Ho

Page 1




Christine Kjellstrøm Melby

Ho

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Førtrykk: M a g n u s O s n e s Omslag: To r i l l S t r a n g e r Skrift: V e r d i g r i s M V B Papir: 100 g M u n k e n P r i n t C r e a m , 1,8 Trykkeri: S c a n d B oo k A B , Falun Printed in Sweden I S B N 978-82-340-0485-8

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


du har eit lydopptak av stemma hans han seier dei siste skal bli dei første i stilla som følgjer hugsar du pollenkorna på kjøkkenbenken og mellomromma mellom fingrane hans blodet som flyt i havet tilhøyrer ikkje lenger nokon av dei

5


havet skummar over skogen saltvatnet tørkar på barnålene på eikeblada gjer dei brune deretter grå skoa dine går i eitt med skogbotnen der arkeologane no finn restane av eit vikingskip du fyller lommene med sprø oskeblad dei smuldrar opp og blandar seg med jakkefôret

6


ei framand jakke over skuldrene du gløymde å levere tilbake før det var for seint da den framande lukta ikkje lenger var framand da lukta av ho var lukta av deg noko som etsa i halsen allereie da

7


alle dagane surklar i kroppen din når du står på varmekablane kjenner du restane av han bakarst i halsen

8


kvar gong han sa namnet ditt blei du fødd på ny under blikket hans han såg på deg som han kjende att noko som du framleis var eit barn dei nettene sola aldri gjekk ned bak fjella dei nettene dei lange framtennene hans sette igjen merke overalt i osten på tuppen av kulepennane i gelenderet opp til soverommet på slektslinja di

9


huda på kragebeina dine nuppa seg før han pusta på deg la hendene sine der varma deg opp som han var den siste mannen og du den siste kvinna

10


bitar av deg lausnar blir liggande på bakken du grev i skogbotnen med neglene spør turgåarane og hundeeigarane om dei har sett dei om dei har sett deg turgåarane og hundeeigarane ser ikkje på staden du peikar dei ser på dei brekte fingerneglene dine da du kjem heim tomhendt er fingertuppane dine blitt klør

11


jordfeilbrytaren feilar alle lyspærene sluttar å lyse varmekablane sluttar å varme du ringer elektrikar som seier at viss for mykje straum går til jord forsvinn han elektrikaren byter ut heile sikringsskapet du opnar og lukkar det så all straumen har ein stad å gå medan du er i skogen i draume ser du på at skogen brenn ned all straumen ligg på skogbotnen og gneistrar det grøne lyser i mørket oskeblada kvervlar rundt deg

12


bitane av deg har gått i eitt med jorda du fyller jakkelommene med gjenstandar frå skogbotnen konglar pinnar steinar nøtter som eit ekorn samlar saman til vinteren det er ekorn som plantar dei fleste tre dei gløymer kor dei har grave ned nøttene sine så dei blir liggande under jorda og spire

13


kvar dag er skogen mørkare kaldare du dusjar lenge under det varme vatnet til trykket lausnar til huda blir raud og flassar av til restane som framleis sit fast renn ut i sluket blandar seg med havet til barna du møter på veg til skogen neste dag peikar på deg når du spring og leitar i jorda

14


bak pakka med lettkokte havregryn i kjøkkenskapet ditt bur ein svart sukkermaur han må ha krope gjennom holet i skoen din krope opp frå golvet i gangen opp på kjøkkenbenken vidare inn i kjøkkenskapet du ser på han kvar morgon han går i store åttetal mellom pastaskruane og havregryna mellom bakekakaoen og strøsukkeret

15


du drøymer om sukkermaur om natta begge skoa dine er fulle av dei dei kryp frå skoa og oppover leggane dine dekker beina med sine svarte bein dei kryp forbi vidare oppover til brystet ditt over kragebeina dine halsen din huda di inn i munnen mellom jekslane dine fortset nedover til dei har fylt opp heile deg

16


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.