Flukta frå rekkehuset

Page 1


Jon Hjørnevik

F lu k ta f r ĂĽ rekkehus et

Det Norske Samlaget Oslo 2011


© 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Ole Færøvik Materie: Kine Røst Trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7734-3


E i h e l s i n g t i l d e n a ndr e m eg Hei, kjære meg. På eit eller anna tidspunkt skilte me lag, utan at eg kan hugsa tid og stad. No lever me mest kvar for oss, du med ditt og eg med mitt. Eg har sett deg nede i byen nokre gonger, der du smyg rundt hushjørna utan mål og meining med ein kulepenn og ei kladdebok under armen. Du skriv framleis dikt på fotballpubane, og det meste er som før, forstår eg? Drikk du fleire dagar i veka og har nokre ølglade damer du småpuler på? Fint for deg. Hald fram med det, gut. Berre bli der i ditt vesle ville univers og hald godt fast i kladdeboka di. Ikkje la ansvar og plikter eta deg opp. Styr unna vaksenlivet. Det skal eg ta meg av, for eg reknar med at du ikkje har kapasitet til det. Eg skal freista å halda ut i dei vaksne si verd, med jobb, kjernetid, sjef, bussruter, ferieinstruksar, døgnrytme, mageregulerande, fast parkeringsplass, naboar, skiboks på taket, slekt, familie, bleier, lyd, lukt og all denne fine faenskapen av ein realisme. Dette er noko heilt anna enn den fordummande idyllen du går rundt og tassar i. Dikt vert det av det òg, så no har det samla seg opp ein ny dunge med ulne dikt frå den delen av verda. Det er ei samling du faktisk aldri har ein sjanse til å skriva. Du treng ikkje prøva eingong. Synd for deg, vesle gut. Denne diktsamlinga kan berre skrivast av den av oss som har vore ute for ein fastbunden, forvirra, fullekte, famlande, fridomsfattig og (fotball)galen far. Lev vel. Jon Hjørnevik, forfattargrotta til forfattaren Lotheveien, Bergen Måndag 23.5.2011


6 f r i d o m , fa r a r og føfl ekka r


Ka p itt el 1 Fr idom , fa r a r og føf l e k k a r


8


frid o m, farar o g fø flek k ar

E g e r l i v r e d d f o r dusjen Eg er livredd for dusjen, så eg tykkjer det er greitt at det luktar litt sveitte, og at håret er feitt. Eg er livredd for dusjen, mellom anna fordi det er glatt på golvet, eg er redd for å gli. Eg er livredd for dusjen, eg jobbar med saken, er eg redd for at nokon skal sjå meg heilt naken. Eg er livredd for dusjen, det er ei mare som rir, eg kan få sjampo i augo, det er vondt når det svir. Eg er livredd for dusjen, redd for sjampo i håret, så eg brukar dusjen maks ein gong i året. Eg er livredd for dusjen, og uansett kor eg dreg, vert folk som eg møter livredde for meg.

9


10 f r i d o m , fa r a r og føfl ekka r


frid o m, farar o g fø flek k ar

E g v i ll e f ø d d h e i m e Eg veit ein ting sikkert, heilt innerst inne, eg ville fødd heime om eg var kvinne. Eg ville fødd heime, «på gjengrodde stier», fylt huset med pressing, med krampar og rier. Eg ville fødd heime her heime i stova, så naboen min ikkje fekk sova. Eg ville fødd heime med jammer og skrik, så naboen min var bleik som eit lik. Eg ville fødd heime med ein ulande song, ein krevjande fødsel som enda med tong. Eg ville fødd heime med nevane knytta, og skrike i smerter til naboen flytta.

11


12 f r i d o m , fa r a r og føfl ekka r

D e n f y r s t e f o t b a ll s o n g e g h øy r a f e k k Den fyrste fotballsong eg høyra fekk, var far sin song ved vogga, dei store ord til hjarta mitt gjekk, men kunne ei gråten stogga. Den reiv i meg med så underleg, så eg ikkje fekk til å sova, til stadion den synte meg veg då far min song høgt i stova. Den vegen ser eg no enno titt når eg ikkje får sova og kvila; det store publikum smiler blidt, som berre dei kan smila. Og når eg sliten går frå kamp med laget som stadig feilar, eg høyrer høgt frå far si grav den fotballsong som laget heilar.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.