I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 24
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 1
Kristina Leganger Iversen
I ringane Roman
Samlaget Oslo 2015
1
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 26
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 3
O VARMEN SKOGEN HEIMEN O VÅREN HÅRET LYSET O FARGANE VINTEREN VATNET O RINGANE
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 4
Ein kjÌrleik, ei sorg ei glede, ei smerte Ei mor, ein far ei søster, ein bror Ein heim, eit hus eit blod, eit hjarte Til A/N, for alltid
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 5
O
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 6
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 7
VARMEN
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 8
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 9
Ho ligg på badegolvet, på dei varme, kvite flisene. Krampen i magen, for to dagar sidan svelgde ho pilla som hindrar progesteronet i å nå livmora, bryt livmorveggen ned, gjer han tynn. For tre timar sidan stakk ho han inn i skjeden, tabletten som får musklane til å trekke seg saman, støyte fosteret ut med blodet. Varmt, størknande, raudt. Det stumme i det. Den ruglete, våte innsida mot fingeren. Den harde, glatte pilla. Det døyr i henne, løyser seg opp. Metall bak i munnen. Ho lukkar auga. Livmora trekker seg saman, varmen og mørkret i rommet trykker mot brystet. Handa hans sval mot panna, han hadde alltid kalde hender, smaken av metall, ho stønner. Lukta av blodet, binda i bøtta. Ho brekker seg.
9
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 10
I auga inga sjel, men svolten, svolten gnurar i henne når ho ser på han. Ho drar av han T-skjorta, kjenner huda hans og håra som dekker han. Rommet, klamt og varmt, lukta hans som blomstrar i det, som ein smitte. Merka av neglene hennar på ryggen hans, kva vil ho seie, ansiktet mot brystet, skogen, og blikket hans i det han held henne nede, tar hendene hennar bort, held henne fast. Han låser henne i grepet sitt, ho ser på han. Ta meg, seier ho. Når kroppane deira gnir seg mot kvarandre, åler. Sveitte ut, forsvinne, han oppå henne, opnar henne, pressar seg inn, pressar henne ned. Lukkar ho auga då, kan det skje. Blikket hans som bly på augelokka. Eit mørker, ho slepper seg. Gispar. Han må sjå at ho ikkje ser. Lyset i lysken losnar, det veks ut i henne. Lyset, ho snappar etter pusten, det pulserer. Over augelokka, i magen, ut i armane. Ho har slått av lyset på badet, det er for hardt å ligge i det. Det er for kaldt. Flisene er varme, ho treng ein varme som kan trenge gjennom henne, ein varme som kan kome utanfrå, som kan mjuke opp musklane imellom krampane, ho vrir seg. Det som døyr, det som dunkar i henne. I munnvika, i panna, i kjønnsleppene.
10
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 11
Som blodet, i det orda kjem ut frå kroppen, byrjar dei å lukte. Ròte, søtt. Leppene svell, og det våte, denne streken gjennom tida, munnen, svelget, stikket i lungene når ho drar pusten inn. At mora må opne seg for at barnet skal bli fødd, vere klar for det, å rivne. Valden i det, at alle mødrer risikerer det, å døy, for barnet. Så, den eigne viljen i den nyfødde kroppen, munnen omkring brystvorta, suget. At barnet maktar det, frå det spente dekket av hud rivnar og lyset blir skarpt, opne og lukke auga, kjenne og kjenne igjen, svolten, skriket, brystet. Binde lyden til synet. Ord: Fingrane gjennom fostervatnet. Bølgjene. I mørkret på badet, pulsen i tinningen, i augelokka. Å seie nei, å nekte, ikkje ville føre det vidare: å la barnet vere det som døyr.
11
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 12
Varmen. Stålet mot huda, saksa er kald. Før mora klipper håret deira, skrur ho opp termostaten på badet. Så kler dei av seg. Ho sit framfor spegelen, ho er fem år, mora klipper henne. Handa til mora mot den største av knokane i nakken. Der klipper ho. Kvar gong det same, alltid for kort. Men det er hendene til mora i håret, det er på henne mora ser. Ho seier ingenting om det. Eit handkle rundt brystet, nuppane på armen. Det luggar, det er godt. Munnen til mora, ein konsentrert strek. Ho sit framfor spegelen, er tjueein år, kjærasten klipper henne. Ho er utan klede, brystvortene knoppar seg. Og dei to ansikta i spegelen, nesten like. Håp, kvalme. Han legg barbermaskinen mot nakken hennar, nakkehåra, det durar gjennom kraniet. Håret fell ned mot golvet. Munnen hans skjelv, hendene hans skjelv, og når ho ser på seg sjølv, så skjelv leppene hennar òg, leppene hennar og augevippene. Alt dirrar.
12
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 13
Det blør ut. Badet, det som møtest her. At han stryk små hår bort frå nakken hennar, freistar å få dei vekk, men ho kjenner dei klø over heile seg, ryggen og brystet. Heile natta klør det. Ho hadde langt hår, ho ville, no skjelv dei begge to. Ho ser han stå bak henne, det konsentrerte blikket mot nakken hennar, det mørke håret fell mot flisene. Blodet forsvinn frå kroppen. Ansiktet utan hår. Auga svell. Kinna blir holare, munnen større, svolten større.
13
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 14
Blodet ber historia i seg. Oksygen, hormon. Tankar, ord. Minna, dei renn, flyt inn i det, det som blør ut. Det blør inn i kvarandre, minne, historie, menneske. Blør saman. Og at det ikkje har vore hennar eige, dette blodet. At det har vore delt. Med fosteret. Når blir blodet hennar eige igjen, når er det borte. Når sluttar det å vere ein del av kroppen og blir avfall. Når sluttar egget å vere henne og blir menneske. Når sluttar menneske å vere menneske, blir noko avbrote, noko på botnen av toalettet. Fosteret, under vatn. At vatnet skyl det vekk: Kva er det medan det renn ned gjennom kloakkrøyret.
14
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 15
Den harde klangen i rommet, det renn i toalettet, i ventilen høyrer ho naboane, stemmene deira gjennom røyra, forvrengde av ekkoet, som om det var for lenge sidan, noko ho har svelgt. Ho svelgjer. Dei små hendene knytte frå fødselen, i brystet denne knuten, hjartet, så stram. Sveitten på panna, ho strekker seg etter handduken. Det er ei pakning som er øydelagd i toalettet, ho burde ringe broren, han kan fikse slikt. Kor har ho lagt mobilen? Men dette rennande vatnet. Å hale seg opp mot vasken, setje på springen, kaldt, la det renne over handledda, stryke seg over ansiktet. Det kalde vatnet, reint. Mellom beina, blodet. Ho legg fingertuppane over augelokka, kjenner pulsen mot auga. Dunk, dunk, og fargane over netthinna. Lyden. Alt som lyser i kjøtet.
15
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 16
Ansiktet hennar i spegelen, konsentrert, smilande, mora drar kammen gjennom flokane. Dei kjappe rørslene, sprayen med vatn, sløret mot ansiktet. Sjå ned, seier mora, smiler og legg hendene på bakhovudet, pressar det ned. Om du ikkje lener hovudet fram, blir det ikkje rett bak. Ho ser ned. Klarer ikkje sjå ned. Å sitje slik, heile tida vil ho sjå på mora i spegelen, for mora er så konsentrert om henne, ho er alt mora ser, og ho vil sjå det, og når ho ser på mora, sklir auga oppover, og sakte sklir hovudet opp, ho merkar det ikkje, at hovudet har løfta seg, før mora igjen legg hendene mot bakhovudet og pressar det fram.
16
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 17
Orsak, seier mora, Johanna, eg beklagar, eg meinte det ikkje. Ho er ni, ho ser eit rosa-raudt egg i toalettet. Det er som det har pels rundt seg, det svevar i vatnet. Ho har aldri sett det før, ho veit med ein gong kva det er, og denne kjensla kiler i henne: Det er moras. At ho ikkje burde ha sett det. Når ho kjem opp trappa, er mora på kjøkenet, set i oppvaskmaskinen. Ho ser på henne, huda på armane, og trekker pusten. Den varme lukta, metallisk. Kva er det, spør mora. Mens i do, seier ho, så sjukt ekkelt. Det går faktisk an å trekke ned etter seg. Moras auge og smellet, det svir i kinnet. Etterpå er det rosa. Som handa til mora. Som nattkjolen ho har på. Som egget, flytande i toalettskåla.
17
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 18
Regnet, møtet mellom dei. Ansiktet hans, dropane som renn ned i det, han ser på henne med auge som lyser blått i natta, dropane, han blunkar ikkje. Dette at han ikkje blunkar, at regndropane får renne, han ser henne, kvifor skulle det vere håpefullt, han er open. Eg er eldre, tenkjer ho. Eg burde vite betre.
18
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 19
Kroppen er fleksibel, inntil ei viss grense, minnet. Før språket: Bølgjene av lyd og vatn stryk over kroppen hennar, i magen til mora, dei måler hovudet hennar og ser at ho er for stor. Mora kan ikkje føde henne, ho må skjærast ut. Før ho veit at ho elskar han: Handa hans skjelv mot ryggen hennar, får noko inne i henne til å skjelve. Det knekk og det brest, og under finst det noko mjukt, noko mjukt i henne under hendene hans. Det gjer vondt. Før ho blir gravid: Også draumane. Før det renn ut: Ho trekker pusten djupt inn og ut, ned i magen. Det ho ikkje kan kjenne der. Før ho kjente seg sjølv: Keisarsnittet, gjennom huda, feittet, bukhinna, plastikkhendene, dei grøne tøystykka som dekker både mora og legane. Så mora ikkje skal sjå, blodet, fostervatnet, det piplar ut over magen. Valden i det. Før ho drar ut i skogen: Kjærasten er nyklipt, han ser mot nakken hennar, ho ser mot ansiktet hans. Han fører maskinen over hovudbotnen hennar, smiler. Før det blir umogleg å elske han: Ho ser mot sitt eige ansikt i spegelen, kva er det eg gjer. Blodet som renn mellom leppene, det bankar i henne.
19
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 20
Det er for varmt. Ho stryk han over ansiktet og lar han stryke henne over ryggen, han stryk noko bort frå henne. Ho kjenner det forsvinne, han held henne i brysta, ho vrir han under seg og rir han, vippar hoftene over kuken hans og senkar seg, søkk, han snur henne rundt, og medan ho ser i den grå-kvite miljøstrien, støyter han inn i henne, han slepper seg, kjenner ho, og han spør, når han er heilt nær det svarte, spør han, han seier: no, no kunne eg kome når som helst, fiskebeinsmønsteret, ho blunkar, kjenner kor nær han er, seier: det er greitt, kom no, og dette, å kunne seie det, fyller henne med like mengder kjærleik og forakt. Det går for han. Ho har sett han kome så mange gonger at ho veit korleis irisen hans rullar opp i augelokka og forsvinn.
20
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 21
Fosteret i toalettet, det er lite, men det kan vere eit menneske. Inne blant klumpane: eit gjennomsiktig dyr. Kan ho støyte det ut i mørkret, skylje det ut, utan å ha sett det? Ho finn mobilen sin, lyser ned i avløpet. Alt ho ser i det blåkvite lyset, er blod, klumpar av blod. Ho angrar på at ho ikkje lét dei suge det ut. Kvifor måtte ho gjere det heime, kvifor må ho sjå det? Ho klarer ikkje trekke ned. Ho trekker ned. Ho stryk handa over spegelen etter at ho har dusja, etter at dei har hatt sex, etter at dei har sovna i mørkret etter orgasmen. Ho ser etter seg sjølv der bak dampen, dampen blir vatn i handa, renn nedover henne. Dropane i spegelflata, i spegelbiletet, over ansiktet. I kvar drope henne, rommet, lyset, det blir brote, som bilete av den same augeblinken, igjen og igjen, variasjonar.
21
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 22
Ein augeblink er ho over vatn. Ser ringane flyte frå seg, ho er åleine. Så søkk ho. Så er lufta igjen vatn, glas, det trykker, i lungene når ho pustar, i kroppen, på andre måtar enn ho tidlegare har kjent, vekta, vekta, det renn ut av henne, ho er så seig, det er så tungt er det, å røre seg.
22
I ringane ferdig_A 13.03.15 12:38 Side 23
Golvet er varmt. Varmen strekker seg inn i krossryggen, inn i blodet, gjennom musklane i rumpa. Ho vrir seg, det sprekk i henne, det strammar og ho snur seg opp, noko blir slite over. Ho legg hendene mot toalettet, halar seg opp, det kalde porselenet, hovudet mellom låra, rommet snurrar omkring henne, mobilen der på flisene, det er ingen ho kan ringe, det er ingen ho vil ringe, kven skulle ho ringe til no, kva skulle ho seie, tunga svell i munnen og smaken av blodet igjen, snart, snart er det over, seier ho til seg sjølv medan ho kjenner noko hardt og lite bli pressa ut gjennom kjønnet. Ho trur ho kjenner dette. Det er vanskeleg å vite nett kva ho faktisk kjenner: Ho er kvalm, svimmel og sveitt.