© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Design: Torill Stranger Skrift: Livory Papir: Munken Lynx 150 gram Trykkeri: Scangraphic Printed in Poland ISBN 978-82-340-0505-3 Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
•
•
Eit hjarte til jul line dybedal Illustrert av l i n e r e n s l e b r åt e n
Samlaget oslo 2021
•
•
Nora finn den breie neven til pappa. Neven som aldri vert heilt rein, same kor mykje han vert vaska. Istappar, kallar pappa fingrane hennar. Grått slaps skvulpar rundt beina medan dei går mot inngangen. Døra opnar seg og stengjer for vinteren bak dei. Den varme lufta frå vifta i taket skubbar dei innover i sjukehuset.
Mamma stryk luggen bort frå panna til Nora. – Så frisk og god du er i kjakane, har du vore mykje ute i dag? Fjeset til mamma har same farge som skjorta ho har på seg. Mamma har vore sjuk før, men det er annleis no. Legen har sagt at ho må ha eit nytt hjarte.
– Mamma, kan du teikne i handa mi, slik du gjorde då eg var lita? – Då du var lita? smiler mamma og nikkar. Først teiknar ho N for Nora. Så teiknar ho mamma og pappa sin bokstav. Og heilt til slutt eit hjarte.