Skip to main content

Evig grønt er

Page 1

Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 1


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 3

Pavel Vilikovský

EVIG GRØNT ER Til norsk ved Anna og Jon Fosse Etterord ved Anna Fosse

Samlaget Oslo 


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 2


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 5

 Evig grønt er  Bibliografi  Nokre merknader  Evig grønt er i kontekst. Etterord ved Anna Fosse 


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 6


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 7

  


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 8


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 9


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 10


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 11

Å byrja, seier De, dei fyrste stega? Kor vakker var eg ikkje den gong! Bleikt andlet, det var moderne, blond mustasje, som fløyel … vel, skjegget voks ikkje så mykje endå, den gong eg altså byrja som oberst Alfredls elskar. De kjenner sjølvsagt til saka, men De kjenner til henne på ein heilt annan måte. Eg påstår ikkje at eg hugsar alle detaljane, det er alt … ni og to er seksten, sekstiein år sidan? Alle vegar er opne for eit ungt menneske … i dette tilfellet, for ikkje å overdriva, i det minste to. Eg var enno ikkje særskilt oppteken av kvinner, den uvanen utvikla eg fyrst seinare, aktivt og verksamt, og det kan ikkje obersten skuldast for i det heile teke. Når dei altså sa til meg, i namnet til den heilage kristne tradisjonen, kroppsleggjord i den keisarlege og kongelege krona: særs viktig for heimlandet … Eg vart innkalla av sjølve K.u.K., det var det vi kalla han, den høgste offiseren i den tredje, eller var det den femte? tre og fem, den åttande avdelinga. Han stod der med ryggen vend mot døra, persiennene neddregne, dei vart dregne ned automatisk ved at ein pressa dørhandtaket ned, men det var verre, oss imellom, å dra dei opp. I eitt ord, sjølve K.u.K. … det blir uttalt nett som det blir skrive … punktuma skal sjølvsagt ikkje lesast, ein skal berre senka røysta ved kvart punktum, ein hugsar ikkje alt ein lærde, men noko av det grunnleggjande, som å senka røysta, slikt går i blodet. Det var avdelinga 

9 + 2 = 16

K.u.K.


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 12

skjørbuk

temja sensualiteten

til den hemmelege tenesta … men det har eg alt sagt. Kjære gut, det var slik han tiltalte meg i samtalane våre under fire augo, han tok meg venleg kring nakken, han stod heilt nær meg, eg kunne merka korleis nasehåra hans flimra, og han kjende på skuldra mi med handa si. Eg hadde temmeleg sterke skuldrer i si tid … kjenn på dei sjølv, til og med no, framleis, berre kjenn på dei. Eg trente etter Sandows metode. Sandow, truleg kjenner De ikkje til han, var ein svekling plaga av rakitt, syfilis, skjørbuk, høysnue, eg kjem ikkje på alt. Klassekameratane hans, for De veit korleis born er, lo av han … har De ikkje lese om det? For ikkje å … Sidan byrja han å trena, og ein dag lyfte han læraren og kateteret og tavla med den venstre handa si. De skulle berre ha visst kor velnærte lærarane var på den tid … statlege embetsmenn, med pensjon. Det var i ein mattetime, eg minnest det som om det var i går … Ei god bok. Å temja sensualiteten vil seia å motstå freisting. No er eg litt vulgær. Men sjå på det som ein poetisk snarveg. Å elska ein mann … er ein då eit mindreverdig menneske? Når ein berre ser på verdet? Men det er berre noko eg seier. Det fyrste var å avlæra kjærleiken, bortsett frå i den høgste forma, sjølvsagt, kjærleiken til idéen. Og oss imellom, det er som å suga på tommelen, eller, i verste fall, på ei tå. Romet fyltest av ei mild duft, parfymen heitte Katarsis, men no snakkar eg om eit anna rom, ikkje om avdelinga til den hemmelege tenesta, veggene dekte av raudt lêr glitra som eit ope sår. Oberst, ropte eg, høyr på eit ulukkeleg menneske! Å lytta til er finare sagt, men det har eg avgrensa til sam


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 13

kvemmet med Gud. Kjensla eg hadde lagt i desse orda, alle dei reine kjelder som bryt igjennom ein ung manns sjel … den unge mannen, det er eg, eller var meg, i det minste då … i ungdomens blomstring, og ei ærleg fortviling fekk andletet mitt, elles så bleikt, til å raudna. Ikkje eitt auga vart verande tørt. Han hadde to, slik sett var han normal. Glaset på monokkelen hans glinsa med ein kald metallisk glans, det var, slik det sikkert førekjem Dykk, skotsikkert. Oberst, orda mine var så rørde, lytt til, eg meiner, høyr på, eit fortvila menneske. Eg har i lang tid kjempa mot kjensler som forvirrar sjela mi og riv meg i to, eg, som så lenge eg kan minnast … Stille, sa obersten, og gjorde endå ein despotisk gest med handa som var van med å gje ordrar … han hadde milde hender med velpleidde lange negler, på veslefingeren ein stor gullring. For svik bøter ein med døden. Kvar var det vi var? Handa hans kvilte lett mot skuldra mi, og der ho rørde granskande ved meg, med dirrande kjensle av aukande skjønsemd, la eg merke til ein underleg likskap, eit samantreff, ein kunne nok seia eit eineståande samantreff, slik at eg vart slegen av ein tanke eg fyrst syntest var nesten blasfemisk. Handa, som etter kvart vart tung på skuldra mi … eg fekk  kroner for den ringen seinare på eit pantelånarkontor, og då er det viktig å vera klar over at ein på den tid kunne få akseptable skor for  kroner. Ein kilo ister av god kvalitet kosta  kroner … eller ? Sju og tre, syttitre. I mange land blir sju sett på som eit lukketal. Før vi kjem til saka, som, slik eg ser det, tyngjer hjarta Dykkar meir enn godt er, og medan obersten sa dei orda, la han sine mjuke fingrar over den mest men

ikkje eitt auga

for svik betaler ein

 kg =  Kcs


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 14

den mest menneskelege av alle musklar

skramlinga av våpen

Brano stengjer seg sjølv

neskelege av alle musklar som pulserte ivrig under mi blåe silkeskjorte. Eg meiner ikkje den som De tenkjer på, eg snakkar om den som er der oppe på venstre side. Altså fyrst, heldt obersten fram med eit mildt smil, som stod imellom meg og dei eigentlege tankane hans lik ei tynn, men ugjennomsynleg gardin, lat oss ta av oss desse formelle ytterplagga som på altfor iaugefallande vis minner oss om vår sosiale status og om pliktene våre, og lat meg føra Dykk til min vesle salong og by på litt mat som ganske tilfeldig har samla seg i ein ungkars simple hus. Med desse ord førde han meg inn i det inste av husværet, møblert på uvanleg, nesten forbausande luksuriøst vis, og det til og med i høve til standarden den gong. Eg ser, min unge ven, sa obersten og peikte med eit smil mot ei empirisk … nei, ein empiresofa dekt av lilla broderi, eg ser at De blir overraska av, lat oss utan blygskap kalla det for den utsøkte smak og eleganse De møter i heimen til ein grov soldat, bustad for ein mann som heile sitt liv har levt i skramlinga av våpen. Ein upartisk tilskodar hadde i denne stund kanskje kalla smilet hans for ironisk. Og han hadde altså, sjølvsagt, teke seg inn i husværet gjennom ei omsorgsfullt låst dør som stengdest stille bak meg. Den automatiske dørstengjaren Brano, min ven, kunne alt då stengja døra av seg sjølv, og det einaste obersten trong å gjera var berre å vrida om nøkkelen, i løynd … Den venstre handa veit ikkje kva den høgre gjer. Eg seier upartisk tilskodar, for korleis kunne eg kallast for upartisk tilskodar, eg, som mot min eigen vilje såg fascinert på den klassiske romerske andletsprofilen til mannen som sat andsynes meg, ein profil som meir 


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 15

enn oppfylte kva ein kunne ynskja seg en face? Under nasen hadde han ei vorte med tre små hår, i vårt yrke utviklar ein kjensla for detaljar. Eg var sjølvsagt berre nybyrjar då, men lat oss seia ein gåverik nybyrjar. Genialitet er ti prosent talent og nitti prosent arbeid. Eg var, i dag er det ikkje lenger naudsynt å løyna det, nesten genialsk, og eg legg til med det same at ordet nesten i dette tilfellet er reint stilistisk utsmykking, som De nok skjønar? Å tilpassa seg konvensjonen, kjære oberst, sa eg medan eg heldt på med å sløkkja lampa dempa av ein skjerm med rosa kniplingar. Det tvitydige i situasjonen … for det er han utan tvil, tenkte eg, då eg kjende korleis handa hans gleid over den mjuke fløyelskroppen min, det grepet, den granskande måten å leggja seg inntil på, ei stund tvikande, men så meir og meir svolte og lystent, alt dette hadde eg alt kjent for ikkje så lenge sidan, for ikkje så lenge sidan og under merkelege omstende som hadde fest seg i minnet: det var, som De, min unge ven, sikkert ventar Dykk, for De kjenner jo til dei klassiske reglane for forteljing: når det hjå Tsjekhov er med eit gevær i fyrste setning, så går det av i den siste … eit vitnemål som seier mykje om kvaliteten på våpna den gong … det var altså, som eg seier, i det djupe mørkret bak døra i den åttande avdelinga, og denne mannen, som eg kjende andedraga til i nærleiken av øyro mine, var ingen annan enn sjølve den store K.u.K., som no i all løynd gav meg i oppdrag å vaktsamt observera korleis han var som oberst Alfredl. Det tvitydige i situasjonen kunne eg i den augneblenken ikkje skjøna som anna enn eit slags prov, det mest krevjande av alle prov, som heile mitt vidare liv skulle bli prega av. 

genialitet

Tsjekhov


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 16

hansken som var kasta

Eg tok imot, utan å skjelva ein einaste gong og utan å tvila tok eg opp hansken som var kasta, og i dette spelet, som eg ikkje kjende reglane for, eller rettare sagt, som hadde gåtefulle reglar, kom eg fram til at eg måtte skapa mine eigne reglar. Kort sagt, eg sette meg føre å ikkje bli lurd. Eg gjekk ikkje med på at den dunkle heten i omfamninga til obersten gjorde tankane mine mørke, ikkje eingong for ei lita stund. Ein skal, sjølvsagt, gje kroppen det kroppen tilkjem, oss imellom, det er som å suga på tommelen. Så lenge De ikkje har problem med å andast … og det ser ikkje ut som om De har det … gløymer De alt om fem minutt. Kvar var det vi var? Nett det, på sofaen i den rosa salongen.


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 17


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 18


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 19

Kjære unge ven, eg ser spor av indre forvirring i andletet Dykkar, visse, kunne eg seia, moralske skruplar. Inst inne kjenner De sympati for ein ung, gåverik og skarp offiser, ikkje heilt ulik Dykk sjølv … vel, øyro mine stakk ikkje ut slik Dykkar gjer, og nasen … er De jøde? … med ein slags aversjon mot ein situasjon som ikkje følgjer vedtekne konvensjonar og tradisjonell moral, for ikkje å nemna god smak. Sjølv om smak … god smak, i fall eg får avsløra mi personlege røynsle, så bremsar god smak framsteg i samfunnet. Eg kunne ha nemnt for Dykk orda til ein gammal latinsk poet som skreiv på helvetes port: Lat all von fara. Lat alle fordommar, alle konvensjonar fara, de som er på veg inn i eit av dei vanskelegaste yrka, til eit yrke som … for i dette tilfellet handlar det verkeleg om eit yrke, eit kall, ein evokasjon, som ein i si tid sa, det er ikkje ein jobb, noko ein kan gjera på rutine, utan hjarta, åtte timar og så var det over, attende til familien, eigna seg til interesser … eg har til dømes aldri i heile mitt liv vore på ein fotballkamp … altså eit yrke som krev alle dine krefter og dugleikar, og kva får ein att? Det einaste ein får att er vissa om at ein har vore del av ei historisk rørsle, så å seia jordmor for historiske endringar. Hugs på at alle endringar i historia er historiske. Det er det einaste ein får att, og når eg seier det einaste, så meiner eg det verkeleg … ja, noko lite anna 

helvetes port


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 20

Canaris

begjærets bratte unnabakke

får ein her og der, men det er jo helst driftskostnader, mykje alkohol … reparering er sjølvsagt meir kostnadskrevjande for sofistikerte mekanismar … verkeleg, det einaste ein får att er vissa om at ein hjelpte til med å snu det historiske hjulet, hit eller dit spelar slett inga rolle, viktigast er at det var i rørsle. Det er moral høgare enn smålege skruplar. Arbeit macht frei – og det er tydeleg nok det einaste frei våre landsmenn har. Sjølv i dei mest intime stunder, i det djupast private … men, som kollegaen Canaris sa det, for meg er den statlege løyndomen mitt djupast private, og dette, hugs på det, gjeld alle dei store i vår bransje. Når eg altså snakkar om det djupast private, som til dømes no: det djupast private i den rosa salongen, så tyr eg heller til eit etablert uttrykk enn prøver å skildra korleis det eigentleg eksakt var. I den rosa og altså private salongen, mellom mjuke skyer av puter … fint, kva? i putenes hårete brenning, og no er det Dykkar tur igjen … kapitulerer De? i putenes svale brøytekant, i putenes dvale skøytekant … ja, medan obersten skleid lenger ned i den kroppslege attrås unnabakke og sjølv den minste rest av despotime forsvann frå handrørslene hans, innsåg eg heilt tydeleg, trass i mørkret, berre opplyst av den veksande lidenskapen, kor lite misunningsverdig situasjon eg var i: eg var eit leiketøy i hendene på ein toeinig person som i den eine av forkledningane sine misbrukte meg for å tilfredsstilla sine eigentleg forståelege, men likevel ikkje heilt naturlege lyster, og i den andre tek han, under maska av å vera min overordna, imot alle rapportane og meldingane mine om sitt fyrste eg og uskadeleggjer dei personleg. Den sirkelen som slik gjekk ikring meg, var jammen 


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 21

så tett at luft ikkje slapp inn. Sjølv om eg hadde sett meg føre å få meir vekepengar gjennom utpressing, kva kunne vel eg truga han med? At eg skulle melda han til han sjølv, løynd i det kunstige mørkret i den åttande avdelinga. Og etterpå hadde ingenting vore lettare for han enn med det same og i løynd å likvidera meg, og, lat oss vera ærlege, utan at ein rest fanst att. Ein annan i min situasjon hadde kanskje hjelpelaust gjeve seg over til lagånda og prøvt å sjå dei lysare sidene ved henne, medan eg, derimot, trass i mine unge år ein ung mann med framifrå vit og god vurderingsevne … No skal De få ei lita øving som blir brukt for å testa vurderingsevna, om De vil? Avstanden mellom stasjonane A og B er presis like stor som avstanden mellom stasjonane A og C. Har De notert det? Spørsmålet er: ligg alle stasjonane på den same strekninga? He he. Kvar var vi? Nettopp det, veikskapane hans, ja… og deretter gleid handa med dei milde, lange fingrane, som om elektrisitet strøymde gjennom dei, lett over til skrevet mitt … nei, ikkje. Men slik: upåverka av lidenskapen, som eg hykla på eit dyktig og overtydande vis, leitte eg febrilsk etter veikskapane til obersten. Og oss imellom, han var kitlig, men det var ikkje det eg skulle seia … sjølv om denne yndige eigenskapen på ein måte gjorde han menneskelegare i mine augo og tok brodden frå redsla i situasjonen. Forstår De det? Eg gjer nok ikkje det i dag lenger. Kort sagt, det dreidde seg om å finna stadene der han var veikast, hans, som ein seier, akilleshæl. I salongens halvmørker flaug tankane mine hit og dit lik galne flaggermus. Lik sporvar når ein skyt på dei. Sjølv om til dømes eg skaut på sporvar, så skulle dei nok 

A, B, C

veikskapar


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 22

Sextett

Mont Blanc

ikkje flyga lenger, det kan eg lova Dykk: denne handa … ikkje bli forvirra av at ho skjelv litt. Vekta av pistolen multiplisert med lengda til armen dividert med to. Hundre poeng av nitti mogelege. Eg vil ikkje at det skal verka som skryt, men i den tynne lufta i Alpane … når ein skaut, var ein nøydd til å passa på at rekylen ikkje fekk ein til å missa balansen … på femti meters avstand felte eg med eitt skot, ja, kva heitte han … Matterhorn, det heitte fjellet, ikkje mannen. Den mektige venleiken til fjella i Alpane, overmenneskelege i si elde, umenneskelege i sin kulde… stille lét bjøllene til vêrane i Alpane … desse sveitsarane er som vêrar. Han heitte Hazi Schwarzwald Sextett, eg visste at eg kom på det til sist. Mellom vener, og eg kunne jo rekna meg som venen hans på eit vis, vart han kalla for Sexterli. Ein kan i og for seg seia om mennesket som sender oss til den andre verda, at det omgjekst fortruleg med oss. Eg kan ikkje tenkja meg noko meir intimt. Mot himmelen står dei stolte tindane på fjella i Alpane … dei gjer det ikkje lenger, men dei gjorde det. Å, skyhøge! Berre minnet vekkjer diktaren i meg. Mont Blanc er for å vera nøyaktig  meter høgt, men då er ein i Savoie-Alpane. Matterhorn er berre  meter, men kor bratt! Den sveitsiske presidenten heiter Litle Peter – Petitpierre. I dei sveitsiske bankboksane er dei største gullreservane i verda gøymde, og det var nettopp dei vi var ute etter. Sveitsisk franc er sett saman av  centimes, på tysk seier ein også rappen. Ein på vitjing frå Europa kan ta med seg  sigarettar,  sigarar eller  gram tobakk. Røykjer De? Røyking høyrer med til forkledninga.  sigarar! – som å by borna til bakaren på bollar … 


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 23

Kjære oberst, sa eg, medan eg forsiktig rista av meg den velpleidde handa hans, vi har gjeve oss over til kjensler vi, om vi tenkjer på kor raskt dei blomstra, skulle kunna kallast for kortvarige … Prov! ropte obersten, min ven, så De krev altså prov! som om De ikkje hadde augo, som om dei ikkje såg, som om dei såg og nekta å tru! Prov, seier De, og eit overtydande eit! som om kvart ord, kvar rørsle med handa, kvart andedrag i det skakande brystet … Obersten reiste seg og byrja å stega opp romet med raske steg. Det var, om De lurer på det, fire meter og tjue langt. Det persiske teppet dempa stega som gras, trådane i det handstrikka teppet skildest lett frå kvarandre … Ved ei offisiell vurdering av etterleivningar vart verdien på teppet fastsett til  gulden, og hadde ikkje obersten promenert så ofte og så resolutt på det, kunne det ha vore endå meir. Prov! heldt obersten fram, og då eg brydd prøvde å seia imot: Lat oss ikkje lenger snakka … fekk han meg med ei einaste handrørsle til å teia still. Det var ei hand som ikkje tolte motstand, ei hand som med ein einaste gest rådde over titusentals menneskeliv. Om eg ville imponera Dykk, men den slags ligg ikkje for meg, kunne eg godt ha snakka om hundretusentals utan eigentleg å ta så mykje feil. Eg tek sjeldan feil, kjære ven, men om eg tek feil, så er det alvor. Eg meiner, feila mine blir historiske milepålar. Feila mine! Om feila mine kunne føreseiast, hadde eg hatt framtida til menneskja så å seia i desse hender … dei skalv ikkje så mykje i går. Fyll på. Prov, heldt obersten fram, og eit overtydande eit! som om ei ærleg kjensle trong anna prov enn den krys

4,2 m

10 000

Framtida til menneskeslekta


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 24

Relativitetsteorien

Pasteur

talliske klirringa av sitt eige ekko! Som om det fanst noko meir påtakeleg, noko meir gripeleg enn … ein veltalande mann, eller kva? Trass i dei mørke tankane som lynte febrilsk i hovudet mitt, kunne eg ikkje verja meg mot å tykkja om han med ein del av meg. Medan den andre delen, og nett dette var essensen i det sjeldsynte talentet mitt, alt hadde byrja å lura på korleis oberstens tilsynelatande føremon kunne gjerast om til veikskap, korleis den kunne utnyttast profesjonelt. Fagleg talt, ein subliminal tanke. Nesten alle store tankar har oppstått subliminalt. Relativitetsteorien til dømes, då Einstein var ein vanleg skattytar … ein embetsmann … kort sagt, då han jobba på likningskontoret i Bern. Eigentleg er relativitetsteorien berre eit harmlaust skjemt, ein rebus, men ta til dømes dei fem prinsippa for sløkking av skogbrann! Ta Ludophs tale, Madame Bovary – ho var forresten ungarsk med jødisk opphav. De kan seia imot, og eigentleg så er eg samd med Dykk i at det er ei dekadent bok, men hugs på høgrehandsregelen i trafikken, eller for den saks skuld Marconi-Popovs trådlause sendar. Pasteur gjekk tur i skogen då ein infisert rabiat hund gjekk til åtak på han … medan eg då oberst Alfredl omfamna meg, kom på ein tanke enkel som columbi egg … den som heng lengst ned, den venstre. Eg veit ikkje om De er klar over at på grunn av vekta er den venstre ballen berar av mannens kraft og gjer han fruktsam, nettopp difor kan sjølv folk med éin balle halda ved lag, om vi føreset at det dreier seg om det venstre eksemplaret, si reproduktive evne. Det klarte til og med ein kjend historisk personlegdom som etter ein mislukka freistnad på statskupp i året nittenhundreogtjuetre ramla under flukta og fekk skrotum trampa på med jarnstøvel 


Evig grønt er ferdig_Layout 1 11.09.14 11.28 Side 25

av kompisen Röhm. Men dette får bli mellom oss. Bortsett frå meg er det berre den personlege lækjaren hans dr. Hanussen som veit det, og han, som rettspatologen oppdaga då den døde kroppen hans vart funnen i eit dike ved vegen, døydde på grunn av vasskoppar. Det er fyrstehands informasjon, det er denne handa som … merkeleg, ho skalv ikkje så mykje i går. Fyll på. Eg sat, dette seier eg i trunad, med den tidlegare nemnde personen i Landsberg-fengselet på ei og same celle, og med tanke på legningane hans, som eg i mitt ungdomlege lettsinn ikkje kjende meg heilt fråstøytt av … Det er ingen annan stad homoseksualitet blømer så godt som i fengsel. Elles, eg ytte mitt til den premature sjølvbiografien hans med fleire stimulerande tankar … små tankar … aha, eg kom altså på ein liten tanke som, sjølv om han ikkje med det same lét seg gjennomføra, gav meg eit klårt perspektiv, eit mål eg kunne retta alt mitt strev imot. Kjære oberst, sa eg med ei brått noko kjøligare røyst, ei røyst skjelvande av fornedring, eg meinte ikkje eit handgripeleg prov som med sitt materielle verd skulle gleda ei låg sjel, eit prov sømelege menneske kallar for muting, men om De er så svartsjuk på det som provar Dykkar favør, at De heller vel grov fornedring, at De opnar dei veltalande dammane Dykkar berre for å … Nok! ropte obersten, og lyden av røysta hans jamna ut rynkene på putene, skjortebryst hardt strokne knitra under presset frå lidenskap, skjorter tekne av, på slump, snøgt nok, handa lyfte seg, heldt meg despotisk for munnen og pressa ordet som heldt på med å fødast der attende til skjeden … halsen, lydens skjede … fint, kva? … dei meiningsfulle lydanes skjede. 

vasskoppar

nok!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Evig grønt er by Det Norske Samlaget - Issuu