Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 1
1
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 3
Gunnar Grytås
KVOTEBARONAR Privat rikdom – utarma fiskevær
Samlaget Oslo
3
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 2
2
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 5
Innhald Forord Kvotebaronar Det nye adelskapet på kysten Eit dreiepunkt i fiskeripolitikken Hauk over hauk Ein tragedie frå «lille Lofoten»? Ulike forteljingar – nedanfrå og ovanfrå Samfunnsansvar under press Fiskekvotar som handelsvare Privat rikdom – lokalsamfunn i krise Frå fagorganisasjon til lobbyist Evigvarande – eller ikkje? Høgsterettsdom for tvil, tru og håp Raudåta – nasjonaldyret på kysten Ein kyst med plass til alt og alle? Det meste er nord, det meste er hav Tre økosystem styrer livet Det vanskelege naboskapet Etegildet på raudåte Raudåte, hausting eller vern Nye flyttestraumar Plass for fisken og fiskehelsa Turistar med fiskestong og snøre 5
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 6
Fisk mot olje – arealkamp og verdikamp Lovnader, løgner og leveringsplikt Trålarflåten – alliert eller motstandar? Fiskeripolitikk på oppseiing Privatisering og kvotehandel som krisepolitikk Raud-grøne samfunnsfiendar? Farvel til samfunnsansvaret Godt for fisken – godt for fiskarane? Ein Ludvigsen for alle behov? Sameland er også fjordar To folk – eitt kystfolk Det verste sidan Finnmark brann Ressursgrunnlag for kvoteadelskapet Ei Alta-sak i fjordane Med eksklusjon som våpen Kystfiskeutvalget for Finnmark møter avmakta Ny rett mot gamal urett? Sjarkromantikk for vidarekomne Pollock-eventyret – større enn alt anna Då «vikingane» vart jaga heim Frå Beringhavet til Barentshavet Trålkonsesjonar og samfunnsansvar Lovnader, løgner og leveringsplikt. Fiskeindustrien – ein klamp om foten Fiskerioligark med janusansikt Best i verda til å forvalte fisken? Blomstrande ressurskriminalitet 6
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 7
Sunnmøre – ein fristat for fiskefusk Barentshavet under hardare press Frå Smutthòlet til Sørishavet Uskadd etter russisk rulett EU og Noreg – harmoni rundt fiskefatet? Dårleg kvalitet – også ei ressurssynd? Frå reint hav til blodvatn og bakteriar Laksefeber før og no Fiskefjøs i fjordar og sund Entreprenørar i krakk og krise Dei første miljøbombene Regionale gigantar – eit nytt håp? Søkkrike på kraft, lutfattige på laks? Djevelskapen, laksen og «Storeulv» Opp som ein hjort, ned som ein lort «Storeulv» på laksefangst Laksepolitikk, profitt og vekst Gullkanta år og prisfest på børsen Lakseeventyret på livet laus? Proteinimperiet På vikingferd til Vest-Afrika Norske «proteinkoloniar» «Verdens fremste» i Peru og Chile? Meir mat for middelklassen Fiskemiddagar og kystkultur på kroken Fattige og rike fiskarar – harmonisk frihandel? Raudåta – storkonflikt på heimebane? Kaldare klima for frihandel? 7
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 8
Rein mat, skitne hender? Trålarromantikken – ein falsk idyll Nye landsmenn på kysten «Grunnlovene» til ingen nytte? Fiskeripolitikk – ikkje for folk flest? Flokete rollekonfliktar Sjarkflåten som ny innsats? Fiskerikapitalen og dei globale trendane Litteraturliste Andre kjelder
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 9
Forord «Høyr godt etter når makta teier» Lyrikaren Arnljot Eggen
I skrivande stund brenn det eit blått lys for fiskeværet Træna, eit øysamfunn ute i havgapet på Helgelandskysten. Truleg er dette Noregs eldste fiskevær, og i dag er det av dei minste kommunane i landet med vel menneske. Her arbeidde vel tilsette i Modolv Sjøset Pelagic AS, to anlegg for produksjon av sild og kvitfisk med lange tradisjonar som hjørnesteinsbedrift på Træna både i gode og dårlege tider. Våren vart ein stor del av dei tilsette permitterte på uviss tid, og vekene som kom, vart prega av store problem med å få informasjon frå eigarane om framtida for anlegga på Træna. Lokalsamfunnet var heilt avhengig av at Sjøset-anlegga var i drift, og næringslivet i kommunen ville bli rasert om siste kapittel i den lokale fiskerisoga skulle bli krise og nedlegging. For fiskarane i nabokommunane var det avgjerande at Sjøset-anlegga var i drift. Vegen til andre fiskekjøparar ville bli for lang. På Helgeland er det nesten ikkje att fiskeindustri, og styresmaktene har satsa mykje på å sikre verksemda på Træna ei framtid. Det offentlege; det vil seie staten, fylkeskommunen og 9
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 10
kommunen; har direkte og indirekte gjennom energiog trafikkselskap satsa mange hundre millionar på Træna. Ei ny fiskerihamn til millionar var nesten ferdig før det vart stopp i april. Over millionar er investert i ei ny ferje. Store summar er også brukte på ein ny sjøkabel som skal gje industrien nok straum og eit nytt anlegg for avsalting av sjøvatn til fiskeindustrien. Kommunen har også investert titals millionar for å gjere Træna til eit godt og trygt samfunn å bu i, ikkje minst for dei som flytta dit for å jobbe. For nokre år sidan fekk eigarar utanfrå kjøpe seg inn i Sjøset-konsernet, og gradvis førte dette til at det gamle familieselskapet vart kontrollert frå Vestlandet. Fleire fusjonar førte til at Træna-anlegga vart reduserte til ein av over tjue «filialar» i den nye sildegiganten Pelagia AS vinteren . Tre selskap som frå før var store i sildeindustrien, slo seg saman. Dette nye eigarskapet hadde også sterke innslag av laksekapital frå Trøndelag og ringnotfiske på Vestlandet. Til saman skapte fusjonen det som bransjevis er blitt den mest dominerande konsentrasjonen av eigarmakt i norsk sjømatnæring. Med denne makta kan dei avgjere framtida til over tjue verksemder i nesten like mange lokalsamfunn frå Skagen i Danmark i sør til Nordkapp i Finnmark lengst nord. Permitteringane på Træna var eit varsel om meir usikre tider, men ut over dette var dei nye eigarane våren ute av stand til å gje ei avklaring om kva dei ville med Træna. Men bakteppet for fusjonen var ei aukande uvisse i sildenæringa etter ein svak sesong og utsiktene til lågare sildekvotar i åra som kjem. Krav om 10
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 11
strukturendring og effektivisering vil truleg føre til at fleire anlegg blir nedlagde. Kanskje blir det framtida også for Træna. Kanskje ikkje. Både fiskeri- og oppdrettsnæringa i Noreg har mange slike historier. Heile tida er det lokalsamfunn på kysten som kjempar for plassen sin i næringa. Dette er ein viktig bakgrunn for denne boka. Når den kjem ut i oktober, veit vi truleg litt meir om korleis det vil gå med Sjøset på Træna. I mellomtida har kanskje tilstandar som vi omtaler som «krise», spreidd seg til nye lokalsamfunn som må kjempe sine kampar. Historia om kystnæringane, fiskeri og havbruk har endra seg. Fiskeria var lenge ein berebjelke i arbeidslivet og busetjinga langs kysten vår. Oppdrettsnæringa fekk så vidt prøve seg før kursen vart lagd om. Før handla slike soger om lokalsamfunn og ei næring som var avhengige av kvarandre. I fiskeripolitikken kjempa dei ofte same sak når situasjonen kravde det. Dei siste tiåra har dette endra seg på ein måte som har blitt dramatisk for mange. På slutten av -talet braut nokre stormsjøar med krise i torskefisket, krav om strukturering, marknadstilpassing og ei rettsleggjering av politikken inn over kysten. Ut av dette kom ei næring som gav grunnlag for nye soger om privat rikdom, skapt av makt over ein ressurs som tilhøyrer samfunnet. Difor var det også mange som mista det vesle dei hadde, og på denne måten vart det liggjande att rekningar som mange lokalsamfunn måtte betale. På kort tid har det skjedd eit hamskifte i næringa der sterkt aukande, private formuar har erstatta solidaritet, utjamning og samfunnsbygging. Her har utviklinga i norsk fiskeri- og havbruksnæring 11
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 12
glidd saumlaust inn i den globale økonomiske utviklinga slik den franske økonomen og forskaren Thomas Piketty skildrar den: Kløfta mellom dei rikaste og fattigaste har auka kraftig sidan midten av -talet. Det har skjedd i verda, i Europa og ikkje minst i Noreg. Og i Kyst-Noreg er det ingen tvil om årsaka. Her handlar det om kontroll med ressursane gjennom fiskekvotar, konsesjonar og areal for fiskeoppdrett. På svært kort tid har det skjedd ei dramatisk endring i ei næring som i så stor grad vart bygd opp på sterkt organisert solidaritet og samvirke. Er vi vitne til fiskerikapitalen sin endelege siger i kampen mot arbeidet? I ein oljesmurd økonomi er det kanskje ikkje så viktig i dag eller i nær framtid. På lengre sikt kan dette endre seg. I stor grad handlar denne boka om dette. Eg vil kalle det for ei debattbok, skriven for politisk engasjerte menneske som eg veit det finst mange av i KystNoreg. Dei siste åra trur eg at mange av desse har angra på at dei ikkje har interessert seg litt meir for fiskeripolitikk og korleis ressursane frå havet blir forvalta og fordelte. Det er i alle fall teikn til ein breiare debatt om utviklinga i Kyst-Noreg. I dette ordskiftet har vi fått omgrep som «kvotebaronar» og «konsesjonsadel», som først og fremst er uttrykk for ei kritisk haldning til viktige sider ved dei fiskeripolitiske endringane. Som det går heilt klart fram av boka, er dette ein kritikk eg meiner det er solid grunnlag for. Slik sett var det også enkelt å finne ein tittel på denne boka. Det er ingen tvil om at norsk fiskerinæring har hatt suksess på mange område. Først og fremst er effekti12
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 13
viteten blitt mykje større. Utviklinga i eksporten er imponerande. Og relativt sett har ressursforvaltninga vore god dei siste – åra, sjølv om det kan kome tilbakeslag. Men ikkje alt er like bra. Oppdrettsnæringa er ikkje berekraftig. Fiskerinæringa har ein stor, svart sektor med både ressurskriminalitet og økonomisk kriminalitet. Sjølv om både næringa og styresmaktene seier dei prøver på å rydde opp, ser det ut som det skortar på evnene og kanskje også på viljen hos nokre av aktørane. Delar av næringa har også problem med å framstå som seriøse matprodusentar, og kvaliteten på norsk fisk er langt frå så god som den burde vere. Medan den fiskeripolitiske eliten har framheva behovet for lønsemd, ny struktur og konkurransekraft, har det vore mindre snakk om demokratiet sine vilkår i alle dei viktige og omstridde sakene om retten til å delta i fisket og fordelinga av ressursane. Stikkorda her er makt, avmakt, legitimtet og rettferd. Aukande lobbyisme om hemmelege agendaer kontra mangel på offentleg innsyn. Eit Storting som lét seg parkere på sidelinja medan viktige avgjerder vart tekne av eit skakkøyrt, korporativt forhandlingssystem med svekt tillit. Ut av ein tradisjonen for fåmannsvelde fekk vi dei første norske fiskerioligarkane; Kjell Inge Røkke og John Fredriksen. Kven skal setje grensene for makta deira? Ikkje minst rundt ambisjonen om å bli fremst i verda på sjømat, kan Janusandletet og næringa sine skuggesider bli meir tydelege. Som i all handel med råvarer er risikoen for korrupsjon overhengande. Det er nok å sjå til oljenæringa og Statoil sine erfaringar. 13
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 14
Kor aggressive vil fiskeristormakta Noreg bli i kampen om dei siste restane av marint protein det er råd å få tak i? Blir vi allierte med den frå før mette middelklassen, som har råd til å kjøpe norsk fisk, eller er det framleis plass til omtanke for fattige fiskerinasjonar som, slik Noreg for år sidan, kanskje treng ein nasjonal fiskeripolitikk meir enn global frihandel? Ideen til denne boka fekk eg gjennom arbeidet med ein artikkel som stod i «Syn og Segn» vinteren . Som journalist i aviser som Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet har eg hatt høve til å fylgje næringa tett på livet. Boka er i hovudsak ei oppsummering av observasjonar, røynsler og analysar gjennom meir enn tretti år der det – nesten dagleg – har vore jobben min å rapportere frå næringa. Utan eit månaders prosjektstipend frå Norsk Faglitterær Forfatter- og Oversetterforening ville denne boka neppe blitt skriven. Den opphavlege planen min var å starte arbeidet i /. Men då eg vart engasjert som forskar og forfattar på prosjektet Norges fiskeri- og kysthistorie, måtte eg utsetje skrivearbeidet i vel to år. Sjølv om stoffet til boka er samla over lang tid, skjedde det meste av skrivinga i ein nokså intensiv arbeidsperiode vinteren og våren . Også i denne tida var det ei utvikling i den fiskeripolitiske debatten og i mange av dei einskilde sakene som eg skriv om i boka. Det er ikkje lett å setje punktum til rett tid i ei slik soge. Men det måtte gjerast, ikkje minst av omsyn til forlaget mitt, Det Norske Samlaget. Ein som også må takkast, er tidlegare kollega Gunnar Sætra, som har lese manuskriptet og kome med nyttige kommentarar. 14
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 15
Sjølv om tida ved Noregs fiskerihøgskule, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, vart «eit heft» i høve til den opphavlege planen eg hadde, er eg likevel glad og takksam for tida der. Arbeidet i eit tverrfagleg miljø som kan utruleg mykje om fiskeri, havbruk og kystpolitikk, gav meg verdifull innsikt og nokre nye innfallsvinklar. Her høver det også å understreke at denne boka er eit heilt privat skriveprosjekt. Korkje NFH eller andre har noko ansvar for eventuelle feil og manglar i boka. Dette er det som alltid forfattaren sjølv som må ta på si kappe. Like sjølvsagt er det at analysane og meiningane i boka er mine eigne. Tromsø . juli Gunnar Grytås
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 16
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 17
Kvotebaronar «Norges Fiskarlag har tradisjon for å være en organisasjon som tar samfunnsansvar. I kvotebaronenes tid kan det synes å være en fremmed tanke. Man undres: Blir det neste at fiskarlagsledelsen søker beskyttelse for privilegiene i Brussel?» Bladet Vesterålen på leiarplass . juni
Hausten intervjua Finnmark Dagblad ein fiskar frå Hasvik i Vest-Finnmark som heitte Reidar Nilsen. Etter mange år i arbeid sørpå skulle han flytte heim att, mellom anna for å starte opp med kystfiske på sine litt eldre dagar. Men i Hasvik hadde det skjedd endringar som han ikkje likte, og som forpurra planane hans. Medan han hadde vore borte, hadde kommunen godkjent riving av den bryggja han og dei andre fiskarane i Hasvik hadde brukt. Den lokale investoren som åtte hamna, hadde inngått ein avtale med Hasvik Hotell som hadde fått sjøgrunn til bygging av eit nytt anlegg for fisketurisme. Dei lokale fiskarane var blitt nøydde til å finne andre stader der dei kunne ha båtar, bruk og anna utstyr. For Reidar Nilsen var det rett og slett ingen plass att. I intervjuet med Finnmark Dagblad, som også vart trykt i fleire andre aviser kysten rundt, fortalde Nilsen at han ikkje såg noka framtid i Hasvik dersom han måtte forhandle med hotellet om båtplass 17
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 18
ved eit turistanlegg. No hadde han ikkje anna å gjere enn å ta med seg kona og fiskekvoten og flytte sørover. Finnmarkingen Reidar Nilsen var ikkje kven som helst. Då intervjuet stod på trykk, var det like før han skulle gå av som leiar i Norges Fiskarlag, eit verv han hadde hatt sidan . Det var ikkje fritt for at flyttemeldinga frå Reidar Nilsen, som samstundes var ei fiskeripolitisk sjukemelding av heimkommunen Hasvik, vekte oppsikt. Poenget var at han tok med seg kvoten, og blanda seg med den stimen av fiskarar som hadde gjort dette før han. Denne vandringa gjekk berre ein veg; sørover der prisane på kvotar og konsesjonar i fisket til vanleg var høgast. Men norske fiskekvotar vart ikkje tildelte fiskarane som handelsvare for spekulasjon og profitt. Den eldgamle retten til å drive fiske med eigen båt og kvote skulle sikre arbeid og inntekter langs heile kysten. Særleg for kommunar som Hasvik og resten av Kyst-Finnmark der det ikkje er så mykje anna enn fiskeri å leve av. Her var, og er, det viktig at fiskeværa ikkje vart tappa for kvotar, konsesjonar og råstoff når båtane skiftar eigar. I Finnmark hadde dette lenge vore eit problem, og det politiske støynivået var høgt. Fleire gonger har det storma rundt Kjell Inge Røkke sine oppkjøp av nordnorske trålarar, og det har kome kritikk for brot på leveringsplikta. Norges Fiskarlag har i aukande grad støtta, forklart og forstått Kjell Inge Røkke. Laget hadde støtta den politikken som gjorde fiskeværa til noko anna enn dei eingong var. I møtet med resultatet av denne politikken på heimebane kjende Reidar Nilsen at han ikkje hadde noko anna val enn å forlate Hasvik. 18
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 19
Men han var ikkje åleine. Frå til vart talet på fiskebruk i Norges Råfisklag sitt distrikt (frå Nordmøre og nordover) redusert frå til . I same tidsrommet gjekk talet på fiskarar ned frå til . Talet på registrerte fiskefartøy vart redusert frå til i same periode. At det vart færre fiskebruk, fiskarar og båtar, var ikkje noko nytt, men frå slutten på talet skaut denne utviklinga fart, og det var fire hovudårsaker til dette. Fiskerilovgjevinga vart liberalisert, delvis som eit resultat av EØS-avtalen. På grunn av dette kunne ikkje Noreg støtte næringa med subsidiar slik som før, fiskeriavtalen vart redusert til nesten ingenting. Torskekrisa som kom i /, førte til at kystflåten ikkje kunne fiske like fritt som før, og det vart innført fartøykvotar for ein del av denne flåten. Dette vart starten på ei ordning med strukturkvotar, det vil seie ei omsetning av retten til å fiske der fiskarane kunne kjøpe kvarandre ut av yrke og næring. Noko dei også gjorde. Det nye adelskapet på kysten Reidar Nilsen hadde ikkje noka sentral rolle i utforminga av den norske kvotepolitikken. Men det var under hans tolv år som leiar av Norges Fiskarlag at folk på kysten tok til å snakke om «kvoteadelen» og «kvotebaronane» i fiskerinæringa. Og det gjekk ikkje lang tid før desse nyorda vart vanlege både i media og i den fiskeripolitiske debatten. Dei vart først og fremst brukte om fiskarar som slo seg opp på kvotehandel: posisjonerte seg med kjøp av båtar og spekulerte i at retten til å fiske med desse fartøya ville auke i verdi. Denne omset19
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 20
ninga skaut fart tidleg på -talet. Etterkvart vart millionfortenesta på slik handel realisert, og på skattelistene kunne kvotebaronane peikast ut, i mange tilfelle med tresifra millioninntekter og -formuar. Dette var ei uthenging som Fiskarlaget ikkje var glad i, men som ikkje var til å unngå i den meir folkelege fiskeridebatten som no skaut fart. Her handla det ikkje om å peike ut dei nye kvotekapitalistane som hatobjekt. Men mange mislikte at ein nasjonal ressurs som skulle kome heile kysten til gode, var misbrukt til å skape store private formuar som eigarane kunne gjere kva dei ville med. At den nye politikken i tillegg tvinga mange ut av næringa, vart oppfatta som blodig urettferdig. Gradvis, i , og , vart handelen med kvotar og konsesjonar lovregulert som eit berande ledd i strukturpolitikken. Fiskarar med båtar med lengd frå meter og oppover kunne samle to eller tre kvotar på kvar båt dersom dei betalte så godt at andre fiskarar lét seg kjøpe ut av næringa. Mange fekk eit tilbod dei ikkje kunne takke nei til, andre var pressa av bankane sine til å takke ja. Handelen skaut fart, og ut frå kvoteprisane nådde marknadsverdien av dei norske fiskeressursane eit nesten ufatteleg høgt nivå. Her har biologen Henning Røed rekna seg fram til ein verdi på milliardar i boka Fiskehistorier, som kom ut i . Tidlegare er det gjort andre, og ikkje like høge, anslag. Uansett om marknadsverdien er eller milliardar, er det ein ufatteleg sum, også med den norske oljerikdommen som bakteppe. Men med tanke på at det her handlar om ein evigvarande ressurs, kan det også diskuterast om milliardar er dyrt eller billig for å sikre seg kontroll med haus20
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 21
tinga av så rike økosystem. Fiskarane som kjøpte seg opp i denne marknaden, gjorde det først og fremst for å fiske meir effektivt og lønsamt, for å byggje meir moderne båtar og for å sikre mannskapet ei løn som kunne konkurrere med oljeindustrien. Men dei bygde også opp kvotar for enorme verdiar, som kunne realiserast neste gong styresmaktene opna for nye rundar med strukturering. Det vil seie løyve til å samle endå fleire kvotar på færre hender enten på same båt eller i same selskap. Kven er det så som utgjer det vi kan kalle fiskerinæringa sin kvoteadel? I hadde dei største fiskeriselskapa kontroll med , prosent av dei totale kvotane, ifylgje forskarane Torbjørn Trulssen og Peter Ørebech ved Noregs fiskerihøgskule i Tromsø. Det store fleirtalet av desse er gamle, velkjende familierederi som har drive fiske i mange generasjonar – ute og heime. Dei er gjengangarar i departement og direktorat med søknader om konsesjonar, nybygg, kondemnering, kjøp og sal av båtar og andre saker som var viktige for å utvikle drifta. Då statsstøtta auka på - og -talet, vart mange av desse selskapa vinnarar i kampen om å hente mest ut av dei ulike reglane for lån og tilskot. Tyngdepunktet i denne flåten ligg i Hordaland og Møre og Romsdal, deretter strekningen Vesterålen–Troms, og sjølvsagt må ikkje Aker-konsernet sin adresse Fjordalleen på Aker Brygge gløymast. Nokre av desse kvotebaronia vil bli større og sterkare, medan andre vil selje seg ut. For nokre av desse kan arvingane i fleire generasjonar leve godt utan at dei blir nøydde til å arbeide. Andre vil nok setje pengane over styr heller fort, slik mindre dugande eller 21
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 22
heldige adelsmenn- og kvinner alltid har gjort. For nokre vil gjelda bli for tung å bere. Opp frå det vi kan kalle «underskogen» i fiskeflåten, vil det kome nye. Og alle som skal vere med vidare, må setje sin lit til ein framtidig strukturpolitikk med endå færre restriksjonar både for handelen og storleiken på kvotebaronia – målte i kontroll over stadig aukande mengder råstoff frå havet. I la eit stort fleirtal av folket på kysten vekt på mellom anna råd frå Norges Fiskarlag om å røyste nei til EF. Først og fremst handla det om å sikre nasjonen og kystfolket kontroll over fisken. Det same skjedde under EU-kampen i . Men også utan «hjelp» frå EU skjedde det dramatiske endringar i norsk fiskeripolitikk. Havet vart stengt som allmenning for fleirtalet av norske fiskebåtar. Ein viktig rekrutteringsveg for norsk ungdom som ville bli fiskarar, vart stengd. Privatiseringa, omsetninga av kvotar og dei store formuane som mange tok med seg ut av næringa, reiste spørsmål om næringa sin vilje til å ta samfunnsansvar. Utviklinga i mange norske fiskevær vart akkurat slik som det vart spådd i dei to kampane mot EU; svikt i landingane av fisk i mange fiskevær, nedbyggjing av industrien, færre båtar og fiskarar. Men hovudansvaret for dette kunne ikkje leggjast på makta i Brussel. Det meste var eit resultat av norsk sjølvråderett. Medan samfunnsansvaret tapte, er kvotebaronane symbolet på det mange meiner er ein fiskeripolitikk som er komen ut av kurs. Utanfor den fiskeripolitiske eliten og kvoteeigarane sin indre krins manglar det ikkje på kritiske røyster som mellom anna reiser spørsmål om dagens politikk er i samsvar med deltakarlova. 22
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 23
I snart hundre år har formålet med denne lova vore å sikre at berre aktive fiskarar som er busette på kysten, kan eige fiskebåtar og få tildelt kvotar. Vi har også ei langt nyare havressurslov som slår fast at torsk, hyse, sei og andre fiskeslag som blir fiska på slike kvotar, framleis er samfunnet sin eigedom. Eit viktig poeng med deltakarlova frå er at berre manntalsførte fiskarar kan eige fiskebåtar. Stortinget si meining med dette har heile tida vore å sikre at fisket skaper verksemd og verdiar, sysselsetjing og busetjing på kysten der fiskarane bur. Dersom andre med nok kapital til å eige og drive fiskebåtar hadde fått lov til å fiske, ville ikkje verdiane som næringa skapte, blitt lagde igjen på kysten. For dei store, havgåande trålarane vart det gjort eit unntak. Både fiskeindustri og kommunar kunne få dispensasjon for å eige trålarar, men vilkåret var då at fangsten skulle leverast til eigne industrianlegg i fiskeværet eller heimkommunen. Kystfiskarane, med knappe båtar, dei fleste sjarkar, hadde ingen slike plikter. Kystfisket var «fritt», som det framleis heitte før . Fiskarane kunne levere fangsten kvar dei ville, men skulle dei selje båten sin, måtte det skje innanfor fylket. Eit dreiepunkt i fiskeripolitikken I historia om korleis retten til fisket vart privatisert, og korleis den omstridde handelen med kvotar starta, er ein serie med hendingar rundt uråd å kome utanom. Stadig vekk må vi tilbake til dette dreiepunktet i fiskeripolitikken. Dette var året det vart så bratt i fiskerinæringa. Den 23
Kvotebaronar ferdig_A 12.09.14 10.49 Side 24
gamle fiskeripolitikken med milliardsubsidiar som staten og Norges Fiskarlag fordelte, var i ferd med å bli forkasta. Gjennom liberalisering av lovene vart det lagt opp til at marknaden i større grad skulle styre utviklinga. Nye og bindande lover og rettsreglar som kom med EØSavtalen, førte til at staten ikkje lenger kunne ta rekninga for ein ulønsam overkapasitet som truga ressursgrunnlaget. Jobben måtte gjerast, men den måtte gjerast og betalast av næringa sjølv. Dei som framleis ville vere med, måtte kjøpe ut dei som ikkje ville eller kunne. Autopiloten vart stilt inn på dette. Ein ny kurs vart sett med lønsemda som kunne hentast ute i marknaden, som mål. Men før farten kunne setjast opp, måtte næringa losast gjennom den kritiske inngangen på -åra. Som politisk øving kan det samanliknast med når fiskeflåten går ut frå Senja i dårleg vêr, og må ta seg gjennom kraftige straumar og forbi alle fallgardane; dei livsfarlege skjera som ligg tett i tett like under havoverflata. I politikken var det torskekrisa som skapte uvêret. Eit kraftig fall i kvotane, som førte til full stopp i fisket allereie . april , og med ein historisk låg kvote i , som på ein dramatisk måte sette stopp for det frie kystfisket. Alle trådar og linjer mellom den gamle og nye fiskeripolitikken måtte trekkjast gjennom eller rundt , og det vasa seg saman til nokre gordiske knutar som seinare vart vanskelege å løyse opp og farlege å hogge over. Mange forliste i dette uværet, og mykje politisk vrakgods driv framleis omkring etter stormen. Langt meir alvorleg var det at mange draumar om ei framtid i fiskaryrket og næringa vart knuste i møtet med fallgarden i norsk fiskeripolitikk. 24