Emil AndrĂŠ Erstad
Hareides fall Trettiseks dagar som endra norsk politikk
Samlaget Oslo 2019
Innhald
Forord
5
1 Bergpreika
11
2 Vente på Erna
54
3 «Inst inne håpar eg at Knut Arild vinn»
76
4 Fire delegatar, to kupp og ein statsminister
98
5 Superhelg utan superhelt
145
6 Den lange fredagen
160
7 Eit anna liv
176
1
Bergpreika
«Dagens politiske landskap krev at vi tek modige val. Mitt råd er no at vi undersøker moglegheita for kva politisk gjennomslag det er mogleg å få gjennom eit samarbeid med KrF, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, utan SV. Dette inneber politikk med eit størst mogleg tyngdepunkt i sentrum. Eg vil be om at partiet no gjev handlingsrom for dette», sa Knut Arild Hareide og såg opp frå manuset sitt. Klokka var 14.37, fredag 28. september 2018, og her byrjar denne forteljinga. Eg sat heilt bak i rommet og kunne kjenne spenninga som no breidde seg. Det var nesten som ei sitring i rommet. Berre éi stemme kunne høyrast, og det var ei stemme som opp gjennom åra hadde blitt imitert som sped og lys. No var stemma til Knut Arild tung og klar. Heilt framme på første rad sat Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad, nestleiarane til Knut Arild. Eg kjende dei begge godt og visste kva bodskapen gjorde med dei. No stod Knut Arild og sa 11
at KrF burde gå inn i ei regjering dei to ikkje ønskte seg inn i. Olaug er den inkarnerte gjennomsnittsveljaren til KrF. Ein politikar som seier det ho tenker, som tek ting på sparket, men også ei som stiller opp for folk i nærmiljøet sitt, som deltek på dugnad, og som har orden på hage og bakst. Ei som bryr seg om og viser hjartevarme for menneska rundt seg. Denne fredagen var det krøllete håret sett opp i ein frisk sveis. Kanskje vitna sveisen om den lite føreseielege veremåten hennar. Ingen visste kvar Olaug hoppa. Eg var blant dei som oppfatta henne som ein smule naiv, men dei fordommane skulle ho snart gjere til skamme. Kjell Ingolf hadde eg kjent sidan eg melde meg inn i KrFU. Den unge, målretta karen frå Setesdal. Då eg vart kjend med han, kalla han seg alltid idealist. Eg hugsar spesielt godt det harde angrepet hans på Frps egoistiske politikk frå tida i KrFU. No, nokre år og fleire stortingsperiodar seinare, var han kjend som den store pragmatikaren. Han var ofte søkande, audmjuk og kompromissvillig når han tok ordet i KrF-møta, noko som ikkje måtte forvekslast med prinsipplaus. Kjell Ingolf visste kva han meinte, og kvar han ville. Han smilte ofte breitt, men etter at han vart far, kunne han også sjå sliten ut. Mange av oss var midt i småbarnslivet, og det var ikkje berre lett å kombinere det med rolla KrF hadde som vippeparti i Stortinget. Eg såg ikkje ansiktet hans frå stolen der eg sat heilt bakarst i rommet, men eg var ganske sikker på at det breie smilet til Kjell Ingolf var borte no. Olaug såg seg rundt, speidande bakover i rommet, det såg ut som om 12
ho ville vere alle andre stader enn der ho sat no. Kanskje kjende dei djup fortviling. Kanskje såg dei ei moglegheit. Kanskje var dei allereie i angrepsposisjon. Eg kjende intens glede. No hadde han verkeleg gjort det, Knut Arild. Han hadde sett ord på det ingen annan KrF-leiar før han hadde tort å seie. Han overraska mange med talen sin, den hadde ei sprengkraft få andre politiske talar i Norge har hatt. Bak kvar setning låg det tønnevis med krut. «Eg vil be om at partiet no gjev handlingsrom for dette.» Det var politikarspråk, men det var likevel ingen tvil om kva det betydde: at KrF burde samarbeide med Arbeidarpartiet i regjering. Noko som igjen betydde at Erna Solberg sine dagar som statsminister i Norge ville vere talde. Ei minneverdig stund, sa eg til meg sjølv. Eg sa det igjen og igjen, for å ikkje gløyme den euforien eg no kjende. Dette kjem eg til å fortelje barneborna mine om, tenkte eg. Men samtidig sneik ei anna merkeleg kjensle seg inn, ei kjensle av at eg snart kunne miste alt. Det var så visst ei minneverdig stund. Det var også starten på ein historisk haust i norsk politikk. Ein haust som kunne forandre alt – både for Norge og for meg. Det torna av den sterke talen. Knut Arild si skildring av det borgarlege samarbeidsprosjektet var nådelaus. Samarbeidet fungerte ikkje lenger, og kvar dag KrF heldt fram med å støtte regjeringa, var vi ansvarlege for at Framstegspartiet sat i regjering. I sterk kontrast teikna han eit optimistisk bilete av kva KrF kunne oppnå gjennom samarbeid med Senterpartiet 13
og Arbeidarpartiet. Folk som høyrde talen, burde ikkje vere overraska over det som kom, men orda skapte likevel ei kjensle av lyn frå klar himmel. Med absolutt autoritet skauv Knut Arild til side det som til då hadde vore ei utbreidd forståing i norsk politikk, nemleg at KrF skulle samarbeide til høgre – den kjende påstanden om at KrF var eit borgarleg parti. Han gjorde det ikkje forsiktig og med humor, men med stort alvor og kontrastfylte vendingar. Ingen sat likegyldige att etterpå. Før talen såg nok mange på Knut Arild som ein som ikkje ville seie kva han eigentleg meinte. At han inst inne kanskje hadde ei meining om kva retning KrF burde velje, men at han syntest det var best å halde det for seg sjølv. Med jamne mellomrom hadde det kome signal frå han om at han var ein motstandar av å samarbeide med Framstegspartiet. Avstanden i politikk og retorikk var for stor, meinte han, men han vog orda sine på gullvekt og var ofte omstendeleg og vag. Knut Arild kunne samanliknast med ein aktiv vulkan. I årevis hadde det kome røyk frå vulkanen, men etter kvart hadde folk gjort seg vane med røyken. Dei tenkte ikkje meir på den. At røyken kunne bety at noko var i emning. At noko snart skulle kome til å forandre seg drastisk. Slik var det med Knut Arild. Folk oppfatta han som røyk utan kraft. Han hadde kome med signal i fleire år om at han ikkje treivst med at KrF var ein del av same samarbeid som Frp, men ikkje alle i partiet, og veldig få utanfor, tok han på alvor. Det som no kom, var eit vulkanutbrot.
14
Sjølvsagt starta det lenge før. Månader og år før Knut Arild stod på talarstolen den ettermiddagen. Sjølve skrivinga av talen og tankane som låg til grunn for den, hadde modna over tid. Valet om å ikkje sitte i regjering med Framstegspartiet vart ikkje teke over natta. Kanskje er det meir riktig å byrje denne historia natta til 12. september 2017, timar etter stortingsvalet 2017. Det var hektisk aktivitet inne på kontoret til Knut Arild. Der hadde han ein stor hjørnepult som stod inst, ved sida av eit møtebord med mjuke stolar rundt, og rett til venstre for inngangsdøra var det ein sofa. Rommet hadde plass til opp mot tjue personar. Alle møblane var i lyst treverk. Knut Arild, eg og eit par andre nære medarbeidarar var samla. Vi var utruleg slitne etter ein valkamp som hadde vore lang og vond som eit mareritt. Kvar dag hagla det med kritiske kommentarartiklar og medieoppslag som hamra fast inntrykket av at KrF ikkje var tydelege om kven vi ville samarbeide med. Kvar gong det opna seg eit svart hol under oss, trudde vi ikkje at det kunne kome meir negative oppslag eller fleire negative meiningsmålingar. «Hareide mot tidenes dårlegaste KrF-val», var gjennomgangstonen i overskriftene. Det måtte snart snu, hadde vi tenkt. Uansett kva politikkområde Knut Arild snakka om, hadde journalistane spurt kva regjering han og KrF ville ha. Svaret frå Knut Arild var bevisst uklart, tåkete og disig. Ville KrF samarbeide til høgre eller til venstre? Alle ville ha eit klart svar, men det var det einaste vi ikkje kunne gje dei. 15
Den verste opplevinga var då han skulle i partileiarutspørjing hos TV 2, med programleiar Yvonne Fondenes. Det var berre dei to i studio, og dei hadde all tida mellom reklamepausane til å snakke om KrFs politikk. Fondenes starta tidleg med å presse Knut Arild på kva regjering han ville ha. Viss han ikkje fekk den ønskeregjeringa KrF sa dei ville ha: Erna Solberg som statsminister for ei regjering med Høgre, KrF og Venstre, utan Framstegspartiet, kva regjering ville han då ha? Ei regjering med Jonas Gahr Støre? «Det vi seier, er at vi går til val på ei sentrum-høgre-regjering. Viss vi ikkje lukkast med det, må vi gjere det vi kan for å få politisk gjennomslag, og mest sannsynleg går vi då i opposisjon. Det er det vedtaket vårt seier. Det gjev ei tydeleg retning til veljarane våre», sa Knut Arild. Fondenes plukka i den utydelege bodskapen: «Men mest sannsynleg er ikkje heilt sikkert?» I 26 minutt stod han der på skjermen og vart stilt det same spørsmålet: Erna eller Jonas? Det kom ingen klarare svar, for vi hadde ingen. Kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese lønte Knut Arild si framferd med tittelen «Valgkampens tåkeprat». Knut Arild hadde over lang tid, parallelt med at KrFs oppslutnad hadde vore jamt låg, opparbeidd seg eit image som veik, uklar og famlande. Den spinkle kroppen og den lyse stemma hadde ikkje bidratt til å gje han auka pondus. Men det var politikken som var problemet, ikkje stemmeleiet. På eit merkverdig vis hadde partiet, Knut Arild og alle partifolka på valkampstandar gjennom valkampen sagt begge delar: Ja, partiet ønskte seg ei regjering med Venstre, KrF og Høgre der Erna Solberg var statsminister, men vi 16
lova samstundes veljarane å ikkje sitte i regjering med Framstegspartiet. Det var eit umogleg løfte, all den tid Erna Solberg var leiar for Høgre og Høgre sat i regjering med Framstegspartiet. I KrF visste alle at det vi sa, ikkje var realistisk, men vi aksepterte det likevel for å halde husfreden. På landsmøtet før valet i 2017 hadde partiet samla seg om eit slags kompromiss som sa at vi skulle søke andre samarbeid dersom primæralternativet med Venstre og Høgre ikkje lét seg gjennomføre. Det var halmstrået for alle oss som ikkje ville halde fram med blåblått styre. Det siste vart sagt med så låg røst, og skrive med så lita skrift, at knapt nokon fekk det med seg. Ei kommunikasjonsmessig umoglegheit. Resultatet som lyste mot oss på skjermen den kvelden, der inne på det fine stortingskontoret til Knut Arild, var brutalt. Eg sat i den behagelege sofaen, fleire av dei andre medarbeidarane sat rundt møtebordet, og Knut Arild sat framfor skjermen på pulten sin. Med ein gong røystetala kom inn, flokka vi oss rundt skjermen hans. Det gjorde nesten fysisk vondt å sjå på tala. Det var eit oppsiktsvekkande dårleg resultat, så dårleg at det kunne ende med ein rein katastrofe: Fleire av prognosane som kom klokka 21 den kvelden, 11. september 2017, viste at KrF vart målt under sperregrensa. Eg kjende meg makteslaus, ein djup og inderleg skuffelse flaut gjennom kroppen. Noko av det same må Knut Arild ha opplevd. Men han kunne ikkje la seg påverke. Han måtte stålsette seg. Snart skulle han sjå partifolk og journalistar i augo og forklare kvifor det hadde gått som det hadde gjort. Og han skulle – i motsetnad til meg – proklamere at han hadde ansvaret. 17