Issuu on Google+


k o a sedyr l k e H Erica L urell a


Innhald Forord 6

Løve 53

Hund med raud frakk 10

Pingvin 57

Ape med stripete bukser 14 Slank katt 18

Kvit fugl 61 Turkis fugl 63

Drake 22

Vaskebjørnpute 66

Elefant 24

Kvalrosspute 68

Frosk 26

Ugle 70

Gul bamse 29

Vortesvin 73

Jentedokke 32

Uro 76

Kjole 35

Gutedokke 36 Matrosskjorte Bukser Lue Sko

40 42 43 44

Feit katt 47 Raud ape 51

Løve Fugl Hund Sky

76 78 78 81

Kosebamse 82 Geisha 86 Hekleskule 90 Takk 95


Forord I denne boka vil eg presentere ein gjeng hekla vener. Dei er laga etter illustrasjonar som mannen min, Kristofer, har teikna før eg hekla dei. Denne brokete gjengen er sett saman av: Hunden med den raude frakken som er hemmeleg agent og liker popkorn. Den feite katten som er glad i å gå på kino og å ete sjokoladebollar. Frosken som er høgdehoppar og litt redd for vatn. Den tynne katten som er flink i sjakk og glad i å gå på sirkus. Den gule løva som elskar å synge og sove lenge om morgonen. Den turkise fuglen som elskar å danse. Den raude apen som liker å sykle og sparke ball. Apen med den stripete drakta som liker å klatre i tre og ete bananar. Den kvite fuglen som gjerne dansar med den turkise fuglen og et kaker. Pingvinen som er glad i å gå på skøyter og lage snøballar. Elefanten som blæs fanfarar og er glad i skillingsbollar. Draken som vil lære seg å blåse eld, men som er kjempesnill. Ugla som liker å lese romanar og ete jordbær. Geisha som er ein fashionista, les Vouge og er glad i makronar. Vortesvinet som er glad i å late seg. Den gule bamsen som elskar kirsebær og å hoppe i senga. Kosebamsen som er glad i å få klemmar. Og så er det dei to dokkene som elskar å leike gøymsle. Eg har hekla sidan eg var fem år, og har hekla nesten kvar dag sidan då. Eg heklar i sofaen, ved kjøkenbordet, litt når 6


7


eg vaknar, på bussen og før eg sovnar. Eg heklar heile tida og kan ikkje slutte. Eg liker å lage ting eg vert glad av. Og eg elskar å velje farge på garnet, starte arbeidet, og kjensla når det er ferdig. Då eg utdanna meg på moteskule i Paris, kalla dei meg Madame tricot (strikke-/hekledama). Figurane i boka er tenkte både for nybyrjarar og for litt meir erfarne heklarar. Dersom du ikkje er van med å hekle figurar, kan det vere litt vanskeleg i byrjinga. Når du kjem inn i det, tek det ikkje så lang tid å lage kvar figur. Det vanskelegaste for nybyrjarar er å halde orden på når ein skal skifte farge. Det lærer du deg raskt, men elles vert mange av figurane kjempefine med berre éin farge. Eg har elska å hekle desse figurane og håper at du òg kjem til å gjere det. Erica

8


9


Hund med raud frakk Heklenål: Nr. 2,5. Materiale: Vatt. Garn: 50 g raudt og kvitt garn, garnrestar i gult, brunt og svart (Erica Laurell Organic Yarn ”Greta” alt Marks & Kattens Eco Baby Bomull, Järbo 8/4 eller Kampes 8/4).

Hovud Legg opp 4 lm med kvitt garn og start med å hekle hovudet. 1. omg: Hekl 3 fm, snu = 3 m. 2. omg: Hekl 1 lm, 2 fm i første maske, 1 fm, 2 fm i siste maske, snu = 5 m. 3. omg: Hekl 1 lm, 2 fm i første maske, 3 fm, 2 fm i siste maske, snu = 7 m. 4. og 5. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 7 m. 6. omg: Hekl 1 lm, hekl 1 fm i kvar maske rundt heile arbeidet og 2 fm i hjørna, avslutt med 1 kj i første maske = 24 m. 7.–12. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 24 m. 13. omg: Hekl 1 lm, *2 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå * ut omgangen, avslutt med 1 kj = 32 m. 14.–21. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 32 m. 22. omg: Hekl 1 lm, *3 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå * ut omgangen, avslutt med 1 kj = 40 m. 23. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 40 m. 24. omg: Hekl 1 lm, 25 fm, snu = 25 m. 25.–32. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 25 m. Klipp av og fest garnet. Hekl ein del til bakhovudet: Legg opp 6 lm med kvitt garn, snu. 1. omg: Hekl 5 fm, snu = 5 m. 2. omg: Hekl 1 lm, 2 fm i første maske, hekl 3 fm, 2 fm i siste maske, snu = 7 m.

10


11


3. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 7 m. 4. omg: Hekl 1 lm, 2 fm i første maske, 5 fm, 2 fm i siste maske, snu = 9 m. 5. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 9 m. 6. omg: Hekl 1 lm, 2 fm i første maske, 7 fm, 2 fm i siste maske, snu = 11 m. 7. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 11 m. 8. omg: Hekl 1 lm, 2 fm i første maske, 9 fm, 2 fm i siste maske, snu = 13 m. 9. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 13 m. 10. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske = 13 m. Klipp av, fest garnet og sy delen fast bak på hovudet.

45. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 46 m. 46. omg: Hekl 1 lm, 1 fm, *2 fm, 2 fm smn, gjenta ut omgangen, avslutt med 1 fm, 1 kj = 35 m. Klipp av og fest garnet. Undersida av kroppen Legg opp 4 lm med kvitt garn og lag ein ring med 1 kj. 1. omg: Hekl 1 lm, 7 fm gjennom ringen, avslutt med 1 kj = 7 m. 2. omg: Hekl 1 lm, 2 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 14 m. 3. omg: Hekl 1 lm, *1 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå * ut omgangen, avslutt med 1 kj = 21 m. 4. omg: Hekl 1 lm, *2 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå * ut omgangen, avslutt med 1 kj = 28 m. 5. omg: Hekl 1 lm, *1 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå * ut omgangen, avslutt med 1 kj = 35 m. Klipp av og fest garnet. Fyll hovudet og kroppen med vatt og sy på undersida.

No heklar du halsen rundt nedste delen av hovudet: 1. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 46 m. 2. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 46 m. 3. omg: Skift til raudt og hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 46 m. 4.–6. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 46 m. 7. omg: Hekl 1 lm, 1 fm, *3 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå * ut omgangen, avslutt med 1 fm, 1 kj = 57 m. 8.–22. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 57 m. 23. omg: Hekl 1 lm, 1 fm, *4 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå * ut omgangen, avslutt med 1 fm, 1 kj = 68 m. 24.–42. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 68 m. 43. omg: Hekl 1 lm, 1 fm, *4 fm, 2 fm smn, gjenta ut omgangen, avslutt med 1 fm, 1 kj = 57 m. 44. omg: Hekl 1 lm, 1 fm, *3 fm, 2 fm smn, gjenta ut omgangen, avslutt med 1 fm, 1 kj = 46 m.

Armar Legg opp 4 lm med kvitt garn og lag ein ring med 1 kj. 1. omg: Hekl 1 lm, 7 fm gjennom ringen, avslutt med 1 kj = 7 m. 2. og 3. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 7 m. 4. omg: Skift til raudt og hekl *1 fm, 2 fm i neste maske, gjenta ut omgangen, avslutt med 1 fm, 1 kj = 10 m. 5.–8. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 10 m. 9. omg: Hekl 1 lm, *2 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå * ut omgangen, avslutt med 1 fm, 1 kj = 15 m.

12


Skjerf Legg opp 3 lm med gult garn, snu. 1. rad: Hekl 1 lm, 2 fm, snu. 2.–60. rad: Hekl 1 lm, 2 fm, snu = 2 m. Klipp av og fest garnet. Knyt skjerfet fast på hunden.

10.–30. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 15 m. Klipp av og fest garnet. Fyll armen med vatt og sy saman. Hekl ein arm til og sy dei fast på kroppen.

hem

mel eg

Bein Legg opp 4 lm med kvitt garn og lag ein ring med 1 kj. 1. omg: Hekl 1 lm, 8 fm gjennom ringen, avslutt med 1 kj = 8 m. 2. omg: Hekl 1 lm, 2 fm, 2 fm smn, 2 fm smn, 2 fm, avslutt med 1 kj = 6 m. 3.–9. omg: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, avslutt med 1 kj = 6 m. Klipp av og fest garnet. Fyll beinet med vatt og sy saman. Hekl eitt bein til og sy dei fast til kroppen.

Eg er ein

Øyre Legg opp 3 lm med brunt garn, snu. 1. rad: Hekl 2 fm, snu = 2 m. 2. rad: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 2 m. 3. rad: Hekl 1 lm, 2 fm i første maske, 2 fm i neste maske, snu = 4 m. 4. rad: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 4 m. 5. rad: Hekl 1 lm, 2 fm i første maske, 2 fm, 2 fm i siste maske, snu = 6 m. 6.–9. rad: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 6 m. 10. rad: Hekl 1 lm, 2 fm smn, 2 fm, 2 fm smn, snu = 4 m. 11. rad: Hekl 1 lm, 1 fm i kvar maske, snu = 4 m. 12. rad: Hekl 1 lm, 2 fm smn, 2 fm smn = 2 m. Klipp av og fest garnet. Hekl eitt øyre til og sy dei fast på hovudet. Broder nase og auge med svart garn.

13

ag e

nt …


Hekla kosedyr