Skip to main content

Klure

Page 1

Klure ferdig.qxp_a 26.06.2018 11:38 Side 1


Klure ferdig.qxp_a 26.06.2018 11:38 Side 3

Atle Hansen

KLURE Roman

Samlaget Oslo 2018


Klure ferdig.qxp_a 26.06.2018 11:38 Side 5

Viss da e noken så har da heise og blir trakka neråt, så ska du få han te å sei da opp i fjeset på heila verdo: Eg e lika god so deg. Frå Oskar Stein Bjørlykke: Hans Klure. Prosadikt. Samlaget 1974

5


Klure ferdig.qxp_a 26.06.2018 11:38 Side 6

6


Klure ferdig.qxp_a 26.06.2018 11:38 Side 7

Eg tek av meg øyreklokkene. Nokon ropar. «Jens! Jensemann!» Det er bror min, Johann. «Slutt med den synginga!» gaular han. Han står i døra inn til rommet mitt. «Kan du ikkje lytta på musikk utan å syngja? Eg prøver å gjera lekser og kan knapt høyra meg sjølv tenkja.» Eg kjenner at eg raudnar. Eg visste ikkje at eg song. Eg prøver å setja saman eit modellfly pappa har kjøpt til meg, og så høyrer eg på musikk samstundes. Når eg høyrer musikk i øyreklokker, hender det at eg gløymer meg og syng med. 7


Klure ferdig.qxp_a 26.06.2018 11:38 Side 8

Elles syng eg aldri når nokon kan høyra meg. Berre Rita veit at eg liker å syngja. Når me er aleine, syng me saman. Eg svarar ikkje Johann. Eg berre legg øyreklokkene på skrivepulten og snur meg vekk frå han. Nede høyrer eg dørklokka. Like etter kjem nokon opp trappa og opnar døra til rommet mitt. Eg snur meg og ser kven det er. Helge står i døra.

8


Klure ferdig.qxp_a 26.06.2018 11:38 Side 9

Helge «Blir du med ut?» spør Helge. «Eg veit ikkje», svarar eg. «Eg held på med noko.» «Kva då?» spør Helge. Han tek eit steg inn i rommet mitt. «Eit modellfly», svarar eg. «Får du det til?» spør Helge. «Ikkje så godt», svarar eg. «Eg kan hjelpa deg», seier Helge. «Viss du blir med ut etterpå.» «Greitt», seier eg. «Eg er nesten ferdig, altså. Det er berre desse små greiene her, som eg ikkje veit kor skal vera.» «Det står vel i teikninga», seier Helge. «Å ja, den har eg ikkje sett på», seier eg. «Du må alltid sjå på teikninga», seier han. «Du kan ikkje få noko til utan å sjå på teikninga.» «Eg trur eg har kasta henne», seier eg. 9


Klure ferdig.qxp_a 26.06.2018 11:38 Side 10

Helge får det til utan teikning. Han har større fingrar enn meg, men dei er betre med små ting likevel. Han får på plass alt. Hjul og vengjer og små glas i cockpiten. Han greier til og med å lima på dei ørsmå flagga og merka, som eg har gitt opp for lenge sidan. Helge har bygd modellfly før, men oftast byggjer han bilar. Ingen har fleire bilar enn han. Dei står fint oppstilte i hyllene på rommet hans. Dei fleste har han sett saman sjølv av byggjesett. Han har fått dei av faren. Far til Helge jobbar på ein båt og reiser til land og byar over heile verda. I kvar by kjøper han ein modellbil med heim til Helge. Han har gjort det alltid. Heilt frå Helge var liten og ikkje visste kva ein bil var. No veit han det. No veit han alt om bilar. «No kan me gå ut», seier Helge då han er ferdig med modellflyet mitt. 10


Klure ferdig.qxp_a 26.06.2018 11:38 Side 11

«Kor skal me?» spør eg og reiser meg motvillig opp. «Bort til dei andre. Dei er ved postkassane», seier Helge.

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Klure by Det Norske Samlaget - Issuu