Skip to main content

Språket er ei bukse

Page 1

Kristin Fridtun på Samlaget Norsk etymologisk oppkok. 2012 Nynorsk for dumskallar. 2013 Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay. 2015 Homoflokar. Norsk røyndom. 2018


Kristin Fridtun

SPRÅKET ER EI BUKSE Om biletbruken i norsk språkdebatt

Samlaget Oslo 2019


© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Type-it AS, 2019 Skrift: 11,5/15 pkt. Minion Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9789-1 Forfattaren har motteke støtte frå Fritt Ord og Det faglitterære fond.

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


INNHALD

FØREORD . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

9

MEKTIGE METAFORAR . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Diskusjon er krig . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Metakvafornoko? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Berre noko me seier? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Språket er ein bygning, men berre litt . . . . . . . . . . . . Fantasi og fakta . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Når språksyn møter språkpolitikk . . . . . . . . . . . . . . . Berre ein pissekonkurranse. . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

15 20 32 38 41 45 52 60

FRÅ SIDELINA I: FORFATTAREN SOM FILTER . . . .

65

SPRÅKET ER EIN ORGANISME . . . . . . . . . . . . . . . . Naturleg utvikling . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kva er språkleg fridom? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Vokster og fall – og kanskje eit comeback? . . . . . . . . . Den romantiske organismen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . Sprogets organiske Udvikling indenifra . . . . . . . . . . . Kvar bur språkvesenet? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Den naturvitskaplege organismen. . . . . . . . . . . . . . .

75 77 82 86 90 92 99 107 115 126 134

Debattantane byrjar uroa seg for helsa til organismen Motstanden mot organismen aukar i styrke . . . . . . . Så kom Halvdan Koht og sette organismen ut av spel.


Den romantiske organismen kviknar til . . . . . . . . . . I dag ligg nynorsken på sotteseng. Eller? . . . . . . . . . . … men organismen er i full vigør! . . . . . . . . . . . . . . Språket treng gode rammer . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Er skriftspråk og talespråk ulike språk? . . . . . . . . . . . Utvikling eller latskap? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

140 147 150 159 165 172

FRÅ SIDELINA II: NYNORSKFRELSA . . . . . . . . . . . .

175

SPRÅKET ER EIN NATURRESSURS ELLER EIT RÅEMNE . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Denne lumske Fjeldbæk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Landsmålet har inga kjelde! . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kven gjev næring til kven? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Landsdekkjande overrislingsanlegg . . . . . . . . . . . . . . Når er språket reint? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Graut, betong og rosévin . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Eit språk som ikkje er eit språk . . . . . . . . . . . . . . . . . Høgvassbuksen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

189 191 196 198 202 209 215 222 227

FRÅ SIDELINA III: SPRÅKSPOTT SOM SVID . . . . . .

235

SPRÅKET ER EIT SYSTEM . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Språket er ei maskin inni ein organisme . . . . . . . . . . Språket er eit sanseapparat . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Fødd med brytarpanel … eller? . . . . . . . . . . . . . . . . Er språkvitarane forblinda?. . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

245 248 257 261 269

Norsk er ein fylkesveg med ferjeovergang, engelsk er ein seksfelts motorveg. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

272

FRÅ SIDELINA IV: HEN – FRISK LUFT OG NYTT UTSYN . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

279


SPRÅKET ER EIN BYGNING . . . . . . . . . . . . . . . . . . . System med bakkekontakt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Landsmålet er eit luftslott . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Den hage murmeisteren . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Nynorskingar i bokmålshagen . . . . . . . . . . . . . . . . .

291 294 297 301 308

FRÅ SIDELINA V: BETRE HUMØR MED NY METAFOR . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

313

SPRÅKET ER EIT KLEDEPLAGG . . . . . . . . . . . . . . . . Den språklege forma er eit overtrekk. . . . . . . . . . . . . Kva skal tankane ha på seg? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Nynorsk – olabukse eller bunad? . . . . . . . . . . . . . . . Bokmålsbukse med og utan press . . . . . . . . . . . . . . .

319 322 326 333 338

FRÅ SIDELINA VI: MÅLBUNADSPOLITIET . . . . . . .

341

SPRÅKET ER EIN REISKAP . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Ein reiskap er ein fylgjesvein . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Det sløve landsmålet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Samnorsken gjer oss til idiotar . . . . . . . . . . . . . . . . . Til slutt ein trudelutt om musikkinstrument . . . . . . .

347 350 353 359 364

ETTERORD. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

368

TAKK . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

370

LITTERATUR . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

371

NOTAR. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

385

PERSONREGISTER . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 400


FØREORD

Korleis tenkjer meiningsmotstandarane mine? Det er det skumlaste spørsmålet ein debattant kan stilla seg. Ikkje fordi spørsmålet er vanskeleg å svara på, men fordi spørsmålsstillaren kan få varige mein. Når me i fullt alvor prøver å forstå tankeverda til motdebattantane våre, opnar me oss for framande forståingsmåtar. Me flytter oss til ein annan utkikspost enn den me til vanleg ser verda frå, og utsynet me får då, kan slå oss ut. Kanskje viser det seg at motstandarane våre har vel så god grunn til å meina det dei meiner, som me har grunn til å meina det me meiner. Kanskje me til og med byrjar tvila på vårt eige standpunkt. Å tvila, vakla og endra standpunkt treng ikkje vera dramatisk, men å oppdaga at det me trudde var sjølvsagt, ikkje er sjølvsagt i det heile – det kan vera svimlande. Arbeidet med denne boka har vore ein slik svimlande affære. På eit tidspunkt fekk eg kjensla av at språket forsvann framfor augo mine. Eg var i stand til å snakka og skriva som før, men det indre biletet mitt av språket, tankane om kva slags form og eigenskapar språket har, løyste seg opp og blanda seg med tankane og bileta eg fann hjå andre språkdebattantar. Eg gjekk mestsom ut or mitt eige språksyn og inn i språksynet til nokon andre, og då eg kom attende til mitt eige syn, var det ikkje like klårt og fast som før. Til dømes pla eg tenkja at bokmålet var eit 9


slags lappeteppe, samansett av ordstoff herifrå og derifrå, medan landsmålet til Ivar Aasen var ei heil og einskapleg drakt. Så las eg ei bok av Knud Knudsen – «bokmålets far» – og vart i stuss: Han argumenterer overtydande for at jamvel landsmålet er eit lappeteppe. Kanskje alle språk er samansette av lappar? Men kvifor snakkar me om drakter og lappeteppe når me diskuterer språk? Kan me ikkje tala beint fram om språket slik det er? Sanninga er at me er nøydde til å bruka bilete – eller meir presist: metaforar – når me drøfter språk. Biletbruk er så å seia føresetnaden for all språkdebatt. Det kjem av at språket i stor grad er eit immaterielt fenomen: Det har ikkje ei tydeleg, handfast form som me kan sjå og røra ved direkte. Difor lyt me gå ein omveg når me skal tenkja på og tala om språk. Me lyt førestilla oss at språket er ei konkret sak med ein definert struktur, og det er til dømes heilt vanleg å oppfatta språket som ein levande organisme, eit byggverk, ein naturressurs eller eit kledeplagg – jamfør ord som språkdrakt. Det forvitnelege er at me språkbrukarar førestiller oss språket ulikt. Me tenkjer på språket gjennom ulike bilete eller tolkar det same biletet ulikt. Nokre meiner at nynorsken står fast og støtt, andre oppfattar nynorsken som ei vaklevoren greie som kan detta frå kvarandre når som helst. I båe tilfelle vert språket forstått som ein fysisk konstruksjon, men sidan me språkbrukarar oppfattar konstruksjonen ulikt, har me vidt ulike meiningar om kva slags tilstand språket er i, og kva slags stell det treng. Forståinga vår av språket kan dessutan skifta med tid og stad. Nokre førestillingar er rådande i visse periodar og miljø, så vert dei avløyste av andre førestillingar. 10


Just det er hovudtemaet i denne boka: Korleis har norske språkdebattantar førestilt seg språket? Og er det nokon samanheng mellom språksynet deira og haldningane dei har til språkpolitikk og språkaktivisme? Eg prøver å svara på desse spørsmåla gjennom å drøfta eit utval språkmetaforar (t.d. språket er ein organisme) hjå eit utval norske språkdebattantar frå dei siste to hundre åra. Eg byggjer hovudsakleg på skriftlege kjelder, med døme frå både redigerte og uredigerte medium. Spennet mellom debattantane er stort: Her finst alt frå nobelprisvinnande forfattarar til anonyme kommentarfeltskribentar. Ei stund såg eg føre meg at eg skulle gå kronologisk gjennom heile perioden og fylgja metaforane frå tiår til tiår. Eg skjøna snøgt at det var å gapa over for mykje. Difor har eg valt å samla meg om to tidbolkar eg sjølv er interessert i, og som mestsom ligg i kvar sin ende av den lange, norske språkdebatten: dei hendingsrike åra frå om lag 1850 til 1910 og vår eiga samtid (ca. 2010–). Den løysinga har både gode og leie sider. Ei av ulempene er at framstillinga får store hòl, til dømes er dialektreisinga og den feministiske språkaktivismen i 1970-åra dårleg dekte. Direkte samanlikningar mellom dei to periodane kan det heller ikkje verta tale om, sidan både språksamfunnet og kjeldegrunnlaget har endra seg mykje på dei åra som ligg imellom. (Dei hadde ikkje kommentarfelt i 1850-åra!) Det er elles ei kjend sak at hendingar som ligg eit stykke tilbake i tid, tykkjest lettare å få oversyn over enn det som hender her og no. Eg har vore merksam på dette problemet, men det kan nok henda at framstillinga mi av 11


samtidsdebatten er noko meir springande enn dei historiske bolkane. Å avgrensa stoffet på denne måten har likevel sine føremoner. Eg kan til dømes velja meg ut nokre debattantar og ta meg tid til å granska språksynet deira frå ulike vinklar. Peter Andreas Munch (1810–1863), Ivar Aasen (1813–1896) og Knud Knudsen (1812–1895) var alle med på å leggja grunnen for den moderne norske språkdebatten. Alt tyder på at desse tre karane oppfatta språket ulikt, men kva gjekk skilnadene ut på? Og finst det folk i dag som argumenterer ut frå same språksyn som dei? På same måte kan eg velja meg ut særskilde debattar og sjå kva slags metaforar partane brukar til å målbera synet sitt. Eg har mellom anna sett nærare på det lange ordskiftet om bokmålsrettskrivinga som gjekk føre seg i Klassekampen og Aftenposten våren 2017. I stutte drag kan me seia at eg granskar norsk språkdebatt i breidda snarare enn i lengderetninga. Eg prøver å syna fram mangfaldet av førestillingar i dei to åtskilde periodane, medan strekket som ligg imellom dei, vert fare over med harelabb. Drøftingane mine er såleis ikkje uttømmande, men dei provar i alle fall at me språkbrukarar har mange og til dels motstridande idear om kva språket er og gjer. Kven av oss som har rett, er ikkje så interessant i denne samanhengen. Det er meir gjevande å spørja: Kven oppfattar kva som rett? Kva slags samsvar og mishøve er det mellom dei ulike førestillingane? Og det mest urovekkjande spørsmålet av alle: Er det mogleg for oss å skilja mellom det me førestiller oss at språket er, og det språket «faktisk» er?


Interfoto / Alamy Stock Photo.


Mektige metaforar «Du vil nok ikke finne metaforer i bøkene våre, for dem har vi luket ut.»


I 1548 prenta Eustacius Froschauer i Zürich eit tresnitt utforma av dramatikaren Valentin Boltz og kunstnaren Heinrich Vogtherr den eldre. På biletet ser me eit høgt tårn fullt av folk, og ved den øvste biletkanten står dette rimet: «Diser Thurn zeiget kurtzlich an / Wie man die jugendt leeren kan.» Med andre ord: Dette tårnet viser kortfatta korleis du kan undervisa ungdomen. Kva for eit emne er det ungdomen skal undervisast i? Grammatikk. Tårnet på biletet er det latinske språket, og personane i tårnet er lekamleggjorde ordklasser og bøyingskategoriar. Heilt øvst i tårnet, i ein open gang kring tårnhjelmen, står to arbeidskarar: Prosodi blæs i ein trompet, og byggmeisteren Syntaks held på å heisa opp ei kasse. I etasjen under, i kvar sin glugg, sit Nomen (d.e. Substantiv og Adjektiv) og Verb. Dei har krone, septer og staselege klede, så det er ingen tvil om at desse to er kongane i språket. I etasjane under sit det fire karar i ymse bunader. Adverb har på seg rustning, Pronomen er kledd som ein greve, Konjunksjon er kledd som kjøpmann og Partisipp som borgar.1 På balkongen nedanfor har ei handfull herrar samla seg. Ablativ – som er kasus for rørsle bort frå staden – held på å stela pengepungen til Preposisjon, som vert tilsnakka av Akkusativ og ikkje merkar at han 17


vert rundstolen. Like bortanfor dei står Interjeksjon og ropar ut i lufta. På bakken rett attmed tårnet står ein hane og ei høne med eit egg. Det er dei tre genusa: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Og slik kunne me ha halde fram. Dette tresnittet, kjent som «Tower of Grammar», seier noko vesentleg om tankeverda vår. For det fyrste fortel verket oss at språket fint kan framstillast som eit tårn. Me veit at språket ikkje er eit tårn, likevel er me mange som ser dette biletet og straks tykkjer at det er ei råkande framstilling. Me ler og nikkar attkjennande. Me skjønar greia. Me kan utan problem førestilla oss at språket er byggverk og levande skapningar, og «Tower of Grammar» aktiviserer og utnyttar denne førestillingsevna. Som regel merkar me ikkje at me lagar oss slike mentale modellar av språket. Me forstår språket som ein bygning utan å sansa det sjølve, men når me ser «Tower of Grammar», får me brått vårt eige tankebilete rett i fleisen. Det som til vanleg er ei meir eller mindre umedviten førestilling, språket er ein bygning, er her omforma til ei livfull og detaljert framstilling av eit tårn. Det fører oss til den andre viktige bodskapen i «Tower of Grammar»: Di meir konkret noko er, di lettare forstår me det. Me menneske er handfaste vesen som veks opp og lever i konkrete, fysiske miljø. Med det same me kjem til verda, byrjar me interagera med henne. Me sansar varme og kulde, ljos og mørker, me oppfattar rørsle, objekt og teksturar, og me orienterer oss ut frå kategoriar som opp–ned, nær–fjern, inn–ut, framside–bakside. Det ligg nær å tenkja at slike fysiske røynsler har ein så tydeleg og avgrensa struktur at me brukar dei som utgangspunkt når 18


me skal forstå meir innvikla saker. Det som er abstrakt, uavgrensa eller ikkje direkte sanseleg, må på eit eller anna vis få ei meir konkret og sanseleg form. Denne samanhengen mellom forståing og form er endåtil nedfelt i språket: Me snakkar om å gjera noko handgripeleg og lettfatteleg (‘lett å ta, lett å gripa’). Sjølvsagt finst det grenser for kor mykje me kan forenkla og konkretisera. Ikkje alt kan vera handfast, men det kan ikkje vera heilt formlaust og luftig heller – då vert det umogleg for oss å skjøna det. «Tower of Grammar» er såleis ein pedagogisk genistrek. Den uhandgripelege grammatikken vert henta ned på jorda, han får form og liv. Det faktum at språket ikkje er eit fysisk tårn med kongar og hoff, er irrelevant i denne samanhengen. Biletet gjer nytta si. Det hjelper «die jugendt» fram til lærdom, og det er ingen fare for at elevane skal verta villeidde og tru at Ablativ er ein retteleg tjuv, eller at ordklassene verkeleg sit i kvar sin tårnglugg. Illustrasjonen opnar i staden for at fantasi og rasjonalitet kan arbeida saman. Å sjå føre seg dei grammatiske kategoriane som levande menneske lagar orden i noko som ved fyrste møte kan te seg som eit uhandterleg kaos. På same måte kan me bruka førestillingsevna vår til å skapa orden og få oversyn over den mangslungne norske språkdebatten. Me kan til dømes førestilla oss at språktårnet til Boltz og Vogtherr står på norsk jord – ja, at tårnet rett og slett er det norske språket. Så kan me tenkja oss at me stig inn i dette tårnet og prøver å koma oss opp i høgda. Me baksar oss opp smale steintrapper, passerer skrikhalsen Interjeksjon, grev Pronomen og kong Verb, 19


me kliv heilt opp til avsatsen på toppen, der trompetist Prosodi og byggmeister Syntaks er i full sving med arbeidet sitt. Me dreg inn den friske lufta, stør oss mot muren og kikar ned på landskapet som omkransar tårnet. Kva ser me då? Me ser ei stor slette med kjempande og falne stridsfolk. Ei slagmark. Resultatet av to hundre år med endelause ordskifte om det norske språket. Diskusjon er krig Å framstilla norsk språkdebatt som ei slagmark kan verka overdrive, men heilt urimeleg er det ikkje. Diskusjonar vert jamleg skildra ved hjelp av termar som har med væpna konflikt å gjera. På ein vanleg dag kan du høyra formuleringar som «aktivistane tapar terreng», «dei går til åtak på politikken åt styresmaktene», «me vann diskusjonen» og «partane grev ned stridsøksa». Eit endå betre døme er ordskiftet om språkstoda i Noreg: Denne seigliva diskusjonen vert rett og slett omtala som språkstriden og målstriden. Til skilnad frå mange andre kulturstridar har målstriden i Noreg vore temmeleg fri for fysisk vald. Nokre samanstøytar har det rett nok vore, særleg i fyrste helvta av 1900-talet. Måndag 13. oktober 1913 rauk målfolk og riksmålsungdomar i hop på Det Norske Teatret i Oslo, just då andre akt av Jeppe paa Berget hadde byrja. Stolane og benkene i salen vart rivne sund og nytta som slagvåpen, folk skreik, blodet skvatt, og to riksmålsungdomar fekk så djupe sår i hovudet at dei måtte til lækjaren og sy.2 Slike basketak har det ikkje vore mange av, for språk20


debattantar flest har nytta skrift og tale til å bera fram bodskapen sin. Det kan verta drama av slikt òg. Familiar og venskapar har rakna, og mange har fått øydelagt den språklege sjølvtilliten sin. Det er såleis ingen tvil om at ordskiftet har fare hardt med folk, men jamført med mange andre stridar har den norske språkdebatten vore sivilisert og ufarleg. Ingen har slakta ned motdebattantane sine eller jaga dei frå heimlandet. Likevel plar me bruka ord som strid, skyts og åtak når me snakkar om denne debatten, og slik har det vore lenge. I 1852 skreiv Aasmund Olavsson Vinje: Den saakaldte Sprogstrid vedvarer, siger «Fædrelandets» Korrespondent her fra Christiania. Den saakaldte ! nu, det er ikke det rette Navn at kalde den en Strid; aanei, Striden har ikke ret begyndt endnu, men den begynder nok, det er bare Forpostfægtninger, som hidtil ere levera; den egentlige Stridsmakt rykker nok ud engang[.]3

Her pirkar Vinje i ordbruken i Fædrelandet, men han pirkar ikkje i den metaforiske førestillinga som ligg til grunn for ordbruken. Han er heilt med på at språkdebatten skal omtalast som ein fysisk konflikt. Me kan kanskje seia at Vinje og korrespondenten i Fædrelandet nyttar dei same brillene, men tolkar utsynet ulikt. Båe ser ein konflikt, men dei er usamde om kva stadium konflikten er i, og kva for eit militært uttrykk som skildrar stoda best. Ei rad andre debattantar har skildra ordskiftet på liknande vis. Ivar Aasen skreiv i 1858: «[Maalsagen] bør holdes paa en saa god Grund, at den altid er let at forsvare og vanskelig at angribe.»4 Knud Knudsen i 1867: «Men det 21


hænder jo let, at en stridsman glemmer at dække sig selv, idet han bare tænker på utfal mot en annen.»5 Moltke Moe i 1909: «Kjæmp saa meget De vil; men hold Dem stadig for øie at [maalstriden] er en kappestrid, ikke en utryddelseskrig!»6 Drygt hundre år seinare, i 2017, kom Guri Melby med denne åtvaringa: «[Forslaget] kan i verste fall føre den norske språkdebatten tilbake til skyttergravene.»7 Det er såleis heilt normalt å omtala norsk språkdebatt som ein krig, jamvel om debatten aldri har utarta til væpna konflikt. Det same gjeld andre debattar og usemjer. Dei vert skildra som krig jamvel om folk berre sit og pratar eller skriv til kvarandre. Kvifor er det slik? Det finst mange moglege svar på det spørsmålet, men me skal halda oss til det svaret George Lakoff og Mark Johnson gjev i boka Hverdagslivets metaforer (2003 [1980]). Desse to amerikanarane er professorar i høvesvis lingvistikk og filosofi, og dei har utarbeidt ein vidgjeten teori som kan samanfattast slik: Metaforar strukturerer tankane våre og formar forståinga vår av verda, noko som òg verkar inn på handlingane våre. Denne teorien strider mot det tradisjonelle synet på metaforar, som grovt sagt går ut på at metaforar er eit språkleg verkemiddel me brukar til å pakka inn eller pynta utsegnene våre.8 Lakoff og Johnson er slett ikkje åleine om å gå imot dette tradisjonelle synet, og dei var heller ikkje dei fyrste som hevda at metaforar har noko med tankelivet vårt å gjera. Filosofen Aristoteles vert gjerne rekna som talsmann for eit «metaforar er pynt»-syn, men han har nokre passasjar som ymtar om ein samanheng mellom metaforar og tankeprosessar. Til dømes skriv han at 22


det finst saker me ikkje kan målbera utan å gripa til metaforar.9 Ein annan som har peika på samanhengen mellom metaforar og tankar, er den britiske kritikaren og poeten I.A. Richards. I 1936 skreiv han at metaforar ofte vert oppfatta som flytting og utskifting av ord, medan det i røynda er tale om tankar som blandar seg og låner drag frå kvarandre.10 Det nye og skilsetjande med arbeidet til Lakoff og Johnson er for det fyrste at dei koplar metaforane til røynsla vår og argumenterer for at abstrakt språk og tenking har grunnlaget sitt i fysiske og kroppslege røynsler. For det andre meiner dei at me må sjå metaforane i samanheng med kvarandre. Tidlegare var det vanleg å ta føre seg einskildmetaforar og handsama dei som meir eller mindre isolerte tilfelle av biletleg ordbruk. Lakoff og Johnson hevdar derimot at metaforane driv med ei form for samspel: Ei rad ulike metaforar strukturerer tankeverda vår, og det er heilt vanleg å tenkja ved hjelp av fleire metaforar på ein gong. Metaforane «arbeider» såleis saman med andre metaforar i eit stort og samansett system. Mykje av arbeidet til Lakoff og Johnson har gått ut på å kartleggja dette systemet og visa korleis ulike metaforar kan utfylla kvarandre og saman forma forståinga vår av eitt og same omgrep. Lakoff og Johnson driv såleis med noko anna enn språkforsking i trong tyding. Dei arbeider i skjeringsfeltet mellom filosofi, språkvitskap, psykologi og nevrovitskap, og me kan trygt plassera dei innanfor den tverrfaglege retninga som vert kalla kognitiv vitskap (eng. cognitive science). Vitskapsfolk på dette feltet granskar sinnet og det som går føre seg der, og just det har Lakoff og Johnson 23


gjort: Dei har forma ut ein teori om menneskeleg forståing. I denne teorien spelar både metaforar og menneskekroppen ei vesentleg rolle. I staden for å sjå på kroppen som eit hinder eller forstyrrande element for tanken, går Lakoff og Johnson ut frå at kroppen og dei kroppslege opplevingane våre er grunnlaget for og ein naudsynt del av tankeverksemda vår. Ei av bøkene deira har ein tittel som målber just det: Boka heiter Philosophy in the flesh (1999). Tittelen kan tolkast som eit stikk mot tradisjonell filosofisk litteratur. Mang ein filosof har meint at den som skal tenkja godt om åndelege, abstrakte og universelle saker, er nøydd til å distansera seg frå den konkrete lekamen eller rett og slett løysa seg frå kroppslege og subjektive bindingar. Lakoff og Johnson dreg filosofien og vitskapen inn att i kjøtet, og dei meiner at dei har vitskapleg grunnlag for å gjera det. Dei opnar Philosophy in the flesh med å hamra inn tre viktige funn frå den kognitive vitskapen: «The mind is inherently embodied. Thought is mostly unconscious. Abstract concepts are largely metaphorical.» (‘Sinnet er grunnleggjande sett kroppsleggjort. Tankar flest er umedvitne. Dei abstrakte omgrepa våre er i stor grad metaforiske.’)11 Lakoff og Johnson skriv at desse innsiktene rokkar ved heilt grunnleggjande oppfatningar om vit og rasjonalitet. Filosofi vert aldri det same att, konkluderer dei.12 Det er store ord, men dersom me ser nærare på ei handfull vanlege, abstrakte omgrep, skjønar me kanskje kvifor dei meiner at oppdagingane deira er skilsetjande. Lakoff og Johnson meiner mellom anna at ein stor del av dei fundamentale omgrepa våre er utstyrte med 24


ei metaforisk, romleg orientering.13 Det tyder at desse omgrepa mestsom peikar eller vender i ei viss lei. godt og dårleg er døme på slike omgrep. Dei er strukturerte av motsetningsparet opp og ned: godt er opp; dårleg er ned. Me er kanskje ikkje fullt medvitne om at omgrepa har denne orienteringa, og me går i alle fall ikkje rundt og seier til kvarandre at «godt er opp» og «dårleg er ned». Men det hender me seier til kvarandre at det «går oppover » og at noko er «av høg kvalitet». Då er bodskapen at det går betre enn før, og at kvaliteten er god. Motsett kan me seia at det «går nedover », at me er i ferd med å «nå botnen», og at kvaliteten «er låg». Det er ikkje så lett å sjå at vanlege seiemåtar som «høg kvalitet» og «låg kvalitet» er metaforiske, men ved nærare ettertanke skjønar me at noko er på ferde her, for kvaliteten kan ikkje vera høg eller låg reint fysisk. Dersom me tek føre oss to orienteringsmetaforar til, ser me korleis ulike metaforar kan vera samordna i eit større system. Den eine går slik: glad er opp; trist er ned. Uttrykk som «humøret steig », «det var eit opplyftande resultat» og «ho er svært nedtrykt » spring ut frå denne metaforen. Så har me denne metaforen: friskleik og liv er opp; sjukdom og daude er ned. Me seier til dømes: «Eg er i toppform.» «Ho ligg sjuk.» «Han fall daud om.» Desse to metaforane heng nært saman med dei kroppslege røynslene våre. Sorg og mismot får oss ofte til å siga saman, gå med lut rygg og henga med hovudet. Hugnad og lukkekjensle får oss derimot til å retta ryggen, bera hovudet høgt eller til og med hoppa i vêret. Sameleis har 25


me røynt at sjukdom tvingar oss til å leggja oss ned reint fysisk, og me veit at daude kroppar ikkje kan halda seg oppreiste. Fleirtalet av oss vil dessutan vera glade og friske heller enn sorgfulle og sjuke. Me oppfattar såleis glede og friskleik som godt (opp), og sorg og sjukdom som dårleg (ned). Det er rett og slett ein indre systematikk her: Dei positive omgrepa peikar oppetter, dei negative nedetter. godt er opp glad er opp frisk og levande er opp

dårleg er ned trist er ned sjuk og daud er ned

Me kan seia at godt er opp er ein generell eller overordna metafor som gjev velvære ei opp-orientering. Å vera glad og frisk er ei form for velvære, og me ser at det er samsvar mellom den generelle metaforen godt er opp og meir spesialiserte metaforar som glede er opp, friskleik er opp, liv er opp. Dei to metaforane å ha makt er opp («eg har makt over deg») og å ha høg status er opp («ho er på toppen av det sosiale hierarkiet») høyrer òg heime i velvære-avdelinga, for me oppfattar det som bra å ha makt og høg status. Til liks med dei ovannemnde metaforane har desse metaforane eit kroppsleg grunnlag. Fysisk styrke plar samsvara med fysisk storleik (den store «står over» den vesle), og den sigrande parten i ein slåstkamp er som regel på toppen. Med andre ord: å ha makt er opp. Status er ei form for sosial makt som gjer at folk bøyer seg og kryp for deg utan fysisk kamp. status peikar såleis i same retning som makt: opp. Maktløyse og lytefull status har 26


på si side ei ned-orientering: «Dei er ei undertrykt folkegruppe.» «Dei står nedst på rangstigen.» «Mjøsdialektane har låg status.» Når me legg i hop alt dette, vert det tydeleg at metaforiske uttrykk som «eg har hatt ein skikkeleg opptur » og «ho sit i toppleiinga» ikkje er lausrivne eller vilkårlege. Dei heng saman med sjølve forståinga vår av omgrep som glede og makt. Desse omgrepa har ei metaforisk opporientering, som i sin tur har grunnlag i fysiske røynsler. Ein annan generell og svært viktig metafor, som me skal sjå mykje til i kapitla som kjem, går slik: abstrakt er konkret. Eventuelt: ikkje-fysisk er fysisk. Båe variantane opnar for at me kan nytta ein handfast struktur til å få grep om eit uhandgripeleg fenomen. Lat oss til dømes sjå nærare på det me drøfter akkurat no: teori. Teoriar kan vera vanskelege å få oversyn over og skjøna seg på. Me kan korkje røra ved dei direkte eller sjå dei med berre auga. Så kva gjer me? Korleis greier me å forstå kva teoriar er – og drøfta dei på ein meiningsfull måte? Jau, me hjelper oss med nokre omgrep som har ein fastare og tydelegare struktur. Til dømes bygning. Det er heilt vanleg å førestilla seg at teoriar er bygningar.14 Då brukar me kunnskapen vår om bygningar til å strukturera eller «laga orden» i omgrepet teori. Sjølve ordet metafor tyder ‘det å bera over; overføring’ (samansett av gresk meta ‘over’ og ei avleiing av verbet phérein ‘bera’), og det er verkeleg overføring me driv med: Me tek nokre eigenskapar frå omgrepet bygning og fører dei over på omgrepet teori. Det er til dømes vanleg å tenkja på teoriutforming som ein byggjeprosess: Me kan byggja ein teori på noko, og me er opptekne av at grunnlaget eller funda27


mentet som teorien kviler på, skal vera solid. Dessutan kan me gjera funn som stør teorien. Heller ikkje desse metaforiske seiemåtane er isolerte eller vilkårlege. Dei er – om me skal tru Lakoff og Johnson – eit resultat av at me forstår omgrepet teori (noko abstrakt) ved hjelp av omgrepet bygning (noko konkret). Omgrepet bygning legg føringar for korleis me oppfattar og vurderer teoriar: Sidan bygningar helst skal vera godt underbygde og stå støtt, meiner me at teoriar òg bør gjera det. Me er difor svært opptekne av grunnlaget for og støleiken til teoriane. Dei av oss som les og vert overtydde av utgreiingane til Lakoff og Johnson, vert på eit vis merkte for livet. Me eignar til oss eit metaperspektiv som det er vanskeleg å skilja seg av med. Me ser metaforar og metaforiske strukturar alle stader: i daglegspråket, i fagspråket, i argumentasjonen til med- og motdebattantar og hjå oss sjølve. Lakoff og Johnson røynde det same. Då dei hadde gjort oppdagingane sine, las dei den filosofiske litteraturen med nye augo, og då fann dei metaforar overalt – til og med hjå filosofar som kunngjorde at metaforar er ein uting me bør halda oss unna.15 Men har det gått som dei vona? Er filosofi det same som før? Me kan nok ikkje seia at Lakoff og Johnson har revolusjonert filosofien og språkvitskapen, men dei har utan tvil endra den vitskaplege granskinga av metaforar og sjølve definisjonen av nemninga metafor. Den som til dømes søkjer opp «metafor» i Store norske leksikon, kjem til ein artikkel av professor og forfattar Jan Grue der metafor-teorien til Lakoff og Johnson har fått to avsnitt for seg sjølv. Det er meir enn Aristoteles kan skryta av. 28


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Språket er ei bukse by Det Norske Samlaget - Issuu