Eg er eg er eg er

Page 1



ruth lillegraven

Eg er eg er eg er Dikt for barn Illustrert av

mari kanstad johnsen

Samlaget Oslo, 2016



4|5

V



6|7

Vårvill eg er eg er eg er seier den vesle vakre våren kikar opp mellom restane av haust og alt som blei borte eg er ekte og vanleg vår seier han og eg lovar lovar gull og grøne skogar hender og hår småsko og lange dagar berre vent berre vent


Hjartet mitt berre vent langt inni skogen den mørkaste grøne der finn du mitt vesle hjarte det som klyv i trea stuper kråke mellom røtene legg seg til å symje i mosehav og skogstjernesjø eg er eg er eg er syng det vesle hjartet


8|9

Eit lite frø eg var eg var eg var eit bitte lite frø i magen frøet voks og voks blei ein baby som voks og voks så starta alt så starta eg eit lite menneske på ein diger jordklode rundt og rundt i eit endå større verdsrom altfor stort til å tenkje på for eit bitte lite frø som eg


Alle gutane eit lite frø i gata der gutane står og triksar på sparkesyklane skrålar og ler til jentene kjem forbi då lèt alle gutane som ingenting då lèt alle jentene som ingenting men du blikk så blått som himmelen siste skuledagen lugg så stri som grastustane første vårdagen hud så lys som heggetrea i skogkanten du skin


10 | 11

Skimrande du skrapar med foten og pratar med munnen løftar blikket, ser på meg som sol og sjø og sky det skjer ikkje meir berre dette det held for meg etterpå blæs det fønvind i villjentehjartet alt hoppar, dansar og ler


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.