Skip to main content

Falle

Page 1

Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 1

1


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 3

Rakel Solstad

FALLE Noveller

Samlaget Oslo 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 30


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 5

Tileigna Y.


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 6


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 7

Innhald I Falle  II Bonjour, Madame  Att döda ett barn, to forteljingar  III Jon  Eg tek kontakt  Korintarane  Torefuglen  Byssan lull  IV


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 8


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 9

I


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 10


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 11

Lyden av motorsag. Eg går inn på soverommet som vender mot baksida av huset. Eg ser det første treet falle. Det er ei gran. Dei skjer henne i to. Med sprikande og villfarne greiner blir dei to delane køyrde vekk på traktoren.


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 12


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 13

Falle Med eit plask landa urna i havet, blei liggjande uverdig på sida og duppe, før ho sokk under dei kvite rosene som fall frå hendene våre. Urna ville løyse seg opp, hadde vi fått vite, og oska ville flyte ut i havet, det ville skje ganske raskt. Kor lang tid, nøyaktig, ville det ta, før ho var blitt – hav? Slikt skal ein aldri få vite. Eg hang over båtripa, ville sjå så langt eg kunne ned i vatnet. Men urna forsvann så fort. Så altfor fort! Utanfor kyrkjegarden, langt vekk frå havet, veks selje, or og bjørk. Eit einsleg rognetre fullt av raude bær. Eg tek av meg hansken og strekkjer ut handa, kjenner på eit av bæra, lèt tommel og peikefinger gli over det glatte, spente skinnet. Eg løftar blikket og ser dei store lauvtrea inne på kyrkjegarden. Dei lyser mot meg med gule og raude lauv. Pipa på krematoriet stikk opp på andre sida av kyrkjegarden. Eg opnar grinda, går bort til den store lønna. Stiller meg innunder greinene. Rører henne ikkje. Det før så tette lauvverket er no meir gjennomskinleg. Teppet av lauv når meg til anklane. Eg ser ned på det. Det lyser. Eg tek nokre steg til sides, blir ståande under ei hengebjørk, lèt dei tynne greinene gøyme meg. 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 14

Går tilbake til lønnetreet, står på det mjuke lauvteppet. Legg eine handa på den mørke stammen, merkar korleis kroppen min vil lene seg inn mot han, vil leggje seg ned. Vil skjule seg i lauv. Bli borte, i lauv. Ho som er borte, blei borte i hav. Eg kjenner lauvhavet om føtene, lèt kroppen sige ned. Lèt han falle. Lèt lauvet skjule føtene, leggene, knea, låra. Legg meg bakover, får lauv i håret, det er nok lauv til at eg kan fylle på rundt heile kroppen. Eg auser lauvet opp frå bakken, lèt det dekkje magen og brystet, snart er det berre armane og ansiktet som ikkje er dekt av lauv. Mellom greinene på treet ser eg den sterkt blå himmelen. Eg lukkar auga, auser lauv over hovud og ansikt, gøymer armane. Er eg heilt dekt no? Det raslar. Det er vinden, det er insekt, det er små skapningar som held til innimellom og under lauvet. Dei skal kome, dei skal krabbe og krype oppå meg, rundt meg, inni meg, gjere meg til ein av dei. Dei femten trea bak huset blei merkte med raude kryss. Eit vindkast blæs bort lauv over brystet og magen. Eg held armane i ro langs sidene av kroppen. Eit barn ler. Gøymer du deg? Eg svarar ikkje. Lette skritt nærmar seg, stansar tett ved meg. Kvifor gøymer du deg? Eg set meg opp, sopar vekk lauv frå hår og ansikt, reiser meg, børstar av meg. Dei er to. Eg leika berre, seier eg. Eg leika at eg låg under snøen. Og så kom de og fann meg! Dei ser på meg, smiler usikkert, eg smiler tilbake, ristar av meg resten av lauvblada. No skal eg gå heim, seier eg. 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 15

Utanfor kyrkjegardsgrinda den vesle skogen av selje, or og bjørk. I botnen av skogen går eit svakt spor, det hallar lett nedover i terrenget. Kanskje avtrykk etter ein bekk som har gått der ein gong, ein frisk, liten bekk som har grodd til med gras og vekstar, nesten gøymd innimellom alt det som veks nede i skogbotnen. Om bekken var der no? Om eg låg nede i bekken? Det klare vatnet rislar over kroppen min, vaskar han. Om eg lét kroppen liggje der til han var vaska og rein, til han var løyst opp, til han blei bekken? Bli bekken, eit avtrykk i skogbotnen. Er det det eg vil? Vinden kvervlar blada stadig raskare langs bakken. Eg skundar meg opp trappene heime. Frå vindauget på soverommet tel eg på nytt dei femten gulkvite, nesten sirkelrunde flatene. Eg ser rett inn i dei nakne veggene på naboblokka. To furuer har fått stå. Dei ruvande greinene er festa til lysebrune, rette stammar. Dei står ranke og oppreiste, er brått to einskilde tre, ikkje del av ein liten skog. Dei vil stå der med snø på om vinteren, få lysegrøne skot til våren. Vere noko å feste auga på, vere noko som kanskje kan hjelpe til å halde oppe det i meg som vil falle. Men det er så lite. Det er altfor lite! Greinene på dei to furuene duvar i vinden. Nei, dei duvar ikkje, dette er noko anna. Utan livd frå dei andre trea har vinden fått for mykje tak, sjølv den vesle vinden som blæs no. Vinden bryt og bender greinene bort og rundt til alle sider, prøver kor langt dei kan tøye seg 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 16

før dei må sleppe taket i stammen. Dei einskilde greinene kavar seg gong etter gong tilbake til staden der dei nettopp var, til der dei har heime: så langt over bakken, så langt frå greinene over, så langt frå greinene under. Så begynner snøen å falle, tung snø legg seg over dei nakne flatene etter motorsaga, over furugreinene. Saman vil vinden og snøen gjere greinene svakare, splitte dei. Gjere dei til ei og ei grein som vil brytast ned, slitast av, kastast vekk. Eg grip tak om vindaugskarmen, vil stå imot. Men vinden er sterkare enn meg, han vil bryte ned, slite av, kaste vekk. Snøen driv i tunge, kvite flak mot ruta, mot brystet mitt. Kroppen min gir etter, lèt seg presse bakover, ned på senga. Lèt meg falle.


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 17

II


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 18


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 19

Da den døde mannen og sonen hennar blei bringa heim frå krigen, var armane deira skorne av. Ho viser fram eit svart- kvitt-fotografi på tv: eit ungt og eit eldre ansikt. Det er så fælt at eg ikkje kan sjå armane deira, seier ho, at eg ikkje kunne få ha dette minnet om armane deira!


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 20


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 21

Bonjour, Madame Stemma hans er mørk, einstonig, ber på tiggarvis fram orda som ein straum: Bonjour, Madame, bonjour, Madame, bonjour, Madame. Eg går fort i mørkret, alltid ned bakken der han står, alltid over torget. Eg har i oppgåve å halde unna eit større mørker. På vegen fram: kva skal eg få vite i dag? På veg tilbake: korleis vil natta bli? Eg høyrer stemma hans, eg mislikar han ikkje. Måten han held fram pappkoppen på, er aldri påtrengjande, aldri for langt fram. Han gjentek bonjour, Madame, bonjour, Madame, bonjour, Madame, til eg er forbi. Eg ser ikkje direkte på han, har hendene djupt i lommene på vinterjakka; det er ikkje noko demonstrativt i det. Eg har gått forbi han slik i fleire veker, kanskje har han somme tider sett at eg græt. Eg veit ikkje kva slags tankar han gjer seg om meg, om han undrast kvifor eg morgon og kveld går forbi på det smale fortauet hans. Han kan tru at eg er ny i byen, at eg har funne ein veg, ei rute å gå etter slik at eg ikkje går meg bort i framande gater. Om han tenkjer slik, så er det rett. At eg på eit vis har gjort denne gata til mi, det som har vore hans gate. Eg ser bildet ved føtene hans ein dag da eg passerer seinare enn vanleg. Den bleike januarsola lyser opp dei snøberre gatene. Eg høyrer det monotone bonjour, 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 22

Madame, bonjour, Madame, bonjour, Madame. Men i dag held han ikkje fram koppen; har han forstått at han ikkje skal be meg om noko? Med auga som vanleg vende mot asfalten ser eg fotografiet i svart-kvitt. Her er ingen pappbit ved sida som med store trykkbokstavar seier noko om barna som ventar i heimlandet. Fotografiet viser ein eldre og ein yngre mann, to ansikt inni ei svart ramme. Han må ha merka at eg ser på det, eg høyrer nokre gebrokne ord, det høyrest som bror, far, krig. Einstonig. Eg må ha eit bilde av henne! Eg skrår over torget. Eit bilde som viser henne i sjukesenga, noko eg kan vise henne når ho har vakna frå komaen, eit minne frå denne tida ho sjølv ikkje vil ha noko minne om. Det var ein pleiar som sa det. Det vil vere viktig for henne, sa pleiaren, å binde saman tida for henne. Først no hugsar eg dette. Eg vil ta eit bilde av henne og vise henne. Alle vekene du låg slik! vil eg seie. Men du greidde deg! Eg hastar inn på kjøpesenteret, betalar for det vesle kompaktkameraet, skundar meg ut og finn bussen som går til sjukehuset. Eg har noko eg kan gjere for henne, noko vi kan ha saman, etterpå. Kanskje kan eg òg binde saman mi eiga tid, den uverkelege tida som er no, og tida da dette er over, da vi kan seie til kvarandre: Vi greidde det! Eg sit på ein stol eit stykke frå senga, slik at pleiaren kan kome til. Hovudet på puta er vendt halvt til sides, ansiktet vender mot stolen der eg sit. Auga er lukka, 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 23

slik dei har vore. Kor lenge er det sidan auga hennar var opne? Var det dei dagane i mellomjula da ho var «høgare oppe», som pleiaren sa, da ho to dagar på rad hadde korte stunder da ho festa blikket på barna der dei stod ved senga hennar? Pleiaren går stilt til og frå. Dette er ein av dei dagane da pleiaren ber meg om ikkje å røre ved henne. Eg kan få vere ei stund, om eg sit heilt i ro. Pleiaren hengjer ein ny pose med intravenøs væske på stativet, held auge med tala og kodane på skjermen over senga, festar ein liten, rund kolbe med blank væske til systemet av slangar og leidningar, rådfører seg kviskrande med ein kollega som kjem inn frå siderommet. Slangen frå respiratoren lagar små surklelydar kvar gong oksygenet passerer inn og ut av hòlet framme på halsen. Eg ser på pleiaren som står ved det høge trillebordet ved fotenden og noterer tal og observasjonar på skjemaet sitt, høyrer ho surklelydane? Korleis vil det vere å sjå henne gjennom kameralinsa? Ansiktet oppsvulma og nesten ukjenneleg. Kroppen tilkopla eit innfløkt maskineri. Armar og føter lagde høgt i senga, gjorde lamme av den svære kortisondosen, tusen milligram i tre dagar. Det skjer med dei fleste, har pleiarane sagt, det vil rette på seg. Å sjå på henne gjennom kameraauget, trykkje ned utløysaren; vil ho høyre det metalliske klikket? Høyrselen er det siste som blir borte, har dei sagt. Kva vil ho så tenkje? Kan ho framleis tenkje? Vil ho oppleve det som eg tek meg til rette overfor henne slik ho ligg, som at mor hennar utset henne for eit overgrep? Og om ho aldri skulle bli frisk, aldri kome levande 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 24

ut av dette rommet? Det har vore situasjonar da eg har forstått at den tanken må tenkjast, kven vil da halde ut å sjå på eit slikt bilde? Også den høgre handa med kanylen i åra på oversida er sterkt oppsvulma. Den smale, vakre handa, så hjelpelaus og vanskapt ho ligg der! Gråten min høyrest ikkje. Pleiaren gir meg ein papirserviett og legg handa si på skuldra mi, men gråten kjem frå ein stad eg ikkje rår over. Ute i korridoren kjem ein pleiar med open, kvit frakk mot meg. Han slår armane rundt meg og lèt meg gråte lenge inn mot den framande, blå genseren hans. Eg fyller vatn i vasskokaren på venterommet, lagar te. Døra ut til korridoren står open. Ein gong blir døra lukka. Eg veit kva som skjer, ei seng med ein død blir trilla ut. Eg går ned til første etasje og kjøper aviser. Blir sitjande og bla i avisene slik andre på venterommet blar i aviser, som om det er kvile å hente i den vanlege verda sitt kav. Vi lèt auga henge ved det stumme tv-bildet på veggen, ser menneske som rører seg lydlaust over skjermen, munnar som snakkar. Plutselege eksponeringar av eit ansikt. Er det slik at tiggaren har framme bildet av dei to berre den stunda det er dagslys, er det derfor eg ikkje har sett det før? Det kan vere mor hans som har sendt det med han, fotografiet som ein gong blei teke av faren og broren, før dei begge mista livet i krigen. Blei kroppane deira frakta heim etterpå? Var armane deira skorne av? Hadde han vore for ung for krigen, og no er det han som må prøve å forsørgje mor si og nokre søs


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 25

ken? Sa ho at han skulle ta det med seg? Sa ho: Du får kanskje bruk for det ein dag? Det er tidleg ettermiddag før eg igjen får kome inn. Ny pleiar, ingen beskjed om ikkje å røre den sjuke. Respiratoren surklar ikkje, nokon har skifta eit feste. Under siste stellet har dei lagt henne i ei ny stilling, hovudet er vendt mot andre sida, eg set meg der. Hovudet har sige litt ned, også musklane som held hovudet, er lamma. Eg ser at slangen som er sett inn i åra på halsen, vil bli klemd i ein stadig skarpare vinkel. Det er kome ei smal glipe mellom augelokka, litt av det kvite i auget held på å vekse ut over kanten på det nedre augelokket. Det ser skremmande og uhyggeleg ut. Eg ser på pleiaren. Pleiaren seier det har å gjere med væskeopphoping, det er ikkje farleg, det vil forsvinne. Pleiaren tek forsiktig om hovudet hennar og legg det betre til rette på puta. Eg veit det kjem til å gli ned igjen. Skjermen viser dei urovekkjande høge tala for puls og pustefrekvens og feber, dei trugande tala for oksygeninntak. Ikkje sjå på dei tala, har pleiarane sagt. Men etter eit blikk på ansiktet på puta, er tala på skjermen det første eg ser når eg kjem inn i rommet: variasjonar frå siste besøket, frå førre dagen, dei rå og umaskerte meldingane direkte frå kroppen hennar. Eg reiser meg og legg venstre handa mi lett inntil den nakne høgre overarmen hennar. Huda er kjølig, ho har berre eit laken over seg. Skal ho ikkje ha over seg meir, eit teppe? Eg kviskrar. Pleiaren ristar på hovudet. Eg flyttar handa frå høgre overarmen til høgre skuldra, den andre legg eg varsamt inn mot den misforma 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 26

handa. Berre lett inntil, inga tyngd eller trykk. Stå slik. Det næraste eg kan kome eit famntak. Eg går over torget, forbi tiggaren, opp bakken og låser meg inn i husværet eg har fått leige. Eg blir ståande med fotoapparatet i handa, handa mi vil sleppe det, la det knusast stilt mot golvet. Plasserer det på kommoden under spegelen, lèt vere å sjå inn i spegelen. Så tåpeleg av meg å kjøpe det fotoapparatet. Ei skam at eg kunne tenkje på å ta eit slikt bilde. Eg vil kvitte meg med kameraet, levere det tilbake til butikken. Tilgi meg, eg er berre så forvirra, så sliten i tankar og hovud, eg skal passe betre på oss begge heretter! Eg reiser meg, går igjen ut i gangen, løftar opp fotoapparatet og ser på det, set det hardt tilbake. Går inn i stova. Set meg på sofaen, legg meg på sofaen. Reiser meg og stiller meg ved vindauget. Lèt dei kome, dei einstonige orda, bøna, som på tiggarvis strøymer ut av meg. Tiggaren står framleis på plassen sin da eg eit par timar seinare går ned bakken. Fotografiet ved føtene hans er borte. Eg høyrer det vanlege bonjour, Madame. Eller seier han faktisk bonsoir no på kvelden? Han kan da ikkje vere fransk? Eg legg merke til at han seier bonjour, Madame berre éin gong, som ei vanleg helsing. Det saman med at han ikkje held fram koppen. Eg veit ikkje om eg likar det. I trappa opp til avdelinga møter eg pleiaren som har hatt ettermiddagsvakt, får ei lågmælt oppdatering. Verdiane er urovekkjande. Det er snart tid for nattevakt, viktig med full ro, ikkje besøk. 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 27

Eg går opp til venterommet, vil vere i nærleiken. No er her nye folk, nye pårørande som blar i aviser og blad, som ser framfor seg, som held auga på det lydlause tvbildet. Som blir del av den ufrivillige fellesskapen. Ei ung kvinne skrittar som i sinne ute i korridoren ved venterommet. Døra ut til gangen blir riven opp, og ein mann opnar og styrer rett på henne. Dei låser armane rundt kvarandre. Kroppane deira ristar som éin kropp i gråten. Eg veit ikkje korleis eg veit det, men dei er bror og søster, og far deira ligg død på eit av romma lenger inn i korridoren. Eg lèt vere å skrå over torget, går ein annan veg heim. Går utanom tiggaren; det er noko invaderande ved helsinga hans, noko – forførande. Kor lenge vil kroppen hennar klare det? Ho er ung og sterk, seier pleiarane. Men lungekapasiteten har forverra seg, oksygeninntaket er jamt lågare enn for ei veke sidan. Kva om heller ikkje respiratoren er nok? Kopla frå respiratoren vil ho få ein lang rekonvalesens, sa ein lege i førre veke. Ei uttale som styrkte ei stund; dei har tru på at ho skal kome ut av respiratoren. Ein lang rekonvalesens vil ho klare, det vil vi alle klare, berre ho kjem dit at ho greier å puste sjølv. Kva kan eg gjere for henne, anna enn å vere der så mykje pleiarane tillèt. Vere der og hjelpe henne å halde oppe ein vilje til å greie dette. Kva skal til for å halde verda oppe når verda fell ut av festet? Da eg låser opp døra til husværet, får eg ein tanke: Gi til tiggaren, er det det som skal til? Gi han pengar, så 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 28

han kan greie å hjelpe dei der heime. No som det er mørkt og kveld, har han vel gått, kanskje til eit hus som snart skal rivast. Kanskje tømmer han myntane frå dagen opp i eit tomt syltetøyglas og tenkjer på at han snart kan sende ein ny slump med pengar til mora, lagar kaffi, skjer skiver av ei pølse han finn i skapet, og har på brødet og et. Etterpå vil han kvile seg på senga. Kanskje høyrer han lydar frå etasjen over, frå andre som bur i huset, andre som er i ein liknande situasjon som han, og som med lydane sine dreg han inn i ein fellesskap han ikkje vil vere ein del av –. Eller eg kan gi han fotoapparatet? Ha det klart i lomma. Han kan selje det, få mange pengar for det. I morgon på veg til sjukehuset kan eg gjere det! Eg viklar av meg skjerfet, lett, raskt; har funne noko eg kan gjere for henne, noko eg kan fortelje henne når ho er ute av sjukehuset. Da vil eg fortelje om tiggaren, om fotoapparatet, gåva eg gav han, magien som kan liggje i ei slik gåve. Og no sit du her! seier eg. Og vi vil sjå på kvarandre og smile litt og seie at ja, kanskje var det verkeleg slik at det var det som skulle til! Eg hengjer skjerfet over jakka på kleshengaren, slepper fotoapparatet ned i jakkelomma. Eg ventar med å gå til det er blitt lyst. Eg går raskare enn vanleg, er oppspilt, uroleg. Korleis skal eg gi han fotoapparatet, skal eg gi han det i handa? Setje det på fortauet? Korleis vil han reagere? Kva gjer eg om det er andre der? Og om eg ikkje får gitt han det, kva slags teikn vil det vere for henne i sjukesenga? Han har sett fram bildet. Eg høyrer hans bonjour, 


Falle ferdig_A 26.05.15 13:17 Side 29

Madame, bonjour, Madame, bonjour, Madame til ei kvinne som stansar. Høyrer den framandarta, monotone røysta: Far. Bror. Krig. Kvinna slepper nokre myntar oppi koppen, går vidare. Han snur seg mot meg. Eg har blikket på bildet, høgrehanda om kameraet djupt nede i lomma, venstrehanda djupt i andre lomma. Bonjour, Madame, bonjour, Madame, bonjour, Madame, seier han og held koppen med myntane inn mot den tynne dressjakka. Eg ser på han. Han er eldre enn eg har tenkt, ansiktshuda er fòrete, auga mørke. Han ser ikkje fransk ut. Han ser ut som ein sliten tiggar, orda hans er tiggaren sine. Handa mi klemmer om fotoapparatet nede i lomma; skal eg gi han det i handa? Skal eg setje det på fortauskanten? Brått rekkjer han koppen fram mot meg, seier: Far. Bror. Krig! Like brått strekkjer eg ut venstrehanda og slepper to myntar ned i koppen. Eit eldre par har stansa opp, han snur seg mot dei. Eg skundar meg over torget.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Falle by Det Norske Samlaget - Issuu