Materialet i denne utgjevinga er verna etter åndsverklova. Det er derfor ikkje tillate å kopiera, avfotografera eller på andre måtar gje att eller overføra heile eller delar av innhaldet i utgjevinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor.
Det er forbode å bruka heile eller delar av utgjevinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skapa tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane.
Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føra til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.
ÅTVARING! FARE! DANGER! STAY OUT!
Denne boka tilhøyrer Samson, 9 år, Lerkevegen 38. Om det ikkje er deg, bør du snarast legga henne vekk. For det er faktisk ikkje fint å lesa andre sine dagbøker.
Alle som gjer det, fortener å trø på legoklossar og få sur mjølk i frukostblandinga si resten av livet.
Minst.
Viss det er du, Kim: Eg veit faktisk veldig godt kor du bur. Og du kjem aldri til å merka
det om eg plutseleg ein morgon har erstatta tannkremen din med rumpesalve eller fyller chilisaus i augedropane dine.
Eg berre seier det.
Du er åtvara!
Alle andre: Lukk igjen med ein gong!
Sånn, då er eg klar. For det som skjedde i dag, er rett og slett så sprøtt at eg berre må fortelja det.
1
IKKJE NOKO TULL
Det starta sånn her:
– Samson, du må vakna!
Eg opna auga og såg inn i det skjeggete
ansiktet til pappa, som stod bøygd over meg og smilte. Lukta av nybakt muffins kitla i nasen min. Eg kikka ut vindauget. Snøen lava ned. Det var heilt nydeleg!
Bakkane hadde vore pinnfrosne i fleire dagar, og eg visste at me snart kunne stå på skøyter på vatnet viss kulda heldt fram.
Dei hadde allereie fylt ballbingen på skulen
med vatn for å laga isbane. Det einaste som mangla for at denne vinteren skulle bli heilt
perfekt, var snø. Bestevenen min Alva og eg hadde allereie planlagt å bygga tidenes iglo
om det kom nok. Og no var bakkane i ferd med å fyllast opp.
Me lista oss ned til stova, der mamma akkurat var i ferd med å træ ei pappeske over det svære buret midt på golvet. Heile eska var full av teikningar som eg og Alva hadde laga.
Alva hadde teikna einhyrningar, og så hadde eg teikna drakar og krokodillar og skumle
monster i fantastiske fargar. Og ei teikning av pappa som pitla seg i nasen. Men akkurat det var kanskje ikkje så lett å sjå, for eg var ikkje sånn kjempeflink til å teikna ekte menneske. Men det gjorde ikkje noko. Kim kom aldri til å forstå kva som var inni der, og det var det viktigaste. Aldri i verda om ho kom til å gjetta det. Det var rett og slett for bra.
Eg smilte og såg at mamma gjekk i gang med å blåsa opp ballongar. Sjølv om det var storesøstera mi som hadde bursdag, og ikkje eg, var eg glad i heile kroppen.
– Ikkje noko tull i dag? Pappa blunka til meg.
Eg rista på hovudet. – Ikkje noko tull, sa eg.
Og det var heilt sant. Denne gongen hadde eg faktisk ikkje planlagt noko tull. Og det var ganske urettferdig at eg blei mistenkt for noko sånt heilt utan grunn. Det var jo snart eit år sidan eg lurte Kim til å tru at heile klassen skulle ha pysjamasparty, medan alle dei andre hadde tatt på seg finkjolane sine. Eigentleg
ville eg skriva nakenparty på den falske invitasjonen som eg hadde erstatta den originale med. Men der sette Alva foten ned. For det er faktisk ikkje fint å lura søstera si til å gå naken på fest, meinte Alva. Det enda uansett med full katastrofe. Kim var ikkje spesielt blid, for å seia det forsiktig.
Men denne dagen var annleis. Eg hadde gledd meg i fleire veker og hadde ingen ønske om å øydelegga for noko som helst av det som skulle skje. Så det var heilt sant at eg ikkje hadde planlagt noko tull. Men så er det jo ikkje akkurat sånn at ein kan bestemma alt sjølv heller. Eg er trass alt berre ni år. Og det som skjedde vidare i dag, var faktisk ikkje min feil.
Bursdagar er uansett noko av det kjekkaste eg veit. Då får eg eta så mykje godteri som eg vil. Alle er i godt humør, og det skal mykje til for å få kjeft på ein bursdag. Ikkje eingong då eg lurte onkel og tante til å eta fiskepudding med piska krem og sjokoladesaus på bursdagen min, fekk eg kjeft. Alle berre lo og sa at eg var ein artig liten rakkar.
Dessutan visste eg kva Kim skulle få til bursdagen, for eg hadde vore med
mamma på butikken. Eg visste kva som var i buret.
Kim skulle få ein heilt ekte hamster til elleveårsdagen.