Skip to main content

Feriefiasko

Page 1

FERIEFIASKO Av BEN TE BR ATLUND Illustrert av ODD HENNING SK Y LLINGSTA D

Samlaget oslo 2016


6


1 «Eg gler meg slik!» Ida svingar seg rundt. «Vi skal på ferie til Italia.» «Eg skal nordover til bestemor og bestefar», seier Ella. Dei snur seg mot meg. «Kva skal du i ferien, Bea?» «Noko hemmeleg», seier eg. Det berre dett ut av munnen min. Både Ida og Ella glor på meg. «Noko hemmeleg?» spør Ida. Eg nikkar. «Fortel!» Dei hoppar rundt meg. «Det er superhemmeleg. Ingen fortel det som er hemmeleg», seier eg. Begge to grip meg i armen. Ida nappar i meg. «Gi eit lite hint», seier Ida. Auga hennar dansar. «Ingen hint», seier eg.

7


Vi står på ballbana. Det er siste skuledag før ferien. Klassen er ute. Læraren blæs i ei fløyte. Ho vinkar på oss at vi skal gå inn og hente sakene våre for å gå heim. Eg pustar letta ut.

8


Eg skal ingen ting i ferien. Ingen ting. Men det er så dumt å seie at eg skal bli heime. Alle skal jo noko. Søren, eg skulle sagt det som det er. Men no har eg bløffa. Igjen. Søren. Søren.

9


Ida held fast i armen min. «Du fortel vel om det hemmelege etter ferien», seier ho. «Klart.» «Eg kjem til å tenkje på deg og det hemmelege heile tida», sukkar Ella. Korleis skal eg kome meg ut av dette? No må eg berre finne på noko hemmeleg. Noko spennande hemmeleg. Men kva?

10


2 Det regnar. Det har regna i snart ei veke. Mamma er på jobb. Eg ringjer til pappa. Han har sagt at han skal på ferie til Paris med den nye kjærasten sin. «Kan ikkje eg få bli med», spør eg. Men nei, det passar ikkje. Pappa seier at han og kjærasten treng tid aleine. Eg blir så sur at eg legg på. Og eg tek ikkje telefonen da pappa ringjer tilbake. Alle skal noko i ferien. Berre ikkje eg. Det er ikkje rettferdig. Eg tek på meg gummistøvlar og regnfrakk. Å sitje inne hjelper iallfall ikkje. Eg går ned til butikken. Det er ikkje så mange ute i dette vêret. To gamle menn står under butikktaket. Da ser eg Pål. Han står ved ein grøn bil. Hurra, ein til som er heime!

11


Eg spring bort til han. «Er du også heime i ferien», seier eg og ler. Han snur seg mot meg. Ristar på hovudet. «Berre nett no. Eg skal på fotball-leir», seier han. Han tørkar seg under nasen. Det heng ein drope og dinglar der. «Etterpå skal vi på biltur til Tyskland.» Han ser på meg. Luggen framfor hetta er våt. «Du da?» spør han. Eg orkar ikkje seie at eg ikkje skal nokon ting. Eg orkar ikkje la han tru at eg er ein tapar. Da er mor til Pål der. Ho opnar bildøra. «No skal vi dra», seier ho. Og Pål set seg inn i bilen. Han vinkar da dei køyrer bort.

12


Eg trampar ut i ein dam. Det skvett oppover føtene mine. «Eg skal noko hemmeleg!» roper eg etter bilen. Bilen er borte, men dei to gamle mennene glor på meg. Dei får berre glo.

13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Feriefiasko by Det Norske Samlaget - Issuu