Greatest dikts

Page 1




Jon Hjørnevik I ein sofa frå Korea – dikt i utsal, 2001 Den vanskelege andreboka, 2002 Hjørneviks Store Norske leksikon, 2004 Shortsen til far min, 2005 Mor mi står i glaset, 2008 Dikt i oppsamling, 2008 Jon Hjørnevik samlar seg, 2010 Flukta frå rekkehuset, 2011 Heimekontor i gravferda, 2014 Alt skal ut, 2015 Ikkje alle gjorde motstand under krigen, 2018


Jon Hjørnevik

Greatest dikts Dikt

Samlaget Oslo 2019


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Ole Færøvik Sats: ord & form, Gudbrand Klæstad Papir: 80 gram Munken Print Cream Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0073-7

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Starten på galskapen Februar 2001. Forbanna Bergen. Bergen sitt svar på snø, altså regn, piska mot den eine ruta eg hadde på det sjukt tronge kottet eg leigde gratis i Lindebergsmauet. Eg såg ikkje særleg lyst på det. Eg hadde lite pengar. Eg hadde ikkje pengar. Eg hadde ingen fast jobb. Eg hadde heller ikkje lyst på noko fast jobb. Eg skreiv rare dikt og ville lese høgt opp for dei som måtte høyre på. Det var det eg dreiv med. Familien var seriøst urolege for den vel tretti år gamle diktarspiren, som forlét ein fast jobb for å sysla med dikt frå scenekanten. «Det har klikka for Hjørneviken», tenkte slekt og uvennar. Det kan eg forstå. Eg hadde nyleg avslutta fem veker med ­kabareten «I ein sofa frå Korea», på den no nedlagde konsertstaden Den Stundesløse. Her framførte eg mine eigne dikt og tekstar, som eg hadde limt inn i ein skarve Ikea-katalog. Det stod ikkje fleire førestillingar på plakaten heller. Det såg ikkje så lovande ut. Men. Eg hadde gløymt at eg hadde sendt inn ei lefse med dikt til Samlaget for å vera med på eit skrivekurs. Og eg hadde ein ­mobiltelefon. Den ringde. Den som ringer ein februardag i 2001 er Margit Walsø frå Det Norske Samlaget. Det gjaldt dikta eg hadde sendt inn til skrive­ kurset. Eg trudde eg skulle på skrivekurs, men forstod brått at Walsø og Samlaget hadde tenkt å gi dikta ut. Dei skulle altså gi dei ut i ei heilt eiga samling med dikt. Dei er galne i Samlaget, forlaget til diktarar som Tor Jonsson, Olav H. Hauge og Arne Hjeltnes. Slik blir det. Før jul 2001 kom I ein sofa frå Korea ut. Eit stort utval av dikta mine hadde stolt flytta seg frå Ikea-katalogen til ei ekte samling med dikt. Eg var sjølv også noko så patetisk som stolt, sjølv om familien min framleis var urolege. Likevel, eg var ikkje heilt nøgd sjølv heller. Eit av mine eigne favorittdikt, «Venstreving», fekk ikkje komma med i debutsamlinga. Det vart refusert, det vart


tatt vekk. Det var ikkje godt nok. Redaktør Knut Bergem hadde sett ned foten. Det måtte ut. Eg godtok det då, men snart tjue år etterpå vaknar eg framleis om nettene og lurer på kvifor eg ikkje sa at «Venstreving» måtte vera med. Punktum. I ein sofa frå Kora var den første av sju samlingar. Det betyr ­nesten 350 dikt. Framleis har ikkje «Venstreving» komme med. Mine to andre redaktørar gjennom desse åra, Finn Totland og Håkon Kolmannskog, har uavhengig av kvarandre, nådelaust tatt ­«Venstreving» ut av manus. Kanskje har dei rett, men likevel. Etter alle desse diktsamlingane er det endeleg slutt på dette ­redaktørtullet. I samlinga Greatest dikts har eg saman med mitt diktarpublikum (ja, eg har faktisk eit publikum) plukka ut 69 av dei beste dikta som er skrive — av meg. Dette er altså mine eigne ­favorittdikt. Og. Det beste for min del er at det siste diktet i ­Greatest dikts er nettopp «Venstreving». Så då er det bestemt. Lukke til, kjære lesar. Og endeleg kan eg få sova godt om nettene. Jon Hjørnevik, Bergen, 14. juni, 2019


Innhald Heiter hylla di Ivar?  9 Sjekking 10 Ein happy homo  11 Ekstremsport 12 Rekorden min  13 Snart heim  14 Slektserotikk 15 Naken kaptein  16 Kalle Dykkarens song  17 NM i blomsterdekor  18 VM i altfor stor bakke  19 Julebord i enkeltmannsføretaket  20 Kontaktannonsedikt 21 Ein god grunn for eit grunnfag i joik  22 Ingen draumemann  23 Referat frå årsmøte i ungkarsklubben  24 Shortsen til far min  25 Sjå på far din og lær gut  26 Eg tok bilen hans far  27 Morgonhåret til mor mi  28 Eg tar på ein kompis  29 Eg treng berre ei kvinne  30 Eg har ein fadder i Botswana  31 Eg vil berre lesa for deg  32 Big Burger Brita  33 Pelsdyrkonsulent på friarfot  34 Balladen om brørne til far min  35 Lyrisk dagsrevy 2055  36 Ingen hadde fleire blad  37 Du ser etter ein  38 Det har skjedd noko vondt mor  39 Mor mi står i glaset  40 Far min ser i glaset  41 Vareoppteljing for eldre  42 Eg ville fødd heime  43


Sjølvmordsbombar på slektsstevne  44 Eg tenkjer på kommunen min  45 Kvar er du, min kjære?  46 Handlelista frå helvete  47 Helsing til den tilbakeståande svenske arkitekthomoen som truleg ­teikna garderobeskapet pax  48 Fotball VM 1987  49 Sverre med fingen  50 Brev til dine bryst  51 Eg, ein djævel?  52 Eg hatar frukost på senga  53 Me manglar berre purreløk  54 Eg ringjer til alle i Oslo  55 Eg ville ta bjørka  56 Stakkars, sjefen er sjuk  57 Sanningas nekrolog  58 Eg har mitt yin og yang  59 Mor mi ho sleit seg  60 Kven skal tømme oppvaskmaskina?  61 O Store Oslo  62 Det er dyrt  63 Den styggasta dama i dalen  64 Erwin Rommels tørketrommel  65 Sluttprogram 66 Heimekontor i gravferda  67 Det verste eg veit, det er ikkje krig  68 Dei fekk berre søner  69 Hei, Hitler  70 Kystens hore, Magga Higen 1905–1946  71 Proviant må lagast frå grunnen av når det kjem austlendingar til gards 72 Kva skal puddingen heita?  73 Eg trudde at far min var borte  74 Krigens regel nummer 1: Eg kan ikkje læra far min å drikka  75 Du må ikkje sova i timen  76 Publikumsfavoritten/refusert dikt: Venstreving  77


F Ø RST E D I K T

Heiter hylla di Ivar? Eg har ei hylle som heiter Ivar Eg har eit bord som heiter Kjell, mens sofaen eg ligg i, den heiter Isabell. Eg har ei lampe som heiter Tommy, og nattbordet Jonatann, senga eg søv søtt i, den heiter Mimiann. Eg ynkar, stønner og ber meg, eg er ein einsleg vilter ramn som hoppar til sengs med ei seng, ei seng som har damenamn. Eg rullar meg rundt i dynene på Mimianns mjuke laken gnir eg meg inntil ho, men berre eg er naken. Men så får eg ein kniv i ryggen, så drepande og kvass, for eg gløymde at det eg ligg på, er Frode Overmadrass.

9


ANDRE DIKT

Sjekking Eg sjekka opp meg sjølv ein gong, men vart ikkje noko gla, for det sjokka meg kor lett det heile va.

10


T R E DJ E D I K T

Ein happy homo Eg heiter Fredrik, han heiter Bjarne, Bjarne valde meg framfor Geir Arne.

11


FJ E R D E D I K T

Ekstremsport Nokre hoppar fallskjerm, andre heng i fjell, basehopp er farleg, men dei gjer det likevel. Fridykking er dristig, det er ogsü bokseringen, eg driv òg ekstremsport og hoppar av i svingen.

12


FEMTE DIKT

Rekorden min Eg er ikkje raskast i verda, har aldri hoppa lengst, eg kan aldri løfta mest når rekordløft trengst. Eg har aldri klatra opp på det høgste fjell, eg hadde ramla ned nokså tidleg likevel. Eg er ingen sikker vinnar, eg er ein som sjeldan vinn, men eg har faktisk ein rekord, og den er berre min. Rekorden min, den er ekstrem, ei grense ingen andre har kryssa, ei fin jente sa til meg ein gong: «Du er den eldste eg har kyssa.»

13


SJET TE DIKT

Snart heim No ligg eg med ei tobarnsmor, det er tysdag klokka tre, eg stakk innom for ein kaffikopp, og då kan den slags skje, eg vert omringa av puppar i ein annan mann sin heim, dei dinglar lystig over meg, mens eg er bunden med ei reim. Ho har nokså strøken kropp, trass i sine to, den dansar ho med oppå meg mens eg ligg heilt i ro. I ein vilter vill orkan brakar me i hop, før to daude dyr dett om i ei himmelsk dynegrop. Men der kom ein bil på tunet, det var mannen som kom heim, kona søv og eg ligg her, framleis i ei reim, det er ei kjønnsleg slagmark, i stova ligg ein eim, nei, det luktar ikkje kjøttkaker, når mannen no kjem heim.

14


S J UA N D E D I K T

Slektserotikk Eg er så glad i tanta mi, eg ser kor fin ho er, eg er så glad i tanta mi, ho er så tett og muskulær. Eg er så glad i tanta mi, ho er så snill og god, eg er så glad i tanta mi, eg vil sova inntil ho. Eg er så glad i tanta mi, for meg er ho perfekt, ho er kvinna i mitt liv, berre synd me er i slekt. Det er eit drisitig opplegg, men sjølv om eg tar skade, tenkjer eg som så, av sine eigne skal ein ha det. Så i all hemmelegheit, i ei stove mørk og dunkel, så klemmer eg på tante og kjenner lukt av onkel.

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.