amalie smith
i sivil gjendikta av siw-anita kirketeig
Samlaget Oslo 2016
There are things inside the body that are foreign to it, and there are things outside of it that belong to it
i sivil
5
6
September
Då eg er aleine med samlinga, tar ho ikkje lenger til seg det eg tilbyr ho. Ho støyter bort materiale og blir mindre. Eg veit ikkje om det betyr at ho er i ferd med å finne ei fast form, eller om ho tvert imot held på å gå i oppløysing. Korleis går ei samling i oppløysing? Med ein gong eller gradvis? Eg burde heller spørje: Kva er det som først får ei samling til å samle seg og henge saman? Er det ein vilje – eit subjekt, og i så fall: Er det samlaren sitt? Er det ein annan sitt, t.d. det «du» som samlinga vil få i tale? Kan samlinga i seg sjølv bli forstått som eit slags subjekt? Det har overraska meg i kor stor grad prosessane i samlinga (opptaking, omforming, organisering, opphoping og fråstøyting av materiale) skjer etter ein orden som ikkje er min. Nytt materiale kan forandre rekkefølga, trekke meir materiale med seg og støyte frå seg anna. Det er det innsamla som utgjer grensene for samlinga, og på den måten er det ikkje berre samlaren (eg), og den det blir samla med tanke på (han), men også samlinga sjølv, som kuraterer. Vi samla oss om omgrepa samling og oppløysing. 1 Kroppen hans gjekk i oppløysing og samla seg igjen. Han er blitt skanna, og sjukdommen kan ikkje lenger sporast i han. 7
2 Sjukdommen sette spor i oss. Vår felles kropp gjekk i stykke. Eg gjekk i stykke med den. 3 Eg kjente ei sterk lyst ved alle former for samling; privatsamlingar, museum, arkiv, raritetskabinett; tinga i tid, tinga i samanheng og tinga i seg sjølve. 4 Eg kjente ei sterk lyst ved alle former for oppløysing av; kroppane, tinga, minna, tida. 5 Cura er latin og betyr omsorg, pleie, skrift. Frå cura kjem curiosus: nysgjerrig, omsorgsfull, og seinare kuriosum: det nysgjerrigheitsvekkande. 6 Subjekt kjem av subjectum, som betyr underkasta. 7 Skrive: for ikkje å resignere, trøyste seg, vende seg mot veggen og sove igjen, som om ingenting har skjedd, som om ingenting kan skje. 8 Samlinga forsøker å foreine det som høyrer saman.
8
9
10
April er den vakraste av dei 48 münadene vi har kjent kvarandre No er det lyst før eg vaknar Eg merkar det som overbelyste, oppheta draumar
11
12
felleskropp
Putevaret er ein pose av stoff som vi trekker over hovudet. Vi klemmer hovudet inn mellom pute og stoff. Ein arm eller eit bein inn mellom kropp og stoff. Stoff og stoff. Kropp og kropp. Huda er ein membran, og væsker passerer gjennom ho. Ti tusen nervetrådar endar i leppene. Vi har kvar vår kropp, men også ein felles kropp i senga. Ein utvida kropp, som inkluderer senga. Og rommet og utsikta. I ei historie vi fortel, er det ein sirkel, og inne i den ein ny sirkel, og det held fram. Vi kikkar saman inn i tunnelen av sirklar, det uendelege fallet innover og utover. Rommet er åtte kanta, med åtte runde vindauge. Senga står midt i rommet. Vi kan sjå sola stå opp og gå ned frå senga. Månen står opp og går ned. Dynene er lette som skyer: Lys trenger gjennom sengetøyet. Ein dag er ein sirkel. Ein augneblink strekker seg loddrett på tvers av tida. Sirklar på golvet. Stable sirklar til eit røyr. La kroppen gli ned i røyret. Falle 10 eller 100 meter.
13
i senga
Eg vaknar nĂĽr sola stĂĽr opp bak huset, som sov ho i ei eske
14
Du seier at du lĂĽg vaken mesteparten av natta Du lĂĽg og tenkte pĂĽ kva vi kunne gjere saman
Fortel meg alt
15
Eg ser ei skjor lande i takrenna på huset overfor, og ei anna følger etter, spreier halefjørene ut
Du spreier beina våre i ei vifte utover lakenet
16
Når vi ligg i senga lenge nok, blir grensene mellom kroppane oppløyste
Eg seier: Nyfødde barn har grunn til å gråte når ein kler av dei, dersom det er sant at dei trur det er ein del av dei sjølve som forsvinn med kleda
17
Du er så stille og varm Kvadratmeter av hud som skalar av og sprekk av varme
Så går vi ned etter brød, kvitt surdeigsbrød, som du set tennene i, mens eg set tennene i deg, ein amorf struktur
18
Eg glir inn under dyna og vender meg til deg innanfrĂĽ
19