Fugleguten

Page 1



Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 1

1


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 2

Bøker av Rune Belsvik på Samlaget Tjo-hei. Sirius Barn. Ill. av Bjørn Morisse. 1984 Den som kysser i vinden blæs ikkje bort aleine. Barnebok. 1987 Alle dei fine jentene. Sirius Ungdom. 1988 Kjærleiken er eit filmtriks. Sirius Ungdom. 1992 På nippet. Ungdomsbok. 1995 Ein naken gut. Ungdomsroman. 2000

2


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 3

Rune Belsvik

FUGLEGUTEN Illustrert av Sigbjørn Lilleeng

Samlaget Oslo 2019


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 4

© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no

Omslag: Sigbjørn Lilleeng Førtrykk: Samlaget Skrift: Sabon 12,5/17 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden

ISBN 978-82-521-9896-6

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 5

1 Lukas har lyst å flyta på rygg slik som Nico. Men det er vanskeleg. Han vil ikkje prøva fleire gonger i dag. Han står stiv i vatnet. Han gidd ikkje meir. Du får det til, seier Nico. Nei, tenker Lukas. Eg får det aldri til. Berre legg deg bakover og flyt, seier Nico. Det er kjempeenkelt. For Nico er det enkelt. Alt er enkelt for Nico. Han er best i fotball. Han har sin eigen telefon. Han har den store naboguten Tom Erik å leika med. Nico kan alt mogleg. Ein annan gong, seier Lukas. Sjå her, seier Nico. Nico sig bakover. Vatnet tar imot han og løftar han opp. Han ligg still på rygg og flyt. Det er nett som om vatnet bryr seg meir om Nico enn om Lukas. Som om det ikkje gidd å halda Lukas oppe. 5


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 6

Men vatnet kan vel ikkje vera slik. Vatnet er vel likt for alle. Ja, Lukas vil prøva ein gong til. Sjå no, då, seier han. Følg nøye med. Kanskje eg klarer det no. Skunda deg, då, seier Nico. Vi må snart opp. Lukas legg seg bakover. Han tenker at vatnet er likt for alle. Men han søkk under med ein gong. Nasen fyllest med ekkel smak. Han kavar for å få beina under seg. Står og gulpar og hostar, mens Nico ler høgt.

6


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 7


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 8

2 Lukas trur mamma er mest glad i veslesøstera Alma. Ho og Alma leikar saman med ei dokke. Dei tullar og ler og har det kjekt. Dei bryr seg ikkje om Lukas. Dei vil ikkje ha han med, tenker han. Brått spør mamma om han vil passa Alma ei lita stund. Mamma vil ned på kontoret. Eg kom på noko eg kan skriva, seier ho. Eg må gjera det før eg gløymer det. Du er stor gut, Lukas. Du kan leika med Alma til eg kjem opp igjen. Lukas vil ikkje leika med Alma. Han har ikkje lyst. Ho prøver å klatra opp i stolen til han. Ho trur kanskje ho kan klatra på han nett som ho vil, fordi mamma sa det. Lukas dyttar henne ned. Ho fell i golvet og begynner å grina. Ho hyler høgare enn nødvendig, synest Lukas. Han får lyst å rista henne. Men han gjer det ikkje. Han plukkar opp ein plastikksau som ligg under bordet. Sjå denne, seier Lukas. 8


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 9

Alma hyler vidare. Å, kor ho hyler. Og så kjem mamma trampande opp trappa. Kva er det? seier ho. Han dytta! skrik Alma. Eg skulle henta sauen, så vi kunne leika, seier Lukas. Dytta du henne? Eg sa ho skulle flytta seg. Ho klatra opp på meg. Eg ville leika! Han dytta! grin Alma. Du er ikkje snill i dag, seier mamma til Lukas. Eg bad deg om å passa Alma ei lita stund. Kunne du ikkje gjort det? Ho klatra på meg! Ho er dum! Ho øydelegg berre alt saman. Eg trudde du var stor gut, eg, Lukas. Er du ikkje så stor likevel? Det er ikkje min unge. Du kan passa henne sjølv. Kva sa du? Ingenting. Du kan gå inn på rommet ditt og vera der til pappa kjem heim. Å nei, tenker Lukas. Ikkje no igjen. Det er kaldt på rommet. Vindauget står ope. Han kjenner lukta av alt det våte og kalde og kjedelege ute. Lukas har sauen i neven. Han puttar han i lomma.

9


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 10

Stakkars pappa, tenker Lukas. Snart er han ferdig på jobben. Kanskje håpar han at alt er i orden heime. Men så må han inn og kjefta på Lukas igjen. Den fæle Lukas. Alltid er det noko med Lukas. Har han gløymt korleis det er å vera snill? Korleis gjer ein det? Slik at alle blir glade og alt er fint? Kanskje han ikkje passar inn? Burde han heller vera ein stein. Steinane står urørlege ute i regnet. Til og med om natta. Dei forstyrrar ingen. Dei får ingen til å grina og ingen til å bli sinte. Du kan sparka dei om du vil. Dei bryr seg ikkje om det. Dei bryr seg ikkje om nokon ting. Han gjer seg så hard han kan. Det blir aldri hardt nok. Han kjenner at han er Lukas. Noko blautt og lite som sit og ventar på at pappa skal komma heim. Han tar fram sauen og set han i vindaugskarmen. Der står han i den kalde lufta. Sauen kan ikkje gøyma seg nokon stad. Kan berre stå der Lukas set han. No tar Lukas han i neven igjen. Held neven inntil seg. Prøver å snakka fint til sauen, så han ikkje skal vera redd. Lukas fortel sauen om vinden og kråkene og steinane. At det er vanlege ting. Nesten alt her er vanleg, seier Lukas. Men nesten ingenting er viktig. Jo, bilane er viktige. Jobben til pappa 10


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 11


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 12

og mamma er viktig. Og så er det viktig å vera snill. For viss du ikkje er snill, så får du ikkje vera med. Då må du sitta på rommet. Då er ikkje mamma glad meir. Og då må pappa få vita om det, og så må han kjefta. Viss pappa og mamma døyr, slepp eg å sitta på rommet, tenker Lukas. Då kan dei ikkje kjefta på meg. Då kan eg vera oppe så seint eg vil om kvelden. Alle vil synast synd i meg. Dei vil trøysta meg og gi meg gode ting. Stakkars Lukas, vil dei seia. Sjå der kjem Lukas, han som er heilt aleine i livet. Mora og faren hans er døde. Tenk noko så fælt. Stakkars gut. Vi må vera snille med han og gi han noko godt. Han har sett det på fjernsynet. Ei jente som var heilt aleine i livet. Ho blei filma og trøysta. Dei snakka alvorleg og stilt med henne. Som om ho var viktig. Men ho verka ikkje glad likevel. Plastikksauen er ikkje glad heller. Lenge før pappa kjem heim, kan Lukas høyra at han opnar døra. Der kjem pappa, tenker han. Men ingen kjem. Ei stund seinare høyrer han det på nytt. Då kjem han. Men enno veit ikkje pappa at Lukas har vore fæl igjen. Enno trur han at alt er i orden heime. Enno er han glad. No går han inn i stova. Stemma hans er glad og 12


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 13

tydeleg. Alma høyrest også glad ut. Så blir det stilt. Det glade sluttar. Mamma snakkar lågt til pappa. Pappa svarar noko. Det blir stilt igjen. Å nei. No står sikkert pappa i stova og sukkar. No veit han det. No går også denne dagen i stykke. Pappa kjem over stovegolvet. Huset gyngar. Pappa må inn til Lukas igjen. Stakkars pappa. Døra blir riven opp. Det er pappa. Han er stor. Han har med seg ein heil vind som fell inn i rommet. Lukas høyrer noko som dunkar. Det er sauen som dett ned på golvet. Ja vel, seier pappa. Lukas ser opp på han. Du har vore umogleg igjen? seier pappa. Lukas svarar ikkje. Korfor er du slik? spør pappa. Lukas svarar ikkje. Korfor er du slik? spør pappa igjen. Eg veit ikkje. Du veit ikkje? seier pappa. Nei. Så du er liksom heilt uskyldig? Du gjer ingenting dumt? Du får ikkje Alma til å grina? Du gjer slik mamma ber deg om? Du hjelper til og er grei gut? 13


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 14

Lukas synest at pusten er nett som vond mat. Han ser fort opp på pappa igjen. Han ser trøytt ut. Kanskje mamma vil trøysta pappa etterpå. Men ho pleier ikkje å gjera det. Ho forstår ikkje at han treng trøyst. Ho blir sur fordi han ikkje orkar å vera glad når han kjem heim. Og pappa forstår ikkje at han må skryta av maten til mamma. At han må eta sakte og seia kor godt det er. Då blir mamma glad. Og så blir alle glade. I staden ser han på telefonen og sluker maten. Og så blir alt verre. Fordi Lukas er så umogleg. Lukas kan ikkje trøysta pappa heller. Han ville blitt sint viss Lukas sa stakkars pappa. Kva er det du tenker på? spør pappa. Ikkje noko, seier Lukas. Du sit berre der og slappar av og har det fint? Lukas får ikkje til å svara. Han ser sauen på golvet. Ja, du får berre sitta her og slappa av og kosa deg, då, seier pappa. Du treng ikkje komma inn til oss før vi seier frå. Skal eg ikkje eta middag? Nei, det skal du ikkje. Pappa går ut. Han lukkar døra etter seg. Lukas løftar hovudet. Han ser at veggane rekk heilt til taket. Den brune døra står still i veggen. Han høyrer at mamma 14


Fugleguten ferdig.qxp_mat 09.05.2019 12:59 Side 15

dekker bordet på kjøkenet. Han høyrer at Alma er glad, og at mamma svarar med glad stemme. Det er noko inne i Lukas som gjer vondt. Han veit ikkje kva det er. Det berre verker og veltar seg rundt i han. Brått står pappa i døra igjen. Lukas kan sjå at han ikkje har fått trøyst. Han stikk ein neve bort mot Lukas. I neven er det ei grøn papirblokk. Eg tok denne med til deg, seier pappa. Skal eg få den? Ja. Ver så god. Tusen takk. Det er vel ikkje nødvendig å ha det så kaldt her, seier pappa. Han lukkar vindauget og skrur opp omnen. Omnen begynner å knitra med ein gong. Pappa står på golvet. Det ser ut som han tenker. Han står der berre. Ei heil lita stund står han der. Så går han ut og lukkar døra. Lukas finn ein blyant og lagar ein strek på det grøne papiret. No er det ein strek der. Ein bulkete strek. Så teiknar Lukas ei sol og eit tre og ein fugl.

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.