Skip to main content

Ferdaminne frå sumaren 1860

Page 1

30581_Ferdaminni_002_Layout 1 07.04.10 10.56 Side 1


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 5

Innhald Innleiing ved Kjartan Fløgstad 7 I. heftet Førekvæde 15 Dei to grannar i Odalen 21 I Sverike og noko om det 25 Komministeren 34 Kring Kongsvinger 40 Stova på Stemsrud 47 Landmannen 48 Lars 50 Mina 55 Glåma og derikring 58 Sigermerka 60 Østerdalen 61 Kaksen 63 Til sæters 66 Huldra 68 Skinnfellen 74 Sollia 76 Rondane 79 Malene frå Folldalen 85 Vårstigen og der nord igjennom 102 Menuetten til Steinberg 109 Grauten på Grut 111 Fantefylgja 117 Inn mot Trondheim 123 5


aasmund olavsson vinje

Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 6

II. heftet Det fyrste synet 127 Mi fyrste natt i Trondheim 130 Domkyrkja 134 Kroninga 137 Dansen 139 Dansen på Ilevollen 142 Gullhøne 144 Hovudstadsfolk 147 Sendelaget frå Stortinget 151 Eit og anna om Trondheim 154 Skomakaren i Trondheim 162 Skalkestriden på Stjørdalshalsen 166 Det rimlause 168 Frå Halsen og der nordetter 171 Gjenta på Stilkestad 174 Sundnes 178 Eit godt støvleskaft 181 Garden med alle dei føderåd 184 Trondheimsfjorden! 190 Turid på Tautra 191 Drosa frelser meg 197 Christiansund og Molde 198 Den småbytte garden 203 Stortingsmannen på Møre 207 Romsdalen 211 Aust mot Gudbrandsdalen 214 På Jetta 215 Olav Håkonstad 218 Fram igjennom Gudbrandsdalen 224 Denne presten 227 Drengen finn drosa 231 Opplysningar og merknader ved Olav Midttun og Jon Severud 233


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 7

Det fagre liv i all si fylde Den 20. november i året 2004 kåra Oslo-avisa Verdens Gang kjærleik til Norges vakraste ord. I ei avstemming gav lesarane av den største avisa i landet kjærleik tre gonger så mange stemmer som «elske» på andreplass. I åra som har gått sidan den gong, har VGs sjefsredaktør ofte understreka at han heller vil leggja ned avisa enn å gi journalistane lov til å skriva det lesarane hans meiner er det vakraste ordet på norsk. Sjefredaktørane i hovudstadsavisene Aftenposten, Dagbladet og Dagens Næringsliv har også vore forferda over utsiktene til å setja Norges vakraste ord på trykk. Med gravalvorleg mine har dei sett trugsmålet om å visa kjærleik offentleg som eit farleg åtak på ytringsfridommen og samfunnsmoralen. I samla kor har dei framført kampropet: Stopp kjærleiken! Ned med kjærleik! Send kjærleiken til provinsen! Ute av syne, ute av sinn! Skriv kjærleik og få sparken! Ingen free love i våre aviser. I våre spalter skal det herska totalforbod mot kjærleik. Kjærleiken er med andre ord bannlyst. Og når det ikkje skal visast kjærleik på trykk, kva står då igjen? Når folkets kjærleik blir avvist av hatet frå pengemakta? Då har fridom blitt forbod, fridom forbode. Fridom er det motsette av folkestyre. I pressa er fridom kunsten å gjera stort til lite, lite til stort, viktig uviktig, uviktig sensasjonelt. Fridom er retten for dei få, til å lyga i kor. Seier bladstyrarane. Og i tette kohortar sluttar journalistane rekkene. Helotar var navnet på ein slave- og krigarkaste i det gamle Sparta. Det blir fortalt at då spartanarane ville gi helotane fridommen, gjorde helotane sjølve opprør, og kjempa med livet som innsats for å forbli slavar.

7


aasmund olavsson vinje

Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

8

05-04-10

13:26

Side 8

* I våre dagar har segna om helotane, og den heltemodige kampen dei førte for å bli verande i slavekår, for det meste gått i gløymeboka. Derimot er skrifter av Aasmund Olavsson Vinje framleis pensum på den norske journalisthøgskulen. Ved festlege eller høgtidlege anledningar blir Vinje gjerne trekt fram som føregangsmann og som Den første moderne norske journalist. Likevel har føredømet hans fått få praktiske følger. I kampen for å bli verande i språklege slavekår har den norske journaliststanden gått andre vegar enn i Vinjes fotefar. Tvert om har dei polemisert like tappert mot fridommen som helotane i si tid stridde militært for eigen trelldom. Det er nok dette nasjonale særdraget Henrik Wergeland kalla «Trældommens uheldige følger i karakteren», i sitt «Indlæg i Jødesagen», i For Almuen frå 1841. Då han sommaren 1860 styrde sine lange bein nordover mot kroningsbyen i Trøndelag, hadde A.O. Vinje (fødd i 1818) alt lang fartstid som bladmann. Sine første journalistiske bidrag leverte han til lokalavisa i Mandal. Fram til han rauk uklår med redaktøren, var Vinje medarbeidar i Christiania-avisa Morgenbladet. I etterdønningane etter revolusjonsåret 1848 skreiv han i radikale publikasjonar som «Folkets Røst» og Tiden. Gjennom mange år var han ein flittig bidragsytar til Drammens Tidende. Saman med Henrik Ibsen og Paul Botten-Hansen gav han ut det satiriske tidsskriftet «Andhrimner». Alt tidleg utvikla han ein knapp og presis skrivestil, som kollegaen Bjørnstjerne Bjørnson, i Morgenbladet 15/1854, karakteriserte som «Punktumraseri» og «Hakkemadstil». I 1858 starta Vinje utgivinga av vekebladet «Dølen», som han stort sett styrte med aleine, og der han for første gong tok i bruk det nye landsmålet i normalprosa og som reportasjespråk. Då hadde både den nynorske ordboka og den nynorske grammatikken knapt ti år på baken. Innanfor ein skriftnormal utan litteratur var Vinje ikkje redd for å visa kjærleik. Og setja den i verk, til ålmenn åtgaum, på det blanke arket. Han var i det heile lite redd. Ivar Aasen, som var ein varsam general, har peika på at «Han var ikke plaget af denne Frygtsomhed og Blyghed, som ofte er til Besvær for unge Mænd af Bonde-


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 9

ferdaminne frå sumaren 1860

standen, naar de komme ud i en videre Kreds; tvertimod optraadte han i Skrift og Tale med en sådan Djervhed, at det af og til vagte Ængstelse hos hans Venner og Uvilje paa visse andre Steder». (Skrifter i Samling II, s. 210, 1912.) I alle år har Shakespeare-forskinga vore besett av spørsmålet om korleis ein mann utan nedarva rikdom, universitetsutdanning eller mektige venner kunne gjera suksess og bli ein stor og feira forfattar i verdslitteraturen. Borgarleg djupideologi legg i det heile vekt på det urimelege i at fattige arbeidar- og bondegutar (av typen Aasen, Vinje, Harry Martinson, Robert Johnson) skal vera kjenslevare og ha sterk uttrykkskraft i skrift og tale. Tilsvarande blir det berre sett på som rett og rimeleg at borna t.d. til ein forretningsadvokat eller grosserar i herrekonfeksjon viser litterær givnad. Det suverene ved Aasmund Olavsson Vinje er først å sjå korleis skriftene hans heilt uanfekta avsannar desse fordommane. Dernest den sjølvsagde fridommen og radikaliteten han gjer det med. Målet for Trondheims-reisa hans er kroninga av den nye kongen, med andre ord stadfesting av legitimiteten til eit stands- og klassedelt samfunn. Visst er han fjetra av kongeleg pomp og prakt. Men ferda som blir skildra i Ferdaminne, er langt frå ei sentimental klassereise. Han er ikkje på veg oppover i samfunnet, men bortover i lendet, innover i landet. Dermed idealiserer ferdaminna hans heller ikkje målet for den sosiale og geografiske reisa han har gitt seg ut på. Etter kroning og kongeball dreg Vinje ut til dansen på Ilevollen. Han olbogar seg fram gjennom inngangen, betalar sine tolv skilling, og tenker: «Stakkars fine folk som berre går på stasball og såleis aldri ser slike dansar, for denne dansen var ein folkeleg dans mot dei som før var å sjå på Langvik og enno på Grønland og slike stader i og inn-med hovedstaden.» Særleg sterk blir verknaden av slik prosa, dersom ein samanliknar skriftene til Vinje med den underdanige journalistikken helotane i dagsavisene kallar pressefridom. *

9


05-04-10

13:26

Side 10

aasmund olavsson vinje

Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

Sjangerblandinga og den formelle fridommen Vinje gir seg sjølv, er ein ting. Gjennom mange generasjonar har songen og versekunsten stått under åtak både frå den lyriske modernismen og den kommersielle journalistikken. Når Vinje finn det for godt, bryt han derimot ut i song, i dei vakraste og mest slitesterke songane vi har. I Ferdaminne frå sumaren 1860 dukkar dei på rekke og rad opp frå den forteljande prosaen. Slik: Frå byen det berer; der har han både funne dei beste, og lært seg mest: «men ufrisk i varmen eg alltid deg fann». Ved Rondane ser han atter slike fjell og dalar; med vinden frå Snøhetta i ryggen er det «så vent det kan meg grøta»; «Orkla» er verken bergverk eller finans, men ei elv med djupe svarte krokar innved bergoddane. Då vert Vinje tankefull og kveder: «Du skog! Som bøyer seg imot/ og kysser denne svarte å…» Det første synet hans av Trondheim er ikkje sjølve byen, men «Den fagre gjenta skal ut og blenkja». Likevel er det langt frå nokon romantikar som er ute på tur. I samtida var det mange som meinte at å reisa med toget er sjellaust og trist og monotont. Vinje, derimot, har gått meir enn langt nok på sine bein, og er lei «av trøyttkøyrde øyker og skranglekjerrer, og finn det «som eit dikt å fara fram så fort og sjå tre og steinar og tuver og alt som i vegen kan koma». Det er ei livsens ånd i hjula, som profeten talar om, og som den fartsglade modernisten Vinje forstår. Målet, både for dei trøytte stega, skranglekjerrene og jarnhesten er altså kongekroninga i Trondheim sommaren 1860. Sett bort frå skildringane i Ferdaminne er det lite som er kjent om detaljane på sjølve reiseruta nordover frå Christiania. Truleg gjekk vegen først til Charlottenberg i Sverige, der bror til Vinje var ølbryggar. Vi får tru at han her fekk kvila ut og sløkkja torsten før han starta ut på nytt. Sjølv Olav Midttun er i tvil om reiseruta vidare. Men han reknar med at Vinje har fare frå Charlottenberg tilbake over grensa til Kongsvinger, og så nordetter Østerdalen. Ein rorskar set Dølen over Atnesjøen, på veg mot Hjerkinn og fjellovergangen på Dovre.

10

*


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 11

ferdaminne frå sumaren 1860

I Trondheim var den (sjølv)utsende bladfyken framme rundt 1. august. Der meiner han at det finst «hus i kvar busk no sumars tid.» Røyner det på, kan han også leggja seg under ein kvelvd båt med skreppa under hovudet. Endå gjævare er losjihus med menn og kvinner tett i tett under taket i tredje stokkverk: Tidleg om morgonen vaknar han Aasmund og ser sola skina gjennom sprekkane inn på sengehalmen. Han ser seg omkring. «Her låg for meg det likeframme, det trøytte og arme, men fagre og reine liv i all si fylle.» Så sterkt inntrykk gjer den fagre kvinnelege delen av dette endeframme livet på Vinje, at «svint som ein eld» er han i kleda, og spring nord under Ladehammaren for å lauga seg i sjøen. Kven har sagt at den fysiske kjærleiken skal vera enkel og grei? Sjølve kroningsseremonien fann stad den femte august, og så sterk kan ordets makt vera at vi i dag veit for visst at Vinje var til stades i Trondheim, men er meir usikre på kven det eigentleg var som blei krona? Var det ein svensk Oscar eit eller anna? Med nummer to bak? Ja, for kven var norsksvensk konge under Aasmund Olavsson Vinje den første og einaste? Var det i røynda Vinje som reiste nordover til si eiga litterære kroning? 150 år seinare veit vi svaret. På karnevalesk vis er rollene omsnudde. I det kollektive minnet har kongen, som god nummer to, blitt nummerert narr, narren Vinje konge. Dei burleske og naturlyriske innslaga svekkar ikkje inntrykket av at det er ein realist og rasjonalist som er på reise i fedrelandet. Ikkje idylliserer han, og sjølv om han er full av kritiske observasjonar, er han aldri nedlatande. Stilen er frisk og karsleg, utan fakter. Gjennom den norske topografien går Vinje med lange steg på vegen innover i seg sjølv. Og den som kjenner seg sjølv, kan også møta andre. Når han ser igjen hovudstadsfolk i kroningsbyen, «så var vi som landsmenn komne til eit anna land, så at folk som sjeldan rødde med kvarandre i Christiania, var her som dei beste gamle kjenningar». Vegen innover og vegen utover er den same. Å komma til andre er å komma til seg sjølv. *

11


aasmund olavsson vinje

Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 12

Og grensene for språket er grensene for verda vår. I ferdaminna frå sumaren 1860, og i Dølen, opna Vinje desse grensene innover i si, og framover mot vår eiga verd i dag. Her fann han sitt eige språk og sitt eige tema. Eit hundre og femti år seinare kan vi framleis nyta godt av det frirommet han skapte. Som forfattar er han eineståande, eit barn av si tid, og let seg ikkje modernisera, verken som hippie eller som karnevalsdeltakar. Journalistikken hans er full både av folkeliv og av dei mest formfullenda dikt. Grauten på Grut står side om side med det fornemme versemålet ottava rima, slik som «Ved Rondane/No ser eg atter.» I dikt og prosa våga Vinje å visa kjærleik offentleg, på trykk. Ikkje minst dette vekte otte hos dei meir varsame blant vennene hans, og sterk uvilje mange andre stader. Den dag i dag er kjærleiken framleis forboden i den statsfinansierte hovudstadspressa. Det hjelper ikkje at lesarane har kåra kjærleik til det vakraste ordet på norsk, og at kjærleiken blømer like uutryddeleg vidare utanfor avisspaltene. Då programposten Ønskediktet i NRK radio i si tid skulle stemma fram det vakraste kjærleiksdiktet på norsk, vann «Den dag kjem aldri» frå Storegut av A.O. Vinje. I dag slår helotane i det norske journalistlaget ring om sin Masters Voice, gir full støtte til aviseigarane, mot journalistkollegaer som vil dyrka kjærleik offentleg. Og riddarane av det frie ordet ser ikkje eingong ut til å skamma seg. I staden set opinionsskaparane seg til datamaskinen og tastar ned salvelsesfulle setningar om at ytringsfridom for journalistar er overgrep og fare for ytringsfridommen. Med grafisk presisjon avslører språket framleis eit av dei ømme punkta der den liberale undertrykkinga trykker mest. Ytringsfridom er å forby at dei som vil, får skriva Norges vakraste ord i avisene. I pressa er tvang fridom, fridom tvang. A.O. Vinje tok seg den fridom å visa kjærleik, ved å stava ordet, beint fram, og setja det på trykk. Den dag kjem aldri, at eg deg gløymer. Kjartan Fløgstad


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

I. heftet

05-04-10

13:26

Side 13


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 14


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 15

Frå byen det berer. Eg lyfter på hatt. Gud veit no den dagen når dit eg kjem att. Far vel, hovudstaden! i deg var det best: der fann eg dei beste, der lærde eg mest. Lat sjå du som alltid på folk helder styr! for du er den karen som temja kan dyr. Men ufrisk i varmen eg alltid deg fann. Du er liksom tanken, du elder din mann. Og derfor til fjells vil eg draga som døl, og kjenningar finna og gløyma meg sjølv.


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 16


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 17

Mange meiner at å åka på jarnvegen er leitt og keitt og alltid likt seg sjølv; men eg, som er lei av trøyttkøyrde øyker og skranglekjerrer, eg finn det som eit dikt å fara så fort og sjå tre og steinar og tuver og alt som i vegen kan koma, å syna seg fram i ein augneblink, og atter renna frå oss som skræmde fuglar, og så høyra eimvogna frøsa som ein annan hest og få mat og drykk av kol og vatn. Det er same drivkraft som i hesten og meg og deg, berre på ein litt annan måte, så det no ikkje er verdt å tala om leie og keie drivverk og slikt noko, liksom det berre skulle vera kol og vatn og eld og malm. «Det er ei livsens ånd i hjulom,» som profeten talar om. Det er mannetanken som her på skaparvis har blåsi liv i nosa på jordklumpen, og gjort kol og vatn og eld og malm til tenaren sin; derfor skrik og frøser i fugleflog denne tenaren under svepeslaget av vår ånd, og vi sit på vår sigervogn stoltare enn dei romerske sigerherrar, og tarv ikkje som dei ha ein narrekledd mann bak på vogna som ropar til manngarden på båe sider av sigerskeidet: «Kom i hug, store mann, at du må døy!» Og så rullar vi fram mot opplysnings og jordodlings smilande land; for det var sant det som franskmannen Condorcet alt åtti år sidan sa: «Her vil med alt vårt strev vera villmannskap i livet, til dess vi har lagt under oss all naturkraft, så vi får henne til å gjera for oss det tyngste og grøvste arbeid, så berre vi går og ser etter som oppsynsmenn.» Det går dei fleste folk som meg, at dei slit bort sin beste ungdomsmerg med å vera hestar, og det endå tidt på ting som jamvel hesten er for god til. «Svarten» er som eg kvad då jarnvegen vart opna: 17


aasmund olavsson vinje

Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

18

05-04-10

13:26

Side 18

–––––––––– «Han vegen ikkje væter med sveittens fløymde å; til lasset han ’kje græter som husbond lesser på.» Og så ser vi all den oppdyrking av moar og myrar og alle dei hyggelege hus ikring denne vegen som ein gong vil slengja seg fram berre mellom bylgjande åkrar og blømande enger. «Sjå her,» sa engelskmannen Shaw på ei av dei fyrste utferdene, då eg stod på kolvogna med han, «sjå her,» sa han, og viste på raude moar og blaute gormyrar, «her er liksom tjue år sidan mellom Liverpool og Manchester, då den fyrste jarnvegen kom dit, og no er snart alt der som ein smilande hage.» Og endå krev folk å få rente av pengane sine til denne vegen! Kva rente får vel riket av alle dei millionar som det legg ned i dei andre vegane? Nei, jarnvegen er rik på tanke og framhug frå kvar side han vert sedd. Han er ikkje lyft opp frå jorda, men går som all sann dikting igjennom det levande liv, og strår blomar rundt ikring seg. Og Eidsvoll vart liksom ikkje Eidsvoll før denne vegen kom. Fridomen gagnar likt i armodsdomen. Og all den køyring måtte attåt armod skapa råskap, for hestehalen er inkje godt nåbuskap; han smittar, og derfor har eg alltid kjent at hestehandlaren og køyraren liksom har ein liten tev etter hestehalen i tale og åtferd. Beint bortanfor stoppestaden i Eidsvoll der aust under bakkane ligg nokre gamle gravhaugar, som Henrik Wergeland fekk i stand eit lag på for bygdefolket. Der drakk dei så dei låg ikring på den gamle vigvollen etter alle kjempetalar og alt det fylleståk. Eg gjekk der kring og tenkte: «Det eine var etter det andre på si villmannsvis; men det var i stilen av den tids nordmannskap som mest heldt seg til det utvertes og til kytord om «fjellets son» og «Norafjell» og «bonden med kufta blå som fjordane sine». Det måtte vel til, dette utanpåhengde også, før det indre kunne


Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

05-04-10

13:26

Side 19

ferdaminne frå sumaren 1860

koma. Men underleg var det heller ikkje at folk som på den tid såg meir etter ein indre og sannare nordmannskap, førde strid mot slikt leven. Eg ville heller ha gjort eit lag for dei som kunne dyrka opp desse gode jorde i dette vene landet, enn for dei som gjorde alt til å leggja det øyde. Hjå gode gamle stortingsmann Lars Tønsaker såg eg det sylvstaupet som Henrik Wergeland gav til Eidsvollgjeld som eit avminne etter seg til riksskipnaden som vart gjeven der. Det var vel gjort å gjeva slikt til Eidsvoll; men påskrifta og fylgjebrevet som til æveleg tid skulle fylgja med staupet, var liksom at det skulle vera noko stort og minneverdug at just han gav dette. Eg måtte smila åt den gode diktarens fåfengd og store tanke om seg sjølv på sottesenga. Og eg måtte hugsa Teis Lundegaard, då han sa det året han ikkje var på stortinget: «Ja, no undrast eg korleis dei busar og basar og ber seg der inne i hovudstaden, når ikkje eg er med!» Ja, ja, vi er alle meir eller mindre så fåfengde, at vi trur oss umissande. Men til all lykke er det så at om store menn dei falla frå, som gras om vår vi nye få. Den eine mann er tidt ein tolk, men tanken eig det heile folk. Er tanken god, han lever då, for det om mannen døyr ifrå. Og kjem for det han bort eit bel, han betre atter koma vil. Som verda gjekk før vi kom til, så etter oss ho ganga vil. Den største mann, det stolte syn mot folkets sol er som eit lyn. Når det er mørkt, det lyser bjart, men blinkar bort, og alt er – svart. –

19


aasmund olavsson vinje

Ferdaminne ferdig.qxd:Ferdaminne

20

05-04-10

13:26

Side 20

Med desse tankane fór eg opp igjennom bakkane til skogen mot Odalen og snudde meg kring alt som tidast og såg tilbake ned på det fagre og rike Eidsvoll og oppetter Vorma mot Mjøsa og nedetter mot det grasgode land og den kornvisse jorda i det store Nesgjeldet. Det er eit land med ei stor framtid, og det går både fort og vel til opplysning og makt. Eg stod liksom på den øvste fjøla av den smale midten på denne kornbingen for landet og såg nord og sør til båe endane. Austover denne to mil breie skog er ein geiteveg på forfedra vis med jordhytter ikring om aust igjennom ville skogen, så det kom rykande røyken opp gjennom eit rundt hol i bratte bakken. Halvnakne ungar og fillute og svarte foreldre kom ut or desse jordholene, liksom folk seier det er ikring Rom. Underleg er det at dei gode eidsvellingar, som kor som er må føda desse armodsfolk, ikkje heller har dei buande nærare bygda, så dei låg lettare til og ikkje turvte slita seg ut med å bera matbeten sin opp i denne ville skogen som dei høgg ned der, meir enn dei ville gjera lenger heime. Store bygder må endå meir enn store byar byggja seg opp verkmanna-hus (arbeiderboliger) både til å spara husfang og ved og ha sine driftsfolk nær inn-med jorda, og så med dette sjå betre etter at slike folk ikkje er late eller kastar tida si bort til unyttes; for den som ikkje kan føda seg sjølv, må stå under trugsmål til å gjera noko, når han ikkje er sjuk eller for gamal. Eit starvhus (tvangsarbeidsanstalt) må til; det løner seg vel ikkje endefram eit slikt hus; men det løner seg endå mindre slikt som det er. For letingen og skarven ville dette vera den beste fattiglov. Ein annan ting kan det vera på stader der husmannen har jord, endå dette også er det gamle armodsstell som ikkje dyrkar opp jorda på den rette måten, og øydelegg skogen til ved og alle dei småhus. Dette har eg sett i ni av dei ti tilfelle i dette liksom nyrudde land, for det ser ut endå i dei rikare og tettare bygdene liksom landet nyst var teki i bruk av nye hit flytte rudningsmenn, der ein og annan hadde klora og gravi her og der borti bakkane nokre småflekker, liksom når høns karar og sprutar att ikring seg, så det er ein liten svart prikk her og der mellom skogar og røyser.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Ferdaminne frå sumaren 1860 by Det Norske Samlaget - Issuu