Leseland: Eplet

Page 1


Eplet-9788252181036-2015.indd 5

09.07.15 15:41


Jesper Nicol a j Christ i a nsen

Eplet Illustrert av Pet er Sne jbjerg Frå dansk ved Aud Søyl a nd

Samlaget oslo 2015

Eplet-9788252181036-2015.indd 7

09.07.15 15:41


Eplet-9788252181036-2015.indd 8

09.07.15 15:41


Kapittel 1 Sommarferien er sju veker utan skule. Sju veker med slaraffenliv. Solskin og lenge ute. Fotball og brus. Moro heilt inn i magen. Men min sommarferie er noko drit. Eg er den einaste som ikkje er på Kreta eller Ibiza eller i Tibet. Nei, eg må fint vere heime, fordi foreldra mine er nokre skikkelege gjerrigknarkar. Dei einaste i vegen vår som ikkje boltrar seg på snøkvite strender eller snorklar etter fisk. Alle dei andre er borte. Eller nesten alle …

9

Eplet-9788252181036-2015.indd 9

09.07.15 15:41


Kapittel 2 «Vesle Kris!» Magen min krympar seg. Vennene mine kallar meg Stoffer. (Mor mi kallar meg Skøyarklumpen, men det er det ingen som veit.) Tanta mi kallar meg Kri-stof-fer. Henne ser eg ikkje så ofte. Det er berre éin i heile verda som kallar meg Kris. Berre éin einaste. «Det er jaggu meg vesle Kris.» Eg snur meg, sjølv om eg veit svært godt kven det er. Slaraffenland har nettopp blitt til Helvete. Jakob Hund, Ralle og Kims storebror. Sjølvsagt er ikkje dei på sommarferie. Skal seie eg har dritflaks! Kims storebror slentrar mot

10

Eplet-9788252181036-2015.indd 10

09.07.15 15:41


meg med ein sigarett dinglande i munnvika og buksene hengande ein stad nedpå den rosa trusa. Med ei handrørsle sender han ein hårlokk over på den rette sida av ansiktet og sender meg eit glis som inneheld all den vondskap som finst i verda. I alle fall i mi. «Kva faen! Tener ikkje mor di nok på gata til at de kan ta ei veke på Mallorca?» Spreidd latter frå rampegjengen bak han. Eg kunne lade eit maskingevær med smarte kommentarar og fyre av rett i hovudet på dei idiotane, men eg er dessverre altfor klar over at eg får smake knokane deira for kvar fulltreffar.

11

Eplet-9788252181036-2015.indd 11

09.07.15 15:41


Eg har smakt dei. Og akkurat som med lever er det ikkje noko ein puttar i munnen frivillig. Så eg tek eit judogrep på tunga mi og prøver i staden å få auge på ein fluktveg. «Det er faen meg heldig for oss, for …» Kims storebror klappar seg på vaskebrettet. Ein hol lyd svarer han. «Eg er jævla svolten, kva med dykk?» Dei to andre nikkar og gliser. Eller gliser og nikkar. Dei er svoltne og større enn eg. Eg er berre ein liten drit og går tre klassar under dei. Og eg har ein like stor sjanse som eit snøfnugg i helvete til å nå heim før dei fangar meg. Altså må eg skaffe dei mat.

12

Eplet-9788252181036-2015.indd 12

09.07.15 15:41


«Kva med eit eple, gutar?» Dei to andre svarer han igjen med eit flir og eit nikk. Rotteauga til Kims storebror fangar meg. «Tre eple.» Eple. Tankane mine rasar om kapp med ein topptrimma Ferrari. Eple? Dei vil ha eple? Kvar meiner dei at eg skal skaffe eple frå? Så slår det meg som eit balltre i bakhovudet. Satan. Dei vil sende meg inn i Paradiset.

13

Eplet-9788252181036-2015.indd 13

09.07.15 15:41


14

Eplet-9788252181036-2015.indd 14

09.07.15 15:41


Kapittel 3 Eg står framfor plankegjerdet som skrapar i skyene. Bak det ligg Himmelen. Paradiset. Som vi kallar det. Eigentleg er det berre ein frukthage som tilhøyrer eit nonnekloster. Fylt med epletre. Paradiset er konstant omringa. Her inne blir det henta forsyningar. Eller blei henta. I fjor haust blei Simen nemleg fanga av ei nonne. Mikkel, ein feit liten gnom frå Sankt Ibs allé som ingen bryr seg om, påstår at nonnene torturerte Simen i kjellaren. Men Mikkel påstår òg at han har vore i Zimbabwe, og at han har to eksemplar av Supermann nummer 1. Alle veit at Mikkel lyg. Det snakkar vi ofte om.

15

Eplet-9788252181036-2015.indd 15

09.07.15 15:41


16

Eplet-9788252181036-2015.indd 16

09.07.15 15:41


Alle veit òg at far hans bankar han. Men det snakkar vi ikkje så ofte om. Politiet henta Simen. Han hylte som ein gris. Snørret rann i lange banar. Sidan har ingen vore over plankegjerdet. Ja, det vil seie, ikkje før no.

17

Eplet-9788252181036-2015.indd 17

09.07.15 15:41


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.