Page 1


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 1

kyka


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 3

karin moe | Kyka Kriminell roman for ei stemma og kor/kai samlaget | oslo 2012


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 7

Internt notat v/førstebetjent johnsen, kripos I forbindelse med etterforskningen av mordet på Mariken Vibe, funnet død i havnebassenget i Hermannsvik 23.6.1955, er det fremkommet en serie røde skrivehefter, illustrert av et par barnetegninger. Sidene er fylt av en tett, hastig skrift som vår grafolog ikke med sikkerhet har kunnet bekrefte er identisk med avdødes håndskrift. Heftene forteller historier om en jentunge med det besynderlige navnet Kyka, et kjælenavn for Katarina. Denne jentungen, Katarina Lønvik, skal ha levd i øysamfunnet der Mariken Vibe vikarierte som lærer fra januar 1955. På øya med senteret Hermannsvik finnes en familie Lønvik, bestående av fru Hilde Lønvik, Robert Lønvik og barna Ingri, 8 år, og Ove, 4 år. Imidlertid er alle spørsmål vedr. Katarina Lønvik blitt møtt med total taushet og uforstående blikk, såvel i familien Lønvik som i øysamfunnet forøvrig. Det merkverdige er at jentungen i fortellingen gir en nøyaktig beskrivelse av mordvåpenet, og flere faktiske forhold og hendelser på stedet bekrefter opplysninger gitt i manuskriptet. 7


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 8

I første omgang bør historiene derfor gjøres til gjenstand for intensiv etterforskning, om nødvendig, konferer med litterært sakkyndige. Sannsynligvis kan det også bli aktuelt å offentliggjøre manuskriptet, med tanke på konfrontasjon med lokalbefolkningen og mulige mistenkte. I margen er tatt med notater og nedtegnelser fra samtaler i kaiområdet samt referat av hendelser befolkningen har henvist til eller festet seg ved i det aktuelle tidsrommet. bergen politikammer, 3.7.1955


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 9

a Alltid. Kjærestane seier det har alltid med puling å gjera. Enten er det før eller så er det etterpå eller det er feil eller det er for lite eller for mykje eller det er feil folk som pular. Mor mi har blå sko med reimar og smygete stemma. At ho. Dei er så vidt begynt. Eg står bak forhenget. Eg har anna å gjera enn å stå bak det stikkete forhenget. Eg må ned på kaien og sjå på den nye vinsjen og snakka med kommunisten om han har vore i Junaiten. Men eg kan ikkje gå fram når det. – Ka ska eg vera så helsikes blid for for helvete, kan du sei meg det? Du så veit alt! – Du kan halda husafred, du som andre her. Eg har ikkje gjort deg noke! Stilt. Forhenget går ikkje heilt bort til dørhandtaket. Og den andre døra er på andre veggen. Der sit mannen i huset like framfor, ytst i sofaen. Eg må venta til dei. – Nei, du gjer meg ikkje noke. Du gjer meg mindre og mindre, Hilde. Ute støtt, aldri vil du … – Ka er det? Ka er det du prøver å snakka rundt? Du veit eg har nok å gjera, du veit eg sit i kommunestyret, eg må på møte, eg har å følgja med, fekk eg ikkje ordføraren inn i 9

Å, men seier du det? Ho? nei kan det vera sant, då … med henna? hadde treft i byn … nei ingenting nytt, Mostemannen blir visst ikkje verre … «Nago» kom i går ettermiddag fra kontinentet med salt til Bralands boder på Nordnes, hvor man er i full gang med å gjøre klart til islandsflåten, som bl.a. skal ha med de forskjellige sorter krydring av silden osv … «Andenes» som skal ha oppsynet for flåten også i år, er i dag i Laksevåg tørrdokk for ettersyn. Grunnet tåken ved kysten i går natt og morgentimene kom «Abro» ikke før ved middag til Dokken for lossing av de ca. 500


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 10

departementet og til møtet i fiskeriorganisasjonane, om prisen på Islandssild … – Slutt å mas! Har du ikkje nett fått pengar til poplinskåpa og sko til ungane … – Eg klagar ikkje! Men eg veit du kjempar med utrustingo til fiskjet, me er uti juni og du har ikkje fullt mannskap heller … – Det er ikkje det … jo men … for helvete! – Sei det då mann! Stilt lenge. Foten til mannen i huset er i full fart opp og ned. Han ser mellom mor mi sine kne. Ho begynner igjen. Ho luktar ikkje parfyme. – Er det ungane, eg vil vita kva det er, vil ikkje ha deg sånn. Klenger dei på deg? Kyka er jo nesten aldri i hus og Ingri sit jo mest på rommet og les, Ove går i beino på meg støtt, Mosto har han når eg er ute … – Ungane? Nei, Kyka rek på kaien, snakkar ikkje til meg, reine gullungen for tido, ingen gandabyer denne veka, mot normalt … kor i snyden den der har all faenskapen frå, veit faen ikkje kem som er … ka du har mellom beina når eg er av øya, om ikkje den satans ungen … – Den kan du spara deg, Lønvik! Har hatt meir enn nok av det sølet ditt til å befolka heile Hermannsvik, så den kan du eta i deg igjen, du så slengjer med pipen på kvart nes, så sant der finst kvinnfolk under åtti! 10

tonn sukker … åja … annenstyrmannen hadde treft fru Prebensen i London … levde bong?! ja hadde eg valget mellom … nei men me har ein søknad inne til kommunestyret om uteplatting ved ungdomshuset til St.Hans … det går ikkje på Simenskaien fleire år, alltid ein eller annan rakkar som går på trynet i … å? sa han det? han? han veit vel ingenting om det, når har han fått utlevert såpass rotasjon oppi … eg for min del likte bedre dei gamle gardinene dine, nei dei grøne med blå … å? du syns han måtte ut med … dei seier han får doktarsprit, heile flasker og på etiketten står det « m o t k l ø e på penis», doktaren er jaggu optimist, ja … jo


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 11

Dei er så vidt begynt. Det er aldri så nøye på ka det er om. Kjærestane seier at det har alltid med puling å gjera, enten er det før eller så er det etterpå eller det er feil eller det er for lite eller for mykje eller det er feil folk som pular. Men det er ikkje det det er om. Mannen i huset prøver seg på noke. Det har meir med pengar å gjera. Mor mi har peiling på pengar. Eg trur ting har meir med pengar å gjera enn med puling. Han er feig, han vågar ikkje sei det. Det han er sur for. Og når han ikkje vågar å sei ka han er sur eller forbanna for, må han pula for å få fred. Det er sånn det er seier Willyen. Det er heilt vanlig. Mor mi sku vore som på kommunemøte, eg får vera med av og til viss eg lovar kors på halsen å sitja steinsens under bordet og ikkje klypa dei som snorkar i skinnleggen. – Hilde, ålrait, eg er ikkje alltid lika beine, men eg er så forferdelig … Hilde, ver ikkje så kalde då … du … ska alltid til å gå du … Han går på kne bort imot mor mi, hiv håret ned på skoreimane hennes. Nevane begynner på anklane og hukar tak bak på leggene og pressar seg inn og opp på innsidene av låra forbi mellomrommet og inn i kjolerukkene, fingrane tyner seg inn mellom underkjolen og stolen. At ho vil det. At ho 11

… det minsta du kunne ha var nye gardiner … hadde han fått det der, ka heitte det sa du … Manillas rose … gjorde det, ja! kan tenkja meg det, ja … ja så veit me det … meinte med? … nei ingenting spesielt, vel … kaffor gjekk ho? … blir det ikkje preik, nei … nei, det ska visst vera koldbrann han har fått … huskar du ikkje for to år si då eg sku døypa … nei, det blir ikkje lett å få det til å gå opp i år, etter at subsidiane på reiskapen fall vekk … ja og omsettingsavgifta på all utrusting … nei, men det blir vel ei råd, jo eg har fått utan kausjon før viss det sku bli nødvendig, det blir å minsera … har du lese i Bergens Tidende i dag om saken … jo, det


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 12

kan vera så tossen. Han der. Han kjem til å rakna nylonsokkane. Kluren! At ho vil. Han har så haspete fingrar. At ho! Der har han fått skjegget i fanget og snakkar så blubbete som Oven då han hadde fått knebelen i kjeften og pusten kom på kvar sida mens indianarane pinte han, så Ingri sprang heim og fisla. – Hilde … eg må få … få kjenna på deg … sleikja der … kom fram, meir … ta på han, du … må på holet … å så varmt … skrev … eg må heilt inn, vekk … å så deilig … kusefitta du har … eg har … Eg er lei. Det har nettopp begynt. Eg går rett fram forbi stolane og sofaen og bort til skjenken. – Eg vil berre ta eit eple. Eg tar eit stort grønt eple i glasskåla, snur og går ut den andre døra. Høge stemmer. Ramling og banning. Eg gidd ikkje høyra. På dør og opp til Liabråtet og klatrar opp i ei raun. Mannen i huset vågar ikkje slå meg. Eg bit. Eg kan peisa til han med ein hammar mens han søv og gryntar som ein gris. Eg har sagt det. Eg må tenkja. Mannen i huset er redd. Mor mi veit ikkje. 12

fæla mordet på ho der, ka var det no ho heitte … akkurat! Amanda Brun … har du lese verre … funnen splitter naken … ja er det ikkje ein herifrå som ska inn som vitne, ein som låg med båten ved hamnelageret … «denne sak er meget vanskelig», begynte aktor sitt foredrag og bebudet at han ville gå langsomt fram i den detaljrike materien. Amanda Brun ble funnet sent på kvelden i en jernbanevogn som var delvis lastet med sekker av totanin, et biprodukt ved cellulosefarikasjon. I vognen ble liket av kvinnen funnet, iført bare et halskjede og med røde merker på halsen. Ellers ble det funnet en hvit og en svart knapp, noen mynter og noen


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 13

b Berre lyg. Eg heiter ikkje Kyka. Men dei seier alltid Kyka. kyka kom her! kyka ha deg vekk! kyka ikkje slå! Eg heiter Katarina, eg kan skriva det òg. På skulen er eg ikkje begynt. Søster mi, Ingri, går der. Eg likar at ho ikkje er her når ho er der, går i andreklassen for lærinna. Spør eg mor mi kaffor eg heiter Kyka når eg heiter Katarina, ler ho og seier det begynte med at fru Sandersen sa fy! Katja – ho hadde vore i Leningrad med båten til chiefen – for eg sølte så og skitna meg så når eg åt og drakk og sto og gjekk og leikte og tegna og hermte Kyka få! Kyka gå! Kyka ut! Kyka ha! Berre noke ho har funne på, eg trur ikkje på det, fru Sandersen kom her då eg fekk den nye gule kjeladressen og hadde alle på geburtsdag og fekk femten kroner i alt, før mannen i huset blei galen av alt bråket og heiv alle ut og måtte sova i kjellaren. Eg kan lyga sjøl. Eg er begynt å kunna lyga. Før kunne eg ikkje lyga. Visste ikkje det var andre ting enn det som var sant. Det er blitt så mykje meir no eg kan lyga, sjå mor mi beint mellom augene og sei eg har vore på kaien når eg har vore i hyttene med kjærestane. Det med 13

avbrente fyrstikker … hadde ikkje han der fysakkjen … var han ikkje kelnar … fått kloremerkje i ansiktet … hadde han først? … godt ho fekk merkt han før … at ho var utilnærmelig når ho var full? … ho fór om bord i båtane … til pass!? … og du, du er vel fullt ut villig til å bli drepen når du tar deg eit nyp på Reperbahn … dempa meg?! … ka står det i Bergens Tidende, berre ein lort av sannheten som vanlig … men ho hadde ei fæle venninna … «En stor del av vitnene er det man kaller løse eksistenser, og det har vanskeliggjort politiets etterforskning betraktelig» … han er grøne i år, vinteren … ja, han kunne knapt vore grønare … du var tidlig


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 14

Kyka, at eg kunne finna på det før eg kunne lyga, før eg kunne gå, før eg begynte å bli så redd at eg måtte lyga meir og meir, det er lyg. Mor mi lyg. Lyg for mannen i huset òg. Når han er på fiskjet. Slangar seg på sofaen i morgonkjolen og sutlar sherry med fru Sandersen, Holmen i lagerskuret og Prebensen med silke bak på vesten. Plystrar på kjøkenet med pengar i morgonkjolelomma. Den fekk ho til jul, mannen i huset hadde vore i byn med snurparen og fått ny motor, m-e-r-c-e-d-e-s. Den var byblom. Bygasi. Bokstavane sto på motormagen, i gult. Dei finaste bokstavane eg har sett er på mannen i huset sine lommetørkle. Dei har mor hans brodert med blått perlegarn. Henne kjenner eg ikkje, ho bur på ei øy langt vekke. Det er bra, her er mødrer nok, nok mødrer. Eg likar ikkje mødrer. Dei seier står du der og glor no igjen, ha deg vekk! Eg har meg vekk. Eg har seks kattar. Kvar gong det kjem nye, legg mor mi dei i ein potetsekk og mannen i huset slengjer kattungane over skuldra og kjem heim med tom sekk. Då har han krepert dei, eg såg han. Han er ein sånn som myrdar kattar. Mannane i andre hus òg drep kattar. Noken kallar dei fedre. 14

på’an … han var så tjukke, farr, at eg såg ikkje te tedna snaddo, farr … di prøve seg på vêrmeldingjen med litt laber bris, høyrde eg i dag, ja, ja, dei er betalt for da der inne i kringkastingjen … ………………………… ………………………… ……… innmarige! ei helgolands innmarige tussalus! ……………… ………………………… … jo, me ventar han heim i sommar, gamleordføraren … jo Anno var der og pusste glas … det er travelt der inne på Tingjet før ferien har eg høyrt, eit fæla føykje med alt så folk kan komma seg på ferie, jo, han har jo fått seg ny kona då, var det ikkje ei frå Sunnfjord utan ongar, me har jo høyrt litt av kvart og sku han ikkje


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 15

Ein far er ein mann i huset som myrdar kattar. Fedre er ikkje så flinke til å lyga som mødre. For dei har pengar.

c – Cirka 500 kroner til leikestativ og benker og innehus på plassen bak pensjonatet … – Kaffor har du blå merkje på armen? – Kor? – Der. Bak på armen. Mor mi ser det ikkje, så eg kjenner, klemmer på det. – Her. – Åja, jo. Det er litt vondt. Ho vil sjå, så ho tar rakespeilet til mannen i huset og stiller seg med ryggen til framfor speilet oppfor utslagsvasken. – Ja, der ser eg det. Ikkje så stort, men det ser stygt ut. Altså kan eg ikkje bruka den gule solkjolen på møtet i husmorlaget, eg tar drakten. – Kor har du fått det? Ho tar spytt på fingen og stryk over augnebryna, lagar kvassare boger, knip håra i hop til tynne striper. Står med munnen halvopen og auger i femte veggen inn i speilet. Tar opp lebestiften frå 15

vitna i den der saken frå Hamnelageret … eller var det broren … Et annet vitne, en drosjesjåfør, har fortalt at han 20.44 kjørte tiltalte og et ungt par til båten «Berly» som lå ved kaien. Han ville bli med båten, men ble kastet i land igjen. Både styrmannen om bord i «Berly» og det unge paret har forklart at tiltalte var sterkt opphisset og hadde friske klor i ansiktet. Påtalemyndighetene mener å kunne føre bevis for at Amanda Brun ble drept mellom kl. 18.30 og 19.30 27. okt. i fjor. Senere i sitt foredrag kommer aktor inn på de «tause vitner», med en opplysning som ikke tidligere er offentliggjort. Ved obduksjon konstaterte man at det


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 16

forklelomma og smør på med tennene trekte inn. – Kor har du fått det? Ei hand puffar opp håret, ho har det mørkerødt med krøller frisørdama lagar. I begynnelsen er dei små og stive, no er dei runde og mjuke, kjem liksom dalande, har hengt seg laust fast, på veg ned halsen, skuldrene, magen, anklane. Håret mitt er stritt og nesten like kvitt som Mostemannen sitt, ijallfall om sommaren, det er sola, seier mor mi og tar på regnkåpa. Når det er opplett, tar ho ut solestolen. Når det er sol, sit ho der pal. Elskar å sola seg. Elskar. Drar e-l-s-k-a-r langt ut, dyttar det over lippene med tjukk tunga. Ho har seilt på England. Elskar sol. Elskar. Storelskar. Så ho er nesten brun alt. Solar seg med eit stramt sjal over brystet. Mor mi har ikkje daiar, ho har passelige, det er alltid plass, samme ka ho har på seg. Finaste er den gule solkjolen, den har tynne kvite stenglar og spisse blad og blomar som ser ut som barberkostar. – Kor har du fått det? Der ser ho meg. – Må vel ha komme borti noke. Eg får så lett blå merkje, sjå desse som snart er heilt vekke på leggene. Forbaska greier, går vekk 16

var fullbyrdet samleie forholdsvis kort tid før drapet fant sted. Videre konstaterte man på tiltaltes klær flekker som kunne skrive seg fra den avdøde … er ikkje Mosto i Brønnøysund og kokar i sølvbrylluppet til Møksteren og madammen … men var det ikkje trekt for der … å? ho var på Pensjonatet og kokte for fru Persen var i byn og skrapte … jaja det er no eit heilt år si grinebitaren kom i jordo … ikkje ein dag for tidlig, nei … sku han ut her … var det han? … den Iversen kom med i doktarskyssen, han med den rutete sixpencen eller var det håret … Amerikansk atomekspert vil finne uran i Norge, kommer med formelen til Pontecorvos


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 17

heldigvis. Betre når eg er brun. Og du, ska du ikkje ha av kjeladressen, få på sjortsen? Eg blir brun utan å sola meg, eg. Du blir brun i skyggen eller om natta, seier mannen i huset. Så, har du vore ute og månt deg igjen, seier dei når dei har rista meg vaken når eg har vore ute og gått i søvne. Eg prøver å halda dei inne. Set skyllebaljen i kjøkendisken framfor utedøra. Det er alltid han dumme som kjem etter meg, fordi han søv så lett. Eg høyrer han ofte oppe, ute, nede i grusen, i trappa, på nettene. Kanskje han går i søvne sjøl? Månedyr, kallar mor mi oss. Eg vil ikkje heita det samme som han der, vel! Eg er meg. – Eg fekk blått merkje på låret då Prebensen klaup meg. – Ka seier du?! Klaup han! – Ja han klaup òg. – Ka hadde du gjort då? – Eg hadde sett om han hadde eit stikk bak på låret, for han klødde så, eg sku finna det og klø. – Ha deg unna den sleipingen, Kyka! Du ødelegg tennene dine på all den snopen du får der. Høyrer du? Alltid. Ho har eit blått merke. Eg får kjeft. – Du er ikkje så brun som lærinna, tenk. Ho solar seg ved sjøen, ho. 17

zeebombe i lommen. Oliver Vickery, mannen som reiser verden rundt med en geiger for å finne uran, kom med «Stavangerfjord» i går … blir visst aldri skikkelig sommar i år, alt er seint ute, eg syns til og med stoveplantene … tomater? … den kan du spara deg … grøne knortingar viss du i det heile tatt får plantene opp frå bakkjen, nei eg håpar det er eit hakk bedre der borte på Østlandet då, når dronning Elisabeth kjem heilt frå England, lurer på kass hattar ho stiller med, er det kje like over St.Hans ho kjem? syns eg eg såg i Allers, kor ho får alle dei hattane frå, bøttehattar, klokkehattar, vide hengehattar, og så han då, han som må gå to meter bak! arme


moe. kyka. mat_moe. kyka. mat 05.06.12 14.46 Side 18

– Ikkje bry deg. Ha deg ut, eg har mitt å gjera! Eg vil grava makk og gå og fiska. Kanskje fru Sandersen blir med? Ho kan mala og eg kan fiska. Ho kan mala at eg fiskar og hengja det på veggen så alle kan sjå.

d Det kom ein mann som ikkje bur her og la seg inn på pensjonatet. Han fór med fingrane gjennom den svarte luggen då han steig over landgangen, bar på ein koffert og ein verktøykasse. Det var det Guri i Kleivane som såg. Eg såg berre den svarte jakka midt til livet, med glidelås, og brystlomma med røykpakke. I halsen eit spraglete sjal. Spisse støvlar midt på sommaren! Ikkje paraply. Ka sku han her? Kem sku ha han? Der kom Prebensen og Holmen stretande med utrekte nevar, velkommen, velkommen og loste gjesten bak lagerskuret, forbi trappestøa, opp forbi den nymalte kvite butikken, opp langs hekken og inn i hagen til den svære villaen til Prebensen, inn på verandaen, inn dei farga glasdørene. Det stemte ikkje, at han sat i ein bollete fløyelsstol og vogga gult brennevin i eit bulete glas. 18

krypen, men kjenner eg mannfolk rett, tar han da nok igjen på kammerset, strame fyr, eg ville ikkje akkurat hatt han to meter bak meg, to centimeter hadde klart seg! … galne kvinnfolk, kjeften står ikkje på dei og her er ongar på kaien, men du kunne snakka til låvedøro … elendige brisling-fiskje, høyrer eg. Olaien og dei var innover Skåneviksfjorden og der, ikkje antydning … Tidi er inne til at det ordinære brislingfisket burde koma i gang. Det ser dessverre ut til å verta ein elendig sesong. Me hev i fyremiddag tala med Steinsvåg i Sild- og brislingssentralen som skildrar situasjonen soleis: – Det ser so svart ut at me hev aldri nokon gong havt

Kyka  

Kriminell roman for ei stemme