Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 1
1
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 2
jan roar leikvoll Eit vintereventyr. Roman. 2008, 2010 Fiolinane. Roman. 2010, 2011 Bovara. Roman. 2012, 2013 Songfuglen. Roman. 2013, 2014 Forkynnaren. Roman. 2015
2
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 3
Jan Roar Leikvoll
HEIMATT Roman
Samlaget Oslo 2019
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 4
© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no omslag: Laila Mjøs førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/14 papir: 80 g Munken Print Cream 1.8 trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden isbn 978-82-521-9858-4
Boka er trykt på miljøvennleg papir.
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 5
INNHALD Heimatt Etterord Det vesle insektet
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 6
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 7
Klaprelyden av spisse bein som sprang først ein veg, svinga, sprang så ein annan veg, svinga igjen. Uvisst kor mange seksbeinte vesen som flytta seg hit og dit og etter kvart samla seg rundt ein vassflekk, dei yngste nærma seg sakte, sikre på at den var farleg. Først var vatnet grått, ei stund blått, til sist blankt. Kvar gong eit vesen stakk sine opne kjevar ned i det, skalv vasshinna. Di lysare flekken vart, di oftare løfta vesena på skallen, og vatn rann ut av kjevane, peila uroleg med lange antenner, vare på kvar endring. Fleire av dei eldste begynte å sjå uroleg til sidene og freste lett til kvarandre, noko som fekk dei yngste til å kaste seg over vatnet og drikke, i frykt for at flokken måtte flykte tilbake til det tørre og mørke. Nokre bevegde seg mot holet dei var komne ut av, eit par var alt gått inn i mørket, framleis med våte kjevar, dei fleste vågde framleis å drikke, men så vart også dei redde, og alle la på sprang. Panserkroppane dulta borti kvarandre, antenner rørte ved andres antenner. Ein fekk eit kraftig dunk i sida og skjena ut av flokken, i den høge farten 7
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 8
fortsette den rett fram og stupte utfor ein kant, beina gjekk framleis i fallet, landa på rygg og vart liggande og kravle. Den freste høgt og sprella kraftigare utan å få snudd seg, sette beina mot veggen og prøvde å tippe over til sida, men vart berre liggande og gynge. Den kava og kjempa, fresinga vart til eit halvkvelt skrik, og endeleg klarte Ingmar å vakne. Han drog dyna til sides og låg klam på senga. Endå han låg lenge og såg ut i mørket, vende ikkje auga seg til det. Konturane av bordet og stolen og bokhylla kom ikkje fram, gatelysa kasta heller ikkje skimmer inn i rommet, straumen måtte ha gått både i bygningen og i bydelen. Det brukte å vere lydar, men same kor han spissa øyra, suste berre hovudet. Etter kvart som han prøvde å sove, kom lydane langsamt tilbake. Umogleg å sovne igjen, tankebilde glei gjennom hovudet og bekymra, skrapa i skallen, hola ut kraniet med skei, slik ein holar ut fuglehovud for utstoppinga, kroppen vrei seg mot det rukkete lakenet, og han prøvde på rygg og på sida. Døste han av, køyrde ein støyande bil gjennom gata, ei fjern sirene larma, seine kundar kom ut frå andre rom og stengde dørene hardt, kroppens vridingar heldt han vaken. Han måtte urinere, for fjerde gong i løpet av natta, endå klokka berre var blitt kvart over seks, han brukte å sove til tolv. Ute i gangen var ingen, han stengde 8
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 9
badedøra, og framfor klosettet drog han trusa ned og vippa pikken ut, søvnmangelen suste i hovudet når han lukka auga. Han forsøkte å slappe heilt av, gjere muskulaturen slapp, han måtte jo pisse, han hadde lege og kjent det irriterande presset, men det kom ikkje ein drope. Han prøvde igjen, sette på springen og let vatnet renne, lyden av vatn skulle hjelpe, hadde han høyrt, men hadde aldri hatt behov for det sjølv. Lyden av vatn, auga stengde, prøvde å tenke på noko anna, men det stod blokkert. Det hadde pressa i buken då han prøvde å sove, skvulpa kvar gong han snudde på seg, men ut ville det ikkje. Vatnet vart soge ned, toalettskåla rapte før den fyltest med nytt vatn. Han hadde aldri kjent det slik som denne og førre natta, i alle fall ikkje etter at han kom til byen. Han stod og stirte ned i den kraftige malstraumen i det gamle toalettet, nesten inn i røyret, der ei ukjend verd begynte, der avføring frå naboane eller eit spontanabortert foster eller eit kondom kunne flyte opp, eller ei rotte, og rotta kunne kome krypande våt og svolten over kanten og gnage på anklane hans. Ute i gangen høyrdest plutseleg bjeffing, vaktbikkja gjødde etter ein kunde som etter ei lang natt forlet bygningen. Tilbake på rommet såg han det rukkete lakenet, han orka ikkje tanken på å legge seg på senga igjen, rommet var framandt og kaldt, det var ikkje her 9
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 10
han hadde sove siste halvtanna året, det var ikkje lenger hans stad, eller hans heim, i storbyen. Klokka gjekk mot halv sju, men for han var det framleis natt, det er oktober. Han la seg rett ned på golvteppet, godt å ligge så hardt, han samla seg, hovudet festa seg mellom skuldrene, kroppen skrudde seg saman, og han klarte å ligge i ro. Dei siste dagane hadde han følt at kroppen kunne falle frå kvarandre når som helst, at kulene kunne gli ut av kneskålene, hoftene bryte mens han gjekk, olbogane låse seg eller hovudet tippe til sida og bli liggande der. Men så lenge han låg i ro, var kroppen fast og sterk slik den skulle. Han var heller ikkje lenger klam, feberfølelsen var borte, men sove fekk han ikkje. Kroppen låg stille, men innsida hans snudde og vrei på seg som tidlegare. Det låg eit oransje skimmer i vindaugskarmen og vidare i ei tynn stripe over golvet, opp på bordet og ned på senga. Skimmeret hadde alltid vore teikn på at han kunne sove mange timar til, at det var mørkt og kaldt ute, lunt og trygt inne, om han vakna kort andre netter, før han glei motstandslaust tilbake i søvnen. No låg han vaken, men klarte i det minste å ligge stille på golvet. Draumane hadde vore så urolege at det kanskje var best å ikkje sovne igjen, dessutan kjende han seg forandra, og var trøyttare enn då han hadde lagt seg i går kveld. Andre natta på rad at han ikkje fekk 10
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 11
sove. Etter ei stund reiste han seg frå golvet og kledde på seg, sette seg i vindaugskarmen og såg utover nabolaget. Grålysninga fekk han til å fryse. Bygningar og tre kom klarare fram i den tynne tåka, folk på veg til tidlege arbeidsskift hasta bortover gata, trolleybussar køyrde frå haldeplass til haldeplass, svak risting når undergrunnsbanen suste gjennom bytarmane under gata, aviskiosken og bakeriet på andre sida var opne, lys på fleire kontor vart slått på, barn vart slepte omkring i den tidlege morgonen, dei som hadde vore på nattskift, var på veg heim, menn og kvinner steig av eller på trolleybussane, kom opp eller ned trappa til undergrunnsbanen, kråker kom inn frå skogane utanfor, reklameskilt lyste svakare og verka mindre etter kvart som mørket langsamt sleppte taket, ein ny dag var på veg, men grålysninga var den verste tida på døgnet. Han tok på seg ytterkleda. Endå det var seint i oktober, let han skjerfet henge att, og med hendene i frakkelommene sprang han ned trappene, lett så ikkje Karlin skulle kome ut frå leilegheita i første etasje og krevje å få vite kvar han hadde tenkt seg så tidleg, nyfiken som ho var. Han hadde ikkje vanleg dagsarbeid og burde ikkje vise seg ute dei timane som utgjorde alminneleg arbeidstid for folk flest, ordensvernet utførte hyppige kontrollar, men det brydde Ingmar seg fint lite om. Han orka berre ikkje å forklare kvar han 11
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 12
skulle, spesielt ikkje med tanke på at han hadde mista opphaldskortet og ville ordne opp i det den dag i dag, endå han støtt og stadig kjende seg forplikta til å slå av ein prat, aller mest den siste tida, då han ikkje hadde tent inn så mykje som Karlin og han sjølv hadde hatt forhåpningar om. Dessutan hadde han snoka i leilegheita hennar igjen, hos henne som eigde og dreiv bygningen der Ingmar, saman med eit dusin andre, budde og arbeidde. På siste avsats i trappa sov framleis vaktbikkja, lenka fast i rekkverket, og vakna ikkje då han lista seg forbi. Stille lukka han ytterdøra, låsen gav frå seg lyd, endå meir når huset var på det stillaste. Endeleg ute begynte han på det breie fortauet mot undergrunnsbanen, då ei plystring skar gjennom morgonlufta. Først brydde han seg ikkje, men då det plystra igjen og han merka at det kom ovanfrå, stansa han. Øvst i den raude bygningen der han budde, klemd inn mellom to store og moderne kontorbygg, vinka Stjerna frå loftsvindauget. Han helste tilbake og ville vidare, men nei då, ho vinka han til seg. Tidleg som det var, ville han ikkje rope og gjorde teikn til at han måtte kome seg vidare, men ho fortsette å vinke. Han gav seg og låste stille opp ytterdøra igjen, lista seg raskt forbi vaktbikkja, som bevegde litt på nasen no, fortsette opp alle trappene, fleire trinn om gongen. Stjerna budde på loftsrommet, ho stod i døra då 12
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 13
han gjekk inn, knapt komen over dørstokken før ho ville vite kvar han skulle så tidleg som dette. Å fortelje gjorde rastløysa berre verre, men å lyge for sin beste venn var umogleg. Eg må ordne med nytt opphaldskort. Eg må vere der til folkeregisteret opnar. Er det gamle alt gått ut? spurde Stjerna overraska. Ingmar sette seg, opna frakken halvvegs, varm etter trappene. Har du klart å miste det? Han nikka frå krakken under bildet på veggen. Ja, eg mista opphaldskortet i svømmehallen, endå eg alltid har den vesle mappa på innerlomma i frakken. Mista frå innerlomma? Berre slik utan vidare? Eg veit ikkje, sa Ingmar. Eg kom heim, og mappa var borte. Same kvelden sprang eg tilbake og spurde om nokon hadde funne den, men fekk til svar at å ta vare på viktige papir for badegjestar ikkje var svømmehallens ansvar. Eg insisterte på å få snakke med Bademeister, men då fjotten endeleg viste seg, rista han berre på hovudet. Stjerna pusta tungt. Det er ulovleg å ikkje ha opphaldskort. Og slett ikkje bra for deg som er utlending. Ingmar såg på henne og slo ut med hendene, det var jo dette han ønskte å ordne opp i, den dag i dag. Det hadde plaga han både denne og førre natta, han 13
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 14
hadde knapt sove, og derfor var han på veg ut så tidleg. Han sat nedstemt mot veggen. Når var eigentleg dette? I førgårs, sa Ingmar. Og først i dag gjer du noko med det? Eg trudde det ville dukke opp igjen i løpet av gårsdagen. Kanskje eg hadde lagt det igjen ein stad på rommet. Og i går hadde eg for ein gongs skuld mange kundar. Kom meg knapt frå senga. Eg er uroleg for deg. Eg stoler ikkje på nokon der ute lenger. Vi har berre kvarandre. Du veit kor glad eg er i deg, sa Stjerna, mildare no. Slår du følge? Ingmar såg sitt snitt til å sleppe å gjere det aleine, han ville ikkje ta trolleybussen på grunn av dei aktive kontrollørane, og det var langt å gå heile vegen, han ville ta undergrunnsbanen til Stålmannens plass og heller spasere derfrå. Turen kunne leggast gjennom dei finaste delane av sentrum, også parken Stjerna sverma for. Klar haustdag grydde over takvindauga hennar, ein av dei siste før vinteren. Utenkeleg: Om nokre dagar var byen dekt av snø og Ingmar ein forbrytar. Stjerna hadde ein kunde ho ikkje kunne seie frå seg på så kort varsel, men likte ikkje at Ingmar skulle gå det lange stykket utan opphaldskort, framleis tydeleg forundra og forarga over at han først no gjorde noko 14
Heimatt ferdig.qxp_A 20.08.2019 10:03 Side 15
med det, trass gårsdagens arbeidsøkt. Ho reiste seg og stakk handa ned i kåpa på stumtenaren, fann pollettar til undergrunnsbanen, bad han vekke så lite oppsikt som mogleg. Ring meg om det er noko, sa ho. Kan eg ikkje svare, så prat med nokon andre på huset. Lov meg det. Eg lovar, sa Ingmar, utan å vite kven nokon andre skulle kunne vere. Ofte når dei klemde kvarandre, hadde han tenkt at ho var så mykje mindre enn han, at han var høgare og større enn henne, men no var det berre med nød og neppe han rakk henne opp til ansiktet. Stjerna stod i døra mens han nok ein gong skunda seg ned trappene, stille som i stad. Vaktbikkja gav frå seg eit knurr utan at Ingmar orka bry seg, men heilt nede frå gangen kikka han opp alle etasjane mellom rekkverket, der den unge venninna framleis stod. I ytterdøra sleppte han inn ein tjukkfallen mann, det måtte vere den morgonkunden Stjerna venta på. Han heldt døra open utan at mannen grynta eit takk eller såg på han, men på alle trappene som måtte bestigast for å kome opp til Stjerna.