Skip to main content

Du er bonde

Page 1

KRISTIN AUESTAD DANIELSEN Alle i Norge, i tre, i hengekøyer. Dikt. Gyldendal 2005 Nynorsken. Dikt. Gyldendal 2007 Merk mine ord, åleinemor. Dikt. Gyldendal 2012 Joggesko. Boksingel. Flamme Forlag 2015 Vår vesle. Roman. Samlaget 2018 Sterke kjensler og andre dikt. Dikt. Samlaget 2019


Kristin Auestad Danielsen

Du er bonde Roman

Samlaget Oslo 2022


Lufta du pusta i, kom frå stjernehimmelen, og den kom frå blada på trea, den kom frå vegen, og den kom frå jordlappane med gjødsel. Du snudde deg mot meg, og du trekte pusten, og så kviskra du til meg at du drøymde om å føde som jomfru, om det kunne la seg gjere, det måtte jo vere deilig å sprenge jomfruhinna innanfrå, som Maria. Eg nikka forsiktig, ja, det må jo vere toppen, kviskra eg, men det skal vel vere umogleg, då måtte me bli befrukta av Gud, må vite, og korleis blir ein det? Kateketen stod framfor oss i kyrkja og fortalde om Jesu blod og om Jesu lekam i nattverden, kva det betydde. Ja men, ja men, kviskra du, kva var det, kva var det med Maria, kva var det med Maria som gjorde Gud kåt på ho. Eg rista på hovudet, visste ikkje. Var det håret? Du spotta dei blonde krøllene dine, Gud synest nok ikkje dette her er noko fint, kviskra du. Morskt. Du er nok meir hans type. Eg kjende eg blei glad av smiskinga di. Då undervisninga var ferdig, stod me på parke5


ringsplassen utanfor kyrkja. Me stod og sparka i grusen, venta på å bli henta av foreldra våre. Det var heilt svart ute, kateketen kom ut i den kvite kjortelen. Åh, tenk å gjere det med Jesus, då, du snakka lågt, ville ikkje at andre enn meg skulle høyre. Eg kjende det dunka i skrittet. Såg for meg den vakre Jesus vår med tornekrans, lendeklede og lysebrunt hår. Han er så digg på krossen. Han har så flott lysk. Ja, me har fin Jesus på krossen vår, sa du. La oss gå inn og sjå meir på han! Du fann fram nøkkelen til kyrkja, var ungdomsrepresentant i kyrkjerådet, så slik ein hadde du skaffa deg heilt lovleg. Eg såg på nøkkelen. Svelgde. Det freista jo. Eg trur ikkje det er så lurt, sa eg etter ei stund. Nei, sa du. Nei, nei. Eg trur ikkje det er så lurt, eg heller, sa du, og du snudde deg, for du høyrde lyden av mor di sin bil, og der kom mor di køyrande rundt svingen.


Det blei sagt at du skreik så høgt då du blei fødd, at lynet slo ned i fjellet bak huset og ein stein losna og trilla ned og lente seg rett inn mot kyrkja vår, ei påminning om at ein gong ville dommedag falle. Same natt blei eg fødd, teken med tong, dei sa at eg ikkje ville ut, hendene mine heldt fast rundt navlestrengen, harde knyttnevar rundt strengen som knytte meg til mor mi. Våre to ætter, fjellfolket og skogfolket, kjende til kvarandre, såg skeivt til kvarandre, men det var greitt, her var god avstand mellom gardane. Mellom oss låg låglandet med praktgardane i Gjesdal kommune, ein god buffer. Me blei også døypte på same dag, du skreik, men gjekk inn i strupesong då vatnet trefte issen. Eg sprenggulpa presten rett opp i fjeset då eg fekk vigsla vatn på meg. Det blei for mykje for meg, det seier seg sjølv. Det finst eit bilete av presten på kyrkjetrappa. Han held oss begge to, ei i kvar arm. Ja ja, jentebabyar og alt, det ordnar seg nok, gjer det ikkje? sa han med smilet sitt. To førstefødde jentebabyar. Foreldra våre var altfor 7


unge og hadde ikkje peiling, men det ville vel gå seg til, prøvekaninar var me jo, og no håpte dei på at me ville bli gode storesystrer, det var det me skulle bli, det ville bli vår viktigaste oppgåve. Og oppgåva skulle skjøttast i den vakraste bygda sør for Boknafjorden, der traktorvegane hadde snirkla seg gjennom generasjonar av arbeidsglede og unnasluntring av beste sort i hundrevis av år. Gjesdal, ei openberring av ei bygd, så lunken og så rund i kantane, så fin og så god at ho var fæl, det var her me høyrde til, det var dette landskapet me kom frå. Foreldra våre måtte bite i det sure eplet, odelslova gav oss rett på skøytet på garden ved fylte 18 år, og 18 år seinare stod me der med kvar vårt skøyte i handa. Seremonien var slapp som ein lunka øl. Det var jo det me skjønte, dette var ingen stor dag, det var først og fremst ein trist dag for smågutane i slekta, dei som likte så godt å køyre traktor, no måtte dei ut i verda, køyre gravemaskin og lastebil og finne ei jente å sjekke opp, gjerne ei odelsjente, ta på axe og stram t-skjorte, vise store fine musklar. Sjølv kunne me sitje på fremste rad på dei legendariske traktorkonkurransane, den såkalla traktorpullinga, der dei største traktorane som var å oppdrive, og eigaren med, skulle vise seg fram med biceps og hestekrefter. Me strålte oss i glansen, levde det gode liv. Det var så godt at me nesten keia oss. Blei mette på alle som ville vise seg for oss. Der sat me, som to Julius Cæsar-ar i Colosseum, heldt tommelen opp eller ned, alt etter kven me likte av traktorpullarane. Me blei varta opp med heimebrent, alle prøvde å skjenke oss fulle så dei kunne gjere oss gravide, så me 8


var nøydde til å gifte oss, så dei kunne sikre seg, få jord og avkom, å ta abort var uaktuelt i Gjesdal kommune. Her skulle alle stiklingar få ein sjanse. Me var born av Jesus, hallo. Drepe babyar, det var så barbarisk. Du ville halde deg vekke frå gutane så lenge som mogleg. Jomfru Maria var idealet. Dei strengaste og eldste damene i bygda var så glade i deg for dette. Du veik ikkje ein tomme på dette punktet, gjekk rundt med jomfrudommen din, di stoltheit.


Det hadde seg sånn at morsslekta mi var forferdeleg tett knytt til kvarandre, eg var frå ei morslekt med uslitelege navlestrengar. Så mor, mormor og oldemor gjekk saman kor enn dei var, dei hang saman i gamle navlestrengar, gjekk på rekke og rad, gav kvarandre privatliv så godt dei kunne, når det måtte til, men dei var alltid saman, på den eine eller den andre måten, det var berre sånn det var. Far min kutta navlestrengen min med øks då eg var fem år, då hadde han fått nok. Og det gjorde at mor, mormor og oldemor reiste til Figgjo og byrja å jobbe på Fajansen for å tene til livets opphald. Dei stod der ved sida av kvarandre og måla dekor på tallerkenar. Den eine måta rot, den andre måla stilk, og den tredje måla blomen, det var mor som måla blomen. Eg besøkte dei i helgene, og då festa mor mi navlestrengen min med ei sikkerheitsnål til genseren min. Så stod me på rad og rekke og vaska opp. Oldemor skrapa av matrestar. Mormor skylte. Mor vaska. Og eg tørka. Eg blei igjen hjå far, der skulle eg vere, åleine med far resten av mi levetid. Det blei for trongt å ha mor11


mora di og oldemora di rundt her med mor di, det gjekk ikkje, forklarte far, og eg ville spørje korleis det var då, då far og mor møttest, kvifor det ikkje var for trongt med mormor og oldemor då, men eg hadde ikkje motet til å gjere det, eg såg berre for meg mor og far på dans. Med mormor og oldemor i hælane. Luskande etter med ein diskresjon i verdsklasse.


Ja ja! Far stod i døra inn til soverommet mitt. Klokka var sju om morgonen. Far hadde alltid vore ein morgonfugl, og han hadde alltid sjokkvekt meg. Stiklingen til Elias, sa far. Han heitte Elias, oppkalla etter odelsguten i romanen av Knut Hamsun, Markens Grøde, den udugelege odelsguten, det var han. No har farfar rydda land for deg. Og så har eg late alt fare. Eg har gjort alt for deg, det veit du jo. Far såg olmt på meg. Han hadde enno fine armar, hadde jobba for dei, var enno ein muskelbunt, men hard og vrang hadde han blitt. Sur. Ikkje som Isak i Markens Grøde, som berre jobba på. Du skulle heller ha blitt som Inger, tenk Inger. Der var han i gang igjen. Han likte å snakke om Inger, Inger frå Markens Grøde, som var gift med Isak, eit grepa arbeidsjern med fine legger. Ho brukte dei korta ho hadde, og dei brukte ho godt. Inger! Ho som hadde hareskar og alt, men det dreit vel ho i, ho var flink til å jobbe, ho drap barnet i bekken fordi det hadde hareskar, ville ikkje sitt eige barn noko så vondt, men opp på hesten igjen tenkte ho, måtte sone ein dom for 13


barnedrap i byen og kom tilbake til garden med fine byvanar og gjensydd overleppe. Tenk det! Far min, min far i eitt og alt, hadde drive garden, eit mønsterbruk, men også blitt deprimert på grunn av eit jordskifte. Der gjekk han kvar dag, såg på jorda han ikkje eigde lenger. Han gjekk opp til flekken, til jordlappen, og såg på han så lenge som han klarte, piska seg sjølv med den jordlappen som ikkje lenger var hans. År etter år gjorde han dette. Han fekk ikkje eingong hauste den ferdig. Han blei aldri ferdig med det. Mjølkekvotane blei selde, alt blei liggande brakk, som han sjølv. Han kunne ingenting. Det einaste som trøysta han no, var Markens Grøde av Knut Hamsun, ein gammal roman om ein mann som laga eit mønsterbruk, Isak som berre jobba på, var eit arbeidsjern oppi Nordland. Far min, så beinete og så vrang, ville ingenting lenger, elska meg hardt. Du er udugeleg, stiklingen, sa han til meg. Fetteren din, det var han som skulle ha overteke heile skiten, du veit det. Han måtte liksom det. Trykke der det gjorde vondt. Kunne ikkje for det. Fetteren min var på fotballcup, han var også eit fotballtalent, måtte fotballen ta han så eg slapp å kjenne på at det var han som burde hatt garden. Gå og legg deg, din uføre tullekopp, ropte eg til far. Han budde i gamlehuset, hadde sitt eige toalett, det var godt å ha sånt åtskilt. Du skulle vore meir som ho veninna di. Der er det byggesøknadar til kommunen, sprenging av tunnelar og utvikling av nye sauesortar, tiande slåtten er i gang, alt på ein gong. Ho har ADHD, sa eg. 14


Jo, det burde du òg hatt, ropte far min etter meg. Eit lite snev, berre, det hadde gjort godt. Ja ja, no er det du som styrer skuta. Arbeidet mitt er ferdig. No er det du som er sjefen, stikling. Der var han ferdig, snudde seg, skulle heim til seg sjølv, eg kjende eg kunne legge meg, no ville eg få fred, eg var sjefen no, og no ville sjefen sove litt til.


Gjesdal, ein kommune full av veldrivne gardar, dei låg som juvelar i landskapet, gaupa og bjørnen var skotne bort for lengst, ulven hadde ikkje lunta rundt på hundrevis av år. Så difor sa det berre bææ av kvite nydelege sauer over heile landskapet, sauedrit var ikkje til å unngå. Sauehundar vakta dei fleste gardane. Framande laushundar blei skotne omgåande. Plogen gjekk i fulle driv om våren, så kom hevdaspreiaren før påske, og så var det berre å vente på ei god avling. Fôrhaustaren gjekk i fulle driv om sommaren, siloane blei fylte opp av gras, gras til både sauer og kyr som skulle halde heile vinteren. Og her var samlingar for bygdefolket, samlingar som heldt bygda, ja, saman. Og her var ætter som hadde tvihalde på eigedommane sine i hundrevis av år. Avla fram sauer og kyr og folk. Etterkomarar med god fysikk og god psyke, det var iallfall idealet. Skulle ein vere bonde, var det viktig med godt bondevett, litt pragmatisk gudstru for gode avlingar, for ikkje å snakke om god kone som kunne avle mange born, setje gode stiklingar i jorda som vaks seg store og sterke. 17


Grunneigarane stod ute på gardstunet til storbonden sjølv, Oleus. Me lunta opp bakken. Var det her me høyrde til, altså? Oleus snudde seg, fekk auge på oss, og då opna ringen seg, det var som det kom musikk. Ringen opna seg for oss, gjorde plass. Me stod der og såg på dei andre. Mest menn, foreldre til folk me hadde gått på skulen med. Velkomen begge to, to nye flotte grunneigarar, me gleder oss til å samarbeide. Velkomen til dykkar første grunneigarmøte, sa Oleus og såg på oss. No var me ein del av ringen. Ringen var fullkomen med oss. Me gjekk inn og sette oss rundt kjøkkenbordet til Oleus. Fekk servert kaffi frå termokanne og kjeks med vanilje- og sitronfyll. Me sa ikkje så mykje på dette møtet. No var det berre å lytte. Få alt med seg. Lære. Det blei ein gjennomgang av referat frå førre møte. Her var ikkje nokon innvendingar. Så var det å gå gjennom saklista. Her var sal av mjølkekvotar. Problem med mugg på ulike åkrar. Var ikkje enkelt å få bukt med. Utlåning og byting av køyretøy. Forpakting av unyttige marker. Samling til jonsok. Opplysing om at det var kome ein ny veterinær i 19


bygda. Her var mykje info. Me kjende korleis me festa oss godt til stolen. Ringen var god. Her skulle me vere til etterkomarane våre skulle ta over vår plass. Det var godt å tenkje på. Ja, og så skal de på BU-leiren neste veke? spurde Oleus. Me nikka. Har de vore der før? Me rista på hovudet. BU-leiren var den årlege sommarleiren for bygdeungdommen som kom frå heile landet. Dette året skulle leiren vere i Seljord. Me hadde jo aldri vore utanfor fylket, hadde halde oss i heimtraktene alltid. Ja, det blir nok kjekt for dykk, sa Oleus og humra. Dei andre såg ned i bordet og smilte også då.


Det var tidleg morgon. Eg gjekk inn i campingvogna vår der du sat og tørka vekk sæd på magen til ein lyshåra ung mann som låg ved sida av deg i den svære dobbeltsenga som kunne gjerast om til salong. Du brukte t-skjorta hans. Det likna sølt syltetøy som måtte takast med ei vaskefille. Den lyshåra hadde fin og flat mage. Han såg perpleks ut. Du sat på kne, med kaps, krøller, sykkelbukse og svart t-skjorte. Du såg opp på meg. Eg held fast på det eg sa i går! sa du med eit gjennomborande blikk. Eg likar ikkje Anne Enger Lahnstein! Du meinte leiaren for det bondevenlege partiet Senterpartiet. Nei til EU-dronninga som hadde sigra over landsmodera i landet vårt, den ærverdige Gro Harlem Brundtland, Noregs første kvinnelege statsminister i 1981. Desse to barka saman i den verste chickfaiten under EU-kampen som reid Norigs land i 1994. Det er noko med Anne Enger Lahnstein som eg … eg synest ikkje ho er noko. Du såg opp i taket for å tenkje, heldt ein kunstpause. Den unge lyshåra sette 21


seg opp og såg på deg. Nei-sida hadde vunne EUavstemminga, knapt. Etter det var bygdefolket blitt høge på seg sjølve, og det hadde du lyst til å pirke i. Du ville alltid pirke litt i det som var bra. For bra. No er Noreg utanfor EU saman med Island og Liechtenstein, sa du og rista på hovudet. Som om det er noko å skryte av. Eg stod i campingdøra og såg meg sjølv i den vesle spegelen ved det vesle kjøkkenet. Eg hadde barbert hovudet med klippemaskin. 3 millimeter. Som Skunk Anansie. GI Jane. Som ei tyskartøs. Som Jeanne d’Arc frå stumfilmen. Skuldrene mine var kraftige, hadde eg vore ein mann, hadde eg hatt flott brystkasse. Eg hadde enno den svarte sykkelbuksa på meg frå dagen før. Sokkar og joggeskor og ein svart bikini. Kinna mine var raude av skam, eg hadde frekner. Auga mine var blå og harde, mønstra meg hardt. Eg såg på kragebeina, på dei store brysta mine. Eg sette hofta litt ut, såg ned på leggene mine, retta litt på linninga på sykkelbuksa, det var ok, og det var sterkt og godt. Eg kjende enno Statoilmannen sine hender over hoftebeina. Glatta meg litt over knea. Dei hadde blitt fine og brune. Me hadde hatt ein stor Anne Enger Lahnstein-diskusjon dagen før, og no skulle du på død og liv ta opp praten igjen. Eg hadde alltid likt Anne Enger Lahnstein. Ho gjorde Gro Harlem Brundtland umenneskeleg som ei rosin med maskingeværstemme. Ho hadde fine frekner som meg. Og ho snakka fritt og godt om dei negative konsekvensane for EU-medlemskapet. Du hadde snøfta. Sa at politikarar var nokre fjols, 22


ikkje til å stole på. Då hadde eg blitt irritert og gått til Statoilmannen og spurt om eg kunne få sjå korleis han hadde det inni campingvogna si. Du sa hadet til den lyshåra. Han smaug forbi meg i berr overkropp og kom seg ut av campingvogna med t-skjorta som eit knyte i eine neven. Så er jomfrudommen bevart nok ein gong, mumla du, og det blinka under navlen din gjennom sykkelbuksa. I dag er det odelsjentetreff, sa du til meg. Vil du forresten ha ein cola? Tenk at me er odelsjenter, sa eg. Du er knapt odelsjente, snøfta du. 100 mål, sa eg. Det er akkurat nok. Du rista på hovudet. Du hadde mykje meir. Fjell. Utmark, innmark, sandtak, takpapp, kulturminnebygningar, lakseelv, hestar, blinde sauer, heldiggriser og gaukur. Eg hadde ein liten eikeskog med ei lita hytte og markene frå far sitt mønsterbruk som låg brakke. Sauene selde. Mjølkekvoten. Fetteren min elska jo traktor. Viss han byrja å skrape på døra, så. Det var eg som hadde odelsretten. Men han elska jo traktor. Han hadde fått lov til å bli med inni traktoren frå han var liten. No var fetteren min på fotballcup, og onkel sa at han var eit fantastisk fotballtalent. Onkelen min, bror til far, han eg hadde arva både shorts, sykkel og skinnfrakk frå, dei sa han var eit fantastisk sykkeltalent på syttitalet, og no håpte han vel at han kunne tene seg rik på sonen sin, så han kunne sleppe å jobbe på sportsbutikk. Det vaks i meg som eit lite karsebed i sjela, dette. 23


Eige jorda og drive den. Men han ville vel bli lei seg, fetteren. Han som elska traktoren. Å vere inni den. Styre og køyre. Eikeskogen var ein gong beiteskogen til ein kuflokk som ikkje var lenger. Var det eg som skulle få det til liv igjen? Alle vil gjere kur på oss, sa eg. Me som er odelsjenter og alt. Dei står laina opp, heile gjengen, ropte eg. Det er berre å ta for seg, sa eg dramatisk og slo ut med armane. Du er knapt odelsjente, og kvifor går du som ei gås? spurde du. Kva har Statoilmannen gjort med deg? Og kva ser du eigentleg i han? Eg veit det, sa eg. Han er eigentleg ikkje noko for meg. Eg veit det. Eg skamma meg over at eg likte økonomiutdanninga, den lyseblåe skjorta og at han hadde god jobb. Men den skamma. Den skamma. Den bar eg med lettheit. Så sterk kropp som eg hadde, så var skamma lett å bere. Eg treng ikkje meir enn 100 mål, eg kan nøye meg med 20, 5, kontra eg. Eg skal drive garden med slik kløkt som ein aldri før har sett! Kva skal ein med kvantitet når ein har kvalitet, heldt eg fram. Du himla med auga og lét meg halde på. Nei, i dag blir det lite mannfolk, i dag blir det odelsjentetreff! Me gjekk bort til odelsjentetreff-bussen. Det hadde samla seg mange odelsjenter der. Det var mykje snakk om, ja, det å vere odelsjente. Om ein skulle overta eller heller flytte til byen, studere og svikte. Ja, skal de overta, då, spurde dei oss. Me hadde 24


jo allereie overteke, sa du til dei, som om det var opplagt, at det viste på heile oss, det var aldri eit tema for oss å flytte til byen og forlate det som var vårt. Men så enkelt var det heller ikkje å overta. Du hadde også fire småbrør som du slost med der heime. Og ei mor som stod på med sauene. Og ein far som mest farta rundt i fjella i si eiga verd. Mor di likte ikkje at det var du som var eldst, sjølv om du likte å køyre traktor. Du kunne alt som skulle kunnast for å drive garden heime. Men kva skulle brørne dine finne på? Bli kriminelle? Brørne dine hadde nærma seg trona di, litt etter litt. Og det hadde sivd inn, at det var dei som skulle eige jord. Ikkje du. Og du slost med dei kvar helg om kven som skulle køyre traktoren der heime. Du vann kvar gong, for du var jo ikkje redd, og du hadde overtaket, mentalt. Men dei hadde jo denne retten i seg, og alle rundt tenkte jo det, at det var urettvist at du hadde fått. Du var jente. Det gjekk ikkje. Ikkje eigentleg. Me køyrde av garde, rundt omkring i Seljord. Me stoppa hjå ein mjølkebonde og blei viste rundt av odelsjenta der. Ho hadde mjølkelyst, mjølkeglatt hår og fortalde at ho hadde blitt saman med den mjølkelyse naboguten. Alt passa saman. Ho hadde mjølkelys sjølvtillit, og hestehalen var som ein lang mjølkekvit snerk. Ja, her er framtida lys, sa eg. For nokre fjols, sa du. Nei, mjølkebonde, det skulle ikkje du bli. Ja, men det er det vel heller ingen som har sagt at du skal bli, sa eg. 25


Nei, takke meg til fjellheimen der det er fritt og godt, og der ein slepp å bli vekt av mjølkesprengd rauting. Jo jo, sa eg. Du klødde deg diskré i rumpa gjennom den blanke, svarte sykkelbuksa. Neste stopp var hjå Ragnhild, som dreiv med økologiske krydderurter. Dette er noko for deg! sa du til meg. Eg såg meg rundt og prøvde å finne inspirasjon til mitt eige virke. Ragnhild budde åleine, dyrka solhatt og ryllik. Er det noko pengar i dette, då? spurde du. Ragnhild skutta seg. Ja, eg er no her, sa ho lågt og snuste litt på rylliken ho hadde i handa. Alle fekk respekt for Ragnhild. At ho orka å halde på med noko som det tydeleg ikkje var mykje peng i. Men alle syntest jo også synd på Ragnhild. At ho ikkje kravde meir av seg sjølv i denne verda. Nei, det er vel ingen som ser på Ragnhild som eit førebilete, kviskra eg. Snarare tvert imot. Bygningsmassen ser jo ikkje ut, kviskra du til meg. Eg nikka og såg meg rundt. Den rosaspraya sykkelen er jo kul, då, sa eg. Du snøfta lågare, hald deg vekke frå damer som sprayar ting rosa. Dei verste er dei rosa trillebårene. Ja, du veit jo Vibeke, ho har jo ei sånn. For ikkje å snakke om det rosa fotballmålet heime som jentene må sparke i. Rosa skulle ikkje vore lov! Eg var einig. Du var alltid så klok, men eg sa det 26


ikkje til deg. Skryt hadde du aldri hatt godt av, det lærte eg allereie på barneskulen. Me gjekk rundt hjå Ragnhild. Ho hadde ein stor ryllikåker. Det skrapa mot låra mine. Ho hadde også ein stor åker med ringblomar i oransje, gult og raudt. Desse er veldig gode til å ha oppå salat, sa ho. Det ser fint ut. Eg såg for meg ein salat. Og så å drysse ein ringblome over. Det kunne ikkje vere mykje business i det. Nei, dette var ikkje noko å drive, tenkte eg, og eg lurte på om Ragnhild eigentleg var ufør, og om dette var ekstra. Ein slags hobby. Alle me odelsjenter tenkte dette, men nokre var også engasjerte og hadde stjerner i auga, tenkte at dette ville dei også gjere der heime, gjerne økologisk som Ragnhild. Det var jo det beste. Me tilhøyrde rogalandsbenken i Noregs Bygdeungdomslag og hadde stemt for homobenkar på landsstyremøtet nokre dagar før. Det hadde vore ei skam å vere homo på bygda. Noregs Bygdeungdomslag skulle endre på dette med å snikre benkar. Du rista oppgitt på hovudet og snakka om korleis sentralstyret i alle norske organisasjonar budde i si eiga vesle sentralstyrte maktsky. Eg var ikkje einig. Kanskje skulle me ha benkar. For å gjere ting betre. Kva er gale med idealisme? sa eg. Idealisme er for fløyelsraddisar sa du, som ikkje trur på Gud, som drikk solbærlikør, som aldri har grave i jorda. Har du slutta å tru på Gud også no? Du sette auga i meg. Nei, sa eg forskremd og kjælte på mi indre filtdokke av disippelen Peter. Klart eg trudde på Gud.

27


Då me kom tilbake til leiren, var det fullt liv med drikking i campingstolane. Me såg fleire som kom frå badeplassen med handklede over skuldra. Ein høgrøysta trønder var så breiskuldra og flott, eg og du såg på han der han kom mot oss. Hei, sa han. Hei, sa me. Er de odelsjenter? sa han. Ja, sa me. Vil de bli med og bade? sa han. Klart det, sa me. Så gjekk me og bada. Me gjekk gjennom ei eng, trønderen først og me etter, ein nedtrødd sti. Det blinka i engsoleie, ryllik, geitrams, strå og tiriltunge. Tunga mi var tørr, men lukkeleg. Eg og du gjekk berre rett ut i tjernet og dukka oss i sykkelbukse og topp. Så la me oss på steinen i sola og tørka oss. Det kom damp. Me såg på trønderen som gjekk uti. Shortsen blåste seg opp då han kom til skrittet. Så forsvann shortsen under vatn, og då han kom opp igjen, såg me alt inni der, og han glitra i sola av dråpane som rann nedover brystet og magen. Snart skulle me tevle i blomsterdekorering og gjørmebryting. Livet var godt. «Brittas fitta» ljoma over heile leiren på repeat alle dei fire dagane leiren varte. Dei som spelte den songen, heldt me oss langt vekke frå. Songen var jo fæl. Og litt morosam også. Og rå. Og ærleg. Og fæl. Kva gjorde det med oss? Den gjorde oss til oss, laga rustning til oss, til krigen. Det var god stemning, lunka øl og ein del skamfletting i campingstolane, fingring i campingvognene og fylle28


angst med bagett. Eg lærte å drikke kaffi på kveldane av ein mann på to meter. Kva vil du med han å gjere, sa du, sette auga i meg igjen og gjorde meg til ein gjennomsiktig vase. Eg var samd og skamma meg. Eg kunne jo sagt til deg at eg syntest han var så søt fordi han såg så uskuldig ut. Det var noko ope med fjeset hans, og han var så lang og stor, det verka som han ikkje forstod kor lang og stor han var. Me hadde samla oss på graset ned mot scenen. Eg var døsig og varm av burgar og lunka øl. Det var rævkrok-tevling, og det var ikkje så spennande, men så kom han, to meter. Ein bengelstengel, og då vakna eg litt, fordi det var utruleg det eg såg. Denne stengelen. Som ei svær revebjølle som raga høgt over alle dei andre. Vakker. Han vann i rævkrok den kvelden, og me blei kjende med han då, etterpå. Han beviste for meg at han kunne løfte meg opp i lufta som kvigene han fekk inn i slaktarbilen sin. Det hadde gjort meg glad. Så enkelt var det. Ein skal ikkje undervurdere verdien av å bli løfta opp i lyset, mumla eg og sparka i grusen. Som løvebabyen i Lion King. Og forresten så drikk me jo berre kaffi, parerte eg. Du kan løfte deg opp sjølv, sa du og snøfta i deg ein bagett. Kjøp deg ein lift viss det er så viktig. Eg hadde munnen full av majones og reker og såg for meg meg sjølv oppi nykjøpt lift heime på garden. Det var ikkje ein oppløftande tanke, men eg sa ingenting og rista av klissete flugevengetynne agurkskiver. Dei landa nedi grusen. Det såg trist ut. Du vann gjørmebrytinga suverent. Eg prøvde å dra 29


deg opp etter toppen. Men du var for sterk. Tok meg fryktlaust som wrestlaren The Undertaker. Du var mindre enn meg. Eg burde kunne ta deg. Du la deg over meg og heldt meg fast. Det ringde i bjølla. Du hadde vunne. Enno med jomfruhinna intakt inni sykkelbuksa. Du var full av gjørme, og dei grøne auga dine glitra inni der. Kvitt smil. Alle kjøpte sykkelbukser som likna di etter den dagen. Du hadde skapt ein trend no. Suveren i alt du gjorde. Vegen heim hugsar eg berre i få blaff. Eg hugsar at eg dansa i campingvogna med pokalen din på hovudet til veldig hard og veldig dårleg trance-musikk. Du køyrde som eit svin med skjerpa blikk, det var sånn du ville ha det. For ein steikande god sjåfør du var, og du visste det, men du bad meg be Fadervår i svingane ned til Dirdal, du var jo ikkje dum heller. Og eg bad Fadervår inni den lysebeige campingvogna medan du køyrde i 120 kilometer i timen i den kvite BMW-en din. Du sleppte meg nesten av i fart, trur eg. Kasta soveposen etter meg, var irritert. Kvifor var du det? Fordi eg hadde ein siste fest medan du var sjåfør? Eg veit ikkje. Eg var for full til å hugse.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Du er bonde by Det Norske Samlaget - Issuu