Skip to main content

Ishavet

Page 1

Mannskap p책 vandring over isen etter at skuta deira har forlist. Ismarka var stor.


GUNNAR MYKLEBUST

ISHAVET PELSDYRFANGST OG VÅGEMOT

Samlaget Oslo


INNHALD 6 forord 8

ÅKEREN I ISHAVET

16 DYRELIVET LENGST 24 Elfenbein i Arktis 28 Kvit, vill og vakker 35 39 41 45 51

NORD

DEI FØRSTE FANGSTANE Plimsolls mareritt Dristige skipperar på ukjent hav Selkongen Svend Foyn Nansens første tur

57 EIT NYTT HUNDREÅR 61 Ishavsbygda 69 I tevling med danskane 80 92 95 103 107 114 124 135 142 149

BARSKE OVERVINTRARAR «Pusten» Lindquist Isbjørnkongen Hyttebyggaren i Sassen Bay Pølseseljaren i Storgata Den hardt prøvde Bjørvig Ei dødsreise Ishavets baron von Münchhausen Ein umåteleg ung fangstmann Kvinnene på overvintring

159 SKUTENE LEGG UT 165 Ikkje rom for hestar og kvinnfolk 169 Livet om bord


176 182 188 198

Den fordømte hakapiken Draum og røyndom på fangstfeltet Skyttar og skipper Det store varpet

203 207 209 215 229 234 240 244 252 255 263 277

Den steinharde blåisen På leiting etter nye felt Drama i Nord-Atlanteren Isens Ulabrand Kanadisk selfangst Risiko og forlis Sju skuter borte Sensasjonen på Kvitøya Ein ny generasjon Tragedie i Vestisen Skuta som ikkje ville forlise

FANGSTFELTA

284 GOD MAT OG LÅKE FINGRAR 297 Lott og hyre 302 Mottaket 307 … og heime sat kvinnene 313

NORSK OKKUPASJON

325 DÅ SELFANGSTEN FEKK DØDSSTØYTEN 339 Fangstinspektøren på «Harmoni» 348 Mediestorm og gransking 356

TILBAKE TIL NATUREN

359 skuteliste 378 kjelder


FORORD Ishavet er eit uklart geografisk område. Namnet står ikkje på noko kart. Likevel er det knapt nokon annan del av kloden som har forma landet vårt sterkare, gitt oss identitet og gjort oss til det vi er. For generasjonar av norske fangstfolk har ishavet vore målet for utkome så vel som for spenning og eventyr. Ishavet var der sjø og is møttest, i praksis kor som helst mellom dei russiske øygruppene Novaja Semlja og Frans Josefs land i aust og Davisstretet mellom Canada og Grønland i vest. I jakt på skinn og spekk la forfedrane våre av garde i skrøpelege farkostar, eller dei isolerte seg i kalde fangsthytter gjennom beksvarte vintermånader. Dei var villige til å sette livet på spel i vona om å kunne vende heim med meir enn dei hadde med ut. Dei vann og tapte. Men kvar gong flytta dei grenser, henta kunnskap og bygde kompetanse. Med dette vågemotet og denne risikoviljen la tusentals fangstmenn også grunnlaget for dei store norske polferdene. Eg har aldri vore på ishavsfangst. Likevel kjenner eg meg knytt til ishavet. I slekta mi er det sjøfolk og fiskarar i fleire generasjonar, og eg har levd barneår i ishavsbygda Brandal. Eg har sett skutene gå og kome og beundra staute mannskap som har skapt velstand i lokalsamfunnet. Og eg har kjempa med høgdeskrekken for å bestå manndomsprøva i ungeflokken: å klatre opp i tønna på ishavsskutene. Det har gitt ei djup forståing av kva dei gamle skipperane utsette seg for då dei styrte skutene i storm og dønning. Det har også gitt innsikt i den røffe humoren som «ishavbispen» Monrad Norderval spegla gjennom replikken til faren, fiskeskipperen: «Pass de’ no gut, så du ikkje dett’ ned og skjemme’ ut dekket for me’! Vi ha’ nettopp spylt!» Dei fleste av oss er tiltrekte av det som overgår vår eiga yteevne. Vi lèt oss fasinere av det vi sjølve aldri kunne få til. Slik er det med meg og ishavet. Eg legg gjerne ut på vågal ferd gjennom andre og kan leve meg inn i dei ytste menneskelege prøvelsar trygt plassert i stolen heime. Den norske kvardagen er samtidig heilt omsnudd sidan oldefedrane våre var på fangst. Velstanden og den sosiale tryggleiken i dag står i skarp kontrast til kampen for tilværet den gongen dei verken hadde forsikring, trygd eller pensjonsavtale. Bragdene og tragediane er hendingar frå vår nære fortid. Og samtidig så ufatteleg langt borte frå det Noreg vi har i dag. Det er skrive mange bøker om ishavet og norsk fangsthistorie. Mange av

6 | FORORD


dei ligg til grunn for denne boka. Dagbøkene etter fangstfolka har også vore viktige kjelder. Sitata frå desse bøkene er nær uredigerte. Eg vil at lesaren skal bli kjent med originalen. Enkelte feilstavingar er retta for å klargjere meininga, og somme ord er tilføydde i parentes for å forklare forkortingar. Eg har også sett inn enkelte komma og punktum for å gjere lesinga enklare. Semikolon var populært på den tida, men elles kunne dei som førte dagbøker, skrive side opp og side ned utan teikn. Det er mange å takke for hjelp. Eg har lent meg tungt til det arbeidet som redaksjonen av bladet Isflaket har gjort gjennom 15 år. Entusiastane ved Ishavsmuseet Aarvak i Brandal har samla eineståande vitnemål frå norsk selfangst gjennom det siste hundreåret. Museumsstyrar Webjørn Landmark har i tillegg stilt arkiv til disposisjon og kome med innspel og tilbakemeldingar undervegs. Ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø har Ivar Stokkeland og Harald Dag Jølle på same måte opna dører og hjelpt til med arkivmateriale. Og det digitale arkivet til Nasjonalbiblioteket er eit skattkammer. Takk også til Lena Aarekol ved Polarmuseet i Tromsø, Tore Sørensen ved Statsarkivet i Tromsø, Tore Haug ved Havforskingsinstituttet i Tromsø, Knut Slinning Bjørdal og staben ved Ålesund bibliotek, Haakon Livland ved Slottsfjellsmuseet i Tønsberg, Lone Kirchhoff og staben ved Vestfoldarkivet, Jan Erik Ringstad ved Hvalfangstmuseet i Sandefjord og staben ved Sandefjord bibliotek. Eg takkar i tillegg dei som har tatt seg tid til å snakke med meg: Ottar Brandal, Karl Johan Brandal, Odd Eiken, Else Karlsen, Bjørne Kvernmo, Nils Pilskog, Christian Rieber og Liv Skarbakk. Fritt Ord og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (nff) har med stipendmidlar gjort boka muleg. Takk til begge institusjonar! Like eins takk til Bente Riise i Det Norske Samlaget, som både tok initiativet til boka og har ført den fram til ferdig produkt. Og til Kristin i heimen, som har oppmuntra og gitt meg støtte og rettleiing som folkets førstelesar. Oslo, mai 2014 Gunnar Myklebust

FORORD | 7


HÅLOGALAND BJARMLAND

NOREG Skiringssal

SVERIGE DANMARK ENGLAND

Hedeby

London

Fangstmannen Ottar frå Hålogland vitja både bjarmane i Kvitsjøen og kongen i England sist på 800-talet. Forteljinga hans til Kong Alfred er også den første kjende forteljinga om Noreg.

8 | ÅKEREN I ISHAVET


ÅKEREN I ISHAVET Nordmannen og selen har ei lang, felles historie. I Skjonghelleren på Valderøy er det funne 29 000 år gamle restar etter ringsel. Helleren, som vender vestover mot storhavet på Sunnmøre, kan ha vore buplass i dei aller tidlegaste tidene på kysten. Selen var – saman med reinsdyr – det viktigaste byttedyret for dei som busette seg her. Truleg var selen så tilgjengeleg i førhistorisk tid at folk ikkje trong å mane den fram med kultiske handlingar, som å riste den i fjellet. Selen er nesten fråverande i norske helleristingar. Etter som forfedrane våre vart meir bufaste, la dei sommarbustaden sin nær yngleplassane til selen. Av den fekk dei mat og klede. Og båtar. Mange hevdar at skinnbåten er eldre enn trebåten her nord. Eit «sel-veide» var ein stad der selen samla seg. Den bonden som rådde over eit veide, var godt skodd. Dei første norske lovverka, som Frostatingslova, verna bønder som hadde selveide. Det var forbode for andre å jakte på selen utan løyve. Mange stadnamn langs kysten er festa på ord som «sel», «erkn» og «kobbe». Dei fortel kor selen var å finne. Slike namn møter vi til og med langt oppe i enkelte elvar (som Kobbøyra i Namsen). Truleg er det laksen som har lokka selen til slike uvanlege samlingsstader. I Danmark meiner dei namnet Sjælland kjem av Seløya, og også den tyske øya Sylt har fått namnet sitt fordi selane samla seg der. Den første fangstforteljinga vi kjenner, er om sjøfararen Ottar, som segla rundt heile finnmarkskysten og inn i Kvitsjøen for over 1100 år sidan. Reisa må ha føregått ein gong mellom år 870 og 890. Ottar var frå Hålogaland. I praksis kunne det vere kor som helst nord for Trøndelag, men mest truleg budde han ein stad i Troms. Han var herse – eller høvding – og reineigar. Han fangsta og handla med skinn. Ein gong etter 890 segla han sørover heile vegen til England. Der møtte han kong Alfred den store, som fatta interesse for det nordmannen hadde å fortelje. Det er kongen, eller sogeskrivarane til kongen, å takke at vi kjenner til Ottar.

ÅKEREN I ISHAVET | 9


Han segla, ifølge nedskrivinga til Alfred, «lenger nord enn kvalfangarane». Han fortel at han deretter følgde kysten austover, og at han enda hos bjarmane i elveosane i Kvitsjøen. Han ville jakte på kvalross, fordi den hadde fine tenner og hud som kunne bli skipsreip. Vi kjenner også til at andre på Ottars tid drog vestover i havet og slo seg ned på Island og Grønland. Og at dei la ut på nye dristige tokt. Ikkje berre til Amerika, men også nordover i ishavet. Det var fangst som dreiv dei. «Svalbard er fundin», heiter det i dei islandske ættesogene alt på 1100-talet. Ættesogene fortel om fangstekspedisjonar etter sel, kval og isbjørn langs grønlandskysten, og at islandske høvdingsøner vart sende til Noreg med kvalrosstenner og reip av kvalrosshud som gåver. På denne tida var klimaet mildare, og den grønlandske austkysten hadde store gardar. Bøndene fangsta sel og laga tjøre av spekket til å smørje inn båtane sine. Den islandske historieskrivaren Bjørn Jónsson omtaler ein mann som heitte Lodin, og som levde rundt 1050. Lodin hadde som vane å dra nordover frå dei grønlandske bygdene og hente heim lik av veidarar og forliste sjøfolk. Desse turane hans gav han namnet Lik-Lodin. Han fann dei døde mennene i steinholer og kløfter i fjellet, der dei truleg hadde søkt opphald. Saman med dei skal han også ha funne fangstreiskapar og visstnok enkelte gongar runer som fortalde historiene til dei døde. For grønlendarane var selkjøt viktig mat, og i handelen med utlandet var sel og kvalross det dominerande. Men då klimaet forverra seg på 1400-talet, vart jordbruk umuleg for dei norrøne busettarane på Grønland. Dermed slutta også fangsten. Samtidig endra marknaden for skinnprodukta seg. I vikingtida var skinn den viktigaste vara nordmenn hadde å by omverda. Men dei fekk aukande konkurranse frå den vestrussiske byen Novgorod (Holmgard kalla vikingane den). Samtidig vart ull meir populært til klede og behovet for skinn mindre. Selen mista også betydning som mat då fisket vart meir omfattande. Den eldste måten å drepe selen på var å slå den i hel med stein eller trestokkar. På enkelte øyar langs kysten av Nederland og Tyskland brukte dei visstnok knyttneven til å drepe nyfødde selungar langt inn på 1900-talet. Men harpunen kom tidleg i bruk, i alle fall i den yngre steinalderen. Teorien er at veidemennene festa harpunspissen til ein trestake som dei kasta etter dyret. Når spissen var fast i byttet, rykte dei trestaken laus. Samtidig var det festa ei line frå harpunspissen til ei oppblåst svineblære eller ein kumage. Ved hjelp av denne blåsa kunne dei følge selen og trekke han til land og avlive han.

10 | ÅKEREN I ISHAVET


Kvalrossen var framstilt som eit havmonster i mellomalderen. Den tyske kunstnaren Albrecht Dürer laga denne teikninga i 1521, truleg etter å ha sett eit kvalrosshovud frå Noreg.

Ein annan metode var å omringe dyra på stranda eller på grunt vatn og hindre dei i å nå sjøen, og så klubbe dei i hel. Presten Hans Strøm omtaler dette i Beskrivelse over Fogderiet Søndmør frå 1762, i eit avsnitt om garden «Sydnes» på Vigra: «Maaden, hvorpaa Fangsten skeer, er kun ganske eenfoldig, og bestaaer deri, at Fiskerne, saa snart de fornemme Kobben i nogen Mængde naa Bugten, tage ud med en Deel gamle Torske-Garn, og ved Hielp af dem drive først Kobbene ind til Landet, og slaae dem siden ihiel med Træe-Stokke.» Slik gjekk gardane på Vigra saman og fangsta sel til andre halvdel av 1800talet. Ved fjøre sjø sperra dei vika med sterke garn og tok seg varsamt inn mot kobbane. Når dyra ante at noko skjedde og dei prøvde å kome seg i sjøen, vart dei stansa av garna og drivne tilbake inn mot land med steinkasting og skrål. Og slått i hel med staurar. Området må ha vore selrikt. Like vest for Vigra ligg øya Erkna med eit kjent fyr og eit namn som tyder på at det var ein samlingsstad for sel. Og litt sør for Erkna finn vi ifølge Strøm fleire småøyar og holmar «hvor intet Creatur kan opholde sig, undtagen Søe-Fuglene og Kobben. Denne sidste skal her i

ÅKEREN I ISHAVET | 11


Willem Barents frå Nederland gjorde tre oppdagingsreiser i ishavet i 1590-åra. Han døydde på den siste turen, her måla av Christiaan Julius Lodewyck Portman i 1836.

de ældre Tider være fangen paa en artig Maade, som nu omstunder er ganske ubekiendt, nemlig ved visse i Klipperne fæstede Jern-Pigger eller Fod-Angler, i hvilke Kobben, naar den efter Sædvane væltede sig ned ad Klipperne, for des hastigere at kunde naae Søen og undgaae Fiskernes Efterstræbelse, ble heftet og standset saa længe, at Fiskerne ved Hielp af en Aare, eller andet saadant, kunde faae Leilighed til at dræbe og fange den.» Artig? Vel, vel. Neppe å tilrå i nyare tid. Fangstmåtane andre stader langs kysten var like groteske. Selkrokar av ymse slag var vanleg. I Nord-Noreg la dei tjukke krokar festa til ei lang line rundt liggeplassane. Når selen vart skremd til å gå i sjøen, gjekk den seg fast i krokane – lenge nok til at dei kunne drepast. I Tana skal dei ha gøymt krokane i elvesanden. Her skremde dei selen med børseskot og huka den fast når den prøvde å stikke av, og så klubba dei den i hel. Det seiest også at dei fanga sel med ulvesaks i Tana. Etter som hundreåra gjekk og ferdselen langs kysten auka, drog selen seg

12 | ÅKEREN I ISHAVET


unna mange av dei gamle samlingsplassane sine. Og veidemennene fekk nye fangstmål. Småkval – nise, brugde og håkjerring – gav meir spekk enn selen. Spekk var framtida. Det gav lys og varme. Då folk flytta grua til kroken i stova, mista dei lyset frå eldstaden midt i rommet. Det vart behov for nye lyskjelder. Spekket vart råvare til tranlampane. Tran fekk dei ved å koke spekket, og det beste av oppkoket gjekk til lampane. Det nest beste vart brukt til å smørje klede og husveggar. Det som då var att, fekk grisen. Kongen i København hadde gode inntekter av selspekket, både fordi han tok det inn som skattar og avgifter, og fordi han sjølv hadde mange eigedommar langs kysten. På den same måten hadde erkebispen gardsbruk med god avkasting. Og mange stader betalte folk tienda til presten i form av spekk. Hans Strøm omtalte i Søndmør-beskrivelsen sin også kvalrossen, men hadde tydelegvis ikkje sjølv sett dette eksotiske dyret: «Valross skal gandske ligne en Springer med et høyt horn paa Ryggen men Sporen liig en helle flyndre, vel 3 til 4 Alen i yderste Ende den er og sort paa Ryggen og hviid under Bugen som Springeren … Det saa kaldte Gamber Horn som skaves og indgives mod guulsodt, maae udentvil være en Tand af dette dyr, effterdi man siger det sidder paa et Søe-Dyr, og at det derved hænger i Klipperne …» Sjølv om kvalrossen – også kalla rossmål – fanst langs store delar av norskekysten, var den ikkje meir vanleg enn at den fekk eit mytisk ord på seg. Historia Norvegiæ, som var skriven av ein ukjent norsk munk seint på 1100-talet, snakka om dette merkelege dyret, som visstnok hadde berre eitt auge, og som med den frynsete manken sin fór vilt fram der ute på havet. Endå meir fantasifull er skildringa til den svenske erkebispen Olaus Magnus. Han skreiv på 1500-talet om den enorme «fisken» nord i Noreg, på storleik med ein elefant. Magnus omtalte kvalrossen som eit monster som heldt seg i sjøkanten og kasta seg over menneska og drap dei. Han påstod også at den kunne klatre i fjellveggen ved hjelp av dei svære tennene sine og legge seg til å sove der. I denne svenske framstillinga nytta då nordmennene ein fæl metode til å sikre seg den verdifulle huda: Dei skar opp huda medan dyret sov, og festa reip til den. Så kasta dei stein i hovudet på dyret, slik at det sklei utfor fjellet og fekk den ettertrakta huda skrelt av kroppen. Etter kvart som dei grunnleggande menneskebehova for mat og klede var dekte, oppstod nye behov og ny etterspørsel. Støyttennene gjorde kvalrossen særs populær. Ute i Europa kunne «Nordens elfenbein» bli til vakkert kunsthandverk, både sjakkbrikker og smykke. Erkebispen i Nidaros, Erik Walkendorf, skal i 1520 ha lagt ut på ei reise

ÅKEREN I ISHAVET | 13


til Roma med eit kvalrosshovud som gåve til paven. Reisa stansa i Nederland på grunn av uvêr. Det seiest at det kan vere dette hovudet som inspirerte den tyske kunstnaren Albrecht Dürer til å lage det som er rekna som det første kunstverket i historia med kvalrossen som motiv. Dürer daterte teikninga 1521, på eit tidspunkt då han skal ha budd i Nederland. Kanskje var teikninga til Dürer også uttrykk for den nyvekte interessa for det ukjente nord, spenninga og utforskartrongen. Både nederlendarane og engelskmennene trudde det var muleg å kome seg til India via ein sjøveg i ishavet. Det er ikkje utenkeleg at russiske fangstfolk og eventyrarar hadde vore langt oppe i ishavet alt i mellomalderen. Baskiske sjøfolk hadde fangsta kval på finnmarkskysten då nederlendarane tok det neste steget og gjekk i land på Novaja Semlja i 1584. Fleire ekspedisjonar følgde. Og det var på ein av desse ekspedisjonane – i 1596 – Willem Barents oppdaga først Bjørnøya og så Spitsbergen. Barents fortsette austover og ville gå nord for Novaja Semlja i jakta på Nordaustpassasjen. Men der gjekk skuta seg fast i isen. Ei hard overvintring følgde. Mannskapet reiv sund store delar av skuta for å bygge hytte og overleve. Ut på våren la dei av garde mot Kolahalvøya i to opne båtar. Barents var blant dei som døydde på vegen. Gjetordet gjekk fort om kva Barents hadde oppdaga, både øyane og dei enorme mengdene dyr. Det vart kappestrid mellom engelskmenn, nederlendarar og tyskarar om å ta ut mest muleg av dei tilsynelatande grenselause ressursane. Spekk og olje var ettertrakta og høgt prisa, og partane fann fort ut at dei ville tene på å dele kystane ved Svalbard mellom seg. Dette uroa den dansk-norske kongen, som i 1615 sende ein flåte nordover for å sikre interessene sine. I løpet av få år var det bygd opp eit fullt utvikla bysamfunn med hundretals fastbuande på Svalbard. I Smeerenburg på Amsterdamøya nordvest for Spitsbergen skal det ha vore butikkar og kyrkje, serveringsstader og bordell, i tillegg til kvalmottak med spekkokeri. På det meste var det over 300 skuter på fangst i ishavet. Nederlendarane kunne ha nærare 250 skuter aleine. Dei gjekk først og fremst etter grønlandskvalen. Men risikoen var høg og forlisa mange. Rivaliseringa var såpass kvass at skuter som kom inn til Svalbard for å søke naudhamn, var nøye med å vise at dei kom i fred dersom hamna tilhøyrde ein annan nasjon. Då stua dei harpunen godt unna, slik at det ikkje skulle oppstå misforståingar. Det kunne ikkje vare. Grønlandskvalen tok til å forsvinne frå Spitsbergen. Men den intense jakta heldt fram både vestover og austover. Fangstfolka fekk

14 | ÅKEREN I ISHAVET


Nederlandsk kart frå 1599 som skal vise den tredje reisa til Willem Barents, då han måtte overvintre på Novaja Semlja. Han døydde på heimturen forsommaren 1597.

meir kunnskap om isen, og skutene vart sterkare. Det gjorde at bestanden av både kval og kvalross minka på alle felt. Då vart selfangst eit alternativ. Mange nederlendarar hadde forbod mot å ta med sel heim så lenge det var plass til kval om bord. Éin kval kunne gi like mykje spekk som 1000 sel. Men då tyskarane kom sterkare med på slutten av 1600-talet, auka også selfangsten. Dei første reine selfangarane var på feltet rundt 1720. Nokre tiår seinare logga dei nederlandske skutene inn nesten 100 000 sel om året. Spekket var meir etterspurt enn nokon gong. Det gjekk til medisin og matvarer, såpe og smørjing. Samtidig fekk skinnhandelen ny fart. Både Tyskland og Italia hadde skinnauksjonar. Ikkje for å sy pelskåper, men for å lage sko og hanskar, handvesker og koffertar, møbeltrekk og sengteppe. Ishavet var blitt ein formidabel åker å plukke i.

ÅKEREN I ISHAVET | 15


DYRELIVET LENGST NORD Havforskarane snakkar om to slag selar: øyreselar og «ekte» selar. Dei som lever i det norske ishavet, er dei «ekte» selane: havert (også kalla gråsel) og steinkobbe (fjordsel), som vi har på norskekysten, og grønlandssel, klappmyss, storkobbe (blåsel) og ringsel (snadd), som lever på og ved isen. Øyreselane er dei, i norske auge, meir eksotiske artane: sjøløver og pelsselar som lever i Stillehavet og på den sørlege halvkula. Dei har namnet sitt fordi dei har ytre øyre. Vi har ein art av øyreselane også her nord, kvalrossen. Dei to typane sel er meir ulike enn vi kanskje trur frå bilde og filmar. Dei har den same straumlinjeforma og veltilpassa kroppen for eit liv i vatn, og sveivane (armar og bein) er korte og ligg tett inn til kroppen. Men forskarane meiner å vite at dei kjem frå ulike forfedrar. Øyreselane er i slekt med bjørnane og meir tilpassa livet på land. Øyreselane bruker alle sveivane til å «gå» med, medan dei ekte selane er tydeleg mindre komfortable der dei humpar av garde på brystet med lite hjelp frå sveivane. I sjøen, derimot, finn dei ekte selane seg langt betre til rette. Dei svømmer kvikt og lekkert med baksveivane som drivkraft og framsveivane som ror. Øyreselane er mindre elegante i vatnet. Dei padlar med framsveivane og styrer med baksveivane. Selen er ein fantastisk dykkar. Det er registrert sel på over 500 meters djup, og dei aller dyktigaste kan halde seg under vatn i 45 minutt. Det er den store mengda hemoglobin, det raude fargestoffet i blodet, som gir selen denne evna til å dykke. Og som gjer at blodet til selen er uvanleg mørkt. Hemoglobinet tar opp oksygen og lagrar det før dyret stenger naseborene, reduserer hjartefrekvensen og dykkar. Zoologen – og seinare filmmannen – Per Høst studerte i 1930-åra verknaden av dette imponerande oksygenopptaket på sovande selungar på isen: «Jeg la flere ganger merke til at åndedrettet under søvnen var merkelig uregelmessig hos dem. Undertiden kunde de puste regelmessig gjennem en

16 | DYRELIVET LENGST NORD


Ein sjeldan velutstyrt sel på dekket av fangstskuta «Isbjørn» i 1932.

lengere tid, men der kunde også være kortere og lengere respirasjonspauser, ofte på flere minutter. Under respirasjonspausene var neseborene stramt tillukket slik at spaltene bare så ut som to streker.» Han oppdaga at selane også kunne sove i sjøen. Ein fordel, sjølvsagt, når dei er på vekelange vandringar på ope hav. Høst gjorde eit eksperiment med tre ungar som han tok om bord i fangstskuta. Han fjerna alt inventaret i ein livbåt, fylte den med vatn og la ungane oppi. Der hadde dei ingenting å kvile på, men måtte svømme rundt til dei eventuelt sovna. Dei var då fire veker gamle og hadde vore i sjøen i to av desse vekene. Ein dag fann han dei sovande i vatnet: «De lå helt ubevegelige i vannskorpen, så det viste sig at det ikke var nødvendig for dem å utføre noen svømmebevegelser for å holde sig flytende. Det viste sig siden at de alltid har lungene fyldt med luft og holder luften inne når de ligger på denne måte. De lå med buken ned, fremsveivene presset tett inn til kroppen, hodet under vann, og bare nakken og ryggen stakk op over

DYRELIVET LENGST NORD | 17


Klappmyssen er den største av dei ekte selane i Arktis. Pelsen er sølvgrå med svarte flekkar. I motsetnad til grønlandsselen viser klappmysshoa stor vilje til å forsvare ungen sin.

vannflaten. Øinene og neseborene var tett igjenpresset. På denne måte kan selen ligge i flere minutter. Så kommer, rent som en refleksbevegelse og uten at selen våkner, snuten igjen opover slik at den så vidt stikker op over vannflaten, neseborene åpnes, og der pustes flere ganger ut og inn i løpet av 20–30 sekunder. Så lukkes neseborene igjen, snuten synker igjen langsomt under vannflaten, og selen sover rolig videre i noen minutter inntil snuten igjen helt automatisk stikkes op som ovenfor beskrevet. Undertiden åpner den så vidt øinene like før hodet skal dukkes under. Men er der intet mistenkelig, ser det ikke ut til at den våkner, øinene lukkes langsomt igjen, og hodet synker ned under vannskorpen.» Fire veker gamle, men med velutvikla instinkt mot truslar og farar. Morlause før det er gått 14 dagar. Det er ei på alle måtar iskald verd dyra kjem til. Som nyfødd blir grønlandsselen kalla kvitunge eller kviting på grunn av fargen. Ungen får god næring frå morsmjølka (over 50 prosent feitt) og veks fort, 2–3 kilo kvar dag. Det betyr at ein unge som er 12 kilo ved fødselen, gjennom ammeperioden kan kome opp i 30 kilo. Som ein fangstmann sa etter å ha følgt med på kor fort desse ungane la på

18 | DYRELIVET LENGST NORD


seg: «Vi såg faktisk spekket vaks for kvar dag. Mjølka til mora var så tjukk at den rann ikkje. Ho berre seig. Det var som rjome.» Men naturen er nådelaus. Mindre enn to veker gammal begynner ungen å røyte og mistar den vakre, kvite pelsen. Då stikk mora av, og den vesle må klare seg sjølv. Den må lære seg å svømme og finne mat og er nokre dagar svært sårbar. Den blir i denne overgangen kalla «lørv» eller lørvunge, før den ein månad gammal er blitt til gråunge eller svartunge. Deretter heiter den brunsel, før den blir kjønnsmoden og går over til å bli gammalhund. Då har den fått den særmerkte, store mørke flekken på ryggen, «salen» som har gitt den namnet salsel. Og medan ungen slit med dei første, vanskelege dagane på eigne luffar, går den vaksne selen i gang med å planlegge nytt avkom. Paringa skjer ganske snart etter at amminga er over. Deretter drar selen til sjøs for å ete, før den dukkar opp ved isen igjen for å røyte, faste og slappe av. Når denne hårfellinga er over, legg grønlandsselen ut på ny vandring for å finne mat. Då er appetitten stor. Ein vaksen sel kan lett legge i seg fem kilo fisk på ein dag. Reisene er imponerande lange nordover langs isbelta. Ein sjeldan gong dukkar dyra opp også på norskekysten. Då snakkar folk om «kobbeår», som i 1902 og 1903, då hundretusentals grønlandssel invaderte kysten heilt sør til Vesterålen. Mange har undra seg over korleis mora til grønlandsselen er i stand til å finne igjen ungen sin på dei enorme yngleplassane. Der ligg det tusentals nyfødde kvitungar, umåteleg like. Og mora er ofte i sjøen fleire gongar om dagen, sjølv om ho ammar. Det kan vere langt unna til ope vatn og mange andre småtassar å passere på vegen. Ungane vraltar både hit og dit. Og dei skrik og klynkar i eit konstant kor. Når mora då stikk hovudet opp av sjøen igjen, har kanskje også isen flytta på seg. Men ho finn alltid den rette. Venteleg er det lukta ho går etter. Ho snusar gjerne på andre einslege nurk på vegen og kan vere temmeleg brysk overfor dei som ikkje høyrer henne til. Men tilsvarande kjærleg overfor sin eigen når ho finn den. Fangstfolk fortel også at dei har sett mora pakke ungen inn i kvit snø når ho skal vere borte litt. Då er det uråd å sjå den kvite ulldotten på den like kvite isen, om det ikkje var for dei svarte auga. Klappmyssen er litt større enn grønlandsselen, men ikkje like utbreidd – den er sjeldan i Austisen. Den har eit blågrått skinn med uregelmessige mørke flekkar og eit svart fjes. Namnet sitt skal den ha fått av nederlandske eller tyske ishavsfolk som

DYRELIVET LENGST NORD | 19


meinte at hovudet til selen minte om luene til sjøfolka, «klappmütze». Den store hannen har ein særmerkt hudfald eller pose hengande over snuten. Den kan han blåse opp som ein ballong. Denne «hetta» fortel at han er sint eller skremd eller på anna vis opphissa. Særleg i paringstida. Klappmysshannen er derfor kalla hettakall på norsk. Ungen til klappmyssen er nesten dobbel så stor som ungen til grønlandsselen når den blir fødd, over 20 kilo. Livet er ikkje lettare av den grunn. Klappmyssen ammar nemleg ungen sin i berre 4–5 dagar, kortare enn noko anna pattedyr. Men så er det ingen andre som kan by på tilsvarande morsmjølk. Feittprosenten er på rundt 70, og ungen drikk 10 liter om dagen. Den utviklar eit tjukt spekklag og kan doble vekta på den korte veka. Mens grønlandsselen ligg i store flokkar, mødrer med ungar, går klappmyssen saman i familiar – med hann og ho (hettakall og mus) og unge. I motsetnad til mora til kvitungen viser klappmyssmora stor vilje til å forsvare avkommet når det er trua av fare. Det sterke morsinstinktet er samtidig kortvarig. Når amminga er over, forsvinn «musa», og ungen må klare seg sjølv. Ein annan viktig skilnad er at ungen til klappmyssen feller ullpelsen alt i forsterlivet. Den kjem ut med eit korthåra, glatt og blåfarga skinn som har gitt den namnet «blueback» eller blågris. Dette ettertrakta kledet gjer at den foreldrelause fasen er kortare for klappmyssungen enn for kvitungane. Ungane til grønlandsselen må ligge på isen og kvitte seg med hår før dei kan gå i sjøen og finne mat. At klappmysshannen, hoa og ungen ligg saman, betyr ikkje at det er far til ungen som er der. Heller er det far til neste års unge, ein som alt har vunne over rivalane sine i tevlinga om akkurat denne hoa. Han ventar berre på at ammeperioden skal bli ferdig. Gammelhunden – grønlandsselhannen – melder seg derimot i kastelægera først etter at ungane er fødde. Kampen om hoene skjer når dei er klare til å pare seg. Taparane er ofte dei yngste hannane, nybegynnarane. Dei får vente på nye sjansar neste år. For ingenting tyder på at dyra har faste partnarar. Når paringa er ferdig, legg hoe og hann ut på det store havet og ser nok aldri kvarandre igjen. Paringa skjer straks amminga er over. Det betyr at hoene er drektige i over 11 månader. Men selen er blant dei dyreartane som kan utsette fosterutviklinga. Det befrukta egget ligg nokre månader utan å endre seg stort. Då har mora vore og ete på fiskebankane, hatt ei kviletid på isen for å felle hår og faste og så igjen dratt på langtur for å ete. Først på seinsommaren begynner fosteret å utvikle seg.

20 | DYRELIVET LENGST NORD


Zoologen og filmmannen Per Høst studerte sel gjennom fleire tiår på dei norske fangstfelta. Her merker han sel i Vestisen i 1951.

Men den kortvarige kurtisen og parleiken er interessant. Per Høst formidla det levande etter å ha vore med norske fangstskuter på feltet i mellomkrigsåra: «En dag kunde jeg således i lengere tid iaktta et par som holdt til ved en råk noget 100 meter fra skuten. Hunselen lå oppe på isen ved kanten av råken, mens hanselen boltret sig i vannet nedenfor. Her holdt den fullstendig svømmeopvisning. Snart svømte den på ryggen mens den utstøtte lange blåselyder, snart dukket den under, skjøt så lynsnart op igjen, hoppet så høit at den nesten var klar av vannet, falt ned igjen med et plask, gjorde flere kolbøtter på rad og svømte i ring i råken, mens hunselen strakte hals ute ved kanten av flaket

DYRELIVET LENGST NORD | 21


og interessert så på. Etpar ganger så det ut til at den vilde styrte sig ut i råken til hanselen, men såsnart denne nærmet sig, trakk den sig sky nogen meter baklengs innover flaket igjen. I et stadig villere tempo fortsatte hannens svømmeopvisning derute i råken, og hunselen begynte tydeligvis også å bli mere og mere ophisset. Rastløst krøp den frem og tilbake ved kanten av flaket, og av og til strakte den hals og bøiet hode og forkropp langt tilbake, samtidig som den hevet bakkroppen høit op fra isen slik at hele kroppen stod i en bue og dens eneste berøringspunkt med isen var en ganske liten flate under det midterste av buken. I denne spente stilling kunde den bli stående lenge, og så med en liten vrikkende bevegelse med forkroppen gi sig et par puff med fremsveivene mot isen og snurre flere ganger rundt, bremse igjen med fremsveivene mot isen, stoppe op og så gi sig til å krype frem og tilbake igjen, mens den hele tiden med fremstrakt hals fulgte hanselens bevegelser ute i råken. Pludselig skyter hanselen som en rakett op av vannet og inn på flaket til hunnen, og så hurtig at man nesten ikke kan skjønne hvorledes det kan ha foregått, har den med nogen voldsomme puff veltet hunnen med sig ut i råken, hvor de begge forsvinner med et plask. En liten stund efter kommer de op igjen og blir nu liggende stille ved kanten av flaket, hvor tydeligvis parringen foregår.» I menneskeverda ville ei slik vaksenåtferd naturlegvis blitt slått ned på. Ikkje kurtisen og paringsleiken, men det at den skjer på kostnad av dei hjelpelause krypa som ligg igjen på isen og ikkje er heilt klare for livet. Men hos selen er det ingen straffereaksjon mot foreldre. Straffa er det eventuelt barna som må ta. Desse dagane aleine på isen er dei vanskelegaste i selens 30årige liv. Det er heller ikkje fangstmannen som er den verste fienden. Isbjørn, spekkhoggar og håkjerring har oppdaga at dei lett kan skaffe seg eit måltid når kvitungen ligg der og røyter utan nokon til å forsvare seg. Fangstfolk fortel om kor oppfinnsame både spekkhoggaren og håkjerringa kan vere for å få bikka dei små selane ned av isflaket og ut i sjøen. Men den aller største trusselen for ungen, både med og utan mor, er det isen sjølv som representerer. Skruisen. «Mest katastrofal må skruningen virke når den inntreffer mens ungene ennu er helt nykastet. Da har de tilsynelatende ingen følelse av at det er fare på ferde under skruning, ligger helt rolig og hjelpeløse og lar isen velte over seg. Når ungene begynner å bli litt større, henimot en uke gamle, ser det derimot ut til at de begynner å få en forståelse av at isskruningen kan være farlig. Dette har jeg flere ganger hatt anledning til å iaktta på isen. Unger som ellers har ligget helt rolige og dorske, blir så snart den knakende lyd av en

22 | DYRELIVET LENGST NORD


begynnende skruning bryter stillheten, straks urolige og begynner å krype rastløst omkring mens de hele tiden skriker. De søker da instinktmessig innover mot midten av flaket. Men mange går nok allikevel til grunne, idet de ofte har søkt ly i små ishuler inne i selve skrugarene, og i slike tilfeller blir de ofte skruet ned med det samme skruningen begynner», skreiv Høst. Om dei ikkje blir klemde i hel mellom isflaka, lever dei i fare for å drukne når sjøgangen mél flaka i stykke og dyra hamnar i sjøen. År om anna betyr dette massedød for dei nyfødde selungane, som enno ikkje kan svømme. Det er antatt at skruis enkelte år tar knekken på ein tredel av ungane. Ifølge Per Høst hender det også at dei nyfødde veltar seg ned i sjøen når dei kjenner seg trua, utan å vere trygge i svømmekunsten. Det som av og til då skjer, fortel han, er at mora dukkar opp under ungen og tar den på ryggen og svømmer vekk. Høst skildra kor ulike kvitungen og blågrisen kan vere. Klappmyssungane gir ikkje frå seg så mykje lyd og bidrar ikkje til slike jamrekor som kjenneteiknar kvitungane: «Av gemytt er de i almindelighet flegmatiske, men forsøker å komme unda eller bite hvis man tar efter dem, og allerede helt nyfødte unger viser frykt og forsøker å forsvare sig. En dag var jeg vitne til hvorledes en klapmytsunge på 17 kg blev tatt ut av den nyskudte drektige mor ved ‘keisersnitt’. I samme øieblikk fangstmannen hadde skåret over navlestrengen, begynte ungen å kravle vekk, og da fangstmannen forsøkte å ta den, bet den efter ham.» Klappmyssungen er også raskare til å kome seg i sjøen. Få dagar etter at mora er forsvunnen, prøver den seg på korte svømmeturar. Når fangstfolka – med orda til Høst – «plukka gris», var det ein periode midt på dagen dei nesten ikkje fann dyr på isen. Ungane var på trening: «Til å begynne med er de dårlige svømmere, svømmer tungt med hodet godt oppe over vannet og også baksveivene stadig stikkende op over overflaten. Men i løpet av noen få dager er klossetheten forsvunnet, og man ser den nu også ofte dukke, selv om de ikke er under vannet lenge ad gangen. Allerede en ukes tid efterat de voksne har forlatt legeret, opholder ungene sig for det meste i vannet, og de trekker efter hvert utover mot iskanten. Hermed ophører også stort sett fangsten.»

DYRELIVET LENGST NORD | 23


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Ishavet by Det Norske Samlaget - Issuu