Skip to main content

Lesebok for jenter

Page 1

Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 1


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 3

LESEBOK FOR JENTER Frå Homer til The Hunger Games

ved Solveig Aareskjold

Samlaget Oslo 


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 5

Innhald Om boka  Handlekraft  Å finna ein mann på stranda  Frå Odysseen

Identitet  Eg er den eg er  Frå dagboka til ei ung kvinne i Romarriket

Sjølvrealisering  Kristen jente syng heidensk song  Frå Soga om Eirik Raude

Lojalitet  Mor og dotter  Frå Alexiaden av Anna Komnena

Ære  Askepott som ikkje ville ha prinsen  Frå Heptameronen ved Margareta av Navarra


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 6

Makt  Takk, Gud, for at du lét meg bli fødd som kvinne  Av dronning Kristina av Sverige

Fantasi  Den mystiske herregarden  Frå Northanger Abbey av Jane Austen

Empati  Magrete Kind  Novelle om utstøyting av Dikken Zwilgmeyer

Skam  Første møte  Novelle om audmyking av Sigrid Undset

Frigjering  Vond onsdag  Frå Mary Poppins Comes Back av Pamela Lyndon Travers

Omsorg  Saltvannsbekk  Novelle om gamle tradisjonar av He Dong

Mot  Å finna ein gut i skogen  Frå The Hunger Games av Suzanne Collins


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 7

Om boka Det er ei utbreidd misforståing at kvinnene ikkje hadde fullt menneskeverd før dei fekk stemmerett og lov til å studera ved universitetet. Derfor blir sjølv dei mest oppvakte og handlekraftige jentene narra til å tru at dei ville ha vore slavar om det ikkje var for samfunnsreformene dei siste hundre åra. Lesebok for jenter er eit forsøk på å bøta på denne feilen. Det er ikkje ei lærebok i vanleg forstand, men ei samling av tekstar som burde ha stått i skulebøkene for lenge sidan. Dei spenner frå oldtida til vår eiga tid og handlar om jenter og unge kvinner som tenkjer og handlar som fullverdige samfunnsborgarar. Den motgangen dei kjem ut for, er slikt som kan råka kven som helst, og dei taklar det som folk som er vande med å bli møtte med respekt. Sjølv om boka er skriven for jenter, rettar ho seg like mykje mot dei som har ansvar for å gje sannferdige opplysningar om kulturarven. For dei som underviser i skulen, veit sjeldan meir enn det dei har lært ved universitetet, og der lærer ein berre det som ikkje strir mot dei personlege interessene til dei universitetstilsette. Den kulturarven som blir formidla i skulen, handlar derfor nesten berre om det framståande menn har sagt og gjort. Når kvinnene blir nemnde, er det som regel som   | 


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 8

hjelpelause offer for mannleg makt. Den norske nasjonalsongen er jo òg ei opprekning av storverka til forfedrane våre, mens formødrene gjer lite anna enn å gråta. Men det finst mange gamle forteljingar om jenter og unge kvinner med heilt andre krav til livet og seg sjølve. Lesebok for jenter består av tolv tekstar som spenner over tre tusen år, frå den greske heltediktinga til dagens fantasylitteratur. Den første er frå Odysseen, så følgjer innslag frå yngre oldtid, vikingtid og mellomalder og vidare framover til totusentalet, der bogeskytaren Katniss i Suzanne Collins’ The Hunger Games knyter sambandet tilbake til gresk mytologi. Alle tekstane er skrivne av kvinner. Kan henda med to unntak: Den greske diktaren Homer skal etter tradisjonen ha vore ein mann. Men opningslinja i Odysseen legg denne forteljinga i munnen på ei dotter av guden Zevs. Dersom det likevel er ein mann som står bak, må han ha hatt meir sans for jenter enn det som har prega åndslivet fram til i dag. Mens dei fleste skrivande menn er mest opptekne av kva slags kjensler kvinnene vekkjer i dei sjølve, arbeider kvinner og gudinner hos Homer med sine eigne prosjekt. Athene hjelper Odyssevs fordi ho liker han, og fordi han er kjekk å ha i den stadige knivinga gudane imellom. Når kongsdottera Navsikaa finn han naken og svolten på stranda, handlar ho like eins ut frå eigennytte: Sjølv om ho ville ha hjelpt kven som helst som var komen i naud, hadde ho ikkje vore så raus med mat og klede om han ikkje var så velskapt og mandig. Og ho ville slett ikkje teke han med heim til foreldra sine. Dei norrøne sogene blir òg rekna for å vera førte i pennen av menn. Men det er det ingen som veit. Opp gjennom hundreåra er desse bøkene blitt overleverte som avskrifter,  |   


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 9

og dersom det ein gong stod eit forfattarnamn på tittelbladet, har det kome bort for lenge sidan. Sidan kvinnene i sogene for det meste gjer som dei sjølve vil, og sjeldan bryr seg om kva mennene synest, og nesten alltid slepp unna utan straff, kan dei like gjerne vera skrivne av kvinner. Lesebok for jenter er bygd opp slik at kvar tekst har eit innleiingskapittel som blir knytt til ein menneskeleg eigenskap, som handlekraft eller lojalitet. Her gjer eg òg greie for den samanhengen han er blitt til i. Dei eldre tekstane har eg tilrettelagt for moderne lesarar dels ved å korta dei ned, dels ved å gjera språket enklare. Derfor er utdraget frå Odysseen gjenfortalt i prosa, og eg har utelate ein del av dei skildringane som gjer seg så godt på vers, men mistar krafta når dei blir overførte til ein meir kvardagsleg stil. Det står meir detaljert om dette bakarst i boka. Det er ei stor glede å få høve til å løfta den gamle kulturarven ut or gløymsla og presentera han saman med litteratur frå nyare tid. Eg har etter beste evne gjengjeve tekstane korrekt og sannferdig. Så er det berre å vona at ikkje manglar ved mi framstilling skal hindra nokon i å oppsøkja originaltekstane.


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 10


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 11

Handlekraft


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 12


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 13

Forteljinga om ungjenta Navsikaa stammar frå det gamle Hellas. Navsikaa ville gjerne gifta seg, men hadde enno ikkje funne nokon ho ville ha. Ei natt drøymde ho at ho skulle feira bryllaup så snart ho hadde fått vaska alt skitentøyet som låg og dreiv i heimen, og morgonen etter køyrde ho av garde i ei muldyrvogn fram til den stranda der dei brukte å vaska klede. Der møtte ho ein mann som ho straks forelska seg i. Haken var berre at han var gift frå før. Denne mannen var Odyssevs, hovudpersonen i Odysseen, som saman med Iliaden høyrer til dei eldste diktverka i verda. Handlinga er lagd til om lag  år før vår tidsrekning. Kor mykje som er sant og kor mykje som er oppspinn, er ikkje godt å vita, og ingen veit om Odyssevs nokon gong har levd. Det hindrar ikkje at han framstår som svært levande i dei forteljingane som handlar om han. Som nemnt er det heilt på det uvisse om Iliaden og Odysseen blei dikta av ein som heitte Homer, eller om dei har oppstått på heilt anna vis. I alle fall opnar Odysseen med at ei av døtrene til Zevs blir oppfordra til å framføra eit kvad om korleis Odyssevs farta omkring på havet i årevis etter at trojanarkrigen var slutt: Songmøy, fortel om den rådsnare mannen som flakka så vide då han til sist hadde styrta i grus det heilage Troja!  | 


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 14

Ifølgje tradisjonen var Troja eit kongerike på vestkysten av det landet som i våre dagar heiter Tyrkia. For meir enn tre tusen år sidan skal grekarane ha gått til angrep på dette kongeriket fordi ein av sønene til kongen hadde rømt av stad med ei gresk dronning, den skjønne Helena. Endå Helena var forelska i han og hadde følgt han frivillig, var det om å gjera for grekarane å henta henne tilbake igjen, og som offiser i den greske hæren måtte Odyssevs kjempa i framandt land i heile ti år før trojanarane endeleg gav tapt. Men lenge etter at Helena hadde forlikt seg med den greske husbonden sin og var reist heim igjen med han, dreiv Odyssevs retningslaust omkring på havet, ute av stand til å finna vegen tilbake til Itaka, der kona og sonen venta på han. Itaka ligg like aust for den kjende ferieøya Kefallinia. Så sjølv om det berre fanst umotoriserte fartøy i oldtida, var det ikkje lengre avstand frå Troja og heim enn at reisa kunne vore unnagjord på eit par veker. Likevel brukte han ti år. Årsaka var at han hadde fått guden Poseidon på nakken. Dei gamle grekarane trudde at det fanst ei endelaus mengd med gudar og gudinner, somme på fjellet, andre i skogen, i elvane og i havdjupet. Når det var storm på havet, var det på grunn av Poseidon, ei gretten og oppfarande kaoskraft som det var vanskeleg å ha eit godt forhold til. Han var far til den kyklopen som Odyssevs ein gong stakk ut auget på, og ville hemna seg med å drukna han. Derfor kunne Odyssevs knapt gå om bord i ein båt utan at det skjedde ein katastrofe. Heldigvis var gudane ofte ueinige med einannan, så kom du på kant med ein av dei, fanst det alltids ein annan å venda seg til. Når eit menneske fekk ein fantastisk god idé, var det som regel visdomsgudinna Athene som stod bak. For Odyssevs, som stolte meir på intelligens enn på rå  |   


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 15

styrke, fall det naturleg å halda seg til henne. Athene var òg gud for handverk og militær planlegging. Det blei bygt mange store og staselege tempel til hennar ære, til dømes det som står på Akropolis i Aten, og det som det enno finst restar etter i Bergama i Tyrkia. Dei fleste skulpturar av Athene viser henne som ei atletisk ung kvinne med krigarhjelm på hovudet og spyd i handa. Homer skildrar henne som ei skøyarjente med strålande auge, ei som alltid er i godt humør og alltid får det som ho vil. I opningskapitlet av Odysseen seier ho til far sin, Zevs, at det er på tide at Odyssevs får koma heim. Deretter flyg ho frå Olympen, der gudane held til, og dukkar i neste stund opp i kongsgarden på Itaka, forkledd som ein venn av familien. Ho vender seg til sonen i huset, ein einsam tjueåring med stor uro i hjartet og lita tru på framtida, og gjev han råd om korleis han skal få orden på livet ved å fara ut i verda og spora opp den bortkomne far sin. Så løyser gjesten seg plutseleg opp i lause lufta og blir til ein fugl som flyg sin veg. Då skjønar den unge mannen at det er ein av gudane som har fylt han med ny kraft. Kongsgarden på Itaka er innreidd med ei stor hall der folk kjem og går, og fleire soverom der familien kan trekkja seg tilbake. Sonen i huset har sitt eige rom og ei gammal fostermor som steller for han. Slik er det òg heime hos kongsdottera Navsikaa. Kongen, dronninga og alle stormennene held til i halla, mens Navsikaa har ei lita leilegheit for seg sjølv, og fostermor si til å laga mat til seg. Navsikaa er ein av dei gode hjelparane i Odysseen. Ho blir brukt som reiskap for Athene, som ikkje går av vegen for å utnytta kjenslene til ei pur ung jente. For det som gagnar den eine, er ikkje alltid det den andre har mest bruk for.  | 


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 16

Elles er Navsikaa privilegert og ressurssterk på alle vis, med kloke foreldre som gjev henne akkurat så mykje fridom som ho kan handtera. Truleg ville ikkje eit kongepar i oldtida la ei tenåringsdotter streifa omkring utan tilsyn heilt utan vidare. Men når ho seier at ho må køyra til stranda for å vaska skitentøyet til familien, gjev faren henne både vogn og muldyr, endå han nok har ein mistanke om denne plutselege vasketrongen berre er eit påskot for noko anna. Her til lands er det vel kjent korleis oldemødrer og tippoldemødrer sleit ut hendene sine på klesvask. Derfor er det fint å få vita at i det gamle Hellas vaska dei med føtene og stod og stampa i elva med høg beinløfting i staden for å bøya slitne ryggar over vaskebrett og balje. Det homeriske jentetilværet er fullt av uteliv og kroppsøving og forklarer kvifor dei eldste illustrasjonane av kvinne- og mannskroppar er så like. Navsikaa kjem inn i forteljinga på eit tidspunkt då Odyssevs i heile sju år har vore fange hos gudinna Kalypso på ei øy langt utanfor den vanlege skipsleia. Kalypso brydde seg ikkje om at han var nedtrykt og lengta heim til Itaka, for ho rekna med at det ville retta seg etter kvart. Som udøyeleg guddom hadde ho tida for seg. Men ein dag kom ho heilt uventa og sa at han skulle få fara. Han fekk lov til å byggja seg ein flåte, og segla av garde med godt mot heilt til Poseidon sleppte uvêret laus og flåten kantra. Då det ikkje lenger nytta å flyta på vrakrestane, sumde Odyssevs dag og natt i to døgn. Mellom dei høge bølgjene skimta han land langt der framme. Han sumde og sumde mens kreftene ebba ut, og barnleg håp skifta med den svartaste fortviling. Då han den tredje morgonen såg skogen og bakkane inne på land, blei han jublande glad. Straks  |   


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 17

etter høyrde han braket av brenningane som knuste seg i kvitt skum mot svaberget, og veikna i hjarte og kne, redd for å bli smadra mot fjellet. Heldigvis var Athene like mektig på landjorda som Poseidon var på havet. Her på grensa mellom sjø og land verka dei inn på Odyssevs frå kvar sin kant, kaosguden for å utsletta han, visdomsgudinna for å reisa han opp. Nett idet ei overhendig bølgje slengde han mot strandknausane, var Athene der og sørgde for at han greidde gripa fatt i kanten på berget. Men dragsuget reiv han laus og drog han ut igjen. Og sjølv om Odysseen er eit helteepos, blir hjelpeløysa til hovudpersonen utlevert rått og omsynslaust: Som når ein slimete polypp er blitt rykt opp med sugekoppane fulle av småstein, slik blei Odyssevs skyld bort av straumen med oppflerra hender. Då han dukka opp igjen, fylte Athene han med sinnsro. Han speida etter eit skar i berget eller ei vik å symja inn i og oppdaga at han var like ved ein elvemunning. Der kravla han i land med sjøvatn strøymande frå nase og munn. Han var ribba for alt. Han hadde ikkje klede, ikkje skor, ikkje våpen til å verja seg mot fiendar og villdyr, ikkje pengar å betala for seg i dette ukjende landet. Nokon måtte koma og gje han mat. Dei måtte ta han inn i ein menneskeleg fellesskap. Elles nytta det lite at han hadde greidd å koma seg gjennom brenningane. Utan hjelp frå andre kom han til å døy. Etter at han hadde henta seg litt inn, rusla han bort til eit skogholt. Der fann han seg ei lun grop mellom to tre som stod så tett at kronene hadde vakse saman til eit tak, og grov seg ned i fjorgammalt lauv og fall i søvn.


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 18

Å finna ein mann på stranda Det var nesten blitt morgon då Navsikaa drøymde at bestevenninna hennar kom til henne og sa: «Navsikaa, har mor di lært deg opp til slurv og slendrian? Alle dei fine kleda dine ligg jo her og driv, både skitne og ustelte. Og du som snart skal ha bryllaup, du må ha mange flotte klesplagg, ikkje berre til deg sjølv, men òg til bruresveinane dine. For du skal vita at du blir ikkje gåande ugift mykje lenger no. Lat oss fara til vaskestranda i morgon tidleg, rett etter frukost! Me skal vaska om kapp, du og eg, så blir me fort ferdige. Men be far din om å få låna muldyr og vogn, for det er jo ganske langt.» Ikkje visste Navsikaa at den som såg ut som bestevenninna hennar, var Athene i forkledning, og ho hadde slett inga aning om at dette snakket om at ho snart skulle gifta seg, berre var eit guddomleg knep for å lokka henne til å ta ansvar for ein vilt framand mann. Då sola stod opp, var Navsikaa òg oppe. Ho skunda seg gjennom huset, forbi mora som allereie sat og spann ved eldstaden, og bort til døra, der ho akkurat fekk stansa faren som var på veg ut. «Far,» sa ho, «kan eg få ei arbeidsvogn, ei av dei høge, slik at eg kan køyra til elva og vaska klede? Det flyt jo over av skitentøy her heime, og du treng å vera sømmeleg kledd når du sit i rådet saman med dei fremste av folket.  |   


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 19

Og brørne mine kjem alltid og spør meg etter nyvaska klede når dei skal på dans, og alt er mitt ansvar!» Såleis tala ho og nemnde ikkje eit ord om bryllaup, blyg for far sin som ho var. Men han forstod alt og svara at han ville ikkje nekta henne verken muldyr eller vogn. Tenarane drog vogna ut og spente muldyra føre mens Navsikaa bar ut fangevis med staselege klede og la dei varleg ned i vogna. Mor hennar gav henne ein boks med mat og ein geiteskinnsdunk med vin, og då Navsikaa hadde stige opp i vogna og var klar til å køyra, kom ho med ei forgylt krukke med olje som dottera og tenestejentene skulle salva seg inn med når dei hadde bada. Så samla Navsikaa taumane i hendene, svinga med svepa og køyrde av garde. Tenestejentene følgde etter til fots. Vel framme spente dei muldyra frå og lét dei beita i graset på elvebreidda. Elva gjekk i kvervlande stryk og var full av vaskedammar som det stadig strøymde friskt vatn inn i, og det fanst knapt så skite tøy at det ikkje måtte bli reint der. Navsikaa og tenestejentene henta bunkane med klede frå vogna og la dei nedi vaskedammane, og så steig dei oppi med berre bein og oppknytte kjolar og trakka energisk opp og ned, som ein slags førindustriell storhushaldsvaskemaskin. Etterpå la dei det våte tøyet utover dei glattslipte strandsteinane. Mens det tørka i solsteiken, bada dei og salva seg med olje, og så sette dei seg på elvebreidda og åt lunsj. Etter maten dansa dei ballkastingsdansen, som gjekk ut på at dei song og dansa samtidig med at dei kasta ball etter kvarandre. Navsikaa var forsongar, eit hovud høgare enn dei andre, og sterk og vakker som sjølvaste Artemis, den frie jegergudinna som ferdast omkring i skog og fjell med pil og boge og jaktar på villsvin og hjort.  | 


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 20

Fram til no hadde Athene halde seg i bakgrunnen. Då det lei så seint at dei skulle fara heim att, syntest ho det var på tide å gripa inn igjen. Idet Navsikaa for siste gong heiv ballen etter ei av tenestejentene, bomma ho, og ballen fór langt ut på sjøen. Jentene sette i eit skrik som vekte Odyssevs der han låg gøymd inni krattet. Han kom seg på føtene og gav seg til å undrast på kva slags folk han var hamna hos, om dei var villmenn utan folkeskikk og rettferd eller gjestfrie og gudfryktige. Det kvinneskriket som nettopp nådde øyret hans, kom det frå ei av dei nymfene som bur i elvekjelder og grøne dalar, eller var det mennesketale han høyrde? Mens han småsnakka slik med seg sjølv, kraup Odyssevs fram frå krattet. Han braut ei grein med tett lauv frå eit tre og batt den kring hoftene for å dekkja til løyndommen sin, og steig så fram som løva på fjell, som trygg på sin styrke går sin veg i regn og i storm med glødande auge, heiter det i Odysseen. Samtidig var han engsteleg for korleis jentene ville reagera. For han visste at han såg fæl ut etter å ha lege og kava i den salte sjøen så lenge. Jentene blei då òg så forferda at dei sprang skrikande i alle retningar. Berre Navsikaa stod att, oppfylt av mot frå den kloke Athene, og såg Odyssevs beint i auga. Han blei plutseleg usikker på om han skulle kasta seg på kne for henne eller halda seg på avstand mens han bad audmjukt om å få låna nokre klede. Når folk kneler hos Homer, slår dei armane kring beina på den dei bøyer kne for. Odyssevs kom fram til at den flotte jenta kunne ta det ille opp om han kom så nær, og blei ståande der han stod mens han framførte ein lang og innsmigrande tale: Ho såg ut som ei gudinne, som  |   


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 21

sjølve Artemis, og dersom ho berre var av menneskeslekt, kunne foreldra og brørne prisa seg lukkelege som hadde ei slik dotter og søster. Aller heldigast var den som skulle få henne til hustru. Sjølv hadde Odyssevs aldri sett eit slikt menneske som henne, verken kvinne eller mann. Men ved Apollonalteret på øya Delos såg han ein gong ein ung palme som skaut så fagert i høgda at det fylte han med ærefrykt. Slik ærefrykt kjende han no for den unge jenta, derfor våga han ikkje famna om knea hennar, endå så elendig det stod til med han. Men sidan ho var den første han møtte her i dette framande landet, måtte han be henne ha miskunn og gje han ei fille å slengja kring seg og visa han vegen til byen. Så ville gudane gje henne alt det ho ønskte seg, mann og hus og triveleg samliv. For det finst ingenting som er betre enn at mann og kvinne lever hjartans forlikte saman. Til det svara Navsikaa at framandkaren verka verken som ein stakkar eller som ein tosk. Og lukka er det Zevs som deler ut, så ingen kan noko for om det går opp eller ned. Men sidan han no var komen til hennar land, kunne ho fortelja han at folket heitte fajakane, og at ho sjølv var dotter til kongen. Så ropte ho på tenestejentene at det var då ikkje ein flokk med fiendsmenn heller, berre ein stakkars omflakkande framand. Og sidan alle arme og framande stod under særskilt vern frå Zevs, skulle dei no gje han mat og drikke og la han få ta seg eit bad ein lun stad i elva. Odyssevs bad om å få vera aleine mens han vaska av seg saltet og slimet frå havet, for han tykte ikkje det sømde seg å visa seg naken for slike fine jenter. Då han  | 


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 22

hadde fått på seg dei kleda dei hadde lagt fram for han, og smurt seg inn med olje frå den gylne krukka, gav Athene han ein ekstra finish, slik at han verka større og røslegare enn tidlegare, og ho krølla håret hans slik at det fall nedover hovudet som hyasintklokker. Velstelt og fornya sette han seg ned eit stykke bortanfor jentene. Men Navsikaa studerte han på avstand og sa til tenestejentene at denne mannen var send hit av gudane på Olymp. Han var ikkje mykje å sjå på då han først viste seg, men no såg han jo ut som ein gud. Hadde det berre vore så vel at ho fekk ein slik mann til husbond, ein som ville slå seg ned og bu her! Men nok om det, no måtte dei la han få styrkja seg med mat og vin. Dei lytta oppmerksamt og lydde villig, og Odyssevs åt og drakk både lenge og vel. Imens bretta Navsikaa kleda saman og la dei inn i vogna. Ho spente føre muldyra og steig oppi og sa til Odyssevs at han kunne følgja etter saman med tenestejentene fram til bymuren. Der var det ein lund som var vigd til Athene, og der skulle han setja seg og venta ei stund. For dersom ho kom heim med ein mann på slep, ville det setja i gang eit utoleleg slarv. «Kor fann ho han?» ville folk seia, og så kom dei til å skravla i veg om at det nok måtte vera ein gud som hadde dalt ned frå himmelen, for noko dårlegare ville ho vel ikkje nøya seg med, ho som hadde avvist alle dei som hadde fridd til henne til no. Når Odyssevs rekna med at Navsikaa og tenestejentene var vel heime, skulle han spørja seg fram til kongsgarden. Vel innkomen skulle han først gå fram til mor til Navsikaa, som sat og spann ved eldstaden, og bøya seg for henne. Han måtte ikkje la seg distrahera av at kongen sat og breidde seg like attmed, men leggja seg på kne for dronninga og famna kring knea hennar mens  |   


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 23

han audmjukt bad om hjelp til å koma heim til sitt eige. Så svinga Navsikaa med svepa og sette muldyra i trav. Dei var så raske og villige at ho måtte halda taumane stramt for at Odyssevs og tenestejentene som sprang bak, skulle halda følgje. Ved soleglad var dei framme ved lunden, og Odyssevs sette seg ned og bad ei bøn til Athene: «Om du ikkje høyrde meg då den rasande jordskakaren knuste skipet mitt, høyr meg no, og lat meg få nåde hos fajakane!» Imens køyrde Navsikaa til kongsgarden med vogna, og brørne hennar kom springande og tok seg av muldyra og vasketøyet. Sjølv gjekk ho rett inn på rommet sitt, der den gamle fostermor hennar gjorde opp eld og laga til kveldsmat for henne. No var det endeleg tid for Odyssevs til å gå inn til byen. Sidan folk der på staden ikkje var særleg glade i framande, sveipte Athene han inn i eit tett tåkeflak, slik at han blei usynleg. Sjølv skapte ho seg om til ei ungjente som var på veg til vasskjelda med ei krukke. Utan å skjøna kven det var, spurde Odyssevs henne om vegen, og ho snakka og fortalde i det vide og det breie mens dei gjekk forbi hamna, der mange velbygde skip låg fortøydde, og over tingvollen og langs den høge bymuren. Før dei skildest utanfor kongsborga, gjentok ho den same instruksen som Navsikaa hadde gjeve han: Han skulle bøya seg for dronninga før han gjekk fram for kongen. Odyssevs blei ståande like utforbi døra mens han grunna på om det verkeleg var den rette måten å presentera seg på. For kongen strålte som både sol og måne der han sat i eineståande glans og prakt inni ei høglofta hall med koparvegger og gullslegne dører. Der var endåtil eit par levande gullhundar som heldt vakt over huset, laga av  | 


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 24

den olympiske smedguden Hefaistos. Langs alle vegger sat det fajakiske høvdingar og drakk vin i armstolar med mjuke puter i. Men då Odyssevs hadde fått samla seg, gjekk han raskt forbi alle saman og bøygde kne for dronninga. I det same fjerna Athene tåkeflaket. Mens alle høvdingane sat tagale og undrast på korleis ein vilt framand mann hadde greidd å koma seg inn midt iblant dei, famna Odyssevs kring knea til dronninga og bad om hjelp til å koma seg heim. Så tok éin til å snakka igjen, og så ein til. Deretter var det ingen ende på spørsmål og kommentarar. Dronninga sjølv tok ikkje til orde før etter kveldsmaten. Då spurde ho Odyssevs om korleis det kunne ha seg at han hadde på seg klede som ho sjølv og tenestejentene hadde vove og sydd, han som nettopp sa at han var komen drivande over sjøen. Odyssevs svara at det var det sanneleg ikkje lett å forklara, men det hadde seg altså slik at han var blitt landfast hos ei gudinne som heitte Kalypso, som hadde sett seg føre å ha han hos seg alltid. Om det var ho sjølv som hadde skifta sinn, eller Zevs som hadde tvinga henne, det visste han ikkje, men etter sju år gav ho han lov til å byggja ein flåte og sendte han av garde med eit solid forråd av mat, vin og klede. Han segla i innpå tre veker og hadde landkjenning av øya til fajakane då Poseidon rørte opp havet og slo flåten sund, slik at han måtte symja det siste stykket. Så berga han seg unna brenninga ved å symja opp i elveosen, og sov i ein dunge med tørt lauv heilt til jentene vekte han opp dagen etter. Slik bar det til at Navsikaa tok seg av han og gav han dei kleda som han gjekk i no. Kongen blei så oppglødd av det Odyssevs fortalde, at  |   


Lesebok for jenter ferdig_Layout 1 05.02.14 12.30 Side 25

han sa beint ut at han ville gjerne hatt han til svigerson. Men han ville på ingen måte halda han att og lova å skaffa fram skip og mannskap og skyssa han heim til Itaka. Det tok enno nokre dagar før alt var klart. I mellomtida var Odyssevs saman med kongen og dei andre stormennene frå han stod opp til han la seg. Navsikaa såg han nesten ikkje i det heile. Kva ho heldt på med, og korleis ho hadde det med seg sjølv, er ikkje godt å vita. Men det kan nok tenkjast at ho syntest at turen til vaskestranda stemte temmeleg dårleg med den draumen ho hadde i førevegen. Og når ho skimta han mellom dei andre mennene, kjende ho sikkert eit stikk i hjartet og lengta tilbake til den ettermiddagen ho fann han på stranda og han var overgjeven til henne med liv og sjel. På den andre sida var han jo nesten like gammal som hennar eigen far. Dessutan var han gift frå før, og ikkje ville ho dela mann med nokon. Hadde han berre ikkje hatt slikt eit tankefullt drag over auga, så heilt annleis enn alle andre, skulle ho aldri tenkt på han meir. Ein kveld då han nettopp hadde bada og var på veg til matbordet, stod Navsikaa attmed ei søyle, vakker som ei gudinne, og sa idet han kom inn i halla: «Gløym ikkje meg som er den du kan takka for at du blei berga!» Og Odyssevs svara: «Når eg kjem heim, vil eg all mi tid minnast deg som ein guddom.»


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Lesebok for jenter by Det Norske Samlaget - Issuu