Skip to main content

Krapyl

Page 1

Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 1

Arild Rein

Krapyl Kortprosa

Samlaget Oslo 2017

1


Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 3

Rennebilen min Døra inn til vaskekjellaren stod open då eg kom heim. Ei naken lyspære hang i taket. Far sat på kne og snikra på ein ny rennebil til meg. Alle i gata vår hadde rennebilar som fedrane hadde laga. Far hadde ein hammar i handa og to spikrar i munnen. Kva synest du? sa far. Fin, far, sa eg. No skal eg berre spikra på bremseklossane, så kan du ta rennebilen ut i gata, sa far. Far hadde brukt dei gamle hjula på sportsvogna mi til hjul på rennebilen min. Eg såg at tauet eg kunne styra framhjula med, var på plass. Det var berre ein ting eg ikkje likte: Far hadde festa den lyseblåe kalesja til sportsvogna mi på rennebilen. Eg visste at eg aldri kom til å ta rennebilen min opp frå kjellaren.

3


Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 4

Fotballen min er hunden min Eg sat i trappa og knytte joggeskoa. Mor kom opp frå kjellaren med ei gryte poteter. Kor skal du? sa mor. Ut, sa eg. Det er middag om ein halvtime. Kva skal me ha? Blodpudding med poteter, grønsaker og smelta smør. Ok. Du må ikkje vera lenge ute. Nei, eg skal berre ein liten tur med hunden min. Hunden din? sa mor. Eg skal berre gå ein tur rundt nullen med ballen min. Din tøysekopp, sa mor frå kjøkkenet. Eg treng ingen hund, mor. Fotballen min er hunden min.

4


Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 5

Naboane i nummer ti Naboane i nummer ti, i rekkehusleilegheit nummer ein, hadde ein kvit Morris. Når vennene mine og eg spela fotball i gata vår og ballen trefte bilen, var dei aldri ute og kjefta. Kvar dag gjekk mannen og kona ein spasertur rundt kvartalet. Dei snakka ikkje med naboane, men helsa høfleg. Mannen var svært tynn og hadde tjukke brilleglas. Og ein hatt på hovudet. Dei gjekk heilt inntil kvarandre og snakka lågt saman på eit språk eg ikkje forstod. Eg spurde mor kor dei kom ifrå. Dei er tyske jødar som sat i konsentrasjonsleir under krigen og overlevde på mirakuløst vis, sa mor. Mannen blei torturert på det grovaste. Det er difor han har så dårleg helse. Eg fekk ei skive med jordbærsyltetøy av mor og sette meg på trappa. Neste gong eg trefte naboane i nummer ti, helsa eg høflegare enn eg pleidde. Litt seinare fekk eg eit stort indianarhøvdinghovud i tøy av den vaksne sonen deira, som eg hengde på veggen på rommet mitt med ein teiknestift.

5


Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 6

Skitt fiske Morfar og eg skulle ut på fjorden for å fiska. Eg bar på ei bøtte me skulle ha fangsten i. Oppi bøtta låg pilkesnøret og kniven me skulle sløya fisken med. Morfar bar på bensintanken. Morfar hadde fått øydelagt to båtar av vinden og bølgjene i vika si. Den eine båten knakk rett i to. Sola stod høgt på himmelen, og sølvskyer dreiv langsamt over hovuda våre. Morfar var nøye med fortøyinga av den nye båten sin, så det tok ei stund før han fekk løyst alt tauet. Båten var ein Askeladden, og motoren ein fire hestars Evinrude. Eg hoppa opp i båten i det eg skauv han frå land med venstrefoten. Skitt fiske, sa morfar. Det er berre til å kasta pilken og makkane uti. Så dorgar me. Pilken var ny og svær og glinsa i grønt, gult, blått og sølv, og likna ei sild. Me dorga lenge, utan at eg fekk eit einaste napp. Har du lyst til å køyra båten, så kan eg fiska? sa morfar. Berre køyr rundt holmen. Etter ei stund med meg som skipper sa morfar: Stopp. Her bit han. Morfar tok fram kammen og greidde håret bakover og begynte å pilka. Der trur eg jaggu eg har han, du, sa morfar. Og det er ein sværing. 6


Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 7

Det var ingen sværing. Pilken hadde sett seg i botnen. I ti minutt måtte eg ro rundt i ring etter morfars instruksjonar. Pilken sat bom fast. Me bytte plass, og morfar starta motoren. Så kasta han heile pilkesnøret på sjøen. Me sat tause i båten heim til hytta.

7


Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 8

Leikene mine er laga av fangar Veslebror min sat og gynga på gyngehesten min. Veslesøster mi sat på golvet og leika med dokker. Eg sat i svingstolen, svinga rundt og rundt og stira ut i lufta. Regnet rann nedover stoveglaset. Det var ingen vits i å gå ut og leika. Gyngehesten var raud med blå sal og store, svarte auge. Meiane var grøne. Den eine meien var øydelagd fordi eg hadde gynga for hardt då eg var liten. Gyngehesten var laga av fangar i eit fengsel. Det var òg den raude traktoren min i tre med dei gråe hjula som knirka, og tilhengaren som var grøn og raud. No hadde veslebror min arva både gyngehesten og traktoren med tilhengar. Mor kom inn i stova frå kjøkkenet. Pannekakene er klare. Jippi, sa veslebror min, veslesøster mi og eg i kor. Hysj, sa mor, far søv. Han har vore på jobb i bakeriet i heile natt.

8


Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 9

Eg er ei byjente, sa mor, og kjem aldri til å flytta på landet Mor, far, veslesøster mi, veslebror min og eg sat og åt middag: steikte pølser med potetstappe og gulrøter. Far var sliten. Mor var sliten. Alle var slitne. Me hadde flytta frå ei lita leilegheit og over i eit rekkehus. Huset me flytta frå, var gulgrønt. Huset me flytta til, var raudt. Me trong ikkje flyttebil fordi me flytta rett over gata. No budde eg på same sida av gata som bestevennen min, Jakki. Mor og far hadde sett på plass kjøkkenbordet vårt og sengene våre. Elles var alt hulter til bulter. Er det ikkje fantastisk, er det ikkje herleg å få ei ny og større leilegheit? sa far og smilte. Eg snakka med ein av dei nye naboane våre, fru Jensen, i dag, sa mor. Ønskte ho deg velkommen? sa far. Ho sa at dei i rekkehuset hadde håpa på at det var familien Pedersen som fekk leilegheita, sa mor. Å, korfor det? sa far. Me har jo lengre ansiennitet enn familien Pedersen. Det har ingenting med ansiennitet å gjera, sa mor. Fru Jensen sa dei heller ville hatt ein familie frå byen inn her, og ikkje ein familie som oss, som er innflyttarar. Neste gong me flyttar, kjem me til å flytta til bestemor og bestefar, sa far, så eg kan ta over bakeriet til bestefar. Nei, eg er ei byjente, sa mor, og kjem aldri til å flytta på landet. 9


Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 10

Å læra å sykla Motta var ute i gata med den nye sykkelen sin saman med mor si. Mor hans sprang bak han og heldt i bagasjebrettet. Veslesøster mi sat på dørstokken og åt ei skive med jordbærsyltetøy. Eg sat på trappa med eit forstørringsglas og eit krøllete papir. Eg samla strålane frå sola i eit punkt og prøvde å få papiret til å brenna. Plutseleg begynte det å ryka av det krøllete papiret mitt, så tok det fyr. Eg sløkte det brennande papiret med foten og gjekk inn. Eg ville òg læra å sykla. Eg hadde ein gammal, grøn sykkel i kjellaren. Den sykkelen hadde mor kjøpt av søskenbarnet sitt. Mor stod inne på kjøkkenet og vaska opp tallerkar, bestikk og glas. Mor, sa eg, eg vil læra å sykla. Men sykkelen din er litt stor for deg. Det gjer ingenting om eg må sitja på stonga og ikkje på setet. Eg gjekk ned i kjellaren og henta opp den digre sykkelen medan mor gjorde seg ferdig på kjøkkenet. Så gjekk mor og eg ut i gata med sykkelen min. Sykkelen min var så stor at eg måtte klatra opp på han medan mor heldt sykkelen oppe. Eg sykla fram og tilbake medan eg sat på stonga og mor sprang bak og heldt i bagasjebrettet nett som mor til Motta. Etter ein time hadde eg lært å sykla utan at mor heldt i bagasjebrettet. Eg kunne svinga og bremsa, men då eg skulle gå av sykkelen, måtte eg ha hjelp av mor. 10


Krapyl ferdig_A 14.08.17 13:46 Side 11

Då mor og eg gjekk inn for å eta middag, sprang framleis mor til Motta bak Motta og heldt i bagasjebrettet hans. Dagen etter, medan Jakki og eg leika med cowboyane og indianarane mine i buskane, stoppa mor til Motta mor ute i gata. Korfor trong du å ta ut sykkelen til sonen din og læra han å sykla i går? sa mor til Motta. Sonen min såg vel berre at sonen din lærte å sykla, så ville han òg prøva, sa mor. At du kan vera så vond, sa mor til Motta. Såg du ikkje at sonen min ikkje fekk det til.

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Krapyl by Det Norske Samlaget - Issuu