Skip to main content

Hyttemysteriet

Page 1

Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 1


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 3

Magnhild Bruheim

Hyttemysteriet Stian og Stine

Roman

Samlaget Oslo 


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 5

Kapittel 1

Stian Hytta låg der, lita og falleferdig. Stian kjende eit knip i magen ved tanken på det som hadde skjedd her. Sjølv om det var lenge sidan, så var det både ekkelt og skummelt å tenkje på. Det var tilfeldig at Stian hadde kome over den gamle historia. Dei hadde snakka om krigen på skolen, og om lokale motstandsfolk. Da fekk han ideen om å intervjue ein av dei som hadde vore med i motstandskampen, som ennå levde, over nitti år gammal. Han fortalde at dei ei tid hadde skjult seg for tyskarane i ei hytte i skogen. I den same hytta der det seinare skjedde eit drap, hadde han sagt. Eit drap som aldri vart oppklart. Stian hadde fått ei forklaring på korleis han skulle finne fram. Han hadde følgt stigen eit godt stykke gjennom skogen med bartre og lauvtre. Ved eit stort bjørketre skal du ta til høgre, og etter om lag femti meter ser du hytta, hadde motstandsmannen sagt. Nå var han her og skulle ta bilde, som skulle 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 6

trykkast på UNG-sida i avisa der Stian hadde levert intervjuet. Hytta hadde ei dør og eit vindauge på langsida rett imot. Eit vindauge på eine kortveggen. Ei steinhelle framfor døra. Hytta skulle ein gong ha vore brun, og det kunne ein så vidt skimte merke av, men nå var den nesten heilt grå. Han opna sekken og fekk fram kameraet. Knipsa mange bilde, frå ulike vinklar og avstandar. Gjorde bildeteksten klar i tankane: Her gøymde tre av motstandsmennene våre seg mens krigen rasa. Noko slikt, kanskje. Vindauga såg mørke ut på grunn av lyset ute. Viss han gjekk heilt inntil, var det sikkert mogleg å kikke inn. Stian gjekk nærmare. Drapet. Det hadde skjedd innanfor veggane her. Han kjende ei skjelving i kroppen ved tanken. Eit par fillete gardiner hang på innsida av det største vindauget, men dei var ikkje trekte for. Dermed kunne Stian sjå inn i hytta når han la ansiktet heilt inntil og skygde med hendene. Det han såg, var eit rom med bord, eit par stolar og hyller. I eine hjørnet stod ein vedomn. Elles var det heilt tomt. To dører førte ut frå rommet, den eine såg ut til å vera utgangsdøra, den andre måtte føre inn i eit anna rom. Kvar hadde drapet skjedd? Midt inne i dette 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 7

rommet han såg inn i? Tenk om det ennå var spor etter drapet her! Inntørka blod. Tanken kom så overrumplande på Stian at han nesten miste pusten. Det var over tretti år sidan, hadde den gamle motstandsmannen Sigurd sagt. Så mykje meir hadde ikkje Stian fått greie på, det verka nesten som om mannen ikkje hadde lyst til å snakke om det. Han ville helst berre snakke om tida han var der under krigen. Men Stian hadde høyrt nok til å bli nysgjerrig. Her inne var det altså at også motstandsmennene hadde levd i vekevis ein vinter. Sigurd var berre ungdom da han var med i ei gruppe som gøymde seg for fienden. Stian skulle gjerne hatt eit bilde frå innsida også, men Sigurd hadde fortalt at hytta hadde vore stengd sidan drapet. Han gjekk likevel bort til døra. Den var stengd med ein stor hengelås. Men … Det eine beslaget som låsen var festa til, var øydelagt. Ikkje nok til at det var mogleg å koma seg inn, men det såg ut som om det var røska opp med eit verktøy. Hadde nokon prøvd å bryte seg inn her? Nå nyleg eller for lengre tid sidan? Mens han stod der med vekta av låsen i handa, høyrde Stian ein lyd bak seg. Han bråsnudde, raskt nok til at han skimta noko som rørte seg mellom småtrea. 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 8

Eit dyr? Eller eit menneske? Stian vart ståande bom stille. Det han hadde sett, var framleis der, ein stad inni buskaset. Var det nokon der som stirte på han, slik han sjølv stirte mot det som skjulte seg? Han stod ei stund og lytta, utan å røre på seg. Men det var ingen lydar å oppfatte. Tanken på at eit blikk var retta mot han, sleppte likevel ikkje taket. Var det nokon som overvaka han, som stod der og følgde med? Hadde det noko med innbrotsforsøket å gjera? Der rørte det på seg att, så vidt det var. Eit villdyr ville vorte skremt og lagt på sprang. Rådyr, hjort, elg, kva som helst. Stian bestemte seg for å forlata plassen. Med raske steg begynte han på heimvegen, men snudde seg eit par gonger for å sjå. Ingen kom etter han. Men det kom heller ingen fram frå buskane. Haustdagen var kjølig med duskregn, nå var kroppen så kald at han begynte å skjelve litt. Eller kanskje var det denne hendinga som hadde skremt han og skapt kuldegysingar? Nå måtte han finne att stigen og koma seg heim. Han begynte å småspringe i den retninga han trudde stigen måtte vera. Da høyrde han noko i krattet like ved. Hjartet begynte å dunke hardt. Sekundet etter forstod han kva det var. Ein 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 9

storfugl hadde vorte enda meir skremd enn han og lagt på flog. Dunkinga i bringa vara heilt til han fann stigen og kunne senke farten. Han var på veg heim. Stian brasa inn på rommet til Stine. – Eg har funne eit nytt mysterium, nærmast ropte han. – Kva da? spurde stesøstera utan å vise den heilt store interessa. Ho sat med ansiktet vendt mot PCskjermen. – Skulle ikkje du på skogstur for å fotografere den hytta? – Mysterium kan dukke opp uventa. – Kor skummelt er det? Stine snudde seg rundt på stolen slik at dei fekk augekontakt. – Du veit kva han motstandsmannen fortalde om hytta? At det hadde skjedd eit drap der? Stian sette seg på ein stol ved sida av henne. – Ja, men det var jo for lenge sidan, så det er eit skikkeleg gammalt mysterium i så fall, sa Stine og verka framleis ikkje så veldig interessert. – Men det skjedde noko der nå også, forstår du, sa Stian. – Nokon har prøvd å bryte seg inn i hytta. – Det er heller ikkje så veldig mystisk, sa Stine og var like kritisk. – Litt kanskje, men det kan jo også vera lenge sidan. – Og ein ting til: Det var ein person der som 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 10

gøymde seg bak buskane, eg såg det rørte på seg. Og det var akkurat som personen følgde meg med auga, skikkeleg ekkelt. Stian prøvde å gjera det så skummelt han kunne. – Og det var ikkje noko dyr, altså, la han raskt til, så raskt at Stine ikkje skulle rekke å foreslå det. Stine såg mot skjermen og tenkte seg om før ho sa: – Kva slags mysterium skulle vi løyse der da, tenkte du? – Vi kan dra opp til hytta saman og sjekke om det verkeleg har vore innbrot der. Og om vi ser spor etter den personen som gøymde seg, foreslo Stian. – Det du fortel, er berre bitte litt mystisk, sa Stine, framleis utan entusiasme. – Men eg kan jo godt vera med ein tur, om du absolutt vil. – I morgon? sa Stian ivrig og reiste seg. – Ok, avtale. Men viss vi ikkje finn noko, så gidd vi ikkje meir.


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 11

Kapittel 2

Stine Dei gjekk raskt utan å seia så mykje. Stine var med til hytta mest for Stian si skuld. – Vi må ta av frå stigen her, sa Stian og gjekk føre. Han stoppa eit par gonger og såg seg rundt, men sa ingenting. Terrenget var meir ulendt å gå i når dei ikkje hadde ein stig å følgje. Skogen vart tettare, men haustsola fann likevel vegen mellom trestammene og gjorde fargane på lauvtrea enda sterkare enn dei var frå før. Stine kjende plutseleg ei lita uro for at dei skulle rote seg bort. Ho hadde aldri vore så langt inne i skogen her før. – Du er sikker på at vi går riktig? spurde ho ryggen hans, som var eit par meter framfor henne. – Vi er der snart, sa han sjølvsikkert. – Her er storbjørka. Han stoppa opp og peikte. – Du ser ein open plass der framme. Der ligg hytta. Kom igjen. Stine hadde sett fotografia Stian hadde tatt, og kjende att hytta. Med det same vart det ekkelt å tenkje på at det hadde skjedd eit drap her. 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 12

Stian gjekk med raske steg bort til inngangsdøra. Der stoppa han. Så snudde han seg. – Nå har det i alle fall vore innbrot her, sa han. – Det var ikkje slik i går. Kom hit. Stine skunda seg bort. Ingen tvil om at døra var opna med makt. Eine beslaget hang ned, slik at heile poenget med hengelåsen var borte. – Sa du ikkje at nokon hadde forsøkt å opne døra i går også? sa ho, samtidig som ho kjende at huda nuppa seg litt på armen. Kanskje hadde Stian likevel rett, at det var noko mystisk her. – Viss eg dyttar på døra nå, så går ho opp, sa Stian. – Ikkje gjer det, sa Stine. – Det kan vera nokon her. – Ok, kviskra Stian. Som om det gjekk opp for han også at det kunne vera nokon inne i hytta. – Vi trekkjer oss tilbake og ser kva som skjer. Dei gjekk eit stykke unna, men ikkje lenger enn at dei kunne sjå hytta. – Kven kan ha brote seg inn der, trur du? sa Stine lågt, i tilfelle det fanst nokon der som kunne høyre. – Det er i alle fall ingen ting å stela her, sa Stian tankefull. – Hytta er heilt tom, eg gløtta inn vindauget i går. – Det kan vera ein innbrotstjuv likevel, sa Stine 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 13

mens ho tenkte. – Som gøymer tjuvgodset her. Ingen vil finne på å leite i ei forfallen hytte som eigentleg er stengd. – Men … tenk om den som har brote seg inn, har noko med drapet å gjera, sa Stian. – Det har ikkje budd andre her sidan den gongen. – Kven var dei folka som budde her da? – Veit ikkje, sa Stian. – Det må vi finne ut. Eg veit berre at drapet ikkje vart oppklart, altså at dei ikkje fann drapsmannen. – Tenk om det er han som har kome tilbake, sa Stine, og plutseleg kjendest det farleg å stå her. – Hysj, kviskra Stian. – Det kjem nokon. Nå såg Stine det også. Ein mann stod utanfor hytta. Han var kledd i ei grågrøn jakke og turbukser. På hovudet hadde han ei skyggelue over mørkt hår som stakk fram. Nå stod han roleg utanfor og såg seg rundt. Som eit rådyr på vakt mot lydar og rørsler. Stine heldt pusten. Ho høyrde ikkje ein lyd frå Stian heller. Som om begge hadde slutta å puste. Mannen vart ståande lenge. Det var vanskeleg å halde seg heilt i ro. Og når Stine begynte å tenkje på akkurat det, vart det enda vanskelegare. Så begynte mannen å gå, og han kom i den retninga der dei stod. Berre han ikkje oppdaga dei. 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:53 Side 14

Da knakk ein kvist. Forskrekka oppdaga Stine at det var ho sjølv som var skuld i det. Ho hadde flytta på eine beinet. Mannen stoppa. På nytt likna han på eit rådyr som vêra fare. Men så begynte han på nytt å gå, og nå gjekk han ikkje lenger mot dei, han skrådde nedover skogen, på veg bort. Først nå kunne Stine kjenne på hjartebanken. Den hivande pusten roa seg litt om senn. Det hadde vore nære på. Dei kunne tillata seg å røre på kroppen. Men ingen av dei sa noko, og dei heldt seg ennå ei stund i ro på same staden. Heilt til dei kjende seg trygge på at mannen var langt unna. – Kva gjer vi nå? sa Stine da ho endeleg våga å opne munnen att. – Sjekkar hytta, så klart, sa Stian, som om det var sjølvsagt. – Ingen vits i å følgje etter mannen, vel? – Einig, sa Stine. Skulle ho vera heilt ærleg, så hadde ho fått litt skrekk i seg. Eigentleg var det litt skummelt med den mannen. Ho kunne gjerne vera ærleg overfor seg sjølv, men til Stian sa ho ingenting om tvilen. Dei var jo ute for å spionere, da kunne dei ikkje berre flykte heim når det vart nifst. Dei kom seg opp på beina, rista på kroppen og 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:54 Side 15

gjorde seg klare til ein ekspedisjon. Nå våga dei seg fram frå buskane og begynte å gå mot hytta. Stian heldt ut handa og stoppa Stine. – Vi må liste oss bort, sa han. – Kikke forsiktig inn gjennom vindauget. Det kan vera fleire der.


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:54 Side 16

Kapittel 3

Stian Dei gjekk roleg bort til vindauget for å gløtte inn, slik som nysgjerrige turgåarar kan finne på når dei kjem til ei framand hytte. Det skulle vera forklaringa viss nokon dukka opp uventa. Det var like tomt i hytta som sist Stian såg inn, men det var ei forandring. – Tydelege spor etter menneske her nå, sa Stian. – Det står noko mat og eit pappkrus på bordet. Det er nytt. – Men det er ingen personar der inne, ser det ut for, sa Stine. – Skal vi gå inn og sjekke litt? For å vera på den sikre sida banka dei hardt på døra. Ikkje noko svar. Stian dytta på døra, der var ingen vridar. Døra glei opp. – Den mannen vi såg, kan ikkje vera mordaren, sa Stine, der dei stod rett opp og ned midt på golvet. – Så klart ikkje, sa Stian, som hadde tenkt ut det for lenge sidan. – Mordaren frå den gongen må jo vera gammal nå, la han til. – Nettopp, det var det eg også tenkte da eg såg 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:54 Side 17

han. Men kven er han da? spurde Stine. – Ein turgåar som oss? Som berre har funne hytta, liksom? – Men det ser jo ut som han bur her, innvende Stian. – Maten er jo ikkje rydda vekk. Han såg på brødposen og noko pålegg på bordet. – Kanskje fordi han er på rømmen, foreslo Stine. – Eller kanskje har han med drapet å gjera? tenkte Stian høgt. – Det kan vera ein slektning, ein som vil sjå staden. Eller som prøver å løyse mysteriet. Eller kanskje hemne seg. – Kanskje ein detektiv? Den eine ideen tok den andre, dei vart så ivrige at dei gløymde å halde utkikk. Tilfeldigvis såg Stian ut vindauget. Da gjorde hjartet eit hopp så stort at det kjendest som det spratt opp i taket. Han greip armen til Stine. – Mannen kjem tilbake, sa han. Gjennom skogen kunne han skimte eit menneske på veg. Det var den same personen som dei hadde sett forlate hytta for kort tid sidan. Nå var han berre om lag hundre meter frå hytta. – Du tullar, svarte Stine. – Sjå ut, da! Stian ropte nesten. – Sjå! Han peikte. Stine såg ut og deretter på Stian. – Vi rekk ikkje å koma oss ut, sa ho og såg seg forvirra 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:54 Side 18

rundt. – Kom, sa ho. I staden for å skunde seg ut døra og leggje på sprang gjekk ho inn i rommet innanfor. – Under senga. Det var jo eigentleg sprøtt. Kven som helst som kom inn i rommet, kunne sjå at dei låg der. Derifrå hadde dei ingen sjanse til å koma seg ut om dei vart oppdaga. Og kva for unnskyldning skulle dei koma med? Vanlege turgåarar kraup ikkje under senger i framande hytter. Men det var ikkje tid til å diskutere. Dessutan var Stine allereie på plass under senga. Stian la seg ned på golvet og kraup etter. I siste sekund, for nå kunne dei høyre at døra vart opna, og at steg trakka over golvet i det største rommet. Ikkje kom hit inn, bad Stian inni seg. Døra mellom romma stod open, heldigvis hadde den gjort det da dei kom, viss ikkje ville det vekt mistanke. Frå der han låg, kunne han derfor sjå støvlar som vandra i rommet ved sida av. Så stoppa dei opp og vart ståande. Det vart heilt stille der inne. Han kjende den varme pusten til Stine i nakken, elles låg ho urørleg. Sekunda gjekk. Mannen kunne vel ikkje berre bli ståande slik i det uendelege, tenkte Stian. Kunne han ikkje gå ut att? Kva gjorde han her nå? Han såg støvlane røre på seg før han høyrde trakket. Kva skjedde nå? Gjekk mannen ut att? 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:54 Side 19

Eller? Nei, nei. Føtene peikte mot Stian. Dei kom nærmare. Mot senga. Inn i rommet. Stian heldt hendene hardt mot bringa, som om det kunne få hjartet til å roe seg. Nå kom han snart til å oppdaga dei. Om eit sekund. Nå? Stian lukka auga og venta på stemma. Ingenting vart sagt. Han opna auga att. Støvlane peikte ikkje lenger mot Stian, dei hadde gått vidare, mot eit skap i rommet. Skapdøra vart opna, han høyrde lydar som om den framande romsterte. Var det mogleg at han skulle oversjå dei? Der var støvlane på veg att. Ut av rommet! Over golvet i det andre rommet. Ut døra? Ja, Stian kunne høyre at døra vart opna og lukka. Var det verkeleg sant? – Mannen gjekk, kviskra han til Stine. – Men vi må liggje rolege litt til, i tilfelle han berre er ute ein snartur. – Vi har i alle fall lov å røre på oss, så ikkje kroppen stivnar heilt, sa Stine. – Fy fader, så nervøs eg var. Eg var så sikker på at han kom til å oppdaga oss. – Hysj, sa Stian og lytta. Lenge. Dei heldt seg i ro i mange minutt, før Stine sa: – Nå går eg forsiktig bort til vindauget og ser. Viss det er klar bane, seier eg frå. Så skundar vi oss ut og bort. 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:54 Side 20

Det største rommet var like tomt att, ingenting på bordet var rørt. Det var som om ingen hadde vore her. Men dei hadde ikkje drøymt, dei hadde sett støvlane og høyrt lydane. Frå vindauget var det heller ikkje liv å sjå. – Kom igjen, sa Stian. – Fort, fort. Sjølv gjekk han ut for å forsikre seg om at ikkje mannen var rundt hytta framleis. Like etter stod dei saman utanfor. – Nå drar vi heim, sa Stian. – Dette var nok for i dag, sjølv om vi ikkje har løyst mysteriet. Vi snakkar om det etterpå. Han begynte å gå. Men så kom han på noko. – Eg må ha bilde av innbrotet, sa han. Han hadde ikkje med fotoapparatet i dag, så han brukte mobilen. Etterpå småsprang dei nedover stigen. Stine leia an. Men plutseleg stoppa ho og snudde seg. – Det kjem nokon, sa ho. – Mannen frå hytta? spurde Stian, som akkurat da ikkje kunne tenkje seg at andre var på skogstur. – Det er ikkje han, sa Stine og sakka farten da ho gjekk vidare. Mannen dei møtte nå, var eldre. Han var snauklipt og kledd i ei brun jakke. – Hei, sa han da dei møttest. Så stoppa han. 


Hyttemysteriet ferdig_A 24.02.15 12:54 Side 21

Dei sa også «hei», men utan å stoppe. – Vent litt, sa mannen med det same dei passerte. – Har de møtt nokon på turen? Både Stine og Stian nølte, men så sa Stine: – Vi har vore på ein liten skogstur og har ikkje møtt nokon. Nå er vi på veg heim. Smart, tenkte Stian og var glad for at Stine hadde svart. Sjølv ville han kanskje sagt «ja», og da måtte dei ha forklart ein masse. Den ukjende gav seg med det og gjekk vidare oppover stigen. Stian og Stine gjekk nedover. – Kva var det? spurde Stine da mannen var langt unna. – Dette blir meir og meir mystisk. – Ja, dette kan bli vanskeleg å løyse, svarte Stian, mens han tenkte på alle gamle og nye spørsmål dei ikkje hadde funne svar på.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Hyttemysteriet by Det Norske Samlaget - Issuu