunen eller på sjølve Tysnesøya. Til dømes vert det på tysnesdialekt uttalt «Tysnes», ganske rett fram og normalt. Men seier du det slik, har du ikkje teke stilling til uttaleskismaet: Innflyttarar og hyttefolk seier nemleg «Tyssnes», ja, stundom jamvel «Tyssness». Som ein reaksjon på denne slurvete innflyttaruttalen har det vakse fram ei rørsle av lokale aktivistar (i praksis alle) som vel å leggja sterkare vekt på y-en, slik at det vert «Tyysnes», noko ein gjerne overspelar litt når det er innflyttarar eller turistar til stades, i von om at desse då skal ta hintet, moderera seg litt og aller helst treffa den reine uttalen, som er ein mellomting mellom dei to ytterpunkta. Resultatet er likevel at turistar og innflyttarar trur den lokale dialekta skal vera slik, og held fram som før, medan dei fastbuande har låst seg til ein uttale som eigentleg er altfor ekstrem. Den normale uttalen vert dermed stort sett berre nytta innom husets fire vegger, i alle fall av dei som enno ikkje har gløymt at han finst. Stundom hender det at ein bedriftseigar eller kommunetilsett kjem til å tenkja på og irritera seg over at det sit ein heil masse funksjonærar i Oslo, Brønnøysund og andre stader som stundom har med saker frå Tysnes å gjera, og dei seier garantert «Tyssness», om dei då ikkje like greitt seier «Tysfjord» eller «Tysvær». Med slikt er det diverre ikkje anna å gjera enn å la vera å tenkja på det, og heller ikkje seia til nokon at ein har tenkt på det, eller at ein ikkje har tenkt på det, for begge delar er i like stor grad eigna til å terga dei innfødde.

7


skiftar sine tre, som det vart sagt av ein kjend gartnar og lyrikar lenger inne i fjorden. Om ein trekker opp dei lange linjene, slik Tysnes-forfattaren Johannes Heggland gjorde i fyrste bandet av sitt omfangsrike verk Tysnes: det gamle Njardarlog, kan ein ta til med korleis istida ein gong forma landskapet før folk busette seg her, lenge før hyttefolk frå Bergen fanst, eller i det heile teke bergensarar, og vidare attover korleis bergartane vart forma for 600 millionar år sidan, og kva dette har å seia for det livet folk lever i dag. Ein kan òg hoppa over denne epoken og konkludera med at mykje har skjedd i ei slik bygd, også lenge før det vart ei bygd, og før mennesket vart til, og mykje er det ein aldri høyrer om, endå så drastisk det må ha vore. I nyare tid har det derimot skjedd lite sidan denne sjøfartsstrategisk viktige liggjestaden voks fram til eit førkristent maktsentrum. Dette gjer også staden viktig i vår tid. Det synest i alle fall dei som bur her. Sjølv om det ikkje skulle sjå slik ut, og kanskje nettopp difor, er det berre rett og rimeleg at også kyststamvegen (ferjefri E39) skal gå over øya, endå han for det meste er landbasert. For med slik tidsriktig infrastruktur vil øysamfunnet vinna att sitt historisk fortente origo, i alle fall reint samferdslemessig, endå det har vore bru til fastlandet over Lukksund sidan 1986. Diverre har brua i denne samanhengen ei meir teoretisk enn praktisk tyding. Dei nemnde ideane kjem inn gjennom skulegang og samtalar med dei eldre som har budd her mest heile livet, og i kraft av ei viss mengd leveår (som for lokalpatriotane sjølve truleg synest å vera lang tid, men som i den store 8


samanhengen sjølvsagt er uvesentleg) meiner å ha god greie på kva som er sant og usant, og ikkje minst: kvifor nett deira bygd i motsetnad til nabobygda er Vårherres yndlingsstad på jord. Dette er slike ting som ein ikkje finn ut av før ein har budd tilstrekkeleg lenge på same staden. Det underlege er at hyttefolket meiner det same, men det kostar dei jo lite å seia det, og dei fastbuande vert så glade. Dermed vert ein ikkje utfordra på dette før ein flyttar vekk og treffer andre menneske med liknande haldningar til sin heimstad, som ingen utanforståande er i stand til å sjå sjarmen ved, men som likevel ber unektelege likskapstrekk med eins eigen. Sjølvsagt vert utflyttaren òg innhenta av lokalavisa3, som treng stoff til spalta «Me som flytta ut», men takkar vanlegvis høfleg nei basert på kjennskap til dei verdiane som dannar premissen for ei slik spalte; ein kan ikkje koma godt ut av det, for utflyttarhandlinga signaliserer at andre stader er betre, og det er dei sjølvsagt ikkje. Men nok om det. Ein gong i nyare tid hende noko svært uvanleg og opprørande i denne bygda, som her er skildra på bakgrunn av ulike kjelder, framfor alt dei såkalla Grimslandsbøkene, som vart skrivne av hovudpersonen sjølv og oppdaga då den lokale lensmannen Lasarus Lunde ei stund etter den uhumske hendinga omsider kom på ideen om å ransaka garden Grimsland og fann dei i eit løynt rom på løa. Den tidvis usaman-

3 Avisa heiter Tysnes, altså det same som både kommunen, øya og garden. Der-

med går ho på folkemunne som «bladet Tysnes», for å motverka forvekslingar, samstundes som nettavisa har fått det passivt aggressive *.no-domenet «tysnesbladet» – ikkje nødvendigvis fordi ho ynskjer å snu daglegtalen på hovudet, men stundom kan ein likevel lura.

9


hengande skrifta skildrar ein forkvakla hug, og kva sjølve soga går ut på – og kvifor ho er så forferdeleg – det skal me straks koma fram til, via ei mengd omstendelege digresjonar.


Emmanuel kjem uforvarande til verda

«Førelekken i gardsnamnet kjem av mannsnamnet Grimr eller kanskje heller det samansette Grimulfr. Det viser nok til mannen som først busette seg her. Gardsnamnet har stort sett vore skrive som i dag, men i 1624 finn ein t.d. forma Grimbsland.»4

Grimsland ligg på øya Tysnes i Sunnhordland like innom grensene for postnummeret 5690 – eit tilfeldig tal postvesenet har nytta sidan 1968, og som bygdefolket har trykt til sitt bryst like ukritisk som om det var deira eige barn. Like nedfor den tradisjonelt kvite sveitservillaen (som har hatt all slags løgne fargar dei siste åra) vert garden brutalt gjennombora av fylkesveg 49, slik Statens vegvesen, som utøvande makt for den norske distriktspolitikken, ein gong har sprengt han fram or berget fordi einkvan meinte at folk her uunngåeleg kom til å ynskja seg vogner som gjekk av seg sjølve. Slike automobigards- og ættesoge 3. Me må hugsa på at skriftspråket ikkje var tyngd av overdriven normering på 1600-talet; folk skreiv gjerne slik det fall dei inn, gjerne ut frå eigne preferansar. Det er difor merkverdig at namnet på garden har vore såpass stabilt som det har, medan det norrøne namnet på Tysnes, Njardarlog, på gamle kart og skildringar kan finnast under danskklingande former som «Jarlsøe» eller «Jarildsøe».

4 Tysnes:

13


lar, som er den latinske nemninga, var så utrygge å køyra i stor fart gjennom dei gardstuna der vegen tidlegare hadde gått, at han måtte leggjast utanom. Men ikkje så langt utanom at det vart dyrt og upraktisk. Ei vedskytje som stod på berget, måtte dermed køyrast til jonsokbål før dei flotte rundsvaa ho stod på, som hoggormen tidlegare pla åla seg over i vårsola, kunne opnast ved hjelp av dynamitt og verta til ei gapande og ikkje vidare vakker steinkløft som avskar våningshuset frå bringebærplantasjen på oppsida, slik at rekkene med bærbuskar fall i årelang vanskjøtsel på grunn av den brått meir tungvinte tilkomsten. Alt dette for at kløfta eit par gonger i veka skulle ljoma av motorlyden til ein velbelåten styving frå Malkenes som hadde teke seg råd til automobil, heretter forkorta til bil fordi tyskarane allereie hadde teke auto, og folk ville ha minst mogeleg til felles med den tidlegare okkupasjonsmakta. Dessutan var det tradisjon for å ta løgne framandord til seg ved å nytta siste leddet som forenkling, slik at til dømes sjokolade vart lade, noko som kom av ein viss berøringsangst andsynes alt som var nytt og innvikla. Sa du heile ordet, kunne du verta oppfatta som ein som ville vera sværare enn andre, og då kunne samhaldet fort slå sprekkar. Bilen var eit skaberakk av ei kjerre som eigaren stort sett ikkje nytta på anna vis enn å køyra i dorgefart gjennom bygda på altfor høgt turtal medan han freista å ikkje køyra i grøfta eller støkka dei skotredde gampane som stod for resten av vegtrafikken. No til dags veit me jo at folk sjeldan køyrer i grøfta utan vidare, men for folk før i tida kjendest bilkøyring mest som å gå på line utan tryggingsnett, og dei fleste var overtydde om at grøfte14


kanten markerte skiljet mellom liv og død, sjølv i låg fart. På mange vis var karen ein tidleg rånar, eit frampeik mot kulturen som skulle koma med dei biologiske og åndelege etterkomarane hans. Stundom steig denne pioneren ut or det keivelege tekniske vedunderet, drog av seg køyrebrillene og studerte korleis det gamle samfunnet vrei seg i dødskrampar ikring han. Etterpå trekte han skrotten inn att i metallskalet som ein oppstasa kukelur og brumma vidare på det som den gongen var ein temmeleg holete grustrasé, oppskoren av renner etter det uavlatelege regnet som er særmerkt for regionen. Såg ein stort på det, var kanskje ikkje grøfta så ulik vegen som mange skulle ha det til. Men trass alt samla det seg store mengder hesteskit i desse rennene, noko som gjorde overflata på vegen jamnare. Stundom kunne ho bestå av meir hesteskit enn grus – slett ikkje noka ulempe sidan stadige påfyll av grus uansett var altfor dyrt for ein landsens kjerreveg på denne tida. Kven som helst fekk heller ikkje lov til å forårsaka motorisert slitasje på statleg veg, ein måtte søka om løyve, og privilegiet skulle helst betalast ut gjennom nasen på den du var mest glad i. Ein sjeldan gong lyfta den einsame motorføraren ei hanskekledd hand frå rattet og vinka til ein av ungeflokkane som stod ved vegen. Ein kan sjå føre seg Emmanuel Miklastaur den eldre stå der og vinka attende frå sine gutedagar. Borna hadde gjerne høyrt motorduren på halvannan kilometers avstand; det var så stilt på denne tida at ein kunne høyra naboen snu seg i senga og sleppa ein fis om morgonen. Det var rett og slett så stilt at det eigentleg aldri vart heilt stilt. Men ungane hadde altså for 15


lengst rokke å rydda trehestane sine ut av vegbana, og så stod dei klare og glåmde høgtideleg som om sjølvaste kongeskipet segla forbi. Ein slik farkost skulle dei òg ha seg når dei vart store. Dermed vart det stadig fleire leikebilar enn leikehestar, og med tida forplanta utviklinga seg til utgåver i full storleik. Asfalt vart lagd nedi kløfta, og den einsame motorføraren, som ikkje lenger var like einsam på vegen, vart kvit i håret og for veiksynt til å køyra, utan at det stogga han; Statens bilsakkunnige, eller det seinare Biltilsynet, var ikkje så nøye med kriteria på den tida. Då han døydde, vart det sett opp ein gravstein med namnet skrive som eit bilmerke over nokre raude baklys, og eit barnebarn saga eksosrøyret av bilen hans og monterte det nedst på steinen. Baklysa kunne tennast ved å setja inn små telys, noko dei lokale rånarane – to av dei var direkte etterkomarar – etter kvart fekk tradisjon for å gjera på årsdagen for dødsfallet. Symbolikken var klår: Den siste køyreturen gjekk ein annan stad. Stundom stakk dei jamvel ein banan i eksosrøyret, som for å sabotera ferda. Til slutt planta dei nokre Wunderbaum i bedet, vatna dei og køyrde heim. Då asfalten var tre gonger utsliten og nylagd og bladmosen grodde tett over dei gamle sprengflatene i berget, var det at vår hovudperson, Emmanuel Miklastaur den yngre, steig inn i tida og vår soge tek til. Somme seier mor hans gjekk to månader over termin, andre seier det kan ha vore så mykje som to år. År eller månader, på slutten var ho i alle høve ikkje føtande på grunn av dette uvesenet som klamra seg fast inst i livmormørkeret. Knappast fekk ho krope omkring på det kalde 16


tregolvet i finstova, medan den framtidige faren, Emmanuel den eldre, steig ut og inn mellom gardsarbeid og tilsyn med den hjelpelause kona. Ho hadde gått og ynskt seg slik eit jentebarn, men etter kvart innsett sanninga i at eit jentebarn, ei framtidig kvinne, aldri ville kunna forårsaka slik liding under svangerskapet. Eit jentebarn ville hatt kunnskapen om denne felleskvinnelege vanlagnaden i kroppen som eit instinkt, eit ubryteleg band av medkjensle med alle skapnader av same kjønn, og visst å halda seg i bakgrunnen. Men om det nokon gong fanst noko slikt som eit typisk mannleg og framfust foster, så måtte det vera dette. Dermed var Lavinia Timoteusdotter Miklastaur viss på at ho kom til å fø ein utkropen son, om han då nokon gong ville sjå dagslys, for det kunne mest verka som om han ikkje var esla for å leva i denne verda. Det verka reint som om den ufødde grov seg lenger og lenger inn til dei vondaste krærne, stader ho aldri hadde trudd slik smerte kunne koma frå, og at han, eller det som skulle verta son hennar, eigentleg berre ville attende til det ærlege umedvitet som no var på veg til å sleppa taket i han. Skyene hang over bygda som loslitne potetsekkar, og Emmanuel den eldre utsette slåtten sidan slåmaskina larma for mykje til at han kunne høyra om Lavinia skreik. Dermed voks stråa over den tilrådelege høgda og nikka frøtunge i vinden, som om dei òg undra seg på om ikkje denne fødselen snart skulle ta til. Det er ikkje urimeleg å hevda, slik somme har gjort, at ungen burde vore teken med keisarsnitt før det gjekk så langt, og dei kan vel ikkje klandrast for å tenkja slik. Sjølv om ein bur på ein avsidesliggjande stad og ikkje har bil, 17


så lèt det seg alltids gjera, på eine eller hitt viset, å koma til kunnige folk. Og for ein familie utan synderlege avvik i arvematerialet kunne inngrepet absolutt vore ein haldbar metode. Men når det ufødde barnet sat så grundig fastkilt inst i den moderlege livskrypta, så var det ikkje gått slik til utan grunn, og Lavinia hadde i alle høve siste ordet når det kom til inngrep i hennar eigen organisme; Emmanuel den eldre rakk ikkje eingong formulera forslaget før ho slo handa mot tregolvet så dessertfajansen bivra i framskapet: Nei! Så vart det ikkje sagt meir om den saka. Kanskje mistanken allereie hadde byrja å breia seg i ho om at det fanst ein samanheng mellom dette innvortes uføret og Emmanuel den eldre si usedvanlege utvortes velsigning. Han var av Herrens nåde fødd med det som ikkje kan ha vore anna enn eit uhyre sjeldsynt avvik i arvematerialet, noko som gav seg utslag i eit påfallande overdimensjonert kjønnsorgan, ikkje ulikt det som sit på ein velvaksen fjording. Og det var med dette han hadde befrukta mor til sin framtidige son. Dette var gått så djupt og grundig føre seg at kimen til den framtidige guten ikkje hadde sjanse til å festa seg i livmorveggen på tradisjonelt vis. Derimot hadde han kilt seg inst inne i ei på mest alle måtar utilgjengeleg lomme der ingen skulle tru at noko foster kunne leva. Trass i dette hadde guten likevel olboga seg fram mot livet medan han saug kreftene sine rett or hjarta på Lavinia, eit hjarta som stadig voks og auka pumpetrykket og skipa blodet vafsande gjennom dei verkande blodårene på handbakane og i brysta, berre nett så ho sjølv kunne halda seg i live, endå slaga stundom kunne 18


høyrast som ei urovekkande dundring, sjølv av folk som stod på fleire meters avstand. Det hjelpte jo heller ikkje at det framleis var gudsjammerleg stilt det meste av tida, om ein då ikkje rekna med jamringa frå dette vakre livsunderet som var i kjømda, og som byrja å slita på nervane til dei som var så uheldige å vera naboar. Slik klorte han seg fast, og slik voks han, den ufødde Emmanuel, fram til han nådde full fosterstorleik, og vel så det, medan den naturlege forløysinga lét venta på seg. Tanken på den kvarv uuthaldeleg omkring i Lavinia: Eg føler meg lik ein stein som ligg og ventar på sleggja, sa ho. Det er ikkje lenge no, sa Emmanuel den eldre, straks blir det betre tider. Me får no for Herrens skuld håpa det. Men dette hadde dei sagt lenge. Då Emmanuel den yngre endeleg vart fødd, såg han ikkje dagslys, i alle fall ikkje straks, sidan mor hans hadde nytta dei siste timane på desperat jakt etter lindring frå dei himmelskakande fødselsriene som såg ut til å vilja sprenga ho i filler. Difor hadde ho overtalt Emmanuel den eldre til å køyra ho ned til brønnen med hest, og ikkje traktor, for han trong å oppfatta formaningane som kom frå den sundslitne røysta hennar. Dermed låg ho skrikande i kjerra bak ein gamp som knapt hadde gjort eit ærleg dagsverk sidan den vedunderlege forbrenningsmotoren kom til gards, og som dessutan synte seg å tola skriking særs mykje dårlegare enn noka petroleumsdriven maskin. Ei uventa ri var difor alt som skulle til før han vart oppskremd og gjorde eit for alderen overras19


kande kraftfullt byks, slik at han sparka sund ei av skoklene. Ho kom aldri til å verta reparert; det var nye tider no. I tillegg vart gampen så skoklesky at han korkje ville ha eller sjå noko som likna ei vogn, og dermed var han arbeidslaus for all framtid. Etter mykje plunder og forbanning av hestar og hestars vesen fekk Lavinia likevel låra seg i det lindrande vatnet, slik at skrikinga for ei stund faktisk vart lågare, endå det mura, sylindriske brønnrommet med sin uhyggjelege akustikk snarare gav motsett effekt sidan det tilførte ei langtrekt, metallisk uling bakom kvart stønn, som om eit av husdyra var ramla nedi vasskjelda og baksa rundt i langtrekt dødskamp. Emmanuel den eldre hadde allereie ringt etter sjukebil med tilhøyrande jordmor, men bilen vart ståande og venta på ferja på hi sida, for den gongen fanst det ikkje bru. Og før han kom fram, ville han truleg uansett måtta køyra gjennom kløfta nokre gonger, rett forbi garden lik ein båt som leitar etter sundet, før han fann den smale innkøyrselen mellom knausane. Om ein venta folk, måtte ein helst stå bortmed vegen og vinka, for det fanst ikkje adresser den gongen, og stadnamna folk nytta, var for lokale og idiosynkratiske til å stå på noko vegkart. Men denne gongen var det for mykje anna å bala med, og ut måtte guten, det var ikkje til å brigda. Like uunngåeleg var det at mor hans brotna i prosessen, og det så djupt og så grundig at ho aldri vart seg sjølv att og diverre kort tid seinare kom til å døy av blodtap fordi årene vart rivne i stykke så djupt inne i ho. Jordmora, ei rund bergensarinne i sekstiåra, rakk berre fram nett i tide til å fiska opp den nyfødde, men forun20


derleg tagale Emmanuel den yngre frå den kalde halvmeteren med blodig brønnvatn som låg to meter nedfor jordoverflata, der den nyfødde var fanga i skvis mellom den formlause kroppen til Lavinia, morkaka og den iskalde muren. Vel oppe i dagslyset fjerna ho ein krossedderkopp på storleik med eit stikkelsbær frå hårfjona på hovudet hans i same augneblinken som ho med store augo kunne stadfesta at han i det ytre var velsigna med ein særeigen kvalitet – den same som ho ikkje hadde kunna unngå å leggja merke til på karen som stod der og trippa og nyleg var vorten far. Men då den nyfødde tok til å gurgla og verta blå i andletet, tok ho seg ikkje tid til å grunda vidare over dette, men fann i staden fram ein plastsylinder med eit røyr på som ho bles liv i han med. Og hadde ho ikkje visst å gjera dette, ville soga ha slutta nett her. Men ungen kvikna så smått til og rapa fram nokre pustelydar, og faren fekk kappa den ovlange navlestrengen. Lavinia vart varsamt heist frå brønnen i duk og stropper og fekk halda guten i nokre minutts vilkårslaus kjærleik, all mistru og liding gløymd, og kyssa panna hans før ho vart skoven inn i sjukebilen mellom andlet som uttrykte eit medisinsk alvor Emmanuel den eldre aldri hadde sett før, og køyrd vekk på ein slik måte at ein skjøna ho aldri ville koma att. Fødselen var av den sorten som ville ha enda på same vis uansett kva hundreår det skjedde, berre med det unntaket at vår helt overlevde. Fyrst då mora var ute av soga, byrja guten å gråta, og då var han ikkje til å stogga heller. Då mor sin song ved vogga vanta, freista Emmanuel den eldre på nokre strofer, men det hjelpte ikkje. Han kjende seg sundriven av skuldkjensle. Sidan sørgde han seg òg i hel, slik at det 21


vart besteforeldra, Anna og Gorgus Kornelius Grimsland, som måtte overta oppsedinga av guten og flytta inn att på garden i von om at barnebarnet trass alt ein dag skulle ynskja å overta drifta og føra familiegarden vidare. Tyngde av dobbel sorg som dei var, slutta dei to å snakka. I staden kommuniserte dei anten med stumme steinandlet eller korte nikk. Samstundes kunne ein sjå korleis tankane sveiv bakom augo deira utan å finna vegen ut. Og då orda til slutt byrja å koma attende, hadde andre folk slutta å snakka til dei, slik at det vart umogeleg å ta opp att det vesle som fanst av trådar. For å gjera eit vidare liv så normalt som mogeleg vart besteforeldra einige om å leggja bak seg det som hadde skjedd, og underspela og løyna heile soga og det medfødde avviket til Emmanuel frå han sjølv og andre som best det lét seg gjera. Så der Emmanuel den eldre ikkje hadde kvidd seg for å vera stolt over si naturlege framtoning og nytta forseggjorde penisfutteral, sørgde Anna no for å få sydd spesielle snikkarbukser til barnebarnet, der ho laga ei indre lomme til å oppbevara fælska i, slik at det ikkje skulle vekka for mykje åtgaum blant bygdefolket. I denne lomma bar han skavanken peikande oppover, inn mot brystet, slik at han kunne nytta beina mest mogeleg uforstyrra. Ein god tanke frå bestemora. Ho hadde sine lyse augneblinkar, men dei kom truleg meir av erfaring enn av tankeverksemd; ho hadde jo sjølv vore mor til ein slik. Taktikken fungerte så lenge Emmanuel var spedbarn og kunne pakkast inn i teppe, og for så vidt òg etter kvart som han voks til og byrja på skulen. Det meste av tida såg han beint fram normal ut og leika med klassekame22


ratane, som, sjølv om dei kunne sjü det utanpü kleda, slett ikkje syntest det var noko underleg med guten. Dei hadde jo ikkje sett like mykje av verda som dei vaksne, og mest alt var like normalt i deira augo.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Miklastaur by Det Norske Samlaget - Issuu