Issuu on Google+


BØKER 2012 ©2012 Samlaget www. samlaget.no STIFTINGA DET NORSKE SAMLAGET LEIAR: Kari Bjørke FORLAGSDIREKTØR: Edmund Austigard FORLAGSKONTOR: Jens Bjelkes gate 12 POSTADRESSE: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 OSLO TLF.: 22 70 78 00 FØRETAKSNUMMER: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar. OMSLAG: Jon Fosse Olavs draumar KONSEPT: Reaktor Design FORMGIVING: Mari Hovden FotografAr: Forfattarportrett sjå: side 121


I N N H AL D

Innhald: G o de le s ar Året s debut ant ar

07 09 5

SK JØN N LI T T E R AT U R F O R VAK SN E: Romanar og novelle r O mset t e romanar E s s ay, lyr i k k og dr am a Poc ket

12 22 24 34

Bøker for barn og unge: P ei kebø ker (0- 3 år) Bi letbøker (2- 6 år) Bar nebøker (6- 9 år) Bar nebøker (9- 12) Un gdo m

44 50 58 68 72

FAK TA O G DOK U MEN TAR: Bi ogr af i Hi st or i e Spr åk S amt i d og debat t   S amliv K ult ur hi st o r i e Humor Poc ket , f ak t a og dok u m e nt ar Hobby, mat og dr i k ke O rdbøker Hi st or i ever ket , h øg are u t d anni n g

84 86 88 91 94 97 98 100 102 108 112

Syn og s e gn

114

Re gi st er

116

Mar k nads avdeli n g a

123


Gode lesar I Samlaget er vi svært stolte av å kunne presentere ein ny roman av Jon Fosse dette året. Fosse har plassert norsk samtidslitteratur på verdskartet, og hans nye roman Olavs draumar har fått svært gode meldingar. Som lesar av Samlagsbøker skal du vente deg variasjon. I innhald og format. Dei splitter nye og leikande figurane Unni og Gunni, av Anna Folkestad, den utfordrande brutaliteten i Jan Roar Leikvolls Bovara. Kjærleiken i Ingelin Røsslands Kirsebærsnø. Kunst, rock og lidenskap frå Patti Smith. Ungdommeleg og dramatisk frå Aina Basso, Lars Mæhle og Terje Torkildsen. Draumen om målet av Ottar Grepstad. Elles, Marit Kaldhol med ny roman, darwins sporvar og mange fleire. Ein av fjorårets beste norske romanar, Samtale ventar av Marit Eikemo kjem i billegbokutgåve. Vi er gode på barne-og ungdomsbøker. Samlaget skal vere aktiv innanfor det digitale feltet. All norsk prosa for vaksne kjem no som e-bok. I tillegg supplerer vi e-boktilbodet med tidlegare titlar. I løpet av hausten vil Samlaget ha over 100 e-boktitlar i sal. Samtidig vil dei to første bøkene om Unni og Gunni, av Anna Folkestad, kome som bok-appar. Jakob og Neikob av Kari Stai finns alt som bok-app for iPhone og iPad. Fleire av Samlaget sine ordbøker vil også kome som bok-appar denne hausten. Bok-appane kan lastast ned frå Apples app-store og Android market (www.android.com/apps/). Kor viktig er strikking som kulturuttrykk? Vi gir deg ikkje svaret, men vi gir deg alle dei klassiske mønstra frå 1950 – og 60 talet i boka Klassisk barne-


7

strikk. Om du ikkje får tak i boka vil du høyre klirringa frå strikkepinnane landet over. Sit du fast i tidsklemma? Olaug Nilsen forklarer i Kjøkenbenkrealisme korleis du kjem deg laus. Ho snakkar med småbarnsfamiliar som får døgnet til å henge i saman og samtidig heng i saman som familie. Ein prestasjon med andre ord. Samlaget held opp satsinga på litterære debutantar. I år kjem sju nye stemmar til orde. Ei av desse er lyrikaren Siw-Anita Kirketeig. Boka hennar kan kanskje beskrivast som språkleg og poetisk meditasjon over tapet av ei bestemor. Juliane Rui kom som eit friskt pust inn i lyrikk-Noreg i fjor. Naiv tilnærming og ein særeigen musikalitet skapte eit unikt poetisk uttrykk. I år kjem nye dikt frå Rui. Frå 1. august gjeld den nye rettskrivingsnorma. Du er på trygg grunn med den nye nynorsk ordboka vår. God bokhaust!

Edmund Austigard, adm. direktør


E-BØKER FRÅ SAMLGET TIL SALS PÅ: iBookstore www.ark.no www.norli.no www.libris.no www.tanum.no www.bokkilden.no www.digitalbok.no www.emviem.com

Du finn m.a. desse titlane Jon Fosse Olavs Draumar Ragnar Hovland Stille natt Frode Grytten Bikubesong Marit Eikemo Samtale ventar Mette Karlsvik Bli Björk

Jakob & Neikob som app for ipad og iphone Samlagets første app er basert på Kari Stais populære og prisvinnande bok Jakob og Neikob.

NEI! Appen er interaktiv og perfekt for ungar frå 3 år. Her kan dei slå av og på lyset, høyre Jakob seie JA! og Neikob seie NEI!, og følgje dei to venene når dei køyrer bil og møter alt frå lampeseljarar til ein skummel krokodille. Appen har òg eit Memory-spel.

JA!


e -bø k er

Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs.

9

I haust kjem det to papirbøker og tre bokappar i serien om dei søte pingvinane. Her er kvardagssituasjonar, gjentakingar og humor som passar for barn frå 2 år og oppover.

Nye appar i haust!


Skjønnlitteratur for vaksne


ATLE BERGE

STOCKHOLMSYNDROMET Original språkopplæring Stockholmsyndromet er ein roman om to sjelevenner frå kvar sin kant av universet: Planten Mju har flykta frå det gamle livet sitt på ein komet, og enda opp på jorda. Der bur Helene Alsterqvist, norsklektor, også ho kjenner seg fanga i den meiningslause kvardagen. Alsterqvist får ansvar for språkopplæringa til Mju, og dei endar snart opp som venner. Då Atle Berge debuterte med Muntergang i 2010, skreiv ein indignert bokmeldar at forlaget «har lete forfattaren lage lapskaus av indrefilet, russiske erter og andre luksusingrediensar». No har vi gjort det igjen! Stokcholmsyndromet er ein roman om høgverdige emne som språk og einsemd, med ein tivolikomet, ei mistrantropisk stemme og to dystre romvesen i hovudrollene. ROM AN | P r i s c a k r . 3 5 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 8 1 8 6 9 U t g. au g u s t

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han debuterte med romanen Muntergang i 2010. Han står også bak barnebokserien om Barcelona-gjengen.


RO M AN AR O G NOV EL L ER

OSKAR STEIN BJØRLYKKE

VÅR TID Ei vakker og original familiehistorie frå norsk okkupasjonstid

13

I Oskar Stein Bjørlykkes nye roman møter vi Erling Ollset, som veks opp med foreldra sine i Havneid, dit dei har flytta for at faren skal arbeide som lærar. Det er både ei familiehistorie og ei tids- og miljøskildring, der vi får ei original framstilling av norsk okkupasjonstid og tidleg etterkrigstid. I sentrum står familien på tre, ungguten Erling og foreldra hans. Og dessutan Annis, venen til Erling. Vår tid er ei poetisk og klok bok om å vere til stades i verda, på godt og vondt.

ROM A N | P r i s k r . 3 7 9 , IS BN : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 5 8 9 I s al

Oskar Stein Bjørlykke (f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som reiser tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv.


Jon fosse

olavs draumar Oppfølgjar til Andvake Alida og Asle kom i Andvake til Bjørgvin der ho fødde eit barn. I Olavs draumar forlèt dei byen, men Asle, som no vel å kalla seg for Olav, vil dra attende til Bjørgvin for å kjøpa ei gåve til Alida. Men det går ikkje slik han drøymer om. Olavs draumar er ei draumelik, urovekkjande og klaustrofobisk forteljing, mest som ei bibelsk likning. Med sitt enkle og ladde språk skapar Fosse ei lysande skildring av kjærleiken mellom dei to unge. Dette er intens og febril litteratur som gradvis avslører hvilken skjebne som venter den som ofrer sin samvittighet for kjærligheten. Ingunn Økland, Aftenposten

ROM A N | P r i s k r . 2 9 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 3 7 4 I sal

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.


RO M AN AR O G NOV EL L ER

MARIT KALDHOL

DARWINS SPORVAR Intenst om mor og dotter I eit rom med vindauge mot havet ligg ei kvinne for døden. Dottera Sally vaker over henne. Medan ho ventar på at døden skal kome og hente henne, minnest Sally då mora reiste frå stad til stad med teaterframsyninga si. Sally måtte vere med. Ho leika med trådar, dikta med saumar, streva med puslebitar i baksetet av bilen. I byen ved kysten blei alt brått heilt annleis.

15

På kvar sine vis leitar mor og dotter fram fortida, og det blir tydeleg at det finst eit sår i dette forholdet. To ulike lagnader, som begge krinsar rundt svik og tap av kjærleik. Litt etter litt får lesaren innsyn i to lagnader, der svik og tap av kjærleik står sentralt.

ROM AN | P r i s c a k r . 3 7 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 4 9 4 U t g . o k t ob er

Marit Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. I 2006 og 2010 fekk ho Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur, sist for ungdomsromanen Søkeord: Ayotzintli.


RØNNAUG KLEIVA

ARMENIA, ALBANIA, ARGENTINA Sjølvbiografisk reiseroman om menneske på tvers av grenser I denne romanen, bygd opp av korte notat og forteljingar, følgjer vi hovudpersonen Rønnaug gjennom fleire land. Kontrastane er store når ho reiser gjennom både vanlege feriebyar og farlege utkantområde. Det handlar om å reise åleine i verda som vestleg kvinne. Rønnaug treffer gamle venner og elskarar undervegs, og boka tematiserer det å bli eldre. Med varme og humor, og i sin velkjente nøkterne stil, kombinerer Kleiva den indre eksistensielle og den ytre geografiske reisa på ein elegant måte.

ROM A N | P r i s c a k r . 3 6 9 , IS BN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 6 3 0 U t g. au g u s t

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 20 bøker i ymse sjangrar for vaksne og barn.


RO M AN AR O G NOV EL L ER

RAGNHILD KOLDEN

KRIGENS SKUGGE dramatisk om søstre i etterkrigstida

17

På ein togperrong ein stad i Gudbrandsdalen står Dagny og ventar på søster si, Tea. Alle følgjer med dei, at alle veit at det er tyskertøsa som kjem. Krigen kastar skugge over freden, både for dei som har vore på rett side og dei som var landssvikarar. Somme slepp unna straff, andre får svi i det uendelege. Det handlar om å gløyme og gå vidare, eller hugse og hemne. Og bygdedyret lever sitt eige infame liv, uavhengig av krig og fred.

RO M A N | P r i s c a k r . 3 5 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 9 4 4 U t g . o k t ob er

Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte hausten 2010 med romanen I krig og kjærleik.


ARNFINN KOLERUD

KOM IKKJE INN I MITT HUS Morosamt og sært om ihuga nynorskingar Berre ein siste, liten trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk. Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort. Det skal han greie med hjelp av makelause premiar og Enella Frø, ei dame som har forlese seg på dikt og som er sterkt plaga av tankesprang. Snart vekker dei nynorske diktarkorta harme og glede og tjuvar over heile landet. Austlendingane held krisemøte og ein minister i regjeringa må ta sin globus og gå.

ROM AN | P r i s c a k r . 3 7 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 5 6 2 U t g. o k t ob er

ARNFINN KOLERUD (f. 1968) er frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte i 1996 med Berre ikkje brøyteplogen kjem og har seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Kom ikkje inn i mitt hus er andre bok i Vassbygda-trilogien. Første bok, Når ein først skal skyte nokon, kom i 2010.


RO M AN AR O G NOV EL L ER

JAN ROAR LEIKVOLL

BOVARA Eventyrleg roman frå klostermiljø

19

Jan Roar Leikvoll er blitt samanlikna med internasjonale forfattarar som Cormac McCarthy, og hans kompromisslause og kritikarroste forfattarskap er blant dei mest spennande her til lands. Frrok er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara, men når hans venn Flori forlet hagearbeidet for å arbeide med ei bok i tårnet, blir Frrok åleine med innhaustinga og hagestellet. Og tilveret hans blir kasta heilt på hovudet når ei prostituert jente på flukt bankar på døra til klosteret. Frrok gøymer henne i kjellaren, og oppdagar med eitt at han har makt over liv og død. Bovara er ein eventyrleg roman om makt, svik og kjærleik. Nok ein gong foreinar Leikvoll det vakre og det grusame i sin særeigne skrivestil.

RO M A N | P r i s c a k r . 3 6 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 8 6 1 6 U t g . au g u s t

Jan Roar Leikvoll (f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008. Både den og Fiolinane (2010) utspelar seg i fantastiske univers, men er samstundes brutalt realistiske og eksistensielle. Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.


INGELIN RØSSLAND

KIRSEBÆRSNØ Kjærleiksroman Cathrine driv frisørsalong i kjellaren i huset der ho bur saman med mannen og dei to tenåringsdøtrene. Ho har alltid levd småbylivet, og vore lykkeleg med det. Men det har komme ei uro over henne som er i ferd med å overskygga dei små gledene i livet. Ho er ikkje ein gong førti år, var dette alt? Så når nye-dyrlegen Alex spradar inn på frisørsalongen for ein hårklipp, er ho overmoden for å falla. Vil ho orka å stå i mot, når det er så enkelt å gi etter?

ROM A N | P r i s c a k r . 3 7 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 8 1 6 0 9 U t g. sep t ember

Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland. Ho har fått ei rekkje prisar for sine ungdomsbøker og blitt omsett til fleire språk. Kirsebærsnø er Røsslands første roman for vaksne.


RO M AN AR O G NOV EL L ER

HERMANN STARHEIMSÆTER

DER NÅDEN FINST språk og galskap ’Den nynorske terroristen’ Claus Hjelle er tilbake i Sogn etter terapitimar i Oslo. I desse timane har det kome opp ting som han absolutt må snakka med mora om. Men Claus finn ikkje det rette tidspunktet, og dagane og vekene går. I mellomtida møter han Johnny att, ein han gjekk saman med på skulen, og det oppstår ein vennskap mellom dei to som alltid har vore så ulike. Denne vennskapen får uventa følgjer for Claus Hjelle.

21

Der nåden finst er tredje og siste band i serien om den tidlegare journalisten Claus Hjelle og hans kamp med språket og galskapen. Boka er eit frittståande framhald av Nordvegen (2003) og Nattbussen (2007).

RO M AN | P r i s c a k r . 3 7 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 7 9 1 U t g . o k t ob er

HERMANN STARHEIMSÆTER (f. 1950) debuterte i 1980 med diktsamlinga Lungeblæretre og har gjeve ut bøker i dei fleste sjangrar. Som romanforfattar har han heilt frå den prislønte Han gjorde det (1990) arbeidd med å finna gyldige språklege uttrykk for psykiske grensetilstandar.


PETER CAREY

PARROT & OLIVIER I AMERIKA Intelligent og humoristisk roman av Bookerprisvinnar To menn møtest i Frankrike rett etter den franske revolusjonen. Den unge aristokraten Olivier rømmer frå det nye folkestyret, medan engelske Parrot, son av ein omreisande trykkar og falskmyntar, gjerne vil kome seg opp og fram. Saman legg dei to ut på ferda over havet, der Parrot er tilsett som Oliviers sekretær, tenar og beskyttar, og dessutan som spion for Oliviers mor. Mellom adelsmannen og tenaren oppstår eit slags underleg vennskap. Olivier prøver å like Amerika, men foraktar det udanna livet der, villmennene og presidentar som ikkje vil gå med parykk. For Parrot er Amerika ein ny start, utan familiens lettare belasta fortid hengande ved seg. Det er klart for ein skikkeleg kulturkollisjon. Til norsk ved Åsmund Forfang. ROM AN | P r i s k r . 3 7 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 7 9 5 9 0 I s al

PETER CAREY vart fødd i Australia i mai 1943 og har skrive seks romanar. Han vann Bookerprisen i 1988 for Oscar and Lucinda (som seinare vart gjort om til film med Ralph Fiennes i ei av hovudrollene). Carey vann Bookerprisen for andre gong i 2001 med True History of the Kelly Gang og var nominert til prisen i både 2007 og 2009.


O MS E T T E RO M AN AR

WILLY KYRKLUND

POLYFEM FORVANDLA og MEISTEREN MA vakker og særprega dobbeltutgiving

23

Polyfem forvandla er ved sida av Solange og Meisteren Ma Willy Kyrklunds mest kjende verk. Romanen er ein montasje av korte prosastykke der både greske mytar, fablar og folkedikting, hinduistisk tradisjon og visepastisjar blir tatt i bruk. Polyfem, som vi møter i bokas første tekst, er kyklopen som hos Homer blir rundlurt av Odyssevs, og som no sit og ventar på at Ingen skal komme attende. Språket er poetisk, sekvensane både komplekse og djupt humoristiske. Dette er ein svimlande roman, ein av nordisk litteraturs vakraste, som ber om å bli lesen igjen og igjen. Meisteren Ma er ein kinesisk vismann og tidlegare røvar frå eit fortidig dynasti. Meisterens ytringar blir fortløpande kommenterte av dei to andre karakterane i boka, den jordnære kona Yao og den saklege tørrpinnen Li. Dei tre stemmene flettar saman ei heilt original forteljing.

Omsett og med etterord av Gunstein Bakke. ROM AN | P r i s c a . k r 3 9 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 7 6 7 1 U t g. j un i

WILLY KYRKLUND (1921 – 2009) er blitt kalla det vesle formatets store meister. Han debuterte i 1948 med novellesamlinga Ångvälten, og fekk sitt gjennombrot med romanen Solange (1951). Med Polyfem forvandla (1964) og Meisteren Ma (1953) står Kyrklund på si høgd som forfattar, og med denne dobbeltutgivinga blir desse bøkene for første gong tilgjenglege på norsk.


KARIN MOE

SKRIFTER Litterært, politisk og profetisk frå Noregs avantgarde-dronning Det er ein sensasjon når Karin Moe kjem med si første bok på 11 år. Med sitt særeigne språk og blikk deler ho av sine lesingar av norsk skjønnlitteratur og forfattarskapar, bibeltolkingar, kyrkjepreikar og samfunnskomme ntarar. Sigrid Undset, Eldrid Lunden, Karl Ove Knausgård, Hanne Ørstavik, Agnar Mykle – og også Karin Moe sjølv! – er blant dei ho tek for seg. Tekstane spenner frå tema nært i tid, som fredspris og finanskrise, til overblikk over Hans Nielsen Hauge som forleggar og nynorsk lyrikk frå Aasen til Hauge. Småtekstar om Martin Kolbergs freudianske forsnakkingar, kroppsspråket til Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenbergs monotone talestil er med på å krydre boka. Tekstane er frå tidleg på 90-talet og fram til i dag. Gunstein Bakke skriv i forordet: «Karin Moe er som strikken: ho kan tøye seg langt og kan holde ting saman, ho kan skyte, og det svir når ho treffer.»

E S S AY | P r i s c a k r . 3 9 9 , ISBN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 6 5 7 U t g. j un i

Karin MOE (f. 1945) er forfattar og litteraturkritikar. Ho debuterte med tekstsamlinga Kjønnskrift (1980), og har i seinare bøker markert seg som ein av de mest bevisst eksperimenterande blant nyare norske forfattarar, med impulsar både frå postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori.


E S S AY, LYR I K K , DR AM A

KAISA AGLEN

KVAR I KROPPEN SIT INGENTING Kaisa Aglen debuterer med ei samling konsentrerte dikt, der bilde og tankar tar store sprang på ein uanstrengt måte. Undersøkinga av forsvinning i ulik forstand står sentralt, og boka tematiserer makt og undertrykking.

25

UTDRAG FRÅ BOKA kva vi leitar etter , om eg legg meg slik , om du held meg fast , her eg skal ikkje skrike , innover i skriket , og utgang , med munnen i puta

Debutant

dei lange passasjane , dun mellom tennene , flyg , fell i hand , mot morgonen , vegg LYR I K K | P ris c a kr . 2 6 9 , I SB N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 5 3 1 U t g . au g u s t

KAISA AGLEN (f. 1985) er frå Volda og er no busett i Trondheim der ho har studert filosofi. Dette er den første boka hennar.


OMAR KHAYYAM

RUBA’IYAT Opptrykk av etterspurd gjendikting Den iranske astronomen, matematikaren og poeten Omar Khayyam (1048-1131) er ein av klassikarane i persisk litteratur. Khayyam dyrka berre éi diktform, fireliners-verset, roba’i, og det er 91 av desse versa Johannes Gjerdåker på meistarleg vis har gjendikta frå persisk. «Sjelden leser man en større begeistring over vårens livgivende kraft enn hos den klassiske, persiske poeten: «Opp livnar graset», «hjartet sviv» og «lufta skin». «I vårens bål me heiv vår botsdrakt fort,» skriver Omar, og inviterer til en skål. (…) I dag forbinder vi dekadansen med 1800-tallet, men den finnes allerede hos Omar: «byt bøneteppet mot ei skål av vin».» Ingunn Økland, Aftenposten

LYR I K K | P ris c a kr . 2 6 9 , I SBN: 978 8 2 5 2 1 8 0 6 3 3 I SA L

Omar Khayyam (1048-1131) iransk astronom, matematikar og poet.


E S S AY, LYR I K K , DR AM A

SIW-ANITA KIRKETEIG

ALT KJØD ER GRØNT GRAS Sorgarbeid i skrift om tapet av ei bestemor

27

I debutboka skriv Kirketeig fram eit poetisk landskap som dreier rundt ei tapserfaring, der både konkrete og metafysiske spørsmål knytte til døden, naturen, kroppen, tru og ikkje-tru, blir utforska gjennom eit språkleg arbeid. Språket si manglande evne til å gripe det tapte blir spegla i det stadige arbeidet med dei same grunnbileta og omgrepa. namnet ditt er i munnen min det visnar frå munnen ein kvit sødme namnet ditt rotnar ein slik sødme av vond smak i munnen min kvit ein blome som mugnar

Debutant

LYR I K K | P ris c a kr . 2 6 9 , I SB N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 8 1 7 U t g . o k t o b er

Siw-Anita Kirketeig (f. 1988) er frå Dale i Sunnfjord, men bur i Bergen. Ho har tidlegare gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og er for tida student ved Kunsthøgskulen i Bergen. Dette er debutboka hennar.


MICHAEL ONDAATJE

BILLY THE KIDs SAMLA VERK Poetisk portrett av Billy the Kid frå forfattaren av Den engelske pasienten Bli med den legendariske lovlause gjennom 1880-åras New Mexico. Med sin unike evne til innleving og store fantasi gjenskapar Ondaatje tankane til Billy the Kid, og ved å stadig skifte mellom dikt, små historier, fotografi, journalistiske tekstar og ulike forteljarstemmer, blir dette universet opna for lesaren på ein spennande og truverdig måte. Billy the Kids samla verk er ein syntese av forteljarkunst, historie og mytologi av ein forfattar som tar oss tilbake til kjende legender med fornya undring. Med etterord av forfattaren og av Espen Stueland. Gjendikta av Espen Stueland og Anne Arneberg. “Wonderful.... Ondaatje’s language is clean and energetic, with the pop of bullets. This is literature, art.” Annie Dillard

LYR I KK | P ris c a kr . 2 7 9 , I SBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 0 5 3 U t g. j uni

Michael Ondaatje (f. 1943) er kanadisksingalesisk forfattar og poet, best kjend for den Bookerpris-belønna romanen Den engelske pasienten, som også er blitt ein Oscar-belønna film. Han har skrive ei rekkje diktsamlingar, med Billy the Kids samla verk. Venstrehendte dikt som den mest kjende.


E S S AY, LYR I K K , DR AM A

JULIANE RUI

SYSTRER KAN BLI LIKE GAMLE Denne diktboka handlar om barndom, om søsken og familie, om korleis ein hugsar hendingar og episodar frå fortida, og korleis ein kan formidle dette. Korleis kan ein strukturere eit bilde av ein felles barndom?

29

frå reiser vil eg hugse luktene og landskapet, fugleartar eg såg eg vil sakne årstidene heime eg forblir reservert, nokre gjester vil vere velkomne no og da, helst annonsert kjærasten min vil forlate meg til slutt (eg er lei for det) eg kjem ikkje til å finne ein annan kjæraste, som barndom, ferdig i notatblokkene vil eg teikne tre som blåser, vindens nærvær tynne liner mørkna av gjentatte strøk, som skuggar, ikkje dekt av snø lauvtre, men ingen enkeltlauv skjelna LYR I K K | P ris c a kr . 2 5 9 , I SBN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 8 7 3 U t g . o k t o b er

JULIANE RUI (f. 1982) kjem frå Vestfold og Telemark. Ho debuterte med Den hesten er av snø hausten 2011.


ANJA UTLER

BRINNA Anja Utler (f.1973) har sidan debuten i 1999 blitt eit sentralt namn i den tyske samtidspoesien. brinna er den tredje diktsamlinga hennar. Dikta i denne boka er ein jakt på lydkonstruksjonar som kan vere både sensuelle og flyktige/oppbrytande/splittande. Det postindustrielle gruvelandskapet er også til stades i dikta, slik Utler hugsar det frå heimtraktene. For første gong på norsk. Gjendikta og med etterord av Arild Vange.

LYR I K K | P ris c a kr . 2 6 9 , I SBN: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 7 6 9 5 U tg. oktober

ANJA UTLER (f. 1973) kjem frå Schwandorf i Bayern, og bur i dag i Wien. Ho debuterte med diktsamlinga aufsagen i 1999, og er i dag ein av dei viktigaste tyske samtidspoetane. brinnen kom i 2006. Utler har studert slaviske språk og litteratur i St. Petersburg og tok i 2003 doktorgrad om kvinnelege russiske modernistiske poetar. Same år mottok ho Leonce-und-LenaPreis, den viktigaste prisen for unge tyskspråklege lyrikarar.


E S S AY, LYR I K K , DR AM A

C. D. WRIGHT

SKAKE Poesien til C.D. Wright er mørk, sexy og lada. Den har ein fot i det narrative, og ofte kan vi ane eit forløp, skimte ein situasjon – men like fort kan vi miste fotfestet og til dømes undre på kvar «ho» og «han» eigentleg befinn seg. Dette er dikt som borer seg djupt ned i eksistensen til eit plan der vald og erotikk ikkje enkelt lèt seg skilje, og der mytologi kan oppstå.

31

For første gong på norsk. Gjendikta og med etterord av Gunstein Bakke.

LYR I K K | P ris c a kr . 2 6 9 , I SB N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 0 6 0 U tg. november

C.D. Wright (f. 1949) er professor i engelsk ved Brown University. Ho har skrive elleve diktsamlingar, og har laga fleire bøker saman med fotograf Deborah Luster, no seinast One Big Self: Prisoners of Louisiana. Ho har mottatt Lannan Literary Award. Wright bur på Rhode Island.


WITOLD GOMBROWICZ

YVONNE | VIGSLA | OPERETTE Witold Gombrowicz er rekna som ein av det tjuande århundrets viktigaste forfattarar. Teaterstykka er briljante; språket er sprelsk, scenene dynamiske og hovudpersonane manipulatorar. Handlinga og utviklinga av idear er som oftast gestalta i konfliktar, kampar eller skuggekampar. I tillegg er det slåande korleis «det pinlege» blir nytta dramaturgisk: eit etikettebrot, feil klede, ein upassande lyd, feil svar eller ikkje noko svar i det heile fører til absurde situasjonar som publikum identifiserer seg med. Her oppstår den menneskelege identiteten i ein vekselreaksjon som samspel eller motspel, som jo er skodespelaren sitt nøkkelord. For Gombrowicz betyr det å vere menneske å spele eit menneske. Denne innsikta gjer han til en høgst aktuell dramatikar. Omsett av Knut Andreas Grimstad.

DR AM AT I K K | P ris c a kr . 3 5 9 , I SBN: 97882 5 2 1 7 5 9 9 8 U t g. sept ember

WITOLD GOMBROWICZ (1904–1969) er ein av Polens største forfattarar. Han debuterte i 1933 med den sprelske og sære novellesamlinga Memoarer fra en tid av umodenhet. Størst suksess hadde han med Ferdydurke (1937). Romanane og dramatikken hans var svartelista i Polen til seint på 1970-talet.


E S S AY, LYR I K K , DR AM A

SIGMUND LØVÅSEN

VID DIN SIDA Om kjærleik når minnet forsvinn

33

Når Ingrid og Johannes saman syng «Vid din sida», er dei tilbake i sine lykkelegaste dagar. Men i dag er Johannes dement, og har ikkje lenger nokon kontakt med denne fortida. Forholdets mørkare sider kjem til syne når dei siste åra forsvinn frå hukommelsen. Kan kjærleiken overleve at det felles minnet om den forsvinn? Stykket handlar om korleis det er å leve som dement og med ein dement. Ei kjærleikshistorie om ein families kamp for å halde fast i seg sjølv, verda omkring dei, og kvarandre. Stykket hadde premiere i oktober 2011.

DR AM AT I K K | P ris c a kr . 2 6 9 , I SBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 6 4 0 I S AL

SIGMUND LØVÅSEN (f. 1977) er frå Trysil. Han debuterte med romanen Nyryddinga i 2003, ei bok han fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttarane sin romanpris for. Sidan har han gitt ut Brakk (2006) og Mamsell Iversen (2009).


BRIT BILDØEN

TVILLINGFEBER No i pocketutgåve Tvillingfeber er ein roman om åtskiljing og forsvinning. Ida leiter etter sin tapte tvilling; i seg sjølv, i eit gammalt fotografi, i menn og onklar og venninner. Ho funderer over det å vere éin, og det å vere to, og det å lure på om det er slik at med det tredje skal det skje. – Tvillingfeber er en nesten monoman roman som legger seg rundt en og lukker en inne i sitt univers, hvor jakten på egen identitet er kraften som driver både verket og leseren framover. Kjell Olaf Jensen, Dagsavisen – Brit Bildøens Bragepris-nominerte Tvillingfeber er ein stramt komponert roman med ein enkelt formulert, men djuptloddande identitets- og generasjonsproblematikk. Ingrid Nymoen, Dag og Tid

P O CK E T | P r i s c a k r . 1 4 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 6 1 9 I SA L


POCK E T

BRIT BILDØEN

LITTERÆR SALONG 10 forfattarar 10 litterære dyder Spennande leseguide

35

Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. På skarpt og underhaldande vis gir ho ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra. I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Ho meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar. Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek.

POCK E T | P r is c a k r. 149,IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 6 2 6 I SA L

Brit Bildøen (f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Bildøen har gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. Mellom dei siste utgivingane er romanane Landfastlykke og Alt som er og essaysamlinga Litterær salong.


MARIT EIKEMO

SAMTALE VENTAR Drivande godt om å falle utanfor Elisabeth Brenner er eksjournalist på attføring. Gjennom NAV får ho ein ny sjanse i arbeidslivet: ho skal samle dialektprøvar på industristaden Einvik. Hit kjem ho ein mørk kveld i november og flyttar inn på arbeidarbrakka. Dei som bur i den vesle byen er nysgjerrige og ivrige etter å hjelpe, og ho blir snart kjend med mange. Men arbeidet er verken godt eller effektivt. Brenner greier ikkje skilje jobb og privatliv, og får stadig større problem med relasjonane på staden. Aldeles utmerket! ... en usedvanlig fin og tankevekkende roman. Sigrun Hodne, Stavanger Aftenblad Genuint morsomme romaner er ikke hverdagskost. Marit Eikemos nye bok er det; morsom på en helt ekte måte. Leif Ekle, NRK P O CK E T | P r i s c a k r . 1 4 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 6 9 5 U t g. au g u s t

Marit Eikemo(f. 1971) er frå Odda. Ho gav ut sin første roman, Mellom oss sagt, i 2006. Den kritikarroste oppfølgjaren, Arbeid pågår, kom i 2009. Marit Eikemo har vore informajonssjef, journalist og redaktør (Syn og Segn). Ho er no leiar for Litteratursymposiet i Odda.


POCK E T

RAGNAR HOVLAND

STILLE NATT Kritikarrost Hovland i pocket! 37

Ein forfattar har skrivesperre, og forlaget masar i veg om den store sjøromanen han har lova å skrive. Men livet skriv seg sjølv. Forfattaren er på veg mot noko, både på det indre og ytre plan. Dette noko har ein klar samanheng med ei dramatisk hending som ein gong endra broren sitt liv, og dermed også familien si historie. Stille natt er ein stor og vakker roman om kjærleik, tap og mørke familiehemmelegheiter. Ragnar Hovland i litterær storform ... Med «Stille natt» har han, i alle fall etter mi meining, levert ein av dei beste romanane sine nokosinne. Kanskje den aller beste. Sigrun Hodne, Stavanger Aftenblad Oppslukande ... Ein betre Hovlandroman enn Stille natt har eg ikkje lese. Ole Karlsen, Dag og tid

P O CK E T | P r i s c a k r . 1 4 9 , IS BN : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 6 8 8 U tg. august

RAGNAR HOVLAND (f. 1952) er forfattar, humorist, skribent og ukulelespelar. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar.


TORE KVÆVEN

HARD ER MITT LANDS LOV E v en t yr leg v ik ingroman Det norske skipet Havjerven ligg til hamn i Roma då høvdingen blir utfordra og drepen i sverdkamp av grønlendingen Ulfr. Ulfr tek høvdingtittelen på skipet og lokkar mannskapet med seg på ei vill havferd nedover kysten av Store Serkland (Afrika), vidare opp Kongo-elva og mot det indre av Afrika. Skildringa av ferda over havet og innover i jungelen har slektskap med klassiske romanar som Moby Dick og Heart of Darkness. Det skal visa seg at Ulfr ikkje er heilt den han har gjeve seg ut for og at mannskapet ikkje anar målet for reisa før det er for seint. Inspirert av islendingsogene og med eit vell av historisk kunnskap tek Tore Kvæven lesaren med på eit uforgløymeleg tokt. «Kvævens debutroman er på alle måter imponerende. Bare ideen er sabla god.» Cathrine Krøger, Dagbladet

P O CK E T | P r i s k r 1 4 9 , IS BN: 978 8 2 5 2 1 8 0 8 4 8 | I s al

TORE KVÆVEN (f. 1969) bur i Sirdal og arbeider som lærar. Hard er mitt lands lov var debutboka hans.


POCK E T

KARIN MOE

KYKA / 1984 Kriminell og eksperimentell dobbeltroman 39

Kyka/1984 er ein tveegga roman, der to bøker møtest på midten: Første delen er lagt til ei lita vestlandsøy ein gong i 50-åra, der utgangspunktet er mordet på bygdas lærarinne. Gjennom 29 kapittel følgjer vi Kyka, ei seksårig jente, som einaste vitne til mordet. Og saman med eit mylder av stemmer, eit sladrekor, gir boka innblikk i den kollektive mentaliteten på øya under oppklaringa av brotsverket. Det er ein gåtefull konsept- og kollektivroman, som parodierer og alluderer i alle retningar, men likevel står stødig som ei sjølvstendig, original og språkleg oppfinnsam forteljing. I 1984, med undertittelen Niklas Eggers aborterte skrifter, får vi lese skriftene til ein arbeidslaus, blakk og kåt mann i ei norsk bygd anno 1984. Kyka/1984 er ein av våre mest særeigne og eksperimentelle bøker, ein moderne norsk klassikar. P O CK E T | P r i s c a k r . 1 7 9 , IS BN: 9788 2 5 2 1 8 0 6 6 4 | U t g . j un i

KARIN MOE (f. 1945) er forfattar og litteraturkritikar. Ho debuterte med tekstsamlinga Kjønnskrift (1980), og har i seinare bøker markert seg som ein av de mest bevisst eksperimenterande blant nyare norske forfattarar, med impulsar både frå postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori.


RUNE TIMBERLID

SANCT SVITHUNS GÅTE Vår mann i vest, Rolf Randen, er på utlån frå lensmannskontoret i Førde for å patruljere kysten i ein open gummibåt, på jakt etter terroristar som trugar landet. Eit meiningslaust oppdrag, tenkjer han og vil heller dykke ned til det gamle hurtigruteskipet Sanct Svithun som blei bomba utanfor Ervika i 1943. Under eit dykk finn Randen ein død mann i sjøen ved ei sandstrand nær Vestkapp. Samstundes forsvinn ei kvinne, og gamle gullmyntar dukkar opp. Rolf Randen er igjen i sentrum av eit storslagent drama som har forgreiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske armada – og bak ligg den mektige naturen i Selje og spelar med.

P O CK E T | P r i s c a k r . 1 4 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 8 1 2 5 8 | U t g . m a i

Rune Timberlid (f. 1950) er journalist og kriminalforfattar. Han har sidan debuten i 1991 skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006) og Operasjon Siskin (2008). Timberlid er busett i Førde og arbeider som informasjonssjef i Lotteri- og stiftelsestilsynet.


Bøker for barn og ungdom


BRITTA TECKENTRUP

DØGNVRIMLEBOKA LIV OG RØRE I HAMNA Endeleg ny vrimlebok! Familie Hoppedal er på tur i hamna. Der skjer det mykje i løpet av eit døgn. Fiskebåtar fer inn og ut, og store skip passerer. Medan fiskeseljaren sel fisken sin, leikar barna med matrosane. Kva har Helge Hund på kroken? Kven har mest lyst på fisken til Fiona og Finn Fiskå? Og kvar har det blitt av Gunnar Grevling no igjen? I denne nye vrimleboka kan vi følgje livet i hamna frå tidleg på morgonen til seint på kvelden. Boka er i stort format og har sider i kartong. Frå 2 år.

BI LE T BOK | P r i s k r 2 2 9 , I SBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 7 2 5 | I s al

Britta Teckentrup (f. 1969) er opphavleg frå Hamburg og reiste til London for å studere kunst. Etter 17 år i Storbritannia der ho har gitt ut ei rekkje biletbøker, har ho no flytta heimatt til Tyskland og bur i Berlin i lag med familien sin.


P EI K EBØ K ER

MINNAR OM DEI ANDRE VRIMLEBØKene

45


CHRISTINA BJÖRK OG EVA ERIKSSON (ill)

PRINSESSER OG DRAKAR Må-ha-bok for tøffe prinsesser Prinsesser og drakar har alltid høyrt eventyra til. Men no er det nye tider på slotta! Prinsessene er tilkopla internett, har eigne heimesider, elektriske støvsugarar i dokkehuset og sparkesykkel. Dei klarer seg utmerkt på eiga hand og reddar seg sjølve frå drakane, om dei då ikkje like gjerne blir venner med dei, eller overtar jobben deira. I denne morosame og sjarmerande boka finn du sju prinsessehistorier, eitt lite eventyr for kvar dag i i veka. Perfekt for ei lesestund kvar kveld!

BI LE T BOK | P r i s k r . 1 7 9 , I SBN: 9788252 1 8 0 4 6 6 | I s a l

Christina Björk (f. 1938) frå Stockholm er ein poulær svensk barnebokforfattar med meir enn 20 bøker bak seg. Ho er kjend for sitt lange samarbeid med Lena Andersson, mellom anna gjennom klassikaren Linnea i malerens hage. Björk er utdanna ved Grafiska Institutet i Stockholm og var medlem av Svenska barnboksakademien frå 1989-1999. Eva Erikssons illustrasjonar er kjende og elska frå mellom anna bøkene om Den ville ungen og Pål, og prinsessene hennar er akkurat så sjarmerande og ville som vi kan vente oss.


BI L E T BØ K ER 2 -6 ÅR

NHU DIEP

BRONTO BIFF PÅ CAFÉ OLALA Ellevill dinosaurhistorie

47

Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur med ein merkeleg diett. Han et berre svart mat! Dag etter dag, veke etter veke. Men ein dag får han nok. Det må då vere meir i livet enn dette? For første gong i livet går Bronto på restaurant, og bestiller alt på menyen. Men det blir litt for mykje for magen til Bronto … kanskje å smake på passe mykje er betre? Dette er ei sprudlande bildebok om tema ungar har eit nært forhold til: kjensler, smakar, lukter, fargar, mat og bæsj. Og Bronto Biff er ein uttrykksfull fyr som ber historia på dei digre dinosaurskuldrene sine.

BI LE T B O K | P r i s k r . 2 2 9 , I SBN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 3 1 2 | I s a l

Nhu Diep (f. 1978) er frå Vietnam, busett i Bergen. Ho er utdanna illustratør og underviser ved Bergen Kreative fagskole. Nhu Diep debuterte med dei populære småbarnsbøkene om Lille Ting i 2010.


UNNI OG GUNNI

Ny sjarmerande småbokserie

Unni og Gunni kjem også som app i haust!

ANNA R. FOLKESTAD

UNNI OG GUNNI REISER Unni og Gunni ser på himmelen. - Me burde på ein måte kome oss litt vekk, seier Unni. - Einig, seier Gunni. - Me reiser! ropar Unni.

Men ein treng litt utstyr for å reise. Og korleis veit ein kor ein skal? Unni og Gunni finn fram kart og kompass og anna utstyr. Så flyr dei framover, bakover, over, under, opp og ned – og til slutt landar dei ein heilt ny stad. BI L E T B O K | P ris kr . 1 4 9 , - | I SBN: 9788252180305 | U tg. august

Anna R. Folkestad (f. 1983) debuterte i 2011 med bildeboka Henrik And, som kjem på russisk i 2012.


Unni og Gunni er to gode venner som likar forandring. Dei er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt, og finn alltid ei løysing på utfordringane dei møter under vegs. I haust kjem dei to første bøkene i serien om desse søte pingvinane. Her er kvardagssituasjonar og humor som passar for barn frå 2 år og oppover. Titlar i serien: Unni og Gunni reiser Unni og Gunni malar Unni og Gunni gjer det fint (utk. 2013)

ANNA R. FOLKESTAD

UNNI OG GUNNI malar Unni og Gunni ser på huset. - Me burde på ein måte fått litt farge på det, seier Unni. - Einig, seier Gunni. - Me malar! ropar Unni.

Men ein treng litt utstyr for å male. Og har dei nok fargar? Unni og Gunni finn fram koster og stiger og anna utstyr. Så blandar dei raudt og blått, gult og raudt, blått og gult – det blir vel fint, kan du tru!

BI L E T BO K | P ris kr . 149, - | I SBN: 9788252180497 | U tg. august


ELIN GRIMSTAD

MÅNEN SOM VILLE LYSE SOM ei SOL Unik og vakker bildebok! «Kvifor er ikkje eg meir som Sola?» undrar Månen. Når Sola lyser er alle glade, mens leiken stilnar når månen kjem fram … I denne boka må sola og månen finne ut kor viktige dei eigentleg er for kvarandre. Vi får ein høyre om både solsystemet, solformørking og flo og fjøre, men mest av alt handlar det om å finne sine eigne kvalitetar og verdsetje at vi er ulike. Elin Grimstads illustrasjonar er baserte på teknikkar frå animasjonsfilm og gir boka eit poetisk og tredimensjonalt uttrykk. Kvart bilde er eit detaljrikt kunstverk, ei eiga verd med mykje å utforske både for barn og vaksne. Elin Grimstad er debutant. «Strålende barnebokdebut. Hun lykkes på første forsøk, bildebokskaperen Elin Grimstad.» Anne Cathtrine Straume, NRK

Debutant

BI LE T BOK | P r i s k r . 2 4 9 , I SBN: 9788252 1 7 5 9 5 0 | I s al

Elin Grimstad (f 1976) er frå Giske i Møre og Romsdal, bur i Oslo. Utdanning i animasjonsfilm og skriving for barn ifrå Bath Spa University (BA) og frå Norsk barnebokinstitutt. Ho har til no jobba mest med animasjon og illustrasjon i møte med figurteater. Månen som ville lyse som ei sol er den fyrste boka hennar.


RUTH LILLEGRAVEN OG INGER LANDSEM (ILL.)

MARI OG MAGNUS FLYTTAR INN Ny småbarnserie! Første boka i serien om Mari og Magnus, ein ny småbarnsserie for aldersgruppa 3-6 år. Dette er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra. Mari og Magnus er sysken. I den første boka har dei nettopp flytta inn i eit nytt hus. Det står kassar overalt, og ingen finn sakene sine. Kor har for eksempel bamsen til Magnus blitt av? Mens dei leitar, kjem ein flyttebil til køyrande. Det er dei som skal bu i den andre halvdelen av huset, som har stått tom. Kanskje Mari og Magnus får nokon å leike med?

NY SMÅBAR NSSER IE

BI LE T BOK | P r i s k r 1 5 9 , I SBN: 97882 5 2 1 7 9 8 1 1 | i s al


BI L E T BØ K ER 2 -6 ÅR

RUTH LILLEGRAVEN OG INGER LANDSEM (ill.)

MARI OG MAGNUS OG SMOKKETJUVEN Mysterium i barnehagen!

53

Mari og Magnus er søsken, og går i same barnehage. Ein dag skjer det noko mystisk. Då småungane skal kvile er alle smokkane borte! Kanskje det er ein smokketjuv i barnehagen? Det er nok best dei spionerer litt. Og held vakt. Dette er oppfølgjaren til den første boka om søskenparet, Mari og Magnus flyttar inn. Enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar kjenneteiknar serien, som vender seg til aldersgruppa 3-6 år.

BI LE T BOK | P r i s k r . 1 5 9 , I SBN: 9788 2 5 2 1 8 0 2 7 5 | U t g . j uni

Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Bøkene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar. Ruth Lillegraven er frå Hardanger og bur no i Bærum. Inger Landsem (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg som biletkunstnar og har mange utstillingar bak seg.


MONI NILSSON OG PER GUSTAVSSON (ill.)

KOMPISEN ER FOR LITEN Humoristisk og klokt om store kjensler Olivia våger å klatre på stigen og klippe med den store saksa. Det våger ikkje Kompisen. Han er for liten, seier Olivia. Men kven bestemmer om ein er stor eller liten? Dette er den første boka om Kompisen, ein liten bamse med store kjensler, og Olivia, som er mennesket hans. Bøkene gir humoristiske, kloke og beint fram rørande skildringar av eit venneforhold med gleder og utfordringar alle vil kjenne seg att i. Frå svensk ved Ragnar Hovland.

BI LE T BOK | P r i s c a k r . 179, - I SB N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 4 4 9 U t g. FE B RUAR

Moni Nilsson (1955) har skrive ei rekkje populære barne og ungdomsbøker, mellom anna bøkene om Tsatsiki.


BI L E T BØ K ER 2 -6 ÅR

MONI NILSSON OG PER GUSTAVSSON (ill.)

KOMPISEN LENGTAR Om ikkje å få vere med Olivia skal reise bort, og Kompisen får ikkje vere med. Det blir så einsamt! Kompisen klarer ikkje leike, han klarer ikkje ete, han klarer ikkje sove. Kompisen klarer berre å lengte … Men kanskje ikkje det er så farlig å lengte? For når ein har nokon å lengte etter, er ein jo aldri heilt einsam.

55

Dette er den andre boka om bamsen Kompisen og Olivia, mennesket hans. 3-6 år. Frå svensk ved Ragnar Hovland

BI LE T BOK | P r i s c a k r . 1 7 9 , I SBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 1 4 5 6 U t g. Feb ruar

Moni Nilsson (1955) har skrive ei rekkje populære barne og ungdomsbøker, mellom anna bøkene om Tsatsiki.


INGUNN RØYSET & ANNLAUG AUESTAD (ill.)

PRINS STORM Varm bildebok og som hyllar fantasien og retten til å vere seg sjølv – Prinsen min, seier mamma, og stryk Storm over håret. Storm ser seg i spegelen. Han har fint hår. Og stort. Men veslesøster meiner han ser ut som han kjem frå ein annan planet! Bestefar synest han skal klippe seg, tanta at han er for vill. Til slutt er huset fullt av folk som ikkje skjønar nokon ting. Dei veit ikkje at Storm er ein prins! Og ein marsbuar! Ein riddar! Og Tarzan, apekongen. Illustratør Annlaug Auestad gir ei varm og leiken framstilling av Ingunn Røysets tekst om guten som ikkje passar heilt inn, men heldigvis, inst inne, veit kor han høyrer heime.

Debutant

BI LE T BOK | P r i s c a k r . 2 2 9 , I SBN: 9788 2 5 2 1 8 1 4 2 5 U t g. septe mbe r

Ingunn Røyset er debutant. Annlaug Auestad har tidlegare illustrert ei rekkje bøker og står sjølv bak bildebøkene Kor er Neppe? og Kuvenninner på Samlaget.


BI L E T BØ K ER 2 -6 ÅR

KARI STAI

JAKOB OG NEIKOB. TJUVEN SLÅR TILBAKE Jakob og Neikob på nye eventyr

57

Det prislønte radarparet Jakob og Neikob har hatt suksess i både inn og utland, på barne-tv og som app. Jakob seier alltid JA til alt, og Neikop seier alltid NEI. Men tjuven som har rømt frå fengselet bryr seg verken om JA eller NEI. Når Jakob og Neikob tar opp jakta på tjuven blir dei lurte begge to, og Jakob må sitje i fengsel for første gong. Heldigvis går det bra til slutt denne gongen også, og Jakob lærer at av og til må ein seie NEI. Ei visuelt spennande og humoristisk bildebok for nye og gamle Jakob og Neikobvenner.

BI LE T B O K | P r i s c a k r . 2 2 9 , I SBN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 4 8 0 U t g. s epte mbe r

KARI STAI (f. 1974) kjem frå Inderøy i NordTrøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. Stai debuterte med barneboka Jakob og Neikob i 2008. For den mottok ho mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris og Inderøy mållag sin målpris.


KENNETH STEVEN & ØYVIND TORSETER (ill.)

HISTORIA OM KORLEIS HUNDEN FEKK VÅT SNUTE Fabelaktig vri på NoaHs Ark Då vatnet flommar over landet, bygger gamle Noah ei svær ark og tar om bord småkryp, husdyr og ville dyr av alle slag. Mens dei driv ute på havet skjer det forferdelege, båten spring lekk! Kva i all verda gjer ein då? Noah veit råd. Denne bildeboka er i tekst og bilde ei livlig gjenfortelling av den gamle fabelen om korleis hunden fekk våt snute. Illustrert av Øyvind Torseter.

BI LE T BOK | P r i s c a k r . 2 2 9 , I SBN: 9788 2 5 2 1 8 0 4 5 9 U t g. septe mbe r

Kenneth Steven (f. 1968) er frå Dunkeld i Perthsire, Skottland. Har er lyrikar, barnebokforfattar og gjendiktar. Han har omsett bøker frå norsk til engelsk.


B AR N EBØ K ER 6 – 9 ÅR

TERESA GRØTAN og elle okstad (ill.)

KLARA KAN MYKJE RART OM MAT Andre bok i sjarmerande og lærerik serie

59

Visste du at ein tilset kalvemage i mjølka når ein lagar ost, og at sukker har blitt brukt som både pengar og medisin? Eller kor mykje honning ein får frå 30000 bier? Klara er på sommarferie hos besteforeldra som driv gard, og får hjelpe til i gardsbutikken. Men det er lite kundar, og Klara meiner dei må utvide vareutvalet. Saman med bestemor oppsøker ho både eit ysteri og ein sjokoladeekspert, og undervegs lærer Klara mykje rart om mat. Det kjem til nytte når ho skal skaffe kundar til butikken! Bøkene om Klara formidlar spennande kunnskap om ting som omgir barn i kvardagen. Dei er illustrert av Ella Okstad, og eignar seg både for høgtlesing og å lese sjølv. 6-9 Å R | P r i s k r . 1 9 9 , IS BN : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 4 7 3 U tg. august

Teresa Grøtan (f. 1974) er journalist og har tidlegare m.a. gitt ut Globaliseringsboka. Ho er frå Stokmarknes i Vesterålen og bur i Bergen. Den første boka om Klara, Klara kan mykje rart om klede kjem snart ut i Danmark.


NANA LYNUM-RISE OG ERLE STOKKE (red.)

BARNAS EIGA AKTIVITETSBOK Etterspurd aktivitetsbok på nynorsk! I Barnas eiga aktivitetsbok har vi samla det beste frå barnesidene i Norsk Barneblad dei siste ti åra.Her finn du oppgåver til quizen du kan halde sjølv, enkle matoppskrifter, morosame fakta, trylletriks, kriminalgåter, tips til rampestrekar og mykje, mykje meir. Boka gir inspirasjon til aktivitetar for bilturar, feriedagar, bursdagar og kvardagar og er midt i blinken for barn frå 7 til 12 år. I same serie finns Barnas eigne vitsar.

7-12 ÅR | P r i s c a k r . 1 9 9 , IS BN: 97882521 8 1 5 1 7 U t g. j un i


B AR N EBØ K ER 6 – 9 ÅR

TONE NØRVÅG

POLITIHUNDEN FALK PÅ NATTEVAKT Politihunden Falk på nye eventyr

61

Ei lettlesen og spennande bok om politihunden Falk, som bur saman med politidama Hanne og familien hennar. Denne gongen skal dei på nattevakt. Falk gler seg! Men det første som skjer er at dei nesten køyrer på ein gut som er ute og syklar utan lykt. Det blir byrjinga på ei lang natt, der Falk må slåst med ein innbrotstjuv og hjelpe Hanne i jakta på ein rømling. Dette er den andre boka i serien om etterforskarparet Falk og Hanne. Boka er illustrert av teikneserieskapar og illustratør Odd Henning Skyllingstad, og er midt i blinken for både gutar og jenter i alderen 8-10 år. Illustrert av Odd Henning Skyllingstad

8 – 10 ÅR | P r i s c a k r . 1 7 9 , IS BN: 978 8 2 5 2 1 8 1 9 1 3 U t g. sep t emb er

Tone Nørvåg jobbar som politi på Sunnmøre og kjenner stoffet sitt godt. Ho skildrar både politiarbeidet og livet med hund med innsikt og humor, og det er tydeleg at ho elskar begge delar.


KARI SMELAND OG MONA BREKKE (ill.)

FAMILIEN KRÅKESTUP OG NYSET I NABOHUSET Er du ein nysgjerrig snik? Den store og viltre Kråkestupfamilien bur i eit gamalt, falleferdig hus. Det finst berre eitt hus til i nabolaget, og der har det ikkje budd nokon sidan onkel Sigurd var barn. Men ein dag får dei yngste tvillingane mistanke om at nokon har flytta inn. Utforskinga av nabohuset bind saman eit vell av absurde hendingar og boka er med sine frodige påfunn og formuleringar ein fryd å lese høgt. Godt skriftbilde og illustrasjonar gjer ho lett å lese også for barna sjølv frå 7-10 år.

Debutant

Illustrert av Mona Brekke. «Familien Kråkestup minner om Anne Cath. Vestly, Roald Dahl og «Bakkebygrenda». (…) Det er en utrolig energi i denne fortellingen, som sitter fra første stund.» Cathrine Krøger, Dagbladet

6 – 9 ÅR | P r i s c a k r . 1 9 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 2 8 2 I SA L

Kari Smeland (f. 1984) kjem frå Kviteseid i Telemark og bur i Oslo. Ho har ein bachelor i historie- og samfunnvitskap og jobbar som bibliotekar. Familien Kråkestup og nyset i nabohuset er den fyrste boka hennar.


B AR N EBØ K ER 6 – 9 ÅR

FABRIZIO SILEI OG MAURIZIO A. C. QUARELLO (ill.)

ROSAS BUSS Ei bok om rasisme, om mot til å kjempe for rettane sine; og om redsel og svik.

63

Midt i den store hallen på Henry Ford-museet står ein gammal buss, og i bussen er det eit sete som minner bestefar om ei historie langt tilbake i tid. Det er setet til Rosa Parks. Dette er historia om den modige Rosa Parks som ein desemberdag i 1955 nekta å reise seg frå busssetet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar, endå raselovene kravde det. Med tårer i auga fortel bestefar historia han veit alt om, for han var på bussen sjølv. Frå italiensk ved Guri Vesaas. «Nydelig barnebok om kampen for likhet i USA. (...) Rosas buss er en flott anledning til å by ungene en meningsfull fortelling, og samtidig en viktig historieleksjon» Fredrik Wandrup, Dagbladet

B AR N 6 – 9 | P r i s c a . k r 2 2 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 0 2 2 i s al

Fabrizio Silei (f. 1967) frå Firenze er kjent for å skrive om menneskerettar og identitet for barn. I 2008 var han nominert til Unicef-prisen i litteratur for menneskerettar og barnas rettar og har vunne mange prisar for sine skjønnlitterære bøker om rasisme og diskriminering. Maurizio A.C. Quarello (f. 1974) frå Torino har studert grafisk design, arkitektur og illustrasjon. Han har til no illustrert over 30 bøker; dei fleste er også utgitt i andre land. Tre av hans bøker har vunne den italienske bokprisen.


MARK TWAIN

HUCK FINN OG EVENTYRA HANS Verdsklassikar endeleg i revidert utgåve Huck Finn flyktar frå ei streng tante og den fordrukne far sin. I lag med slaven Jim legg han ut på ein flåte oppover Mississippi-elva, mot nordstatane der Jim kan få oppfylt sin store draum om å bli eit fritt menneske. Men i staden hamnar dei midt i slaveriets rike. Huck Finn og eventyra hans er ein verdsklassikar for både barn og vaksne. Mark Twain kom sjølv frå ei slaveeigarslekt, og boka er eit levande vitnesbyrd om tida då slaveri og rasediskriminering prega USA. Frå 8 år. Frå engelsk ved Johannes Farestveit, redigert av Øystein Vidnes – All amerikansk litteratur stammar frå ei bok av Mark Twain som heiter Huckleberry Finn. Ernest Hemingway

B AR N | P r i s k r 2 8 9 , IS BN: 978 8 2 5 2 1 7 9 9 5 8 I S AL

Mark Twain (f. 1835), eller Samuel Langhorne Clemens som han eigentleg heitte, er ein USAs mest kjende forfattarar. Han voks opp i byen Hannibal i Missouri. Etter å prøvd seg som både gullgravar, soldat og journalist bestemde han seg for å skrive bøker. Han var ein etablert og internasjonalt anerkjend forfattar før han skreiv Tom Sawyer (1876) og Huckleberry Finn (1884), dei to mest kjende bøkene hans.


B AR N EBØ K ER 6 – 9 ÅR

Atle berge

KEEPERKONGEN Tredje boka om Barcelona-gjengen Det er ingen i Barcelonagjengen som liker å stå i mål, men ingen hatar det så mykje som Aleksander. No er det hans tur igjen, sjølv om dei tapte 7-0 sist han måtte vere keeper… Denne gangen har trenaren henta inn eksperthjelp til treninga. Kan Keeperkongen lære Aleksander å ta ballen med hendene?

65

Barcelona-gjengen er ein lettlesen fotballserie som tek fotball på alvor og set spelet i sentrum. Det handlar om gutar som satsar, om sleivspark, magiske pasningar og trenarar som vil vinne for kvar pris. Illustrert av Henning Lystad.

GRØN KO ME T | P r i s kr . 1 4 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 4 2 8 | I s al

ATLE BERGE (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han debuterte med romanen Muntergang i 2010.


Maria Parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs nye superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til seksten språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt samanlikna med både Astrid Lindgren og Johanna Spyri, forfattaren bak Heidi.


Vaffelhjarte o m s e t t t il 1 6 språ k! I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i. Illustrert av Bo Gaustad.

NO OGSÅ SOM LYDBOK Lyd bo k | P r is KR 2 49, ISBN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 6 0 8 7 | I s al

K jent frå NR K super No på DVD

B ar n | P r is K R 1 7 9 , IS B N: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 7 7 4 | I s al

Maria parr

Tonje Glimmerdal B R AGEPR IS V INN AR 2009 Her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyris Heidi og ikkje minst Astrid Lindgrens univers. Illustrert av Åshild Irgens. «Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit.... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!» Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen Boka vart kåra til beste tyske barnebok av Die Zeit i 2010.

NO OGSÅ SOM LYDBOK: Lydb o k | P r i s KR 2 4 9 , ISBN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 6 0 9 4 | I s a l B ar n | P r i s K R 2 4 9 , IS BN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 0 3 8 | I s a l

B AR N EBØ K ER 6 -9 ÅR

Maria parr

67


ANNE VIKEN

ELISE OG MYSTERIET MED DEI DØDE HESTANE Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den bortgøymde Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treffer ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, og finn fort ut at dei kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 til 13 år.

Debutant

10 – 12 ÅR | P r i s c a k r . 1 9 9 , |IS BN: 9788 2 5 2 1 7 8 5 0 0 U t g. aug u s t

ANNE VIKEN er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent. Elise og mysteriet med dei døde hestane er debutboka hennar.


B AR N EBØ K ER 1 0 -1 2 ÅR

ERNA OSLAND OG INGER LISE BELSVIK (ill.)

VENNER MED VENGER Ein dag oppdagar Dina ein fugl utanforvindauget sitt - den blir den hemmelege vennen hennar. Saman med kameraten William bestemmer ho seg for å finne ut meir om fuglar og begynner å notere i ei lita bok.

69

Inger Lise Belsvik har gitt 20 norske fuglar eit kunstnarleg uttrykk som både fangar fuglanes særtrekk og sjel. Alle fuglane blir presenterte undervegs i forteljinga, i tillegg til i ein eigen faktadel bak i boka. Dette er ei enkel, svært vakker og velskriven bok som inspirerer barn til å utforske, observere og lære om naturen. Illustrert av Inger Lise Beslvik.

9-12 ÅR FA K TA | P r i s c a kr . 2 4 9 , IS BN: 97882 5 2 1 8 1 7 5 3 U t g. sept emb er

ERNA OSLAND (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Erna Osland har fått fleire prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris.


LENE KAABERBØL

VILLHEKS: ELDPRØVA Ny fantasyserie FRÅ SKAMMAR-FORFATTAR! Clara trur ho er ei heilt vanleg jente som lever eit vanleg liv. Men då ho blir klort i fjeset av ein svart kjempekatt, er ingenting lenger som det var. I all hast pakkar mor bilen og reiser til eit hus langt ut i skogen der tante Isa bur. Tanta meiner at Clara er ei villheks som henne, men Clara har ikkje lyst å lære om tryllekunst. Ei natt når Clara er aleine i huset, skjer det noko mystisk, og Clara vert sett på hekseprøve. Eldprøva er den første boka i serien Villheks, der vi får høyre om Clara, hennar kjærleik for dyr og hennar kamp for å overleve som villheks i ei verd der tryllekunst er noko anna enn uskyldige triks. Frå 10 år. Frå dansk ved Øystein Rosse.

FAN TA S Y | P r i s c a . k r 1 9 9 , ISBN: 9788252 1 7 9 0 3 3 (nn ), 978825217991 0 (b m) I S AL

Lene Kaaberbøl (f. 1960) starta karriera si som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare utgitt serien om Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.


FAN TA S Y 1 0 +

LENE KAABERBØL

VILLHEKS: VIRIDIANS BLOD Bok nr. 2 i Villheks-serien!

71

«Du må! Det er ingen andre som kan. Eller vil.» Villheksa Shanaia er fortvilt og sterkt såra. Ho er i ferd med å mista Vestmark, heimstaden sin, til onde Kimæra. Shanaia ber Clara om hjelp. Clara anar det verste, men reiser likevel til den røffe og vêrbitne kysten i Vestmark. Og det ho møter der er både uvisst og livsfarleg. Frå 10 år.

Villheksserien finst på både bokmål og nynorsk

FAN TA S Y | P r i s c a . k r 1 9 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 7 9 8 8 0 (nn ) 97882521 7 9 9 2 7 (b m) U t g. sept emb er

Eldprøva vann i år Orlaprisen i Danmark. Over 8000 barn ga si stemme til Kaaberbøl.


ASBJØRN RYDLAND

MØRKEMANAREN Mørk og spennande tredjebok om Drakeguten Koll er tilbake i Kervad etter den dramatiske turen til Vilkafjord, men heime er ingeting som før. Ingen vil tru på han når han varslar om mistenkelege framandfolk i skogen rundt drakehola. Det varer ikkje lenge før heile Kvervad er full av utsendingar som har høyrt rykte om skatten i hola. Vil dei verkeleg berre gjere forretningar, eller har dei andre planar? Saman med Faria, dotter til smeden, tar han kampen opp mot mørkret som trugar. Kreftene han får frå Nordavinden blir endå ein gang nyttige, men dei kan òg vere farlege … Bøkene om Drakeguten er fantasybøker med svært høg litterær kvalitet. Les også: Drakeguten – første bok om Drakeguten Med eld i hjartet – andre bok om Drakeguten. FAN TA S Y | P r i s c a k r . 2 7 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 8 1 7 6 0 U t g. sept emb er

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Fekk i år Nynorsk barnebokpris for serien om Drakeguten.


U N G DO M

ROBERT MUCHAMORE, IAN EDGINTON & JOHN AGGS

REKRUTTEN Den første CHERUB-boka no som teikneserie! 73

James Adams er 12 år og kjem på barneheim etter at mora døyr. Her får han raskt tvilsame venner, hamnar i slåsskampar og blir arrestert for tjuveri. Men då CHERUB oppdagar hans skjulte talent, byrjar eit nytt liv som spion. James må klare den knallharde opptaksprøven: 100 dagar med smertefull grunntrening, før han kan få sitt første oppdrag. Han skal spionere på ei gruppe øko-fanatikarar som planlegg eit biologisk terrorangrep. Kor store sjansar tør han å ta? I verste fall kan det bli med livet som innsats. CHERUB-agentar er mellom ti og sytten år gamle. Dei er rekruttert av den britiske etterretningstenesta, og jobbar i det skjulte med å avsløre kriminelle og terroristar. Men offisielt finst ikkje desse barna. Frå 12 år.

Grafisk roman!

UNG DO M | P r i s k r 2 7 9 , IS BN : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 2 3 7 I SAL

Frå engelsk ved Øystein Rosse

Ian Edginton bur i Birmingham. Han har mellom anna utarbeidd teikneserieutgåver av Star Wars, Doctor Who og Sherlock Holmes. John Aggs studerte illustrasjon ved Falmouth-høgskulen og har sidan arbeidd med m.a. Tokyopop, the Guardian og Philip Pullman. Han har jobba med webteikneseriar, platecover, filmkonsept, dreiebøker, animasjonar og ei verkeleg, gigantisk robotdrakt. Han bur og jobbar i eit rivingsklart høghus i Aust-London.


ROBERT MUCHAMORE

HEILAG GALSKAP Kampen mot maktmisbruk og hjernevasking i Guds namn. Då eit CHERUB-team avdekkjer samarbeid mellom øko-terroristgruppa Hjelp jorda! og den religiøse sekta Overlevarane, blir James Adams send til Australia på eit spionoppdrag. Det er den tøffaste jobben hans så langt. Hovudkvarteret til Overlevarane ligg langt ute i bushen fullstendig isolert. Det er tusen kilometer til nærmaste by, og hjernevaskinga til sekta sett James er under eit veldig press. Denne gongen kjempar han ikkje berre mot terroristar. Han må også kjempe for å få kontroll over sin eigen forstand. Heilag galskap er den femte boka i serien om CHERUB. Dei tidlegare bøkene i serien heiter Rekrutten, Kokainkongen, Flukta og Drapet. Frå 12 år. Frå engelsk ved Øystein Rosse

Nye bøker i Cherubserien

12-15 ÅR | P r i s k r 1 8 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 7 5 4 5 5 I s al


U N G DO M

ROBERT MUCHAMORE

MENNESKET OG DYRET Bok nummer 6 i CHERUB-serien

75

Kvar dag døyr tusenvis av dyr i laboratorieforsøk. Somme seier at desse eksperimenta gir oss viktig vitskapeleg kunnskap, mens andre er villige til å gjere kva som helst for å hindre dei. James og Laura Adams hamnar mellom borken og veden. Dei er CHERUB-agentar. Profesjonelt opplærte og med ein svært viktig fordel: Vaksne får aldri mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei. Mennesket og dyret er den femte boka i serien om CHERUB. Dei tidlegare bøkene i serien heiter Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet og Heilag galskap. Frå 12 år. Frå engelsk ved Øystein Rosse

12 – 1 5 Å R | P r i s c a k r . 1 8 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 7 5 4 6 2 U t g. s ep t emb er

Robert Muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker.


AINA BASSO

INN I ELDEN Historisk ungdomsroman frå hekseprosessane i Finnmark I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 «trollkvinner» dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne skremmande konflikten frå norsk historie. Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei «klok kone» i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to jentene får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga. «Intenst bra (...) Språket er i ei klasse for seg.» Torill Myren, Sunnmørsposten

UNGDOM | P r i s k r . 2 7 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 4 1 1 I S AL

AINA BASSO (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 fulgte ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige. Basso er fast spaltist i avisene Nationen og Sunnmørsposten. Ho er utdanna historikar og bur i Oslo.


U N G DO M

LARS MÆHLE

FUCK OFF I LOVE YOU Spennande og tankjevekkande roman om val og vold

77

Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Kvifor? Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond … Fuck Off I Love You er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over?

UNG DO M | P r i s c a k r . 2 4 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 8 3 8 U t g . a ugu s t

Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002). Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Mæhle har etter det skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom. Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, UPrisen (Ungdommens Kritikerpris), Fabelprisen, og også nominert til Brageprisen.


SIV ØSTREM PEERSEN

ULVETONE Ung kunstnarroman Musikken er livet for Alise Ask, men no er alt i ferd med å forandre seg. Pappas vesle pianojente er snart klar for verda, Grieghallen ventar, og det kjære pianoet må vike plassen for eit flygel ho nesten ikkje våger å røre. Er ho klar for dette store og nye som ventar, og alt det krev av ho? Og ønskjer ho eigentleg å forstå denne vaksne verda, full av løgner, kaos og statusjag, og der halvbrør dukkar opp frå ingenting? Ulvetone er ein sterk debutroman om eit ungt kunstnarsinn, om musikk og famileløyndomar. «Ulvetone» er en vakker bok og poetisk bok. Alise ser verden i noter, komposisjoner og drømmer. Peersen har flettet inn musikkhistorien på en innsiktsfull og imponerende måte. Cathrine Krøger, Dagbladet

Debutant

UNGDOM | P r i s c a k r . 2 7 9 , IS BN: 9788 2 5 2 1 8 0 3 9 8 I SA L

Siv Østrem Peersen (f. 1964), opprinneleg frå Førde i Sunnfjord, busett på Askøy. Østrem Peersen er utdanna adjunkt og har m.a. jobba som lærar i den vidaregåande skulen. Ho studerer no litteraturvitskap i Bergen. Ulvetone er den første boka hennar.


U N G DO M

TOR ARVE RØSSLAND

SVARTE-MATHILDA II Grøssande oppfølgjar! Den første boka om SvarteMathilda blei nominert til Uprisen og har blitt ein favoritt i skolebiblioteka. No kjem bok nummer to om Elisabeth og den demoniske Svarte Mathilda, som gøymer seg i ein spegel.

79

Etter dei fryktelege opplevingane i første bok, gler Elisabeth seg denne gongen til nokre veker på språkskole i Italia. Ho og venninna Gry blir innlosjert i eit herskapshus i utkanten av Venezia, men anar fort at ikkje alt er som det skal vere i familien dei bur hos. Kvifor oppfører dei så rart? Og kva betyr den mystiske meldinga frå bibliotekaren Viggo? Har han funne ut meir om Philips forsvinning? Parallelt med denne historia blir vi endå ein gong tatt med tilbake til Hardanger på 1800-talet, til garden Lilletun der legenda om SvarteMathilda har sine røter. UNGDO M | P r i s c a k r . 2 4 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 5 0 3 U t g. s ep t ember

Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og unge, og er mest kjent for serien om den vesle kultfiguren Pode. Første boka om Svarte Mathilda vart nominert til Uprisen.


TERJE TORKILDSEN

DYSTOPIA IV Dramatisk avslutning av populær spenningsserie I denne fjerde og siste boka i Dystopia-serien er dei fire gjenlevande ungdomane komne bort frå dei verste flaumramma områda ved kysten. Dei er tilbake i ein sivilisasjon der telefon og internett fungerer, transportnettet er i orden, pengane har verdi og det er varer i butikkane. Men handelsblokaden og mangelen på ID-papir skaper likevel problem for dei. Dei reiser til Victors eksentriske onkel i Berlin for å få hjelp, men er han til å stola på? Og er det verkeleg ingen andre enn dei som veit om diamantane? Dystopia-serien er ein motorveg av ei lesaroppleving, skreddarsydd for utolmodige og spenningsglade lesarar. Dystopia III vann UPrisen 2012. Dette er den fjerde og siste boka i serien. Juryen for Uprisen sa dette om boka: «en drivende og spennende bok. Det var lett å leve seg inn i historien og leseren ble hele tiden overrasket.»

UNGDOM | P r i s c a k r . 2 2 9 , IS BN: 9788 2 5 2 1 7 5 5 7 8 U t g. sep t ember

Terje Torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco, som vann Uprisen. I 2009 kom den første boka i firebokserien Dystopia 2014. Torkildsen vann sin andre UPris for Dystopia III i år.


Fakta og dokumentar


PATTI SMITH

JUST KIDS Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Just Kids er ei varm og inderleg kjærleiksforteljing frå Smith til hennar elska venn Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv i byrjinga av 70-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskretsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire. Til norsk ved Brit Bildøen. «Rock - best på nynorsk?» Bernt Erik Pedersen, Dagsavisen BI O GR AFI | P ris c a k r . 3 2 9 , I SBN: 9788 2 5 2 1 8 0 3 8 1 I S AL

Patti Smith (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975. Ho er blitt kalla «pønkens gudmor».


BI O G R AF I

ERLING LÆGREID

FLEIRE NÆRGÅANDE SKISSER Frå 2009 til han brått døydde i november 2011, hadde Lægreid stor suksess med «Lægreids livshistorier», ei fast spalte i Dag og Tid. Vel 60 av dei første miniportretta vart samla i boka Nærgåande skisser (2011). Lægreid var ein intellektuelt og partipolitisk uavhengig, opposisjonell og eigenrådig observatør, og med varme og sympati skildrar han delvis ukjende sider ved dei han møtte i sitt mangeårige yrkesliv.

85

Fleire nærgåande skisser inneheld 30 minneglimt og portrett av aktørar i norsk kultur- og samfunnsliv, som Lars Jacob Krogh, Kjell Erik Vindtorn, Arne Næss, Rolf Kirkvaag, Merete Lie Hoel, Tron Øgrim, Harald Sverdrup, Arne Hestenes, Wenche Foss, André Bjerke og Kenneth Sivertsen.

BI O G R A F I O G P O RT R E T T P ris k r . 2 9 9 , I SBN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 7 0 8 | I s a l

Erling Lægreid (1939-2011) var forfattar og journalist og jobba i NRK frå 1970 til 2009. Han arbeidde i Barne- og Ungdomsavdelinga og var programleiar i m.a. Ungdommens Radioavis og Flimra. Han var også med på å etablere radiomagasinene Ekko og Dagsnytt 18 og var ansvarleg for ei rekkje kulturprogram i P1 og P2.


SOLVEIG AARESKJOLD

VALKYRJESONG. VIKINGTIDA I SPENN FRÅ BYSANTS TIL ISLAND Aareskjold avslører i denne boka ein del av mytene om det norrøne. Ho meiner det er eit stort tap for kulturforståinga at den norrøne litteraturen er så lite kjend. Av den grunn har den heidenske fortida vore overlaten til fri gjetting, som anten eit harmonisk paradis eller eit kaotisk blodbad. Skal ein tru det som blir fortalt i eddadikt og saga, hadde ikkje dei norrøne heidningane dårlegare styring med impulsane sine enn me som lever no, og om det nok hende at dei slo kvarandre i hel. I følgje forfattaren sette dei like mykje pris på lov og orden som oss. Ho viser og at styrke og ærekjensle var like attraktivt hos kvinner som hos menn. Aller gjævast var valkyrjene, dei fantastiske jentekrigarane som kunne flyge gjennom lufta.

H I S T OR I E | P ris k r . 3 4 9 , I SBN: 9788 2 5 2 1 8 0 9 3 0 | I s al

Solveig Aareskjold (f. 1949) er cand. philol. med norsk hovudfag og historie mellomfag. Ho debuterte med romanen Det indre tempel (1987). Sidan har ho skrive ei rekkje bøker som Odyssevs reiser stadig heimover (roman 1993), Kyss meg i diskursen (essay 1996) og Tyrefekting (essay 2004), i tillegg til radiokåseri og føredrag.


H istor ie

ASTRID SVERRESDOTTER DYPVIK

DET VAR DDR. FORTELJINGAR OM EIT NEDLAGT LAND Kamp om historia

87

Framleis kan den hakkete lyden av ein gammal DDR-totaktsmotor utløyse panikkanfall med skjelving og hjartebank hjå folk som fekk kjenna diktaturet på kroppen. DDR vart borte i løpet av natta 9. november 1989, men folk lever framleis med merke etter overvaking, tortur, hjernevask og fluktforsøk. Då DDR forsvann starta ein kamp om historia. Korleis skal DDR forståast, korleis skal vi hugse denne tida? Astrid Sverresdotter Dypvik har gått journalistisk til verks for å sjå på kampen om DDR-historia. Det har blitt ei rystande og rørande bok der me kjem tett på ulike lagnader. I boka møter vi alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet i DDR, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur.

H I S T O R I E | P ris c a k r . 2 9 9 , ISBN: 9788252178760 U t g . septe mber

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. I dag er ho tilsett i Nationen, men ho har tidlegare arbeidd i både Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid.


GUNNSTEIN AKSELBERG

FRÅ BONTELABO TIL ÅNUGLO. STADNAMN I HORDALAND Populærvitskapleg om stadnamnstyding Mannen bak det populære språkprogrammet «Snakk med oss» på NRK Hordaland er på ny ute med ei folkeopplysande bok. Denne gongen er det om stadnamn i Hordaland, frå ættestader og gardsnamn til fjelltoppar og kommunar. Både opphavet og historikken blir forklart, og viser korleis namna er ein spennande innfallsport til kulturhistoria vår og ein viktig del av identiteten vår.

SP RÅK | P r i s c a kr . 2 9 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 7 6 0 4 9 I S AL

Gunnstein Akselberg (f. 1949) er professor i nordisk språk ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare gitt ut boka Ord og uttrykk i Hordaland.


S P R ÅK

KRISTIN FRIDTUN

NORSK ETYMOLOGISK OPPKOK. DU VEIT IKKJE KVA DU SNAKKAR OM

89

Basketak med kvardagsorda Kristin Fridtun herjar med kvardagsdorda, spretter dei opp og ser kva som gøymer seg inni. Orda speglar måten me sansar og skjønar verda på, og Fridtun let dei ikkje få ha løyndomane sine i fred. Ho tek føre seg mellom anna kropp, natur, kjensler, folk og fe. Fridtun granskar heilt daglegdagse ord som hovud, sjel, hjarta, minne, dør, verd, fisk og utfordring. Boka er skriven humoristisk, lett og ledig. Dette er ei humoristisk bok som gjev språklege aha-opplevingar, det er ei bok for alle som snakkar, men òg for den språkinteresserte. Dette er boka for deg som ikkje veit kva du snakkar om!

SP RÅK | P r i s c a kr . 3 2 9 , ISB N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 2 9 6 U t g . au g us t

Kristin Fridtun (f.1987) er student og skribent. Ho er har master i norrøn filologi, er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Trondheim.


OTTAR GREPSTAD

DRAUMEN OM MÅLET. TILSTANDSRAPPORTAR FRÅ NORGE OG NOREG Med språket som innsats Denne boka er skriven med språket som innsats. Ved inngangen til Språkåret 2013 gir den profilerte språkpolitikaren Ottar Grepstad ut boka for den som ønskjer påliteleg informasjon og nye tenkjemåtar om språk i Noreg. Direktøren ved Nynorsk kultursentrum gir seg ikkje før han har funne dei avgjerande fakta eller dei ukjende historiene. Boka er blitt til over tolv år som årstalar om den språklege tilstanden i Noreg. Dette er både ein journal frå 2000-talet og historiske perspektiv på ei samtid vi trudde vi kjende. I det siste kapitlet samlar forfattaren trådane til ein sterk argumentasjon for nynorsk i det språklege mangfaldet. Draumen om målet er skriven med den overraskande snerten og dei leikande sentensane som er Grepstads litterære vassmerke, og som fekk kritikarane til å rose Viljen til språk (2006) og Avisene som utvida Noreg (2010). Sp r å k | P r i s c a 4 2 0 , IS B N 9 7 8 8 2 5 2 1 7 7 8 7 9 U t g s ep t

Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Grepstad har tidligare vore forlagsredaktør, redaksjonssjef og ass. forlagssjef i Det Norske Samlaget, redaktør i Syn og Segn 1984 - 1988, og har vore forfattar og medforfattar av fleire bøker og talrike artiklar i tidsskrift og aviser.


S AM T I D O G D EB AT T

SIMON M. MALKENES

Apokalypse OSLO Politisk pamflett om høgreekstrem retorikk før og etter 22.juli

91

Apokalypse Oslo følgjer tre greiner frå terroråtaka 22.7. Den første er det politiske manifestet til Anders Behring Breivik. Kvifor skreiv han eit politisk manifest? Og korleis skal vi forstå det? Den andre greina er anklagane retta mot Frp etter 22.7., der det vart påstått at Frp, spesielt i artikkelen «Drøm fra Disneyland», nytta same retorikk som Behring Breivik. Kva retorikk bruker Frp i «Drøm fra Disneyland»? Den siste greina er Frps handtering av anklagane. Har Frp ein appell til den ekstreme høgresida? Kva er i så fall denne appellen og korleis er den utforma? Korleis klarte Frp å behalde den etter 22.7.? Stammen dei tre greinene veks frå er det særeigne, mystiske synet på verda der gode krefter kjempar mot vonde, der heltar drep drakar om dei sjølve ikkje blir dolka i ryggen. Og rota dei tre greinene får næring frå, er trua på verdas undergang, apokalypsen.

S AM T I D O G D EB AT T P r is k r . 1 7 9 , ISBN: 9788252181692 I sa l

SIMON MALKENES (f. 1973) er litteraturvitar og lektor i norsk og historie på Ulsrud vgs i Oslo. I 2008 gav han ut Apokalypse nå igjen?, ei bok som mellom anna analyserte konspirasjonsteoriane hos George W. Bush jr. og Kristian «Greven» Vikernes.


OLAUG NILSSEN

KJØKENBENKREALISME.

ÆRLEGE HISTORIER OM TIDSKLEMMA Usminka om småbarnsliv Ofrar du barna for eit umenneskeleg karrierejag? Lar du dei veksa opp i barnehagen? Eller er du så dum at du vel vekk karriere, pensjonspoeng og inntekt? Kjøkenbenkrealisme er ei bok full av ærlege historier om familieliv i dag. Du møter heimeverande, deltidsog fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Her vert ikkje småbarnstida idyllisert, men både søvnmangel, frustrasjonar, samanbrot og gleder kjem fram. Boka handlar òg om småbarnsmora Olaug Nilssen. Det er ei rørande historie om hennar veg frå mykje jobbing og reising til å innsjå at ho måtte vera meir heime. Olaug Nilssen valde annleis etter at ho fekk barn, særleg etter at det synte seg at den eine sonen hennar hadde særskilte behov. S A M T I D O G D EB AT T P r is k r . 3 4 9 , ISBN: 9788252181319 U tg. o k tober

Olaug Nilssen (f. 1977) er trebarnsmor. Ho debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998. Sidan den gong har ho skrive bøker i ulike sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. Særleg kjend er Nilssen for romanen Få meg på, for faen som òg er filmatisert. Nilssen har blant anna vore leiar på Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho kjem frå Solheimsdalen i Førde, men bur no i Bergen.


S AM T I D O G D EB AT T

Marcel Rosenbach og Holger Stark

Statsfiende Wikileaks

- Korleis ei gruppe hackarar utfordrar verdas mektigaste nasjonar

93

eksklusivt innsyn i hackerverda Korleis kunne ei handfull nettaktivistar klare å ramme supermakta USA og andre så hardt? Etter lekkasjar av hemmelege rapportar frå amerikanske ambassadar og dokument om krigen i Afghanistan og Irak har den amerikanske regjeringa erklært WikiLeaks som statsfiende. Boka tar for seg personen Julian Assange, og kva som har drive han. Forfattarane Holger Stark og Marcel Rosenbach har følgt Assange og andre nettaktivistar i årevis, og også vore sentrale i Der Spiegel med WikiLeaksavsløringane. Dei gir oss eit overblikk over fenomenet og utviklinga av WikiLeaks, eit eksklusivt innsyn i hackerverda, og forklarer kvifor statsløyndomar aldri meir er trygge. D EB AT T | P r i s k r . 2 9 9 , IS BN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 7 6 7 | I s a l

Marcel Rosenbach (f. 1972) og Holger Stark (f. 1970) er skrivande redaktørar i Der Spiegel, og har lang røynsle med journalistikk om media, datahacking og hemmelege tenester. Dei har også jobba med WikiLeaks-avsløringar i Der Spiegel. Frå tysk ved Guro Sandnes.


ÅSHILD ULSTRUP

EG SER EI SOL. TANKAR OM SLUTTEN Om døden seint i livet Gjennom eit langt liv som journalist i NRK har Åshild Ulstrup snakka med ei rekkje menneske om døden. I denne boka har ho samla nokre av røystene som har festa seg i henne, men òg leita fram nye. Dette er røyster som har gjeve henne sjølv mot til å sjå både alderdom og død i auga. Ulstrup har møtt både bygdeog bymenneske, kjende og ukjende i ein samtale om døden. Dette er ei varm og undrande bok om døden seint i livet. «Klokt og vakkert på liv og død» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

S AM T I D O G D EB AT T | P r is c a k r . 3 6 9 , I SBN: 978825218076 3 I S AL

Åshild Ulstrup (f. 1934) har eit langt yrkesliv som journalist og radiomedarbeidar bak seg. Ho er særleg kjend for personlege intervju i NRK gjennom 40 år, mellom anna i radioprogramma «Sånn er livet», «På livet laus» og «Middagsstunden». Ulstrup har òg gjeve ut fleire dokumentar- og intervjubøker. Ulstrup vaks opp på Valen i Sunnhordland, men er busett i Oslo.


S AML I V

ANNE MARIE FOSSE TEIGEN

VARIG KJÆRLEIK EI HANDBOK Praktisk og jordnært om samliv

95

Dei fleste parforhold startar med forelsking, ein tilstand som er det næraste vi kjem psykisk sjukdom utan å få stilt diagnose. Etter galskapen kjem kvardagen og konfliktane. Vegar til varig kjærleik er ei jordnær, praktisk og lettfatteleg samlivsbok som syner oss korleis me kan få kjærleiken til å vare. Korleis takle konfliktar og irritasjonar? Korleis handtere sterke kjensler? Og kva gjer ein når det trengst større reparasjonar? Korleis bli ein samlivsmeister? Fagfolk veit i dag mykje om kva som gjer at ein del par har det godt over tid. Det er ingen grunn til at berre familieterapeutar skal kjenne til dette!

SE X O G S AML I V | P r is c a k r . 2 2 9 , I SBN: 9788 2 5 2 1 8 0 7 4 9 I S AL

Anne Marie Fosse Teigen (f. 1966) er spesialist i psykologi, og har tidlegare utvikla samlivskurset «Bufferkurs for par».


EINAR ØKLAND

NORSKE MALEBØKER Læremiddel – Kunstformidling – Tidtrøyte - Lokkemiddel Eit fargerikt pionerverk som med 150 illustrasjonar dokumenterer og synleggjer eit allment kjent, men usynleggjort og sterkt underkjent kulturhistorisk fenomen: vel 100 år med norskproduserte malebøker for barn. Einar Økland har i 40 år kartlagt og samla fleire hundre titlar som er langt større enn det som finst i offisielle register. I si kronologiske og perspektivrike framstilling viser han døme på dei utanlandske forløparane før vi frå 1890-talet får dei første norskproduserte produkta.

Boka viser korleis store og mindre forlag nytta ei rad kjende og mindre kjende kunstnarar i produksjonen av ein boksjanger som ingen hittil har analysert og som berre sporadisk er registrert. Boktypen er blitt neglisjert og avvist som triviell av kunstfaglege, litteraturhistoriske og pedagogiske miljø, og pga omfang, ofte under 16 eller 8 sider, med kartongomslag med ryggstifta rygg, har jamvel forlag og trykkeri rekna den som så lite viktig at avleveringsplikta til UB ofte er blitt forsømt. Som bruksbøker er sjangren dessutan å rekne som sjølvdestruerande, men Økland har valt å vise både ubrukte forelegg og «brukte» sider.

K U LT U R H I S T O R I E P ris c a kr . 4 2 9 , ISBN: 9788252178777 U t g . oktober


K U LT U R H I S T O R I E

97

Einar Ă˜kland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nĂŚrmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.


FINN TOKVAM OG HALVOR FOLGERØ

LER DEI NO, SÅ HAR EG VUNNE. EIT MØTE MED RAGNAR HOVLAND RAVATN TEK VEKEBLADET FRÅ MUNNEN 15. april 2012 fylte Ragnar Hovland 60 år. Det feirar Samlaget blant anna med ei bok om jubilanten skriven av Finn Tokvam og Halvor Folgerø. Dette er ingen biografi, men ei bok som tek føre seg både forfattaren, kultfenomenet og mennesket Hovland. Folgerø og Tokvam tek Hovland med på ei reise, og gjev oss ein guide til Hovland - frå boots til briller.

H UMO R | P r i s k r . 1 7 9 , IS BN : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 3 3 3 | I s a l

Halvor Folgerø (f. 1967) og Finn Tokvam (f. 1972) er kjende som både journalistar, forfattarar, humoristar og musikarar. I 2005 gav dei saman ut romanen Tyl.


H U MO R / E s s ay

Marta Norheim

Friksjonar Om kritikk, kunst og litteratur Kritikaren Marta Norheim utforskar dei uklare sonene som dannar seg i skjeringspunkta mellom kunst og samfunn, mellom natur og kultur. Dette fører fram til spørsmal som: Kvifor er det såmange vampyrar i populærkulturen og så mange personlege historier i skjønnlitteraturen? Er den som likar dårlege bøker eit dårleg menneske, eller er det dei som tenkjer slik som er dei dårlege? Kva har skjedd når deltakaren oppfører seg som ein tilskodar, og korleis kan eg vite at ei bok er god? Blir vi overflatiske av å storforbruke sosiale medier eller blir vi berre meir sosiale? Kva er forresten gale med overflata? Og kva er i gjære når det misbrukte ordet natur tek til å dukke opp i samfunnsdebatten? Alle essaya er nyskrivne. Marta Norheim er kunnskapsrik og humoristisk, og skriv ein lett og ledig nynorsk prosa. Atle Kittang, Klassekampen

99

E s s ay | P O C K E T P r is c a k r. 149,IS BN: 9788 2 5 2 1 8 2 3 5 4 U T G. SEP T E MB ER

Marta Norheim Marta Norheim er cand. philol og har i fleire år har arbeidd med litteraturprogram i NRK radio, mellom anna Boktilsynet og Kulturnytt. Ho vart kåra til «Årets litteraturkritikar» i 2002.


SYLFEST LOMHEIM

TALE ER GULL Uventa utspel frå markant språkpolitikar Talen er for oss menneske vår avgjerande reiskap og det mest verdfulle vi har – i privatlivet, i samfunnslivet og i yrkeslivet. Mennesket har plassert seg i eit triangel som består av tale, tekst og teknologi. Teknologibasert kommunikasjon er på frammarsj med stormsteg. Talen – den fysiske, ansikt til ansikt – blir gradvis meir marginalisert. Er vi laga for ei slik utvikling? Toler vi konsekvensane av det som skjer med oss og rundt oss? Aldri før har mennesket stått i ein slik situasjon – mellom langsam biologi og eksplosiv teknologi.

POCK E T | P r is k r. 149,IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 9 8 2 | I s al

Sylfest Lomheim (f. 1945), professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder. I sju år gav han Språkrådet eit ansikt og ei røyst som uredd, humørfylt og markant direktør og debattant. Har gitt ut fleire bøker, m.a. Språkteigen, Skrifta på skjermen og Språkreisa.


Fak ta og dok umen tar Pock et

Idar Lind

KVINNENE I RINNANBANDEN Ei ukjend kvinnehistorie

101

Sydama Ragnhild Strøm var den første kvinna som vart verva av Henry Rinnan til tysk teneste. Heilt frå Rinnanbanden vart etablert på nyåret 1942, spelte kvinnene ei sentral rolle. Nesten ein fjerdedel av dei drygt 70 medlemmene var kvinner. Fleire av kvinnene som gjekk inn i arbeidet for Rinnan, trudde dei gjorde ein heiderleg innsats for motstandsrørsla. Andre sympatiserte ope med fienden. Idar Lind fortel historia om kvinnene i banden av angivarar, torturistar og drapsmenn, ei historie som ikkje er fortald før.

P O CK E T | P r i s c a 1 4 9 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 2 3 4 7 U t g. sept .

Idar Lind (f. 1954) debuterte som romanforfattar med Stengde dører i 1983. Sidan den gongen har han skrive ungdomsbøker, kriminalromanar, historiske romanar, dramatikk og sakprosa, mellom anna Norrøn mytologi. Frå a til å. Lind er busett i Trondheim.


GUNDA DJUPVIK

SYLTING OG SAFTING Nye og frekke smakar på krukker og glas! I denne boka får du inspirasjon til å safte og sylte på gamle og nye måtar. Vi syltar med frukt og bær frå både hagen, butikken og skogen, og tilset krydder og utradisjonelle smakar. Boka er delt inn etter årstider og ulik tilgang på ingrediensar. Du kan lage appelsinmarmelade til jul og gyllen nektarinmarmelade midt på sommaren, eller fiken i konjakk, løkmarmelade, chutney og nøttekompott – når som helst. Boka inneheld òg gamle klassikarar som rørt bringebær, jordbærsyltetøy og hermetiserte plommer. Alle oppskriftene er gjennomprøvde, og metodane godt forklarte.

KOK EBOK | P r i s c a k r . 3 6 9 , IS BN: 9788 2 5 2 1 8 1 3 5 7 U t g. j un i

GUNDA DJUPVIK (f. 1966) er ivrig heimekokk, har fast matspalte i Sunnmørsposten og skriv om mat, parfyme og kjærleik i den populære bloggen altgodt.no. Ho har også laga kokeboka Smalhans. Sunn, god og rimeleg mat (2011).


H O BBY, M AT O G DR I K K E

Erica Laurell

HEKLA KOSEDYR Hekla bamser, dokker og kosedyr

103

Svenske Erica Laurell presenterer eit heilt univers av hekla kosedyr. Her finn du oppskrifter på alt frå ugle og pingvin til løve og vortesvin. Eller kva med ein hekla korpulent katt? Eller kanskje ei ape med stripete bukser? I boka finn du òg oppskrifter på dokker og dokkeklede, for ikkje å snakke om den mjuke, gode og tradisjonelle kosebamsen. Figurane passar for både nybyrjarar og meir erfarne heklarar. Boka er omsett av Magni H. Flyum.

H OB BY | P r i s k r 2 4 9 , IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 7 5 6 i sal

erica laurell er designar med utdanning frå Studio Bercot i Paris, ein av verdas mest velrennomerte moteskular. I 2011 gav ho ut boka Heilt hekla.


TOVE FEVANG

KLASSISK BARNESTRIKK Norske mønster 2-8 år Strikk med nostalgi Tove Fevang har vore i arkivet til Sandnes ullvare og henta tradisjonelle oppskrifter heilt tilbake til 50-talet. Det har vorte ei bok med kjende plagg og mønster tilpassa vår tid. Oppskriftene vekkjer minne og er som ei lita vandring gjennom nyare strikkehistorie. Her finn du kofter og gensrar, men òg sokkar, huver og strikkebukser. Oppskriftene passar frå to til åtte år, og alle modellane er strikka i ullgarn som toler vask i maskin. Boka inneheld òg gode forklaringar for den som ikkje er heilt stø i ulike teknikkar.

H OBBY | P r i s c a k r . 3 9 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 8 1 3 7 1 U t g. o k t ob er

TOVE FEVANG er utdanna innan tekstil, broderi og design. Ho arbeider med handarbeid som designar, forfattar og frilansjournalist, og har gjeve ut ei rekkje bøker innan handarbeidsfeltet. Fevang er busett i Asker.


H O BBY, M AT O G DR I K K E

105


Annemor Sundbø

Norske vottar og vantar Dyremønster og andre figurar frå norsk strikkearv Dette er ei vakker praktbok om tradisjonelle norske votte- og vantemønster presentert på lettfatteleg vis for nye og gamle strikkarar. I tillegg til dyremønstra viser landets beste strikkeforfattar også måtar du kan bruke mønster med stjerner og roser, på for eksempel luer og puter, og gir deg dermed eit skattkammer du kan hente inspirasjon frå.

Vi minner om populære strikkebøker

Ho bby | P r is K R 3 9 9 , - | ISBN: 9788252177725 | i s al


Selbuvotten Selbuvotten er Noregs mest populære strikkeplagg, og han blir strikka av stadig nye generasjonar. Her får du vite alt du treng for å komme i gang med strikkinga! Over 30 oppskrifter til ulike selbuvottar gir deg framgangsmåten trinn for trinn. Boka er illustrert med fargebilete og mønsterskjema. Omsett av Annemor Sundbø.

Ho bby | P r is K R 3 9 9, ISBN : 9 7 8 8 2 5 2 1 7 5 2 2 6| I s al

KATHRINE GREGERSEN

strikk til Nøstebarn Denne strikkeboka inneheld oppskrifter til dei populære strikkeplagga frå Nøstebarn-butikkane. Her er oppskrifter på mjuke genserar og bukser, vottar og sokkar til babyar og større barn, men også plagg for vaksne og teppe, sjal og skjerf. Oppskriftene er enkle å følgje også for deg som ikkje har strikka på ei stund, og dei mange fargebileta i boka gir inspirasjon til å gå i gang med lekre ullplagg for store og små. Ho bby | P r is K R 3 7 9, ISBN : 9 7 8 8 2 5 2 1 6 9 9 5 9 | I s al

H O BBY, M AT O G DR I K K E

Terri Shea

107


NORSK ORDBOK band 10 Norsk Ordbok er den største ordboka over norsk talemål og nynorsk skriftspråk. Ordboka byggjer blant anna på tilfang frå eit eige setelarkiv på 3,2 millionar setlar med ord frå skriftlege kjelder og frå målføra og på eit moderne elektronisk tekstkorpus med hovudvekt på nyare tekstar, skjønnlitterære og sakprosa. Norsk Ordbok skal bli på tolv band og vil vere ferdig i 2014. Til saman vil ordboka omfatte 300 000 oppslagsord. Band 10 tek for seg ord frå skodde til stæveleg. Norsk Ordbok blir utarbeidd av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo.

OR DBOK | P r i s kr . 8 5 0 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 8 1 6 8 5 816 si d er | I s al

ALF HELLEVIK, MARGUNN RAUSET OG AUD SØYLAND

NYNORSK ORDLISTE 11. utgåva Nynorsk ordliste er klassikaren blant ordlistene. Ho kjem no i ny og revidert utgåve i tråd med den nye rettskrivinga for nynorsk. Nynorsk ordliste har 35 000 oppslagsord med fulle bøyingsformer, ei liste over bokmålsord med nynorske synonym og ein minigrammatikk. Ein finn også råd om god nynorsk språkbruk. Ordlista kjem i to utgåver, hefta og plastinnbunden.

OR DBO K | P r i s c a kr . 1 3 4 , (h f t ), kr . 1 4 7 , - (i b ) IS BN: 978 8 2 5 2 1 8 1 6 5 4 (h f t ), 97882521 8 1 6 4 7 (i b ) 464 si d er | U t g . au g u s t


O R DBØ K ER

ALF HELLEVIK, HÅVARD HJULSTAD, MARGUNN RAUSET OG AUD SØYLAND

ORDBOK FOR GRUNNSKOLEN, nynorsk 6. utgåva

109

Ordboka kjem no i ny og revidert utgåve i tråd med den nye rettskrivinga for nynorsk. Her er 10 000 oppslagsord med fulle bøyingsformer. Til oppslagsorda høyrer det ordforklaringar, synonym og brukseksempel. Ordboka inneheld og ei omfattande brukarrettleiing, øvingar i å bruke ordlista og viktige hugsereglar. OR D B O K | P r i s c a kr . 1 5 0 , IS BN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 1 6 7 8 160 s i d er | U t g . a u g u s t

TRUDE DAVIDSEN BJERGA OG JOSTEIN STOKKELAND

ENGELSK-NYNORSK/ NYNORSK -ENGELSK ENGELSK-BOKMÅL/ BOKMÅL-ENGELSK ORDBOK, 2. utgåva Ny og utvida utgåve med 36 000 oppslagsord. Ordboka er oppdatert med engelske og norske nyord. Ho gir gode og presise ordforklaringar og har med mange brukseksempel som viser orda i bruk. Alle ord står oppførte med ordklasse, norske substantiv også med kjønn. Ordboka har med ein minigrammatikk med nyttige opplysningar om korrekt språkbruk. Nynorskutgåva er i tråd med den nye rettskrivinga.

OR DB O K | P r i s c a kr . 1 9 8 , IS BN 9 7 8 8 2 5 2 1 7 3 6 1 1 (nn ), 9788 2 5 2 1 7 3 6 2 8 (b m) 468 s i d er | U t g . s ep t emb er


KRISTOFFER KRUKEN

NORSK PERSONNAMNLEKSIKON 3. utgåva Ny og kraftig utvida utgåve av den autoritative ordboka om personnamn. Namna blir grundig forklarte, med tyding (etymologi), og det blir opplyst om når dei har vore tekne i bruk og kvar i landet dei helst har vore brukte. Den nye utgåva byggjer på eit grundig og systematisk arbeid med gransking av mange ulike kjelder. Framstillinga er halden i eit enkelt språk slik at ikkje ein treng kjenne til spesiell terminologi for å nytte boka. OR DBOK | P r i s c a kr . 5 9 9 , IS BN: 97 8 8 2 5 2 1 7 3 6 8 0 544 si d e r | U t g . ok t ob er


O R DBØ K ER

For fleire ordbøker og bøker til høgare utdanning sjå samlaget.no

111


Jón Viðar Sigurðsson og Anne Irene Riisøy

Norsk historie 800 til 1536 Frå krigerske bønder til lydige undersåttar Bandet dekkjer perioden frå ca. 800 og fram til reformasjonen. Det overordna grepet er korleis maktforholda endra seg og korleis dette påverka dagleglivet til folk flest. Her var det ei utvikling frå rivaliserande høvdingdømme i vikingtida til ei sentralisert kongemakt og sterk kyrkje på 1200-talet. Etter folketap og agrarkrise i seinmellomalderen glir Noreg inn i dynastiske unionar som endar med lydrikestatus og reformasjon. I SBN 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 4 1 0 302 si d er k r 389, -

Ståle Dyrvik

Norsk historie 1536 til 1814 Vegar til sjølvstende Bandet dekkjer tida frå reformasjonen i 1536 til 1814, med Noreg som del av den dansk-norske staten. I den politiske historia blir det lagt vekt på den nordiske maktkampen og utviklinga av eineveldet, med vegen fram til norsk sjølvstende i 1814 som overordna perspektiv. Innanfor denne ramma blir sosiale og kulturelle forhold drøfta. Landet opplever ein sterk folkeauke,vi får nye næringsvegar og økonomisk vekst, statsapparatet blir utbygd og ein ny elite veks fram. I SBN 97 8 8 2 5 2 1 7 4 4 2 7 320 si d er k r 389, -


H Ø G AR E U T DAN N I N G

Jan Eivind Myhre

Norsk historie 1814 til 1905 Å byggje ein stat og skape ein nasjon Bandet skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå unionsstatus til å bli ein sjølvstendig nasjon. Landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar. Samstundes tok vi steget inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda.

113

I SBN 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 4 3 4 320 si d er k r 389,U T G. o k t o b er 2 0 1 2

Ola Svein Stugu

Norsk historie etter 1905 Vegen mot velstandslandet Bandet dekkjer tida etter unionsoppløysinga i 1905. Ein viktig tråd i framstillinga er å vise korleis den sterke velstandsveksten har gått til, ikkje minst korleis internasjonale tilhøve har lagt rammer og føringar for norsk utvikling. I perioden har Noreg også utvikla ein høg grad av sosial tryggleik og eit lågt spenningsnivå jamført med andre land. Drøftinga av dei politiske, sosiale og kulturelle tilhøva som har gjort dette mogleg, får brei plass i framstillinga.

I SBN 9 7 8 8 2 5 2 1 7 4 4 4 1 336 si d er k r 389 , U T G. august 2 0 1 2


Syn og Segn

S YN O G S EG N

Abonner på

Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk Bli abonnent på Syn og Segn, eit tidsskrift som både er tradisjonsrikt og moderne. Vi tar opp aktuelle tema om kultur, samfunnsliv, litteratur, politikk og språk. Vi gir deg nye ting å tenkje på, spennande lesestoff og overraskande vinklingar. Skribentane våre er både dei nye, unge stemmene og dei erfarne og solide forfattarane. I 2010 er Syn og Segn kåra til Årets Tidsskrift, både i Noreg og i Norden. Årets nordisk tidsskrift 2010: «Syn og Segn er eit moderne og aktuelt tidsskrift i beste tyding av ordet. Det inneheld interessante, velskrivne, grundige og personlege artiklar. Tidsskriftet har stor breidd både i sjanger og tema. Syn og Segn gir lyst til å lese meir og tenkje vidare sjølv, og juryen anbefaler det på det varmaste.» (nordisk jury) Årets norske tidsskrift 2010: «Syn og segn kjennetegnes av uforutsigbare og overraskende vinkler og temavalg. Det er et spennende og lesbart tidsskrift som tør gå egne veier. Syn og Segn redigeres med humor og snert, og er et ujålete og relevant tilskudd av høy kvalitet til den norske tidsskriftfloraen.» (norsk jury) Som abonnent får du mange fordeler: • Syn og Segn rett i postkassa fire gongar i året • blir medlem i Det norske Samlaget og rabatt på bøker • fire hundre sider godt lesestoff i året Abonnement: privat: 395, student: 349, bedrift/institusjon: 499 Bestill på www.synogsegn.no eller ring 48319285

115


T ittelregister A l t k j ød e r grønt gr a s 27 A l t s om e r 34 A n dv ake 14 A n i ma sjon 16 A p ok alypse nå i g je n? 91 A p ok alypse O slo 91 A r b eid på gå r 36 A r men ia , Alba nia , Ar g e nt ina 16 Av i s en e som ut v id a N ore g 90 Bar n a s ei g a a k t iv it et sbok 60 Bar n a s ei gne v it s a r 60 Bar n a s nynor ske k r ys sordbok 60 Ber r e i k k je brøyt e plog e n k je m 18 Bi k u b e son g 8 Bi l ly t h e K ids s a mla ve rk 28 Bl i Bj örk 8 Bov ar a 19 Br ak k 33 Br in n a 30 Bron t o Bif f på C a fé O la la 47 D ar w i ns spor v a r 15 D e adl i ne 40 D en en g elske pa sie nt e n 28 D en he st e n e r av snø 29 D en st o re st yg g e eldrebok a 99 D en v il le un g e n 46 D er n åde n f inst 21 D et i n dre t e mpel 86 D et v ar DDR. F or t eljin g a r om e it ne dl a g t l a nd 87 D øgn -Vr imlebok a : L iv og røre i ha m na 44 D r ake gut e n 72 D r apet 74, 75 D r aume n om må let . T ilst a ndsr a p p o r t a r frå N o r g e og N o re g 90 D y st op ia I V 80 E g s er ei sol . Ta nk a r om slut t en 94 E i t v in t e re ve nt yr 19 E l i s e og myst e r iet me d de i dø de he st a ne 68 E n g el s k – nynor sk/nynor sk – e n g el s k , e n g el s k – b o k m å l / b o k m å l – e n g el sk o rd bo k , 2 . u t g åv a 1 0 9 F å me g på , for f a e n 92 F ami l i e n Krå ke st up og nyset i na b o hu s et 62 F erdy d urke 32 F i ol i n ane 19 F l ei r e nær gå a nde sk is se r 85 F l u k t a 74, 75 F r å Bont ela bo t il Ånu g lo . S t a dna m n i Ho rd a l a nd 88 F u c k Of f I L ove You 77 G l ob al ise r in g sbok a 59 H an g j orde det 21 H ard er mit t la nds lov 38 H aust-Vr imlebok 45 Heil a g g a lsk a p 74, 75 Heil t hek la 103 Hek l a kose dyr 103 Hen r ik And 48 Hi st or i a om korle is hunde n fek k v å t s nu t e 58


R EG I S T ER

Huc k F inn og e ve nt yr a h a ns 64 Huc k lebe r r y F inn 64 Humor e in g e n spøk 99 I k r i g og k jærle ik 17 Ik k je h e ilt rek t i g e 99 In n i elde n 76 In ne st e n g t i udyr 92 Jakob og N e ikob 8, 57 Jakob og N e ikob . T juve n s l å r t il b a ke 57 Just K ids 84 K e e pe re n t il Tunisia 77 K e e pe rkon g e n 65 K i r sebær snø 20 K j ø ke nbe nk re a lisme . Ærl e g e hist o r ie r o m t ids k l e m m a 92 K j ø nnsk r if t 24, 39 K l a r a k a n myk je r a r t om m at 59 K l a s sisk ba r ne st r ik k 104 Kok a inkon g e n 74, 75 Kom ik k je inn i mit t h us 18 Kompise n e r for lit e n 54 Kompise n le n g t a r 55 Kor e r N e ppe ? 56 K r i g e ns sk u g g e 17 K uve nninne r 56 K v a r i k roppe n sit in g e nt in g 25 K v inne ne i Rinna nba nden 101 Kyk a /1984 39 Kys s me g i disk ur se n 86 L andet unde r ise n 77 L andf a stlyk ke 34 L er de i no, så h a r e g v unne . E it m ø t e m e d R a g na r Hov l a nd 98 L i lle T in g 47 L i nne a i ma le re ns h a g e 46 L i t t e rær s a lon g 34, 35 Lun g eblæret re 21 M a msell I ve r se n 33 M å ne n som v ille lyse som e i s o l 50 M a r i og Ma gnus f lyt t a r inn 52 M a r i og Ma gnus og smok ket j uve n 53 M a rk i Ma rco 80 M e d eld i h ja r t et 72 M e ist e re n Ma 23 M e moa re r f r a e n t id av um o de nhet 32 M e nne sket og dyret 75 M ørke ma na re n 72 M unt e r g a n g 12 M unt e r g a n g 65 Nær gå a nde sk is se r 85 Når e in f ør st sk a l sk yt e no ko n 18 Nat t-Vr imlebok 45 Nat tbus se n 21 Nat t e r a mne n 69 No rdve g e n 21 No r røn myt ologi. Frå a t i l å 101 No r sk et ymologisk oppko k . Du ve it ik k j e k v a du s na k k a r o m 89 No r sk hist or ie . 800 t il 1536. Frå k r i g e r s ke b ø nde r t il ly di g e u nde r s åt t ar 1 1 2 No r sk hist or ie . 1536 t il 1814. Ve g e n t il s j ø lv st e nde 112 No r sk hist or ie . 1814 t il 1905. Å by g g j e e in st at og s k a p e e in na s j o n 1 1 3

117


Nor s k hist or ie . E t t e r 1905. Ve g e n m o t vel st a nds l a ndet 113 Nor s k Ordbok . Ba nd 10 108 Nor s k pe r sonna mnlek sikon. 3 . u t g å v a 110 Nor s ke ma lebøke r 96 Nor s ke vot t a r og v a nt a r 106 Ny n or s k ordlist e . 11. ut gå v a 108 Ny r y ddin g a 33 Ody s s ev s re ise r st a di g he imove r 86 Ol av s dr a uma r 8, 14 Op er a s jon S isk in 40 Ord og ut t r yk k i Hord a la nd 88 Ordb ok for gr unnsk ule n, nyn o r s k . 6. u t g å v a 109 P ål 4 6 P ar rot og O liv ie r i Ame r ik a 22 Pol i t ihunde n F a lk på nat t e v a k t 61 Poly fem for v a ndla 23 P r i n s S t or m 56 P r i n s e s se r og dr a k a r 46 Rek r ut t e n 73–75 Ros a s bus s 63 Rub a’i y at 26 S amt al e ve nt a r 8, 36 S an c t Sv ith uns gå t e 40 S el b uvo t t e n 107 Sk ake 31 Sk r i ft a på sk je r me n 100 Sk r i ft er 24 Smal hans . Sunn, god og r imel e g m at 102 Søkeord: Ayot z intli 15 S ol an g e 23 S ommar-Vr imlebok 45 Spr åk r e is a 100 Spr åk t e i g e n 100 S t at sfie nde W ik iL e a k s – korle is e i g r u p p e ha c k a r a r u t fo rdr a r ve rd a s m ek t i g a st e n a sjo n ar 9 3 S t en gd e døre r 101 S t il l e n at t 8, 37 S t oc k holms yndromet 12 S t r i k k t il nøst eba r n 107 Sv ar t e - Mathild a I I 79 Sy l t in g og s a f t in g 102 Sy st r er k a n bli like g a mle 29 Tal e er gull 100 Tom S aw ye r 64 Ton j e Glimme rd a l 66, 67 Tv i l l i n g febe r 34 Ty l 98 Ty r efek t in g 86 Ulvet one 78 Un n i og Gunni g je r det f int 9, 49 Un n i og Gunni ma la r 9, 49 Un n i og Gunni re ise r 9, 48 Vaffel hja r t e 66, 67 Val k y r j e son g . V ik in g t id a i spe nn frå By s a nt s t il Is l a nd 86 Vår t id 13 Var i g k jærle ik . E i h a ndbok 95 Ven n er me d ve n g e r 69 V i d d in sid a 33


R EG I S T ER

V i lje n t il språ k 90 V i llh ek s : E ldprøv a 70 V i llh ek s : V ir idia ns blod 71 Y vonne | V i g sla | O pe ret t e 32 F orfattarregister A g le n, K a is a 25 A k selbe r g , Gunnst e in 88 Ba s so, Aina 76 Ber g e , A tle 12, 65 Ber ne r, Rot r a ut Sus a nne 45 Bi ldøe n, Br it 34, 35 Bj e r g a , T r ude D av idse n 1 09 Bj örk , Ch r ist ina 46 Bj ørlyk ke , O sk a r S t e in 13 C a re y, P et e r 22 D i e p, N h u 47 D j upv ik , Gund a 102 D ypv ik , A st r id Sve r re sdo t t e r 87 D yr v ik , S tå le 112 E d gint on, I a n 73 E i ke mo, Ma r it 8, 36 F ev a n g , Tove 104 F ol g e rø, H a lvor 98 F olke st a d , Anna R. 48, 4 9 F os se , Jon 8, 14 F r idt un, Kr ist in 89 G o mbrow icz , W it old 32 G re g e r se n, K athr ine 107 G re pst a d , O t t a r 90 G r imst a d , E lin 50 G r yt t e n, Frode 8 G røt a n, Te re s a 59 Helle v ik , Alf 108, 109 Hj ulst a d , Hå v a rd 109 Hovla nd , R a gna r 8, 37 K aldh ol , Ma r it 15 K arls v ik , Met t e 8 K h ayy a m, O ma r 26 K i rket e i g , S iw- Anit a 27 K l e iv a , Rønna u g 16 Kolde n, R a gnh ild 17 Kole r ud , Ar nf inn 18 K r uke n, Kr ist of fe r 110 K v æ ve n, Tore 38 Kyrk lund , W illy 23 K aa be rbøl , L e ne 70, 71 L aurell , Er ic a 103 L eik voll , Ja n Roa r 19 L i lle gr ave n, Ruth 52, 53 L i nd , I d a r 101 L om he im, Sylfe st 100 Ly num-Rise , N a na 60 Læ gre id , Erlin g 85 Løvå se n, S i gmund 33 M a lke ne s , S imon 91

119


M oe , K a r in 24, 39 M uc ham ore , Robe r t 73-75 My hr e , J a n E iv ind 113 M æhl e , L a r s 77 Nil s s en , O la u g 92 Nil s s on , Moni 54, 55 Nør v åg , Tone 61 On d aat je , Mic ha el 28 Os l an d , Er na 69 P ar r, Ma r ia 66, 67 P eer s en , S iv Øst re m 78 R aus et , Ma r gunn 108. 109 Ri i s øy, Anne I re ne 112 Ros en b a c h, Ma rc el 93 Rui , Ju l ia ne 29 Ry d l an d , A sbjør n 72 Røs s l and , I n g elin 20 Røs s l and , Tor Ar ve 79 Røy s et , I n gunn 56 She a , Te r r i 107 S i gurd s son, Jon V id a r 112 S i l ei, F a br i z io 63 Smel an d , K a r i 62 Smi t h, P at t i 84 S t ai K ar i 8, 57 S t ar hei msæ t e r, He r ma nn 21 S t ar k , Hol g e r 93 S t even , K e nneth 58 S t ok ke , Erle 60 S t ok kel and , Jost e in 109 S t u gu , Ola Sve in 113 Sun db ø, Anne mor 106 Søy l an d , Aud 108, 109 Tec ken t r up, Br it t a 44 Tei g en , Anne Ma r ie F os se 95 T i mb er lid , Rune 40 Tok v am , F inn 98 Tor kel s e n, P e r I n g e 99 Tor k il d se n, Te r je 80 Tw ain , Ma rk 64 Ul st r up, Åshild 94 Ut l er, Anja 30 V i d n e s , Øyst e in 64 V i ken , Anne 68 Wr i g ht , C.D. 31 Ø k l an d , E ina r 96, 97 A ar e s k j old , S olve i g 86 Illustratørregister A g g s , Jo h n 73 A u e st ad , Annla u g 56 Bel s v i k , I n g e r L ise 69 Br ek ke , Mona 62 E r i k s s on, Ev a 46 G aust ad , Bo 67 G u st av s son, P e r 54, 55


Omsetjar- og gjendiktarregister A r nebe r g , Anne 28 Bak ke , Gunst e in 23, 24, 31 Bi ldøe n, Br it 84 F are st ve it , Joha nne s 64 F or f a n g , Åsmund 22 G j erdå ke r, Joh a nne s 26 G r imst a d , Knut Andre a s 32 Hovla nd , R a gna r 54, 55 Ros se , Øyst e in 70, 71, 7 3- 75 S andne s , Guro 93 S t uela nd , E spe n 28 Sundbø, Anne mor 107 Van g e , Ar ild 30 Ve s a a s , Gur i 63 F otografar, forfattarportrett Tove K. Breistein 12, 16, 17, 19, 24, 25, 27, 33, 34, 35, 38, 39, 47, 65, 68, 72, 76, 77, 78, 87, 94, 95, 102 Tom A. Kolst a d: 14 He rbor g P e de r se n: 13, 37 A nde r son v a r iat ions : 15 Jo C a rlson: 18 Joa r EM K let t e : 20 A sh le y Gilbe r t son: 22 M i ms y Mølle r : 36 P aul Aude st a d: 53 Hu go O pd a l: 56 He nnin g Lyst a d: 57 Hel g e H a nse n: 59 S i r i Juell R a smus se n: 66 E s pe n G e e s : 80 E dw a rd Ma pplethor pe : 8 4 D a g og t id: 85 K j et il Als v ik : 86 T i na Åmodt : 89 L ar s Myhre n Hola nd: 92 Tommy E llin g se n: 99 No r sk språ k rå d: 100 Tove Knut se n: 101 G e ir Ar ne se n: 104

R EG I S T ER

Ir g e ns , Åshild 67 L andse m, I n g e r 52, 53 Ly st a d , He nnin g 65 Ok st a d , E lle 59 Q ua rello, Ma ur i z io A.C. 63 Sk yllin g st a d , O dd He nni n g 61 Tor set e r, Øyv ind 58

121


Følg oss på: www.twitter.com/samlaget www.facebook.com/samlaget og abonner på nyheitsbrev på www.samlaget.no


Marknadsavdelinga i Samlaget Litteratur: Anne Liv Tresselt Sals- og marknadssjef Mobil: 905 61 322 Epost: a.tresselt@samlaget.no Karin Helgøy Informasjonssjef Mobil: 970 19 865 Epost: k.helgoy@samlaget.no Siri IfarnÌss Salskonsulent Mobil: 950 29 198 Epost: s.ifarnaess@samlaget.no Maren Ingeborg Hvamstad Marknadskoordinator Kontor tlf: 48 31 94 32 Mobil: 412 26 449 Epost: m.hvamstad@samlaget.no


Jon Fosse Olavs Draumar


Katalog Årets bøker frå Samlaget