Skip to main content

Frøppeldunk

Page 1

Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 1

1


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 3

Berit Rødstøl

FRØPPELDUNK Illustrert av Christian Fjeldbu

Samlaget Oslo 2015


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 2

2


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 5

De eter og spytter ut, spytter ut og eter, for de har ingen strupe mer, bare en diger kjeft og en rumlende mave ‌ Rolf Jacobsen


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 6


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 7

Innhald Noko er annleis på Frøppeldunk 9 Nakenfis og gammal is 14 Harkenfoss er forsvunnen 23 Det skinande taket 32 Lars gjer ei mystisk ketchup-oppdaging 41 Nokre idiotar er større enn andre 47 Hagbart får ei bartekrise 53 Pydro-Stefan har ein lumsk plan 59 Miss Cleopatra forsvinn 65 Dei vaksne høyrer som vanleg ikkje etter 71 Det regnar Non Stop 78 Walter kvesser kniven 90 Svoltne grassentassar er ikkje til å spøke med 101 Glomda får sitt livs største sjokk 108 Verda kjem til Frøppeldunk 117 Pølser og sovemedisin 126 Alt fyk til himmels 138 Hagbart får att barten 146


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 8


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 9

Noko er annleis på Frøppeldunk – Høyr, seier mamma og stoppar bilen ved innkøyringa til campingplassen. – Eg høyrer ingenting, seier Ea. – Nettopp, seier mamma. No merkar Ea kor stille det er. Ingen Harkenfoss slengjer vatnet utover som spyttklyser slik han alltid gjer. Ho høyrer berre småfuglane kvitre i munnen på kvarandre. – Det var da merkeleg, seier mamma og ser utover campingplassen. Han liknar ein munn utan tenner, med mørke flekker der campingvognene bruker å stå. Om litt kjem fiskarane til å fylle dei tomme plassane med vognene sine. Kvar sommar pakkar Ea og mamma snippeska, som mamma seier, og køyrer i timevis til Frøppeldunk. Mamma kan ikkje begripe kvifor andre folk reiser til Syden for å kjede seg. Ho hatar sandstrender, og heldigvis er det ikkje mange badeplassar i Frøppeldunk. I dag har ikkje mamma tid til å stille opp campingvogna på den faste plassen. Ho parkerer midt i vegen og rett ved kiosken til Hagbart. Han stikk den store 9


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 10

neven ut av kioskluka og vinkar. – Vil de ha pølser? roper han. Og det vil dei sjølvsagt. – Veit du kvifor Harkenfoss er så roleg? spør mamma mens ho sleikjer i seg ketchupen. Hagbart raudnar slik han alltid gjer når mamma pratar til han. – Eg veit ikkje. Det var stille da eg opna campinga i går, seier han. – Det verkar nesten som om han er borte, seier mamma. – Han er nok tørr som sprøsteikt lauk, seier Hagbart. – Men kva med laksen? spør mamma og blir akkurat slik i stemma som når nokon synest synd i henne. – Kvar har det blitt av han om fossen er tørr? Hagbart ristar på hovudet. – Kanskje han har blitt til tørrfisk? foreslår Ea. Men det synest ikkje mamma er morosamt. – Har de høyrt det? spør nokon bak dei. Det er Walter som er ute og luftar hunden sin, Miss Cleopatra. Ho kan nesten forvekslast med ein hybelkanin, berre at denne har øyre, nase og ein kjeft som alltid stinkar av leverpostei. Saman med kona Glomda har Walter feriert på campinga så lenge at dei har fått den beste plassen til vogna si. Det er vanlegvis den einaste tørre staden i Frøppeldunk. Heldigvis for Glomda, ho elskar sol og hatar regn. 10


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 11


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 12

– Det er ikkje berre fossen som er forsvunnen, seier Walter. – Regnbogen er visst også borte. Ea får nesten vondt i magen av å tenke på at den fine regnbogen er vekke. Han som hang over fossen som eit lysande hårband og skein så sterkt at ein nesten fekk tårer i auga. Ingen annan campingplass kan skilte med noko liknande. For mens andre regnbogar berre eksisterer i nokre minutt, når sollyset treffer vassdropane, lyser denne heile dagen, veke etter veke, sommaren igjennom. – I dag tidleg høyrde eg nokre merkelege lydar, seier Walter. – Det var eit forferdeleg leven. – Det har eg heilt gløymt, seier Hagbart og gneg på ei pølse. – Eg stussa over at det var krusingar i pølsevatnet, seier han. – Nesten som fiskevak. – Har du ikkje høyrt noko før? undrast Ea. – Jo, Hagbart nikkar. – Men eg kom hit først i går, og da oppdaga eg at det dundra og small både seint og tidleg. Eg trudde at det var isen som lausna og vart knust, seier han. – Er det verkeleg ingen som har undersøkt fossen? spør Ea. Dei vaksne ristar på hovudet. – Eg har jo nett kome og har ikkje hatt tid til det, seier Walter. Hagbart nikkar. – Eg har hatt tusen ting som måtte ordnast før eg opna campinga, seier han. 12


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 13

– Men kva ventar de på? Ea snur seg for å gå, men ingen av dei andre har det travelt, enda så mykje dei lurer på korleis det er fatt med fossen. – Eg må setje ut varene først, seier Hagbart. – Vi må pakke ut, seier mamma. – Eg må heim til Glomda med sjokoladen, seier Walter og held opp ei eske med Mokkabønner. – Da blir eg med, seier Ea og stirar på sjokoladeeska. – Nei, først må vi pakke ut, seier mamma.


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 14

Nakenfis og gammal is Campingvogna til mamma har fast plass på Frøppeldunk. Ho ligg med furukvistane som parasoll og blåbærlyng til plen. På understellet trivst sniglane ekstra godt. Dei ynglar i mørkeret under vogna og syg seg fast til dekka. På slutten av sommaren bruker Ea å plukke sniglehusa for å sleppe dei fri i skogen, så ikkje dei små heimane blir knust på vegen. Men i år er det ikkje ein einaste snigel å sjå. Ea har tatt ut campingstolane og held på å dekke det vesle bordet. Sidan spyttet frå Harkenfoss rekk over nesten heile Frøppeldunk, et dei sjeldan ute. Men no kan ein både ete og sole seg utan å få fosseslev i trynet. Sola har dessutan gjort campingvogna om til ein pølsekjele, så det er umogleg å vere inne utan å bli kokt. – Au! roper mamma i det ho hektar foten inn i campingstolen til Ea og dett så lang ho er. – Må du alltid vere i vegen, seier ho. – Kanskje det ikkje er eg som er i vegen, men du som ikkje held deg til vegen, seier Ea og rettar opp att stolen, men det er for seint. Mamma er allereie sur som ein pose med Sur Sild. 14


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 15

– Du treng ikkje å vere så sint for det med laksen, seier Ea. – Det er ikkje mi skuld at han har tørka ut. – Det er ikkje laksen som har tørka ut, seier mamma irritert. – Men fossen. Ea legg frå seg bestikket. Det gode humøret til mamma er borte, og når ho er sånn, er det berre å halde seg unna. Ved nabovogna ser ho Lars. Han er tolv år og den beste venen hennar. Når dei ikkje er i Frøppeldunk, pratar dei saman på Snapchat. Der fortel dei kvarandre alt dei har opplevd den dagen, slik bestevener gjer. Lars har hår som er svart som lakrislisser, andletet er kvitt og alvorleg. I løpet av vinteren har han fått to blå striper i panneluggen. Ea vinkar, men Lars har øyreklokker med musikk og auga lukka. Ho går bort og dreg han i den eine stripa. – Hei, seier ho – Er du døv? Lars rykkjer til så campingstolen klappar saman over rumpa. Han blir sitjande som i ei musefelle. – Fy søren som eg skvatt, seier han og kavar seg ut av stolen. – Fine striper, seier Ea. – Takk, seier Lars og surrar fingrane rundt dei blå stripene. – Eg trudde du var sjuk og ikkje kom i sommar, seier Ea. – Sidan du ikkje har snappa på mange veker. – Eg er jo alltid her, seier Lars og sukkar. – Eg får 15


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 16

ikkje lov til å vere heime, enda eg går glipp av alle band øvingane heile sommaren. – Har du band? spør Ea og kjenner at det stikk i magen av skuffelse over at Lars ikkje har fortalt om det før. – Jepp, seier Lars. – Veit du at fossen er borte? spør Ea, for å få fokuset over på noko anna. – Det er ingen som veit kvifor, legg ho til. – Hmm, seier Lars og fiklar med musikkspelaren. Ea stikk handa i lomma og kjenner kanten av ein femtilapp skjere mot fingeren. – Blir du med bort til Hagbart og kjøper is? spør ho. – Eg var midt i noko, seier Lars. 16


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 17

– Eg betaler, seier Ea og held opp femtilappen. – Ok, svarer Lars. Hagbart held på å rydde i den store frysaren på bakrommet når dei kjem. Den er så djup at han har klatra oppi for å få tak i kartongane på botnen. Han stikk hovudet over kanten, med rim i barten og armane ristande av kulde. Hagbart bur i den einaste hytta i Frøppeldunk. Der er det kiosk, vaskerom og dusj for gjestene. Han er like brei som han er kort og lagar verdas beste pølser. Den buskete barten går opp og ned i eitt sett, for Hagbart tygg nesten alltid på ein pølsestump. I panna har han riller som på toppen av eit syltetøyglas. – Det er ein fordel når ein skal gå med hatt, seier Hagbart ofte. – For da er det berre å skru på seg hatten. No har han funne ein kartong med pinneis frå i fjor og treng hjelp av Ea og Lars til å ete han opp. Det var jammen flaks, for da kan Ea spare femtilappen til det verkeleg gjeld. Det gjer det ofte når ein er så glad i søtsaker som ho. – Førstemann til tre is, seier Ea og skreller av papiret på pinneisen. Ein skulle kanskje ikkje tru at tre pinne isar er så mykje, men det er det. I alle fall for ti år gamle jenter. – Er det konkurranse, vil eg òg vere med, seier Hag17


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 18

bart. – Eg elskar konkurransar og is, legg han til. – Så etekonkurransar burde eg vere god i. – Taparen må springe tre rundar rundt huset, seier Lars og sleikjer i seg jordbæra. – Naken, legg Ea til og ler. Dei to første isane går ned på høgkant, så byrjar Ea å slite. Fløyteisen skvulpar rundt i magen og får henne til å bli like kvalm som når ho ligg i gummibåten med auga lukka. – Til hausten må du gløyme att ei pakke med saftis, seier ho til Hagbart og held seg på magen. Han bular ut som ei iskule. Men ho er ikkje kjent for å gi seg så lett. Kartongen er enno ikkje tømt, og Lars og Hagbart er faretrugande gode konkurrentar. Veggane i kiosken er fulle av avisutklipp på mange språk. «Hagbart med slegga slår til igjen», står det i eitt. «Den treffsikre høgrearmen skuffar ikkje», står det i eit anna. Før Hagbart overtok Frøppeldunk, var han ein verdskjent proffboksar, og mamma har fortalt at jenter over heile verda raudna berre dei tenkte tanken på å vere kjærasten hans. Over pølsekjelen heng den oransje shortsen til Hagbart i glas og ramme. Det var med den han vann alt som gjekk an å vinne. «Verdsmeister arvar populær laksecamping», les Ea på eit anna oppslag. Der står ein yngre Hagbart, med ein liten hårtust på hovudet, opp18


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 19

stilt framfor fossen. Ho ser ut av vindauget. Snart må dei vaksne ta seg tid til å bli med henne for å undersøkje den tørre fossen. – Viss ikkje gjer eg det sjølv, tenker Ea irritert og stappar den siste biten inn i munnen. – Ferdig! roper ho. – Vinnaren av den store etekonkurransen er Ea, seier Hagbart, med stemma full av fløyteis. Han held handa hennar opp i vêret, mens han lèt som om han har ein trompet framfor munnen som han blæs fanfare med. – Du tapte, skundar Ea seg å rope og peiker på Hagbart. – Da må du springe naken rundt kiosken. – Å nei, eg som er vaksen, må nok behalde buksene på, seier Hagbart. – Din feiging, du tør ikkje! roper Ea og smiler. Ho veit at nest etter å tape er det å bli kalla feig det verste han veit. Hagbart ser seg rundt før han flekkjer av seg buksa og spring så fort han berre greier ut av døra og rundt kiosken. I det han rundar hjørnet for tredje gong, svingar ein raud og glinsande bil, ein slik som berre tjuvar og bankdirektørar har, opp framfor kiosken. I baksetet sit det to fuglehundar med nasane overlegent til vêrs. Ut av bilen stig det ein mann med brunt pistrete hår, svart dress og skinande blanke sko. – Neimen, seier mannen og peiker på Hagbart som prøver å gøyme den nakne kroppen bak isskiltet. 19


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 20


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 21

– Har du gått frå vettet, seier han og ler. – Eg kjente deg nesten ikkje att, legg han til og granskar Hagbart frå topp til tå. – Du har blitt … kva skal eg seie … tjukk? Hagbart piler inn i kiosken og riv til seg det grøne forkleet frå knaggen, før han stikk hovudet ut av kioskluka. – Er du attende? spør han spakt. Hagbart har blitt bleik, og rillene i panna er djupe som grøftekantar. – Det var på tide å ta ein tur, seier mannen og ser seg rundt. – Hadde det ikkje vore for at du er naken, skulle eg gitt deg ein bamseklem, legg han til og får Hagbart til å bli sprut raud. – For nokre søte små tassar, seier mannen og nikkar mot Ea og Lars. – Er dei dine? – Blir du her lenge? avbryt Hagbart. – Vi får sjå, seier mannen. – Men no vil eg gjerne kjøpe to pølser til hundane mine, seier han og peiker på dei to fuglehundane som sit i bilen. Dei stikk snutane ut gjennom ei glipe i vindauget, så slagget renn i striper nedover glaset. Hagbart fiskar opp to pølser og trykkjer dei inn i to lomper, heile tida med rumpa bar. – Ekstra lauk? spør Hagbart. – Ekstra av alt som er gratis, svarer mannen. – Sjølvsagt. Du har ikkje forandra deg, seier Hagbart og tømmer nesten ei heil flaske ketchup over pøl21


Frøppeldunk ferdig_mat 12.08.15 12:10 Side 22

sene. Han lukkar lompa så brått at den raude væska skyt ut til alle kantar. – Ver så god, dei skal du få, seier han. Mannen smiler og prøver å balansere to lomper med pølse og ketchup i kvar hand. – Du ser meg nok snart att, seier han, og no synest Ea at stemma har fått ein skarpare tone. I det han køyrer av garde, ser ho at det står «Pydro – framtidas industri», skrive med store bokstavar på bakruta til bilen.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Frøppeldunk by Det Norske Samlaget - Issuu