Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 1
1
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 2
2
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 3
Ingvild Bræin
Grotten Historia om eit hus og fem kunstnarar
Samlaget Oslo
3
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 4
© Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Samlaget Skrift: Minion Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN ----
Forfattaren har mottatt støtte frå Det faglitterære fond og Fritt Ord.
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
4
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 5
Innhald
Forord Tidslinje for Grotten Huset. Første besøk hos Jon Fosse Kven har gjort seg fortent til å bu i Grotten? Den «henrykte». Henrik Wergeland Grotten i privat eige - Mannen mellom alle stolar. Christian Sinding Klangmeisteren. Jon Fosse Roperten. Arnulf Øverland Den lydhøyre. Arne Nordheim Mannen i Grotten. Siste besøk hos Jon Fosse Så kvar stod Veslebrunen? Takk Notar Kjelder
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 6
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 7
Forord
I Slottsparken i Oslo ligg det eit hus. Det veit eg, seier du kanskje, det er Slottet! Og det er det jo. Det ligg òg andre mindre hus rundt i Slottsparken, som høyrer til denne hovudbygninga. Men eg tenkte ikkje på Slottet, eg tenkte på naboen, Grotten. I det eine hjørnet av det mest offisielle norske landskapet ligg det eit lite hus. Sjølv om staten eig det, er det privatpersonar som bur der – eller privatkunstnarar – som lever sine liv mellom ekorn og gardistar. Etter at Grotten frå har vore æresbustad for fortente kunstnarar, høver det nettopp med ei slik plassering. Men då Henrik Wergeland i si tid oppdaga tomta og fekk kjøpt den til å bygge seg eit hus på, var det på same tid som Slottet og slottsplassen var under bygging, og det var slett ikkje meininga at undersåttar skulle slå seg til der. Det var ein glipp. No står glippen der, og vi er stolte av han, som nasjon. Det har annankvar gong budd forfattarar og komponistar i huset: Henrik Wergeland, Christian Sinding, Arnulf Øverland, Arne Nordheim og Jon Fosse. Denne boka er eit forsøk på å fortelje litt om kvardagslivet deira
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 8
i Grotten, og kven dei var som offentlege personar. Og korleis finn erkevestlendingen Jon Fosse seg til rette i Grotten? Sjølv om dei er særs ulike personar, frå ulike epokar i norsk historie, har dei hatt noko felles, som ei aktiv haldning til kva «nasjon» og «nasjonal» tyder, og til språket som skal brukast i denne nasjonen. Dessutan til kunst, og til kva som utgjer kunstnariske kvalitetar. Dei fleste har òg ei brokete bustadsfortid før dei kom til Grotten, ofte ikkje heilt lausriven frå ein laber økonomisk situasjon. I tillegg finst det linjer og tilknytingar mellom bebuarane, anten ved at dei samarbeidde og korresponderte i si samtid (som Øverland og Sinding), at komponistane har tonesett dikt av forfattarane (Nordheim komponerte til Wergeland, Sinding til Øverland), at diktarane har dikta vidare på dikta (Fosse har gitt ut ei diktsamling inspirert av Wergeland), at det er Sindings bror Stephan Sinding som har laga Wergeland-bysten nede i sjølve grotta under huset, eller ved andre snurrige historiske samantreff, som at far til Sinding ein gong blei slått ned på ei kneipe av Wergeland, og at Sindings slektning Terje Sinding no er Jon Fosse sin omsettar til fransk. Ingen av bebuarane var opphavleg frå hovudstaden. Wergeland kom frå Kristiansand, Sinding frå Kongsberg, Øverland frå Bergen, Nordheim frå Larvik, og Fosse kjem frå Strandebarm i Hardanger. Som så mange andre i Oslo gjennom tidene er dei innflyttarar.
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 9
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 10
Christiania var namnet på byen frå til . Etter bybrannen i det gamle Oslo i bestemte kong Christian . seg for å danne ein ny by, som han la under Akershus festning. Fram til slutten av -talet blei bynamnet skrive «Christiania». I perioden – begynte skrivemåten Kristiania å feste seg i det offentlege og blant folk. Kristiania skifta så namn til Oslo i . I denne boka går byen dermed under Christiania på Wergelands tid, Kristiania/Oslo på Sindings og Øverlands tid og Oslo på Nordheims og Fosses tid. Det har budd ungar i Grotten, nokre har hatt heile barndommen sin der, med Slottsparken som leikeplass og Slottsbakken som akebakke. Og det har budd hestar der, rettare sagt Veslebrunen, Henrik Wergelands følgesvein gjennom mange år. Veslebrunen er både i samtida og av Wergeland-biografar omtalt nærmast som ein eigen person, men òg eit vesen som er umogleg å løyse frå herren Henrik. Dei to var eitt, alltid å sjå på veg hit eller dit i Christiania. Denne boka er blitt til over ei viss tid – frå Jon Fosse flytta inn i Grotten i , til skrivande stund, våren . Underteikna har vore på besøk hos Fosse tre gonger, og ting har skjedd mellom kvart besøk: Både Fosse og forfattaren av boka har komme over nye opplysningar undervegs og opplyst den andre om det. Huset er blitt pussa opp. Begge er blitt eldre. Det har vore mange besøkande i Grotten gjennom
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 11
tidene, venner av bebuarane så vel som kongeleg visitas, og det har vore samlingar og opptog der, som på . mai. Men før Jon Fosse flytta inn i , har det ikkje budd nokon nynorsking i æresbustaden. Eit spørsmål som melder seg, er dermed: Må vi kalle det «Grotta» no? Ting kan tyde på det, i alle fall i denne e-posten frå Fosse: Og høver det for deg den dagen i Oslo i september, så kan vi godt treffast i Grotta, altså den . september, til dømes klokka eitt? Jon
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 12
Tidslinje for Grotten
‒: Henrik Wergeland og kona Amalie Sofie, og delar av tida Wergelands aksepterte son Olaf, bur i Grotten. ‒: Grotten er på private hender, eigd av følgjande personar: forleggar Christian Tønsberg (–), tollkasserar Peter Moe (–), banksjef August L. Sanne (–) og grosserar Sunde (–). I styrtar sjølve grotta under huset delvis saman, men blir restaurert same år. ‒: Staten kjøper Grotten i , men den står tom fram til det blir føreslått av kunstnarkollegaer av komponisten Christian Sinding at han kan bu der, grunna bustadnød. Han blir tilbydd bustaden mot lovnad om at ordninga skal vere mellombels. Ordninga blei i staden livslang. ‒: Christian Sinding og kona Augusta bur i Grotten.
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 13
‒: Grotten står delvis tom, er delvis på tyske hender, mot slutten blir den brukt av Noregs geologiske undersøking til oppbevaring av steinsamlinga deira. Kunstnaren Pola Gauguin (son av målaren Paul Gauguin) skal også ha budd der ei tid i denne perioden. ‒: Arnulf Øverland, kona Margrete og borna deira Åsil og Eli bur i Grotten. ‒: Øverlands enke, Margrete, bur vidare i Grotten. Tarjei Vesaas blir tilbydd bustaden i , men takkar nei. Han føreslår Arne Nordheim og døyr sjølv året etter. ‒: Grotten står nedsliten og tom, og det blir diskutert kva den skal brukast til. Arne Nordheim blir førespurd om å flytte inn i . ‒: Arne Nordheim og kona Rannveig Getz Nordheim bur i Grotten. : Jon Fosse flyttar inn i Grotten, etter kvart saman med kona Anna og døtrene Erli og Alis.
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 14
Huset Første besøk hos Jon Fosse Jon Fosse er kjent for å vere presis. Ikkje berre i diktinga si. På slaget . denne septemberdagen i står han klar utanfor det nye huset sitt, Grotten. Eg har fått beskjed i eposten om å berre banke på. For slik er det med Grotten: framleis ingen høge, ugjennomtrengelege gjerde eller andre fiendtlege stengsel rundt, det er faktisk mogleg å gå opp til huset og banke på. Men dei færraste gjer det – det står ein slags ring av vørdnad, av respekt for privatlivet, rundt huset. Det er folk sjølve som lagar den, ved ikkje å nærme seg. Som oppvaksen i denne byen hadde eg dermed aldri trudd eg skulle gå og banke på akkurat denne døra. Men det skulle eg heller altså ikkje, for Fosse sto allereie utanfor. Han slo ut med armane mens han såg seg ikring i hagepartiet, halvveges stolt, halvveges orsakande, som han ville seie: Velkommen til meg, men kven er no eg? Her, i dette huset? Velkommen til ein plass som eg nesten kjenner som min. Vi tar kvarandre i handa, Fosse gjer veg og vil ha meg først inn over terskelen. Eg begynner med ein gong å ta av meg på beina. Han seier: Nei, berre behald skotøyet på!
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 15
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 16
* Vidar Kvalshaug i Aftenposten skreiv i at å gjette på kven som blei den neste bebuaren i Grotten, hadde vore ein selskapsleik i kulturlivet dei siste åra. Professor Vigdis Ystad ved Universitetet i Oslo og forleggar Anders Heger med fleire, ville at Grotten skulle bli ein verkstad for kunstnarisk aktivitet framfor ein bustad for éin kunstnar. Forskingsstad har fleire gonger gjennom tidene vore føreslått, saman med Wergeland- eller Øverland-museum. Barnehage har nokon også tenkt seg. Forslag frå kulturpersonlegheiter til arvtakarar etter Arne Nordheim har vore blant anna forfattarane Dag Solstad, Jan Erik Vold, Stein Mehren og Karl Ove Knausgård, bildekunstnarane Odd Nerdrum, Mari Slaattelid, Vebjørn og Aune Sand, skodespelar og regissør Liv Ullmann og musikarane og låtskrivarane Leif Ove Andsnes, Paul Waaktaar-Savoy, Mari Boine, Lillebjørn Nilsen og Øystein Sunde. Facebook-gruppa «Jahn Teigen til Grotten» blei visstnok også oppretta. Men Jon Fosse var ein av favorittane, og . mai kom nyheita om at han var blitt førespurd og hadde takka ja. Hemmeleg er det ikkje at Fosse først tvilte på om det var rett å slå til på tilbodet. I Bergens Tidende kalla spaltist Finn Tokvam Fosse for «skråusikker» i prosessen. Forfattaren Ragnar Hovland skreiv at for å gi ei slags moralsk støtte til Jon Fosse hadde han tenkt å skrive ein liten serie med illustrerte barnebøker, «Rotta i Grotta»:
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 17
Det handlar då om ei lita rotte som i løynd passar på at Fosse har det bra, at han får fred til å skrive, rettar litt i manusa hans og slikt. Mens utanfor lurer det store farar, der luskar t.d. misunnelege bokmålsforfattarar rundt mellom trea. Blir dette ein suksess, noko eg har god tru på, så skal noko av overskotet gå til eit fond for nynorskskrivande forfattarar som må bu på stader der dei eigentleg ikkje har lyst til å bu.
Vestlandsdiktaren trong tid til å tenke over saka. Til sist ringde han kulturministeren og ville sjå på huset. Anniken Huitfeldt var sjølv ute på Gardermoen og henta han, fredagen før påske. Huitfeldt, Fosse og Rannveig Getz Nordheim gjekk saman rundt i huset, etter at dei hadde klart å komme seg usett gjennom Slottsparken fram til Grottedøra. Like etter sende Jon Fosse ein SMS til kulturministeren med bodskapen: «Har bestemt meg for å takke ja.» Jon Fosse fekk altså nøkkelen omtrent på slaget år etter at Henrik Wergeland og fru Amalie Sofie flytta inn.
Etter at eg ikkje har tatt av meg skoa, på denne plassen eg aldri trudde eg skulle sette mine bein, tar Jon Fosse på seg rolla som guide og sveivar i gang Tour de Grotten. No skal eg få vere med inn i krikane og krokane, kanskje òg til hybelkaninane, av norsk historie, tenker eg. Først er det ei stutt trapp oppover. På veggen langs trappa heng
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 18
bilde av alle som har budd her før. Eg blir ståande og sjå på dei, særleg undrar det meg å sjå avslagsbrevet frå Tarjei Vesaas, eg visste ikkje at han var blitt førespurd om å bu her. Fosse er allereie langt inne i kjøkkenet. – Dette er Rannveig Getz sitt verk, interiørarkitekten og kona til Arne Nordheim. Ho har fått laga peisen her, og dette store, opne, blå kjøkkenet. Ho hadde bokhyller her før, men dei er vekke no. Og der oppe, ser du på taklista, har dei skrapa fram eit mønster som kan vere etter Wergeland, ei slags rosemåling, seier Fosse. Eg er kommen opp trappa, står og ser på teikninga i taket og kjenner historias sus. – Dørene, dørlistene og dørhandtaka her i kjøkkenet meiner ein òg er originale, og dessutan golvet, her er nemleg store naglar i treverket, som du kan sjå, seier han og peikar på golvet. Eg ser ned på dei gamle naglane. Dei ser ut som noko i ein skipsdørk. Fosse drar frå gardinene på andre sida av rommet, nikkar ut mot bygget over gata. – Der ligg den kanadiske ambassaden, midt i fleisen, seier han og gliser nervøst, lar gardina falle ned som om han har fått nok verkelegheit for ein dag. Eg seier: – Elles er det jo nokre staselege naboar du har rundt her: kongen, hoffsjefen, Kunstnernes Hus, Litteraturhuset, og statsministeren ikkje så langt unna? – Ja, du må ikkje gløyme Thon Hotel, seier han. Eg løftar gardina og ser ned på Thon Hotel Slottsparken ved sida av ambassaden. Eg har sjølv tatt inn der
Grotten ferdig.qxp_A 02.09.2019 09:55 Side 19
nokre gonger og merka meg at dei veit kvar dei ligg i den kulturhistoriske løypa. Konferanseromma heiter slikt som Gyldenlakken, Wergeland, Veslebrunen, Camilla, Amalie og Stella. Puben heiter Henriken. Dei har måleri av Grotten hengande i lobbyen. Men no er Fosse gått vidare til gamlekjøkkenet. Eg høyrer berre stemma hans: – Og her hadde Øverlands kjøkken, det som Nordheim og Getz brukte til grovkjøkken. Eg kjem inn på eit knøttlite rom. Nesten ikkje plass til å snu seg. – Og her, seier Fosse, – er eit toalett Nordheim og Getz fekk lagt inn. Øverlands hadde likevel ikkje eit knøttlite kjøkken, dei hadde også plassen som toalettet no har fått. Det er på toalettet Fosse har hengt og plassert prisar, diplom og utmerkingar. Dette er berre ein brøkdel. Resten er i Bergen, seier han, men røper ikkje kva for rom dei står i der. Ferda går vidare. No til dei neste to romma som ligg i flukt med kjøkkenet. I det midtarste rommet, som Nordheim og Getz kalla «Torvet», står eit stort arbeidsbord. Bokhyller langs veggene. Dei er etter Nordheim. Her er ein peis som Getz meiner er frå –, men som blir kalla Sinding-peisen, sjølv om han flytta inn seinare. Fosse har fått opp familiebilde på veggene, som han peiker raskt på og flyg forbi.