Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 1
1
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 3
Sindre Ekrheim
Ho kjem fram i regnet
Dikt
Samlaget Oslo 2013
3
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 5
Eg opnar ei rivne i presenningen. Lyset banar seg ned til vedstabelen, til billa kilt i borken. Lyset glinsar i det svarte billepanseret. Ho vender seg i borken. Eg høyrer lyden. Eg dreg litt i presenningen, og lyset flyttar seg, følgjer billa bortover ein kubbe, før ho dett i ein sprekk mellom vedskiene.
5
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 6
11. juni Lyden, som byrjar i eit punkt i bokhylla, spreier seg og fyller stova. Fasttelefonen er seriekopla til eit biapparat i kjellaren, som, berre med eit par sekunds forseinking, byrjar å lyde der nede, men med ein heilt annan ringjetone. Mor er innlagd på sentralsjukehuset. Det er hjartet, seier far. Han tygg tyggegummi i Stavanger, og gnissinga av tennene mot tyggegummisubstansen når fram til øyra mine her i Bergen. Tygginga utløyser noko i meg, får enzyma til å produsere spytt og får organa, også hjartet, til å førebu seg på maten dei ikkje veit om dei får.
6
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 7
Storskarvane ute p책 neset verkar feilplasserte. Storskarvane, m책kene, litt vulkansk jord, ei flaggstong, brotstykke av stein blir langsamt blanda inn i regnet. Storskarvane gjer arbeidet, flyg for oss. Om morgonen er fara etter badegjestane i sanden raka opp i ein haug.
7
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 8
Der treet sluttar, heng det. Ein fugl som heiser seg opp frå trekrona, vrengjer vengjene oppover, nedover oppover, nedover. Eit egg i eit reir slepper enno ut lysblenkane frå kambrium, kalsium. Fuglen skrumpar til ein skifergrå prikk som vinglar over horisontlina sola held på å drukne.
8
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 9
Det regnar alt regnet kjem ned.
9
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 10
12. juni Eg ringjer til mor på sjukehuset. Eg høyrer den vanlege stemma. Ser for meg rommet, senga, TV-apparatet, kor lenestolen står, korleis korridoren på avdelinga ser ut, alt det nye røysta hennar kling i no. Ho synest utsikta mot Mosvatnet og skogen er fin. Ho likar alt som ser ut som vatn, eller som er vatn. Det er ikkje så viktig om det er vatn, gjentek ho. Ho kan sjå hotellet på Tjensvoll. Røysta hennar må vere inni eit stort rom, for orda har ein litt lengre etterklang. Ei grein raspar mot huset, ho er i full gang med å vekse seg tettare mot bordkledningen, rada med tangentar. Snart trykkjer ho konstant mot husveggen. Eg ser ein straumkabel vibrere i lufta, ein fugl må ha letta.
10
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.40 Side 11
Gul materie glir ut i mørket, herdar i augekroken hennar. Ein hestehov bryt frü andre sida. Ein morgon kvittar skyene seg med snøen.
11
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.40 Side 12
Risset på naglen hennar etter piggtråden, i farten over eit gjerde ingen hugsar, er så nær. Skogar som fuglar held fram med å fyke gjennom, er borte, lenger borte no.
12
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.40 Side 13
Natta, og frosten er komen. Eit tynt lag av knuste lyspĂŚrer glitrar.
13
Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.40 Side 14
Golvet er i beina, beina er pü golvet, strøymer inn med si kalde overflate.
14