Andre bøker i Krisetid-serien: Etter folkemordet. Ingjerd Veiden Brakstad Noregs største steinras. Tjelle-skredet 1756. Astor Furseth Dei harde trettiåra. Knut Kjeldstadli Dei norske borgarkrigane 1130–1240. Hans Jacob Orning
Kathrine Nedrejord FLUKTA TIL FINNMARK 1800-TALET
Samlaget Oslo 2021
© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 11/15 pkt. Minion Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0637-1 Forfattaren har fått stønad frå Fritt Ord. Forlaget har fått stønad frå Fritt Ord til Krisetid-serien.
Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
Innhald Finnmark, eit land i landet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Annleislandet i Vest-Europa . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Eit storfyrstedømme i naud . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Historia til Isak Martimo . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Lykkejegerane . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Ein ny heim . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Innvandrarane etablerer seg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Den kvenske hovudstaden i Noreg . . . . . . . . . . . . . . . . Politiske konsekvensar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Fornorskingspolitikkens inntog. . . . . . . . . . . . . . . . . . .
7 16 25 33 41 46 57 65 71 77
Takk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Kjelder . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Notar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
85 86 90
Finnmark, eit land i landet Eg vaks opp på kysten av Finnmark, i eit fiskevær som heiter Kjøllefjord. Når ein har ei samisk mor frå dei indre strøka, inneber ein slik oppvekst hyppige turar til både Tana og Karasjok. Minna frå barndommen min er merkte av desse landskapa, med sine fjordar, myrar, vatn, vindar og mektige elvar med sterke understraumar. Når eg tenkjer tilbake, kjennest det som eg har armar og bein over heile fylket. Det er ei eiga lukt der. Ei krydra, frisk luft som eg ikkje finn nokon annan stad. Ei duft som eg tok som noko sjølvsagt den gongen, men som no er ei gåve eg får berre nokre gonger i året. For meg var naturlegvis ikkje Finnmark annleis då eg vaks opp. Det som var særeige med fylket, var for meg sjølvsagt, det var det einaste eg kjente til. Fyrst då familien min flytta sørover til Austlandet, gjekk det opp for meg kor ulikt det var å bu der oppe. No kjenner eg på det kvar gong eg er tilbake. Lufta, landskapet og alt rommet mellom menneska. Finnmark er for meg eit eige land, sjølv om det ligg i eit større land, Noreg. Det er også nokre reine fakta som tilseier at akkurat 7
Finnmark skil seg ut frå andre område i Noreg. Finnmark er det einaste fylket, eller tidlegare fylket, som grensar til Russland og dermed Aust-Europa. Det har også ei mykje lengre grense til eit av dei andre nabolanda våre, nemleg Finland. Historisk sett har også Finnmark ei langt meir mangfaldig befolkning enn resten av landet, særleg på grunn av plasseringa. Rett nok har dei fleste grenseområda i Noreg ei variert befolkning, men Finnmark er likevel i ei særstilling. Fylket ligg så langt unna styresmaktene i sør som ein kan komme. Den perioden befolkninga i Finnmark faktisk var homogen, var det fordi nordmennene ikkje enno hadde etablert seg der oppe og det berre budde samar der. Så Finnmark er eit annleis fylke. Det er prega av si plassering i grenselandet mellom fleire mektige statar. Lenge var det heller ikkje sett opp noka klar grense her i nord. Det heitest at Noreg blei samla av Harald Hårfagre i 872, men då reknar ein ikkje med Finnmark. Opp gjennom hundreåra som følgde, blei det fleire rike som hevda sine interesser der. Både det russiske og svenske riket gjorde krav på skatt i området. I enkelte delar av fylket blei den samiske befolkninga skattlagd av «både to og tre lands skatteoppkrevere»,1 ei ordning som nok høvde skatteoppkrevjarane meir enn innbyggarane sjølve. Fyrst i 1751 fekk ein på plass ein grensetraktat med Sverige. Med Russland kom han endå litt seinare, i 1826. Historisk 8
sett er Finnmark eit rimeleg ferskt område innanfor den store staten. Om du køyrer gjennom Finnmark i dag, treng du ikkje meir enn å kaste eit blikk på eit skilt før du skjønnar at det er fleire folkegrupper som har sett spor etter seg. Når du nærmar deg Porsanger, vil skiltet til den staden norskspråklege kjenner som Lakselv, ikkje berre nemne det norske namnet, men også det samiske Leavdnja og det kvenske Lemmijoki. Ein stor del av skilta har i dag stadnamn skrivne på minst tre språk: norsk, samisk og kvensk. Finnmark har lenge husa meir enn éi folkegruppe. For mange i Noreg i dag er nok kunnskapen større om nordmenn og samar enn om kvener. Når eg brukar ordet kven i denne teksten, siktar eg i hovudsak til dei finnane som kom over grensa og slo seg ned i Noreg, og etterkommarane deira. Det var fyrst då dei slo seg ned i Noreg, at dei blei heitande kvener. Dei fyrste kom ei god stund før 1800-talet, men det var fyrst på 1800-talet at dei etter kvart representerte ein betydeleg del av befolkninga i Finnmark. Samane hadde ikkje vore heilt aleine i Finnmark før den tida, både kvener og nordmenn var også busette i området, men i løpet av 1800-talet vippa det etter kvart over i favør av dei norske og kvenske nykomlingane. Dei som kom nordover til Finnmark, var nordmenn sørfrå, men også kvener som kryssa riksgrensa frå Finland, eller det som eigentleg var grensa til Sverige før 1809. På den tida hadde Finnmark 9
tilsynelatande mange av dei same kvalitetane som Amerika: udyrka mark, ledige jobbar, ledig plass og i alle fall tilsynelatande unytta naturressursar. Eg seier tilsynelatande unytta fordi delar av områda blei nytta av samane – ikkje i hovudsak til jordbruk, men blant anna til jakt, fiske og ikkje minst sesongbeite for reinsdyra. Dessverre sette dei ikkje spor på same måte som nykomlingane skulle gjere, og risikerte dermed å miste område dei lenge hadde nytta seg av til anna næring. Desse dels unytta og dels tilsynelatande unytta områda gjorde Finnmark, i likskap med Amerika, til ein freistande stad å reise til for dei som mangla noko av dette, eller kanskje alt saman. Men nokre av årsakene til at finnane sette kursen mot Finnmark, var meir dramatiske enn dei var for nordmennene. Innvandringsbølgje. Hungersnaud. Flyktningkrise. Dette er ord som lyder nye og moderne, for fenomen som slett ikkje er det. Grunnane finnane hadde til å forlate heimlandet sitt den gongen, er nokså like årsakene til at folk den dag i dag forlèt heimlanda sine og legg ut på strabasiøse ferder gjennom fleire land: Dei var for mange folk med for få ressursar. Dessutan hadde det herja krig i landet med jamne mellomrom utover på 1700-talet og inn på 1800-talet då Finland blei underlagt det russiske riket. Er flyktning det rette ordet å sette på dei finnane som la i veg? Flyktningkonvensjonen til FN sin definisjon på ein flyktning 10
dreier seg om forfølging på grunn av rase, religion, nasjonalitet, medlemskap i ei sosial gruppe eller politiske meiningar i eige heimland. Dette var ikkje tilfellet for finnane som retta nasen mot nord. Dei var ikkje forfølgde. Kanskje burde eg heller kalla dei arbeidsinnvandrarar, slik vi gjerne omtalar europearar som skiftar land for å finne arbeid i dag? Men ikkje alle finnar hadde eit arbeid som venta. Dei håpa å finne det når dei kom fram. Kanskje kan merkelappen lykkejegerar, som blir brukt nokså nedlatande om menneske som søker å bygge ei betre framtid for seg og familien sin i eit nytt land, passe om desse finnane? Om dei ikkje akkurat jaga lykka – kven av oss gjer det? – søkte dei etter ei betre framtid for seg og familien. Når eg høyrer uttrykket klimaflyktning, tenkjer eg på dei finske utflyttarane. Klimaet bidrog i stor grad til at det blei vanskelegare å bli buande i Finland. Omgrepet klimaflyktning set vi gjerne i samband med klimaendringar skapte av menneske, men også før industrialiseringa kom i gang, kunne klimaet gjere det svært vanskeleg å fortsette å bu ein stad. Dette var tilfellet i Finland på 1800-talet. Befolkninga blei fleire gonger ramma av uår og dårlege avlingar, noko som kulminerte i ei svært dødeleg hungersnaud i 1860-åra, då om lag 200 000 finnar strauk med.2 Mange må ha kjent at framtida i landet var prega av uvisse. Ein del såg seg nøydde til å forlate landet på leit etter meir 11
ressursar. Nokre drog langt, heile vegen til Amerika, mens andre drog til Sverige eller nordover til Noreg. Denne boka er historia om korleis kvenene blei ein så stor og viktig del av Finnmark, men også kva ringverknader masseinnvandringa deira fekk utover på 1800-talet og godt innpå 1900-talet. Masseinnvandring kan høyrast svært omfattande ut, men ettersom folketalet ikkje var stort i Finnmark frå før av, skulle dei tusenvis av finnane komme til å utgjere ein betydeleg del av befolkninga i området i løpet av nokre få tiår. Haldningane til nykommarane var fyrst positive, men endra seg utover på 1800-talet, noko som fekk politiske følgjer. Snart blei dei utsette for ein brutal assimileringspolitikk som gjorde at mange mista kvensk språk og identitet. Det gjekk også ut over den samiske befolkninga som hadde halde til i området i minst eit par tusen år. Dette er historia om ei klimatisk krisetid som gav grobotn for store endringar i nord. Det blir snakka lite om den store hungersnauda i Finland i 1860-åra, trass i at ho angår meg og store delar av den noverande befolkninga i Finnmark personleg. Ho er ikkje ein like stor del av den kollektive bevisstheita som for eksempel hungersnauda i Irland mellom 1845 og 1849, sjølv om hungersnauda i Finland også blei den siste utanom krigstid i Europa fram til våre dagar! Ein del av oss finnmarkingar kan sjå denne delen av finsk historie klart markert på slektstreet. Plutseleg 12
dukka det opp tippoldeforeldre som ikkje var fødde i Noreg, men på den andre sida av grensa. Rett nok har det alltid vore ein del trafikk mellom landa i nord. Folk hadde budd og vore i slekt her lenge før dei sentrale styresmaktene bestemte kor riksgrensene skulle gå. For den samiske befolkninga som dreiv med reindrift, var det naturleg å følgje flokkane sine frå innland til kyst og tilbake igjen i takt med årstidene, utan å tenkje over om ein var i Sverige, Finland eller Noreg. Men utvandringa frå Finland på 1800-talet var av eit anna kaliber enn tidlegare. Dei tidlegare innvandrande finnane hadde adoptert kulturen og språket og i større grad blitt integrerte i befolkninga som allereie var der. No var dei langt fleire, og fleire heldt seg samla, og i større grad enn tidlegare heldt dei også på sin eigen kultur. Eg er ikkje faghistorikar, men forfattar. Det byr unekteleg på enkelte utfordringar når eg gir meg i kast med å skildre historiske hendingar i eit vidare perspektiv. Når eg skriv fiksjon, har eg ikkje for vane å leite etter historiske kjelder og vurdere dei opp mot kvarandre. For å vere heilt ærleg har eg også oftast føretrekt kvardagsmenneske framfor dei store og kjente namna ein finn i leksikon og historiebøker. Men sjølv om eg ikkje er historikar, har eg heilt sidan eg var lita, vore interessert i det enkelte mennesket sin plass i den større historia og verda. Dei seinare åra har eg fått lyst til å finne ut meir om ein av slektningane mine, nemleg 13
tippoldefar min, Isak Martimo Gaski, som eg har fått høyre om sidan eg var lita. Mor mi har fortalt om korleis han blei følgd til Noreg som gutunge av far sin. Der blei han gitt til ein samisk familie i Tana-området. Isak var kalla opp etter faren Isak Kaski – Gaski er ei fornorsking av den finske skrivemåten Kaski. Nokre i familien har behalde originalnamnet i Noreg, mens andre har bytt om forbokstaven. Fyrste generasjon, altså far Isak Kaski, står som regel nemnd i register med den originale skrivemåten, med enkelte unntak. Sonen, derimot, må på eit eller anna tidspunkt ha bytt til Gaski. Det er ikkje berre etternamnet som kan skape forvirring, for mest sannsynleg blei verken far Isak eller son Isak kalla Isak andre stader enn i registera. Isak er den svenske og norske skrivemåten. I Tana årbok står det at han oftare blei kalla Isko, som er den finske varianten. Sidan han etter kvart vaks opp i eit samisk miljø, blei han kanskje også kalla Issát, den samiske versjonen av same namnet, men det veit eg ikkje sikkert. For meg er Isak Martimo Gaski bildet på flukta til Finnmark frå hungersnauda i Finland. Eg har også tenkt på han – åtteåringen som mista familie, land og kultur så tidleg i livet – kvar gong det har vore snakk om nye flyktningkriser i verda. Isak har vore ei påminning om at naud kan ramme kven som helst. Eg tenkjer altså å la det vesle mennesket i den større historia vere fokus for mi forteljing også denne gongen. Eg vil bruke 14
skjebnen til Isak Martimo til å forsøke å komme meg nærmare historia. For ein er ikkje nødvendigvis tryggare i Nord-Europa enn på andre kontinent, sjølv om det akkurat i vårt augeblikk i historia er fredeleg her. For finnane kunne dramatikken ha vore over då dei kom til Noreg, men innvandringa frå Finland fekk politiske konsekvensar som vi framleis ser ringverknader av i dag. Krisa i Finland blei indirekte grobotnen for utforminga av fornorskingspolitikken som prega generasjonane som følgde. Det kom nye vedtak som skulle ramme kvensk og samisk kultur og språk hardt utover på 1900-talet. Sjølv om ein ikkje brukte dei same argumenta for å fornorske samane som kvenene, var dei praktiske konsekvensane ofte dei same. Ein kommisjon oppnemnd av Stortinget kalla sannings- og forsoningskommisjonen arbeider i desse dagar blant anna med å greie ut kva konsekvensane av fornorskingspolitikken har vore for minoritetane i Noreg. Når eg skriv dette, kjenner eg ikkje enno til konklusjonane deira, men eg kan konstatere at denne politikken i stor grad har forma det landskapet eg vaks opp i, og delar av livet til forfedrane mine. Dette er ei forteljing om dei store linjene og om dei små menneska som levde i dei, som tippoldeforeldra mine og tippoldeforeldra til svært mange finnmarkingar i dag. Det er ei historie som byrjar for tusen år sidan i Finland og endar i norsk samtidshistorie.