Page 1


Himmelreisande ferdig.qxd:A

03-08-10

12:06

2

Side 2


Himmelreisande ferdig.qxd:A

03-08-10

12:06

Side 3

Berit Rødstøl

HIMMELREISANDE Roman

Samlaget Oslo 2010


Himmelreisande ferdig.qxd:A

03-08-10

12:06

Side 4

Š 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Johanne Hjorthol førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond og Frutiger papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7402-1


Himmelreisande ferdig.qxd:A

03-08-10

12:06

Side 5

In the eyes of the world, first in space means first, period; second in space is second in everything. – Lyndon B. Johnson i brev til president John F. Kennedy


Himmelreisande ferdig.qxd:A

03-08-10

12:06

Side 6


Himmelreisande ferdig.qxd:A

03-08-10

12:06

Side 7

Heten i raketten får Kudryavka til å lengte etter vatn. Slangen som var festa til munnen hennar, har lausna og svever i lufta. Men det speler ikkje lenger noka rolle. Behaldaren er heilt tom no. Urinen hennar har fordampa og ligg som dogg på ruta. Kudryavka har tunga stukken ut av munnen. Nokre hår har klistra seg til den. Ho prøver å sleikje dei i seg. Varmen gjer henne svimmel. Føtene greier ikkje å halde henne oppe. Svarte prikkar dansar framfor auga, slik snøen fell frå himmelen. Ser ho ein hund der ute? Ein gjetarhund? Ho myser mot dei doble vindauga. Luftspeglinga dannar fragment av henne sjølv i alt det svarte. Oleg sitt andlet blandar seg med pelsen hennar. Han smiler. Så forsvinn han. Ho pustar støytvis. Kudryavka skjelv. Ho greier ikkje lenger å fokusere blikket på mørkret som omsluttar henne. Huda prikkar. Hovudet brenn. Det brenn i kroppen. – Muska. Er du her? Hunden dukkar opp heilt inntil vindauget. Skrapar på raketten for å komme inn. Så blir alt svart.

7


Himmelreisande ferdig.qxd:A

03-08-10

12:06

Side 8

Notat frå Kreml, Komité for reaktiv teknologi

Dato: 2. februar 1957. Intervju med kandidat professor Oleg Andreevitsj Gazenko, fødd 1903. Til stades: major Mikhael Borisovitsj Gornov, major overingeniør Jurij Igorevitsj Kozev, Georgij Jakovlevitsj Tisjkin og sekretær Olga Nikolaevna Bankova. Intervjuet blir lagra på bandopptak. Professor Oleg Andreevitsj Gazenko kjem fem minutt før møtetidspunktet. Han tek ikkje ordet før overordna ber om det. Papira viser at Oleg Andreevitsj Gazenko har fått Sovjetunionens høgaste utmerking. Major Mikhael Borisovitsj Gornov les følgjande: Professor Gazenko tenestegjorde i saniteten ved Balaklava militærakademi, utdanna seg til professor i 1940. Han vart utnemnd til doktor ved Bauman tekniske høgskule (MVTU) i Moskva med høgaste karakter. Professor Oleg Andreevitsj Gazenko har sidan undervist ved avdeling for kjemi og arbeidd med vitskapelige undersøkingar innan romfart. Hans mange publikasjonar om emnet har hausta stor anerkjenning i det vitskapelige miljøet. Professor Oleg Andreevitsj Gazenko er ugift og har 8


Himmelreisande ferdig.qxd:A

03-08-10

12:06

Side 9

ingen barn. Hans kollegaer ved Moskva teknologiske universitet gjev professor Gazenko si sterkaste anbefaling. – Professor, veit De kvifor De er innkalla til Kreml? – Nei, eg har ikkje fått noko informasjon om dette. Men kan resonnere meg fram til at det har med romforskinga å gjere. – De befinn Dykk i eit svært lukka forskingsmiljø. Kva for tankar har De om den Sovjetiske romforskinga? – Med all respekt, major Gornov. Eg kan ikkje diskutere dette før det ligg føre ein dispensasjon. Men dette faktum kjenner vel Majoren til. Eg har late meg forstå at vår forsking er høgst verdifull. Ved fleire høve har det hendt at NASA har tilbydd større summar for informasjon. – Har De sjølv fått eit slikt tilbod? – To gonger har agentar kontakta meg. Som eg tidlegare har meldt inn, takka eg nei til invitasjonen. Eg vil gjerne forsikre Dykk om at min lojalitet ligg hos mitt kjære fødeland Sovjetunionen. – Kva slags mål har De for arbeidet, professor? – Mitt vitskapelige arbeid er berre ein beskjeden del av ei større kompleks forsking. Eg vil nødig påstå at min person er viktig i ein slik samanheng. Men eg vil, høgst æra panel, stille meg sjølv og min erverva kunnskap til rådigheit for Sovjetunionen. – De har bestått dei psykologiske testane. Dersom De blir rekna som eigna, vil De bli innlosjert på hemmelig 9


Himmelreisande ferdig.qxd:A

03-08-10

12:06

Side 10

adresse ved forsvarets forskingsbase. Dette betyr at all kontakt med omverda må brytast. Er De villig til å gjere eit slikt offer? – Eg er audmjuk for kvar ei oppgåve formann Khrusjtsjov gjev meg.

10

Himmelreisande  

2 Roman Berit Rødstøl Samlaget Oslo 2010 © 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Johanne Hjorthol førtrykk: Samlaget skrift: Adob...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you