LIMSIDE
KIDNAPPA Av bente bratlund Illustrert av ODD HENNING SK Y LLINGSTA D
Samlaget oslo 2018
1 – Eg har ein løyndom. Oda kviskrar i øyret mitt. Eg snur meg mot henne, held pusten. Ventar på meir. Vi står på skuleplassen. Det var så utruleg flaks. Oda som eg møtte i sommar, går no i klassen min. Vi blei bestevenner med ein gong. – Fortel, seier eg. Oda dreg meg bort frå dei andre til vi står for oss sjølve på skuleplassen.
7
– Lover du å ikkje seie noko? spør ho. – Eg lover, seier eg. – Ikkje til ei sjel? spør Oda. – Kross på halsen. Oda dreg meg med enda litt lenger bort. – Eg blei kidnappa, kviskrar ho. Eg blir ståande heilt urørleg. – Kidnappa? spør eg.
8
Oda nikkar. – Da eg var lita. Eg hugsar det ikkje. Men eg veit det no. Ho ser ut i lufta og sukkar. – Det er derfor eg ikkje liknar på foreldra mine. Eg er heilt ulik dei på alle måtar.
9
– Men dei verkelege foreldra dine, kva med dei? Oda sukkar igjen. – Eg veit ikkje. Dei trur vel eg er død. – Men dei må da ha leita etter deg? Oda nikkar. – Heilt sikkert. Eg kjenner meg fortumla. Eg ser på Oda. Ser på det mørke håret. Håret er nesten blått. Ho er så fin. Den finaste på heile skulen.
10
– Har du ikkje prøvd å finne dei verkelege foreldra dine? spør eg. – Mamma og pappa er jo veldig greie, seier ho. Og akkurat da ringjer det inn. – Du lover å ikkje seie noko. Ho ser strengt på meg. Eg nikkar.
11
12
2 Vi sit i klasserommet. Det er umogleg å følgje med. Eg berre tenkjer på det Oda har fortalt. Korleis er det å vere kidnappa? Ho verkar ikkje så lei seg. Ho er vel så van med å ha det som ho har det. Eg ser på henne, smaker på ordet. Kidnappa. Det er jo heilt sprøtt.
13