For deg

Page 1


For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 1


For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 3

Oskar Stein Bjørlykke

For deg Dikt

Samlaget Oslo 


For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 14


For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 5

I


For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 6


For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 7

  har bydd meg til bords og eg et målet skybankane reiser seg mot natta jordisk brødleiv ein smak av himmel ved glaset her har eg min kveldsverd


For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 8

     i denne natta tek eg på meg det eine har ikkje tanke for anna enn å stiga ut i mørket lyser det slik og dette steget er som om det var det siste eg gjer


For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 9

    alminnelege steg fører òg fram ut på daglege stigar langs godtfolks vegar i kjende landskap eg går min gang men det må vera ferd under fuglevenger først då kan eg nå inn i himmelrommet


For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 10

  med seg sjølv slik draumane snakkar med seg sjølv og med diktet snakkar dei døde diktet sjølv drøymer og du er i den draumen kom, seier diktet i den augneblinken du vaknar




For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 11

   denne sprekken med luft i muren eg står heilt inntil det eine nødvendige i veggen som stengjer kunsten å bryta opp ei opning rett ut her kan eg dra pusten fritt inn og vinka til deg kom hit til denne rivna




For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 12

   i floget slik eg sjølv er gripen ikkje noko i mi hand før det er i mitt innarste men alt har eg fatta først den dagen eg lèt det flyga av stad med helsing til deg




For deg ferdig_a 05.06.14 10.39 Side 13

  under diktet slik vi står saman under regnbya ein soldag det lyser gjennom kvart ord det vedunderlege vi står der i dråpar på skrå ifrå vest og vi les kvarandre i strimene av sol og regn




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.