Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 1
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 3
Katrine Sele
KENNETH Historia om Kenneth Sivertsen
Samlaget Oslo
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 5
INNHALD Englar og hundar Populærmusikk frå Bømlo Einsamflygar Somme dagar var så bra For ope hav bamsar på tur Ein katalog over fall Det nye toget Blod og bensin Mann med halvt hovud Sirkusdirektøren Fylgja deg Notar Verkliste Takk
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 7
ENGLAR OG HUNDAR Før Kenneth Sivertsen skreiv ein symfoni, før han spela kompliserte gitarkomposisjonar på tv, med luggen ned framfor auga, før visesong, strengekvartettar og jazz, før han og Herborg vart landets artigaste kjærastepar, før Einar Førde-parodiar, turar med sjøfly, pillerus, alkoholisme og konkurs, og før han var på framsida av Se og Hør med halvt hovud, lenge før alt dette, vart Kenneth fødd inn i familien Sivertsen på øya Moster på Bømlo, i utløpet av Hardangerfjorden. Mora heitte Bertha Sivertsen, eller Mossa, som alle kjenner henne som. Faren heitte Gunnar Sivertsen og dreiv fraktebåt i lausfart. Søskenflokken vart seks med yngstemann Kenneth – først tre jenter, så tre gutar. Alle dei eldre søskena hans fekk tradisjonelle norske namn: Bjørg Evy, Solfrid, Gunn, Sivert og Vidar. Namnet Kenneth, derimot, kom sjøvegen. Mossa hadde høyrt det frå ein onkel som hadde vore i Amerika, og ho syntest det var så fint. Om ho visste den gongen at tydinga på det irske namnet var «den vakre», er ho uviss på, men sidan tenkte ho alltid at det passa så godt på nettopp han. For henne var han den vakre. I minneboka si har Mossa Sivertsen skrive ned ting ho hugsa frå livet til yngsteguten. Det står om hyttebygging, skigåing, fotball, symjing og indianarleik. Om livet på kaia og leiken i fjøresteinane. Vesle Kenneth er ein blid gut som nesten alltid har med seg ein hund:
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 8
ENGLAR OG HUNDAR
8
Eg tenkjer og tenkjer på då du var liten, Kenneth, det er så mange minne. Du var så liten, du likte godt bamsane dine, så køyrde du ei dokkevogn, gjekk og handla for meg i svingen. Olabukse, solbriller og ein liten brun hund som alltid følgde deg … du var løyen, Kenneth, allereie då. Ordet «løyen» har ei spesiell meining vestpå. Det tyder artig, snodig, annleis. Men djupare sett inneheld ordet også noko meir – noko som handlar om kjærleik. Mange kalla Kenneth for «løyen» då han var liten, hugsar mora. Han var eit høgt elska barn. Eldstesøstera, Bjørg Evy, syntest først ikkje at det var noko stas då mora vart gravid for sjette gong. Men då den vesle guten vart fødd på Stord sjukehus i januar , var han den nydelegaste babyen ho kunne hugse å ha sett, med svære, blå auge. Då var ho fylt år, og skunda seg heim frå skulen kvar dag for å stelle han og trille han i vogna. Ho strikka små ullgenserar til han og byssa han i søvn om kvelden. Heilt frå starten yrte det av liv og lydar kring guten. Han var fødd inn i ein familie som likte song, gitarmusikk, Jesus, høgtider, dyr (særleg hundar), lått og løye og utsikta mot ope hav. Det var julaftnar der heile familien var saman og song, gjerne tre- eller firstemt. Det var fritt for ungane, med overnatting i trehus og leik i fjøresteinane, eit heilt landskap av skogar, bøar, sjø og holmar å boltre seg i. Alt i barndommen til Kenneth verkar så lyst og fint: ein syngjande familie på sekstitalet, frisk luft, hav, grøne bakkar, ein brun hund og mange barn. Det er nesten som Sound of Music! Men det finst også eit mørke – noko Mossa stadig kjem tilbake til når ho snakkar om sonen. For han er det barnet ho kjem til å miste. I starten av livet hans var det som ho fekk ein forsmak. Alt då Kenneth var to månader gammal, måtte ho reise frå han. Ho var borte i nesten eit år. Dette med å forlate ein liten baby er noko ho aldri heilt kom over. Det heldt fram med å gjere vondt, sjølv etter at han vart ein vaksen mann – og sjølv etter at han ikkje var meir. – Det er så mange sår, seier Mossa. Vinteren kom det ein arbeidskar til Moster. Far til Kenneth,
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 9
9 ENGLAR OG HUNDAR
Gunnar Sivertsen, hadde treft fyren i Bergen, og invitert han med heim. Han kunne mure for ein billeg penge. I ein periode budde han hos Sivertsen-familien, og jobba for både dei og andre på øya, laga trapper og plattingar i sement. Kvar ettermiddag sat han ved kjøkkenbordet og åt saman med dei. Dei hugsar framleis den stygge hosten hans. Det viste seg å vere tuberkulose, og både Mossa og eldstejenta, som sat rett overfor han under måltida, vart smitta. Bjørg Evy fekk tuberkulose og måtte reise på institusjonen Hagevik. Mossa fekk tuberkuløs pleuritt, også kalla brysthinnebetennelse, og vart innlagd på Stord sjukehus. I ti månader var dei borte frå heimen. Familien Sivertsen ordna seg. Dei hadde ein reddande engel: Johanna Sivertsen, eller tante Johanna, søster til Gunnar Sivertsen. Ho var einsleg og budde hos farmora til Kenneth, Dolly på Steingarden. Ho hadde flytta heim for å hjelpe til då Dolly vart enke. Denne gongen, då Mossa vart sjuk, flytta ho ned til Sivertsenfamilien for å ta seg av heimen deira, og særleg babyen Kenneth. Slik mista guten mor si, og fekk ei ny. Sidan skulle han også miste den nye, då Mossa kom heim frå sjukehuset og tante Johanna reiste heim til Steingarden. Mora han ikkje hadde sett på nesten eit år, var framand for han. Kvar gong han såg tanta i den første tida etterpå, strekte han armane ut mot henne og gret. Men det gjekk seg til. Då Kenneth vart større, kunne han sjølv springe bort til tante Johanna på Steingarden så ofte han ville. Det var som han alltid hadde to mødrer. I lunsjpausane på skulen gjekk han ofte heim til tanta, og ho skjemde han bort med feite retter, som fleskepannekaker eller pølser i kvit saus. Johanna fekk ikkje eigne barn, men Kenneth var også hennar. Uansett kva: Han var gullguten. Historia om tapte mødrer går igjen i familien. Mossa sjølv mista mor si då ho var baby, og voks sidan opp hos ei tante og ein onkel. Ho fekk tre yngre søsken som eigentleg var søskenbarna hennar, medan dei biologiske søskena voks opp hos faren i ei anna bygd og vart meir som fjerne slektningar. Ho vart sterkt knytt til fostermora, tante Emma, som ho kalla Tantema. Men ho lengta alltid etter å kunne seie ordet «mamma». Mossa hugsar korleis ho som jentunge
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 10
ENGLAR OG HUNDAR
10
øvde på det for seg sjølv: mamma, mamma, mamma. Men ho klarte aldri å seie mamma til fostermora. Sidan vart det å vere mor viktigast av alt for Mossa. Morskjensla hennar omfatta ikkje berre dei seks ho fødde sjølv, men også andre barn og unge som var innom livet hennar. Til og med vaksne folk kunne føle seg omslutta av slik omsorg når dei møtte Mossa. Om kameratar og kjærastar Kenneth har hatt gjennom livet, seier ho gjerne: «Det var nett som han var guten min!» eller «Det var nett som ho var jenta mi!» Med Kenneth blir historia om den tapte mora snudd om. Mossa var spesielt merksam på det sjette barnet sitt. Sidan ho hadde vore borte frå han då han var baby, følte ho at ho måtte passe ekstra godt på han. Ein kjærleik utan atterhald, og morskjærleik dobbelt opp, det fekk Kenneth frå Mossa og Johanna. Sidan skulle han komme til å betale dei begge tilbake for det. Heile livet var han vesle guten deira. Dei første åra til Kenneth er som ein frodig hage, der barn og dyr og blomar får vekse vilt. Slik mora Mossa skildrar barndommen til yngsteguten, var den full av alle slags vesen, især englar og hundar. I heimen krydde det av barn, kattar, hundar, kyllingar, lam, kaninar og mykje anna. Ingen av dei seks barna trong spørje om dei fekk ha med seg nokon heim frå skulen, eller gje ly til ei skadd kråke. Slikt var sjølvsagt. Når det finslege naboparet tok søndagskvilen, kom jentene deira tøflande inn i Sivertsen-huset og gjorde som om dei var heime. Ingen sa noko på det. Om somrane vart familien mangedobla. Ved skuleslutt kom søskenbarna frå Koparvik og Stavanger og budde i bestemorhuset og i hytter i nærleiken – kring ti stykke, reknar Sivertsen-søskena saman. Då låg dei i telt på holmane, lurte seg ut om natta og fiska, vart kjærast med den eine, så den andre. Ei vidopen dør, slik var det hos Sivertsens. Dessutan også: side skjørt, flagrande hår, kunstnarlege evner og kjensla av fridom. Kom du innanfor huset der, vart du straks rekna som ein av dei, og kunne berre gå og forsyne deg i brødskuffa når du trong det. I minneboka skriv Mossa om vakre dagar. Men også om farar som lurte bak:
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 11
Kenneth teikna englar. Dei hadde store, spisse vengjer, brusande afrohår, side kjolar og høghæla sko som stakk ut under kjolekanten. Ein gong vart engelen på teikninga utstyrt med pipe. Mora stussa: Trur du englar røykjer, Kenneth? Då svarte han: Det er ikkje ein engel, det er Jesus, ser du vel! Jesus var mann, og menn, dei røykte, så då måtte jo Jesus også gjere det. Faren røykte og song alltid medan han jobba på sjøen – hadde den beste røysta på Moster, ifølgje familien. I heimeperiodane høyrde dei han i hagen. Då kunne han stemme i med alle vers av den tidas slagerar, til dømes «Jag har bott vid en landsväg» eller «Når kastanjene blomstrer i Bygdø allé». Songane til mora var helst salmar eller skillingsviser: «En liten sped martyr», «Så bitter kold bles nordavinden», «I en sal på hospitalet». – Me grein og grein. Men me ville høyre det! hugsar storesøster Solfrid Sivertsen. Songane spegla ein forskjell mellom faren og mora. Medan Mossa kom frå ein kristeleg familie der både kroppsspråk og stemmeleie var nokså dempa, var slekta til Gunnar Sivertsen meir temperamentsfull og høgrøysta. Hos faren fanst det også ein lengt mot noko anna enn den vesle verda på Moster, med bedehus, båtliv og småbruk. Då dei fekk tv tidleg på syttitalet, kunne han sitje og sjå i undring på fjerne stader og nye verder som openberra seg på skjermen: «Å, den som kunne vore der!» kunne han seie. Samstundes som Gunnar Sivertsen kunne vere oppfarande og impulsiv, var han også ein mild far, og engsteleg for barna sine. Ofte gjekk han ut på trappa om kvelden og ropte dei inn, utan å få svar. Då hadde dei gjerne gøymt seg bak utedoen og sat der og fryda seg over dei stadig høgare og meir desperate ropa. Til slutt kasta faren seg på sykkelen for å finne dei.
11 ENGLAR OG HUNDAR
Sommardag med gull. Bading, båt. Var så flink, var mest under vatn. Hoppa, stupte. Men du fraus alltid sånn, du var ikkje av dei kraftigaste heller. Så stod eg med stort handkle, tørka og gnidde varmen i deg, men ingen var så vågelege som du, der var nok englar, veit du, som var blitt utsende, så mange gonger.
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 12
ENGLAR OG HUNDAR
12
Gutane fekk ein liten båt med påhengsmotor som dei køyrde rundt med mellom holmane. Like mykje som faren fryda seg over dette, gjekk han rundt og var nervøs for dei. «Berre slapp av, dei kjem nok snart att», roa Mossa han, men til slutt sa han: «No greier eg ikkje meir»! Då fór han ut i båt for å leite etter dei. Han var ikkje like overtydd om dette med englevakt som Mossa stolte så klippefast på. Ein gong kjøpte Gunnar Sivertsen seg platespelar, fortalde den vaksne Kenneth til venen sin, Jon Fosse. Den hadde noko gult på seg, eller kanskje var det platene som hadde gule merkelappar, meinte han å hugse. Men så hadde faren ikkje pengar til å betale avdraga, så forhandlaren kom og henta den igjen. Denne triste, rørande barndomshistoria viser seg å vere oppdikta: Platespelar fekk dei seg rett nok i heimen då Kenneth var liten. Men den var det Sivert og Gunn som kjøpte, og det var aldri nokon som kom og henta den. Første plata kom onkel Agvald heim med – det var Singel og sand med Salhuskvartetten. Andre som kom i hus, var Där björkarna susa med svenske Jailbird Singers. Barndommens lydspor var elles: gitar, julesongar, fleirstemt salmesong, skillingsviser og etter kvart Beatles, som storesøstrene introduserte. Songar av Jens Book Jenssen, Jussi Björling og Edvard Persson var farens favorittar. Så fanst også lydane Kenneth laga sjølv. Han byrja tidleg, hugsar søstrene.
: Han ville prøve ut lydane i alle slags ting. : Lydane i tre, porselen og metall. : Vispar og tresleiver mot dører og grytelok. Strikkepinnar. : Det vart eit øyredøyvande rabalder! : Du må ikkje bråke sånn, sa tante Johanna på Steingarden. Men farmor Dolly sa: La no guten få prøve seg! Ei jul gav Solfrid han ei lita blekktromme, ei gåve ho sidan angra på. Mossa lærte han dei første grepa på gitaren. Han tok musikken til seg raskt. Den første skikkelege gitaren fekk han av faren. Gunnar Sivert-
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 13
13 ENGLAR OG HUNDAR
sen hadde vore i Stavanger med fraktebåten sin, «Solvang», og kom heim med ein Santana – eller var det ein Ibanez? undrar brørne. Kenneth spela flittig på den – lærte mykje frå storebror Sivert, som var god på gitar. Skulekorpset var han òg med i – han spela trommer der i ein periode då korpset spela heilt forferdeleg. Instrumenta var bulkete og ambisjonane låge – på juleavslutningane var det knapt råd for foreldra i salen å kjenne att sjølv kjende julesongar. På skulen var song og gitarspel viktig. Elevane gjekk på skule annankvar dag: nokre måndag, onsdag og fredag, andre tysdag, torsdag og laurdag. Skulen heldt til i ein sal i bedehuset Salem, som låg i ein farleg sving på vegen mot Mosterhamn. Den unge førsteklasselæraren, Randi Gjerde, måtte passe like mykje på når elevane var ute i friminutta som når dei var inne. Det kunne vere tungt å halde merksemda til tjue–tretti små mostringar i time etter time. Når ho strevde, var gitaren god å ha – då tok klassen seg ein song eller to i lag. Av og til kunne det bli mykje synging. Kenneth var ein sped, blid og tillitsfull gut hugsar ho – gjorde ikkje så mykje av seg første året. Men han var den einaste i klassen som av og til fekk låne gitaren hennar. Han kunne nokre grep. Då sat dei andre barna og lytta med store auge. Ganske snart byrja han å bli rekna som noko spesielt, og i . klasse vart han spurd om å spele på eit lærarmøte på skulen. Han var så liten, dei måtte løfte han opp på kateteret med gitaren for å kunne sjå han. Mange år seinare, ein gong Kenneth møtte den gamle læraren sin på westamaranen, fortalde han om to ting som hadde gjort djupt inntrykk på han som skuleelev. Det eine var ein forlovingsring ho hadde på fingeren i den tida: ein tynn gullring med tre billege, gjennomsiktige steinar på. Då ho bytte den ut med gifteringen, vart han så skuffa! Han mintest også adventstida, då læraren sløkte lyset i taket, tente adventsstaken og tok fram gitaren. Den magiske stemninga, den kjensla av forventning – det hugsa han. Med skulegangen utvida verda til Kenneth seg. Det same gjorde den då han og broren Vidar fekk lov til å reise med fraktebåten «Solvang», i lag med faren. Fraktebåtskipperane var den tids trailersjåførar. Gunnar Sivert-
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 14
ENGLAR OG HUNDAR
14
sen for med stykkgods, for det meste mellom Stavanger, Ålesund og Bergen. Av og til måtte han liggje lenge i ro i byane og vente på last – dagar i hamn kunne det bli, og det var vanskeleg for familien. Men dei hadde småbruket med kring ti sauer og ein hest, og det hjelpte på. Søskena Gunn og Sivert hadde fôrsmalar, det vil seie sauer på fôr frå andre gardsbruk, som dei hadde ansvaret for. For saueulla dei selde, kunne dei kjøpe det dei ville – slik som platespelaren. Å ha ein far i fraktfart kunne vere ei påkjenning. Det var dagar med storm då dei visste han var på havet, eller han måtte vurdere fram og tilbake om han skulle våge å reise ut. Dagar med uro, utan å høyre frå han. Ingen mobiltelefon for å sjekke om alt var i orden. Men yrket hadde sine fordelar: Medan sjømannsfedrane var vekke i månadsvis, var fraktebåtfedrane heimom mykje oftare. Så var det livet på kaia, med lossing av varer, menn som hang på skutesidene og pikka rust, lydane av båtmotorane som barna lærte seg å skilje frå kvarandre, slik at dei visste kven som var på veg lenge før dei kunne sjå kva båt det var. Nokre båtar var som Sivertsen-heimen – du kunne fritt gå om bord og ta ei brødskive om du skulle bli svolten under leiken, såframt du rydda etter deg. Dessutan kunne fraktebåtbarna få bli med om sommaren, i ei tid då det var mange som ikkje hadde råd til å reise på ferie. Vidar og Kenneth var mykje med på «Solvang» – sigla til byen og fekk sjå livet der. Ein gong fekk dei vere med heilt til Molde, gjennom storm ved Stad. Då spydde veslebroren sju gonger, hugsar Vidar. Då dei gjekk i land, vart dei som kalvar om våren, sprang og hoppa overalt. I byane fekk dei to brørne oppleve ting dei aldri hadde opplevd på Moster, som sirkus og tivoli. Kanskje var det då Kenneth fekk interessa for trylling? Han ønskte seg eit tryllesett, og det fekk han. Han trylla og trylla heime i stova med familien som publikum, likte å vere midtpunkt og å få dei til å le eller gispe av overrasking. Søskena gav han gladeleg den posisjonen – han var jo den yngste og søtaste. Eller som storesøster Solfrid seier det: – Me var seks stykke, og han var skrapekako. Det var sekstiåra. Mange på Bømlo var i gang med å leggje inn toalett i husa sine. Ungdommane høyrde på Radio Luxembourg på
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 15
: Til slutt berre datt det ut av han: «No kjem venene mine snart, og så fer dokke rundt og ser ut som sexbomber!» : Me visste ikkje at han kunne det ordet ein gong! : Me var veldig … me var ikkje radmagre heller. Gåvene dei kom heim med frå den store verda, var viktige. Dei tre småbrørne skreiv lange ønskelister. Solfrid Sivertsen har teke vare på den eine frå Kenneth, dekorert med ei teikning av eit raudt hus. Der står det: Kjere – Solfrid. eg. ønsker meg ei blåk Fløyta og et koboy-sett med to revolvara og ein Fin
15 ENGLAR OG HUNDAR
mellombølgja: Beatles, Rolling Stones, Cash og Elvis. Ein kamerat av Gunn spela radio på dynamo ute i ein sauefjøs dei kalla Helvete, for det såg ut som eit helvete der. Det kjentest spennande og litt på kanten. Kenneth Sivertsen var smågut medan søstrene vart unge vaksne. Dei drog ut i verda: dei to eldste til England som au pairar, og Gunn til Stavanger der ho jobba i ein dyrebutikk. I feriane kom dei heim med spennande gåver, tupert hår, tung sminke og utfordrande klede. Bjørg Evy hadde hotpants. Gunn hugsar nokre brune fløyelsbukser som rakk henne til midt på leggen, og eit par tynne, kvite skaistøvlettar. Solfrid gløymer aldri då ho hadde vore i England aleine for første gong, i åtte månader. Det var kring . Ho kom heim med sånn sminke som dei brukte i London, med påteikna svarte undervipper. – Det gjorde dei der, det var in, det, så då gjorde vi det òg. Hadde det vore mi dotter, hadde eg ikkje greidd å halde meg! Men heime kritiserte dei oss aldri, seier Solfrid. Ho kjem på ein gong yngstebroren skulle ha bursdagsselskap, han kan ha vore ni–ti år gammal, og dei to eldste søstrene skulle ut på dans om kvelden. Dei for med krøllklemmer i håret og behåar gjennom stova, leitte etter den og den blusen som dei skulle stryke, og vesle Kenneth vart meir og meir nervøs.
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 16
ENGLAR OG HUNDAR
16
ring av søll som de står k på. og ein pake tysjar og ei plate. hilsen KENNETH x x x x x x x Han var forfengeleg alt då, meiner søstrene. Ekstra stas var det då Vidar og Kenneth hadde komme i ti–tolvårs-alderen, og Bjørg Evy kom heim med semska ruskinnsvestar med lange frynser på. Litt blanda kjensler fanst det på Moster om desse nymotens stilane. Det skulle ikkje så mykje avvik til i klesvegen før det vart kommentert, som Mossa skriv i minneboka si: Hugsar du likte godt fine klede, litt ekstra kanskje, ein blomstra lapp bak på buksa di, da var jo toppen, så spurde ei kone meg, «Veit du om dette?» Oi sann, da var no ikkje så fælt … For mykje pynt var ikkje sømeleg blant bedehusfolket, og terskelen var lågast for gutar. Familien gjekk på bedehuset Sion i nabolaget på Grindheim. Særleg Mossa fór mykje på møte der, oftast fleire gonger i veka. Men heime var det aldri særleg strengt. Det fanst ein fridom der som gjorde at dei skilde seg ut. Mossa stolte fullt ut på sin Gud – at Han kunne skilje mellom kva som var vesentleg og uvesentleg. Kom det ein og annan skeiv kommentar om blomstra bukselappar eller påteikna undervipper, såg ho stort på det. Men ein ting slapp søskena Sivertsen aldri unna: søndagsskulen. Den måtte dei på, uansett. Her var Mossa ufråvikeleg. På søndagsskulen song dei songar frå ei lita grøn bok som heitte Songskatten. Etterpå fekk dei høyre ei forteljing. Så vart seansen avslutta med meir song. Ein av søndagsskulelærarane heitte Jensen og var tidlegare Kongo-misjonær. Då han fortalde, sat dei og høyrde på med store auge. Han kunne spele ut historia om David og Goliat som var det noko som skjedde der og då. Av og til fortalde han også historier frå misjonsmarkene, og då gjekk det gjerne i burleske møte mellom kristne og heidningar. Ein gong fortalde han om ein afrikanar som hadde fått tannverk. Misjonæren som tok imot han, sa «slik gjer ein
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 17
Hugsar du kråka, Kenneth – dei er visst så kloke, sjølvsagt, ei skadd kråke kom i heimen – ho var i kjellaren, eg måtte ned med ein gong og mata den, kra, kra. Tidleg på morgonen. Så når dokke var på skulen, måtte eg ut og prøva å læra den å fyka. Men den døydde den òg. Så var det å gravleggje den – så mange kross vi hadde i hagen! Men, å, dei stakkars små kyllingane! Det var ikkje alltid Kenneth greidde å ta vare på det han var glad i, sjølv om han aldri så mykje ville det. Mossa skriv i minneboka om kyllingane som han fekk ved å leggje eit par hønseegg i eit måsereir. Slikt gjorde han, det var vanleg blant smågutar på Moster, men Kenneth var mest kjend for det. Dei to kyllingane følgde den vesle guten overalt der han gjekk. Han tok dei i senga kvar morgon før han gjekk på skulen. Ein morgon høyrde Mossa at det peip og peip så livleg inne på rommet. Så slutta pipinga. Underleg, tenkte ho og gjekk inn og løfta opp dyna. Der låg dei begge døde. Guten hadde sovna ifrå dei og kvelt dei. Korleis skulle ho seie det til Kenneth? Ho grein og ho bad. Så vekte ho han og sa kva som hadde skjedd.
17 ENGLAR OG HUNDAR
med tannverk heime i Noreg», tok fram ei tong og tok ut gebisset han hadde. Då sprang mannen med tannverk så fort han kunne, fortalde Jensen. Kristne sommarleirar for barn fanst også, og Kenneth var den av søskena som reiste oftast dit. Der spela han gitar og vart populær. Brørne Vidar og Sivert tvilar litt på om det var dei kristelege kjenslene som dreiv han. Men barnetrua var noko Kenneth sidan ofte snakka om, og sa var viktig for han. I dag kjenner alle fem søskena seg heime i kristentrua. Dei trur dette har meir med mora å gjere enn med søndagsskulen og bedehusa. Mossa kan prate som om Jesus sat der ved sida av henne i sofaen, og rett som det er kan ho seie: «No tek vi oss ein song om Jesus!» Det kjennest så trygt og godt. Som barnebarnet hennar Christel ein gong sa om familien sin: – Vi er på godfot med Vårherre.
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 18
ENGLAR OG HUNDAR
18
– Då var det som om han var ein liten mann med ein gong. Mamma, berre gå ned du, sa han til meg. Lenge sat han med dei små kyllingane i handa og berre såg på dei. Sidan gjekk han ut i hagen og gravla dei. Det kunne bli vel mange dyr og ungar i heimen, meinte den nest eldste søstera, Solfrid. Ein gong ho kom heim att etter å ha vore borte ei tid, gjekk ho inn på rommet sitt og kom hylande ut igjen. På puta si såg ho ei velvaksen høne som stakk nebbet opp frå dyna. Ho hadde lagt seg godt til rette der – passa vel ikkje lenger i kassa Kenneth brukte å ha kyllingane sine i. Då fekk søstera litt nok. Likevel: Det var noko med livssynet bak det heile som sidan alltid har følgt henne. Dette med å ha medkjensle med alt og alle ein kjem over på sin veg, ein djup respekt for alle slags vesen, både små og store, dyr og menneske.
: Vi hadde ikkje så mange reglar og sånn. Men mor og far var opptekne av å lære oss innleving – å tenkje på korleis andre har det. : Dei bad oss leggje merke til dei det var synd på. Til dømes ein i klassen som var fosterbarn. Eg hugsar korleis vi sprang opp til henne med eple, fulle av hjartebank, fort, slik at ingen skulle sjå det! : Vi var drilla i slikt. No ser eg alltid på nevane til folk. Eg synest eg kan sjå det på korleis dei held hendene sine, om dei har det vondt. : Den tankegangen pregar oss alle. Kenneth kom frå ein heim der dei brukte tid på ting som å lære skadde kråker å flyge igjen. Dessutan: ein heim der det magiske var ein sjølvsagt del av kvardagen. I familien Sivertsen finst det ei historie om eit eiketre. Treet står ikkje så langt unna barndomsheimen, det som i dag er huset til Mossa. Det er stort og gammalt, og då Kenneth var liten, bygde han seg eit plankehus oppi det. Så bles eiketreet ned i ein storm. Etterpå vegra dei seg alle for å
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 19
No er det vår, men alt er så trist når eg tenkjer på deg, du beundra kvar liten blome, var så redd du skulle trakka på eit insekt som kraup over vegen. Hugsar du kom med fuglar som hadde skadd seg, men dei døydde jo oftast. Vesle Kenneth hadde dette milde i seg som faren og mora skatta så høgt. På same tid var han ein vilter gut, skriv Mossa, ikkje enkel å passe på: lo og skøya, leikte, prøvde seg på alt. Ho var redd då han fekk sykkel. Ho var redd om vinteren når han tok på seg skia, og spente seletøy på familiehunden Samo, ein stor samojed. Då fauk han av garde over snøen i vill fart. Han hadde nok alltid, alltid englevakt, trur mora. Sidan vart han ein uvanleg heimekjær mann. Familien var svært viktig for den vaksne Kenneth, men den var meir enn berre viktig, trur storesøstera Bjørg Evy: Det var som han aldri greidde å rive seg heilt laus frå barndommen. Ho trur det var noko der som gjorde vondt. Sjølv har ho også kjent på ein heimlengt som var altfor sterk. Kanskje var det på grunn av tida på Hagevik med tuberkulose, då ho var borte frå heimen så lenge? Eldstejenta og yngsteguten bar på den same lengten. Dei ville alt skulle vere så fint og trygt heile tida. At stemninga mellom folk skulle vere god. Som til dømes kvar gong Bjørg Evy gjorde i stand til advent
19 ENGLAR OG HUNDAR
gjere det dei visste måtte gjerast – skjere av kvister og greiner, og hogge stammen opp til ved. Dei hadde vore så glade i det treet, det var nett som ein del av historia deira, difor var det ingen som hadde lyst. Så ei natt kom det ein ny, kraftig storm. Om morgonen såg dei til si store overrasking at eiketreet hadde blese opp igjen, og stod der som før! Mennene i familien skunda seg å grave ned røtene og passe på at det hadde godt feste i jorda. Det er litt uklart når denne hendinga fann stad. Nokre meiner det var etter Kenneths død, men det må ha vore før, for Kenneth sjølv snakka om eiketreet på ein tv-dokumentar tidleg på -talet. Og i skreiv han ein komposisjon for munnspel og strykarar, som fekk tittelen «Eiketreet».
Kenneth 3 korr_A 28.08.13 11.20 Side 20
ENGLAR OG HUNDAR
20
heime i familien. Ho gjorde seg sånn flid, hugsar dei andre søskena, samla grå mose og laga kransar rundt dei levande lysa. Det var høgtid når dei tende det første lyset, og nabobarna fekk vere med. Ho stressa ein heil del med dei adventsstundene – for å få dei til skikkeleg. Alle skulle vere kjekke. Men nokre ting var det berre ikkje råd å halde styr på. Ingen kunne vere kjekke heile tida. Kenneth, til dømes, var alltid for seint ute. No må du gå! sa Mossa stadig, særleg om morgonen når han skulle på skulen. Ofte kunne ho bli irritert på han over at alt skjedde i siste liten. Men han kunne ikkje gå på skulen om ho var halvsint eller kjefta på han. Han kunne ikkje byrje dagen på den måten. Hadde det vore ein slik morgon, stod guten alltid på ein stein litt bortanfor huset og venta – så måtte mora springe ut og seie ha det på den rette måten. Han var eit høgt elska barn. Og det å vere elska, vart viktigast av alt for Kenneth.