Dette er ogsĂĽ Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 1
Dette er ogsĂĽ Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 2
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 3
Jens Kihl
Dette er også Noreg Kommunal feelgood
Samlaget Oslo
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 4
© Det Norske Samlaget www.samlaget.no : Trine + Kim Design Studio : Samlaget : Adobe Garamond og The Sans : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ---- Forfattaren har fått støtte frå Fritt Ord. Kart: Line Monrad-Hansen. Kartet følgjer dei gamle fylkesgrensene.
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 5
Dagen eg runda Noreg (og litt om Stokmarknes-syndromet) Kva får ein fyr frå Oslo til å bruke alle pengane sine på å reise til alle landets kommunar?
Dette er ogsĂĽ Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 6
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 7
. januar skjedde det noko temmeleg uvesentleg: Eg køyrde inn i Tingvoll kommune på Nordmøre. Du hugsar garantert ikkje kva du dreiv med den dagen, men for meg var det likevel ein slags milepåle i livet: Eg hadde vore i alle kommunar i landet. Det som starta som ein ekstremt tåpeleg idé, hadde (som så mykje anna dumt) late seg gjennomføre. Det hadde kosta ganske mykje pengar. Eg er redd det hadde gjeve eit pinleg høgt CO-utslepp. Det hadde teke stort sett alle feriedagar dei siste åra. Og eg har ein mistanke om at sjefen var passe lei av mine reportasjeidear av typen «denne saka trur eg best blir løyst med eit case frå Åseral. Ja, eller Marker eller Engerdal, då». Og kven var så skuld i alt dette elendet? Jo, sjølvsagt Høgre-mannen Jan Tore Sanner. Då eg etter valet i forstod kva planar han eigentleg hadde for å slå saman store og (helst) små kommunar over heile landet, såg eg at det måtte handlast: Eg kunne ikkje ha det på meg at eg ikkje hadde vore innom alle dei kommunane i landet før samanslåingane tok til. Kvifor blei dette så viktig for meg? Eg har ikkje peiling. Men det stod plutseleg for meg som ein heilt sentral verdi i livet. Kommunereforma, ja. Målet frå dei fire borgarlege partia var ein ny og meir robust kommunestruktur som var betre rusta for framtida. Eg trur Jan Tore Sanner angrar litt på bruken av ordet «robust», som vel kjem til
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 8
å henge ved han for all framtid. Tanken var at større kommunar kunne ta på seg større oppgåver. NHO gjekk inn for kommunar, FrP ville ha hundre. Det ville ha gjeve eit ganske anna noregskart. Resultatet er seks år med utgreiingar, debattar og folkerøystingar. Noreg ser ut til å gå frå til kommunar – i tillegg til å tredoble storleiken på Senterpartiet. Eg sette meg dette målet om å vitje alle kommunane i august . Eg innrømmer glatt at eg er ein god gamaldags nerd. Dessutan er eg son av far min, som har gjort det han kunne for å få meg til å sjå gleda i fiskevær, bygdebøker og nedlagde sagbruk. Eg hadde vore i ganske mange kommunar frå før, om lag , men regelen var klar: Eg måtte ha ei oppleving i kvar kommune. Denne regelen gjorde at ein del plassar måtte vitjast på ny. På nokre dagar, når du berre er møkklei kommunar, blir rett nok terskelen for «oppleving» ganske låg. Ein tåkete søndag med glatt føre konkluderte eg med at ei pølse i brød i Samnanger fekk vere oppleving nok. Eg har framleis litt dårleg samvit for det der. Går det an å ringje servicetorget i kommunen og seie orsak? Sjølv er eg ein fyr frå Oslo. Oslo vest, til og med. Det lengste eg har vore utanfor Ring samanhengande, er dagar. Nokosinne. Så kva gjorde at eg la om til nynorsk og blei ein slags distriktsentusiast? La meg introdusere deg for Stokmarknes-syndromet. Der Stockholm-syndromet inneber at du endar opp med å elske dei som har teke deg som gissel, er Stokmarknes-syndromet at du endar opp med å elske
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 9
det du sjølv ikkje kjem frå. Ein lengt mot noko framandt som kanskje kan bli ditt eige? Stokmarknes-syndromet oppstod ikkje i Stokmarknes, men Stockholmsyndromet oppstod visst ikkje eigentleg under det bankranet hos svenskane heller. –. For min del dukka Stokmarknes-syndromet opp i ungdomsåra. Det høyrest sikkert heilt sjukt ut at ein fyr frå Oslo reiste rundt på Vestlandet for å overtyde ungdomar om å skrive nynorsk, men det er i grunnen ungdomstida mi kort oppsummert. Eg veit ikkje kva ungdomane lærte. Kanskje var det eg som lærte mest. Det er noko med å oppdage at E ikkje er ein bygdeveg, men ei tungt trafikkert hovudferdselsåre. At landbruk ikkje er ein utgiftspost på statsbudsjettet, men hardt arbeid og nasjonal tryggleik. Eller at det slett ikkje er uvanleg at Oslo er ein by ungdomar berre har sett på tv, men aldri vore i. Så kva blei resultatet av denne relativt omfangsrike rundturen? Eg trudde eg skulle få stadfesta at kommunereforma og alle samanslåingane var heilt på trynet. Men eg blei heilt klart meir open for kommunesamanslåing av å dra rundt på denne måten. Kva skil eigentleg ei oppleving i Nes frå ei oppleving i Sørum? Det er mogleg dette er som å banne i Romeriksdomen, men: Eg synest det meste av Akershus ser heilt likt ut, eg. Andre plassar er det heilt motsett. Du lærer noko viktig av å stå på ferjekaia i Stokkvågen, som ligg i Lurøy kommune på Helgeland. Du ser på ferjetabellen og innser at det vil ta deg to heile dagar om du skal få huka av
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 10
Træna på lista. Oftare går ikkje ferja. Då blir det veldig rart å høyre folk som meiner at her kunne ein godt ha slått saman ein sju–åtte kommunar og danna ein sterk region. Det blir lite folkestyre om det tek deg to dagar å reise att og fram til kommunestyremøtet. Samstundes er det ikkje alt som er bra. Når jobbane forsvinn og damene dreg same veg, kan eg forstå at det er hardt å vere mann. Finst det eigentleg ei reform som kan stanse den langsame utviklinga som gjer at mange norske bygder risikerer å bli ein einaste stor ungkarsfestival? Denne boka byggjer på turane gjennom alle dei kommunane som eksisterte då eg starta prosjektet. I tillegg har eg vore på utflukter i dei andre nordiske landa og på Svalbard. Boka er ikkje ei oppsummering av kvar einaste kommune. Ei sånn bok unner eg eigentleg ingen å lese. I staden har eg prioritert nokre få, og så håpar eg å kunne fortelje noko fornuftig om resten av kommunane gjennom desse djupdykka. Desse turane har eg vore på frå våren til . Og om du lurer på kva slags metode eg har brukt for å velje dei ut: Vel, det er korkje geografisk, demografisk eller demokratisk representativitet som gjeld, men dette er rett og slett eit utval av mine favorittkommunar. Korleis heng Noreg – verdas største lokalsamfunn – saman? Kva har gått gale, og kva er det som gjer at politikarane må drive gjennom store tvangsreformer for å lappe landet i hop att? Eller er spørsmålet feil stilt, slik at vi eigentleg bør spørje oss om kvifor det fungerer så bra som det trass alt gjer? Eg er uroleg for kommunen. Uroleg for at vi er i ferd
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 11
med å lage oss ei rad nye system som passar godt for dei på toppen: Offentlege tenester blir likare organiserte. Små einingar blir større, slik at alle skal vere om lag like store, men dei store einingane blir jo ikkje mindre for å nærme seg dei små. Idear om styring og leiing får trumfe lokalkunnskap og språklaus erfaring. Eller meir konkret: Den symjehallen kommunen bygde før Noreg fann olje, har den same kommunen ikkje råd til å fylle med vatn i dag. Då er det gjerne kommunen som får skulda, men det er jammen ikkje sikkert at syndaren sit på rådhuset. Politikarar, journalistar, interessegrupper og mange andre ser det ofte som si oppgåve å peike på det som ikkje fungerer. Eg vil seie noko om kor mykje som trass alt går bra – men òg kva som ikkje gjer det. Bør vi ta oss litt betre tid til å tenkje over kva vi vil med kommunane våre? Det er ei korg vi har lagt mange verdfulle egg i: lokaldemokrati, velferd, identitet, frivilligheit, omsorg. Damene flyttar – eller flyktar – frå bygda. Vil vi ein dag vakne opp og ha den fyrste kvinnelause kommunen? Er det rett at småkommunar skal sitje med store kraftinntekter fordi det tilfeldigvis låg ein foss oppi fjellet? Og når er noko så smått at det er for lite? Ikkje på nokon plass i verda – og ikkje på noko tidspunkt i historia – har nokon stilt opp med eit betre velferdstilbod enn det den norske kommunen gjer i dag. Men er det nok, eller står vi for dårleg rusta for framtida? Eg kan nesten ikkje tenkje meg eit traustare ord enn «kommune». Men er det ikkje nettopp det trauste som gjev oss tryggleik i liva våre?
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 12
Mørk møtekaffi og stramme støttestrømper. Uprøvde undervisningsopplegg og grisgrendte grusvegar. Omtrentlege ordførarar og vaktsame vernepleiarar. Det er dette som er kommunen. Det finst eit samfunn bortanfor PR-byrå og den nye fasaden på Munchmuseet. Du veit, dette landet der dei fleste av oss bur. Det kunne vere ein tanke å ta vare på det. Eg har tenkt mykje på kor ulikt vi gjerne organiserer oss, og kor mange av dei variantane som funkar ganske bra. Om vi skulle organisert eit vern mot brann frå botnen av i dag, ville nok ikkje ideen om frivillig brannvesen vunne fram. Berre namnet ropar jo antirobust herifrå til Hornindal. Likevel: Folk, hus og dyr blir stadig redda av lokale, frivillige heltar. Å redde naboen. Der har du ein hobby. Eg lærte noko om korleis Noreg heng saman. Og ganske mykje om kvifor pølsene på bensinstasjonar er annleis i Aust-Finnmark enn i resten av landet. Avstandane er rett og slett så enorme at dei treng litt meir kjøt å tære på. Som Ivar Aasen sa: Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er. Dette er også Noreg.
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 13
Oslo: Aller fyrst Om å krysse seks kommunegrenser på ein halvtime, og oppdage at det verkeleg ikkje er kommunegrensa som får meg til å elske byen min.
Dette er ogsĂĽ Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 14
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 15
Ei bok om kommune-Noreg kan i grunnen starte kor som helst. Når ein tenkjer på ordet «kommune», er det lett å tenkje på distriktspolitikk. Men vi startar her, i eit vegkryss bak Kampenparken i hjartet av Oslos austkant. Ved å spasere ned mot Oslos historiske sentrum spaserer vi samstundes inn i kjernen av samtidas samanslåingsdebattar. For kor skal grensa gå? Rett bak meg ligg bilbyen på Ensjø, der Oslo-folk i eit par generasjonar har skaffa seg køyretøy. Og omtrent der Ensjøveien går under Gjøvikbanen, passerer vi grensa mellom Aker herad og Oslo kommune. Denne grensa kom på plass i . Fram til slutta Oslo her. Eller starta, alt ettersom. På skrenten over Tøyenparken kan vi sjå utover den vesle, store hovudstaden i landet vårt. Då Oslo og Aker blei slått saman, gjekk byen over natta frå å ha til innbyggjarar. Sidan den gong har byen vakse med endå menneske, og fleire skal det bli. No er det morgon. Ein plass bak oss står sola opp. Vi ser at Holmenkollen allereie har fått morgonsol, medan hustaka nede i byen ventar på at ljoset skal kome ned dit. Oppe på Kampen, Jordal, Malerhaugen og Hasle ligg trehusa tett i tett. Ikkje så rart, eigentleg. Desse områda låg utanfor den gamle bygrensa og var ikkje
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 16
omfatta av murtvangen nede i Kristiania, ein regel som blei innført allereie på -talet for å verne hovudstaden mot bybrannar. Slik kan vi sjå kor grensene gjekk. Og langs denne grensa kan vi framleis finne grensesteinane som markerte skiljet mellom Aker og Kristiania på attenhundretalet. Men det er ikkje opp dit vi skal. Nei, vi tek beina fatt og traskar ned mot Tøyen. No kjem vi inn i den tette byen. Trehusa er borte, og bygardane tek over plassen. Og no skal vi passere grenser i høgt tempo her. På Tøyen er det tid for ei ny grensepassering. Ungane er på veg inn til fyrste time på Tøyen skole. Dei veit truleg ikkje at rett nedanfor skulen gjekk bygrensa fram til , men dei klarer seg nok utan denne kunnskapen. På -talet hadde byen bruk for meir plass, så Aker måtte bli litt mindre. Nede i Tøyengata tek vi til venstre. No kjem vi til Jens Bjelkes gate med gråbeinkvartala, som fortel ei historie om ein hovudstad som var i rask vekst. Husmangelen prega byen på siste halvdel av -talet. Og så, nede i Trondheimsveien , finn vi eit bygg som ved fyrste augekast minner om lite anna enn ei middels kontorblokk frå mellomkrigstida (som jo i og for seg stemmer). Aker herredshus – rådhus for over hundre tusen innbyggjarar fram til . Om du legg hovudet litt bakover, kan du sjå symbola for dei fire sokna Ullern, Vestre Aker, Østre Aker og Nordstrand oppe på veggen. Dette var fire område med heilt særeigen identitet. På byrjinga av -talet var det faktisk krefter på Nordstrand som arbeidde for å gje området
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 17
sjølvstendig bystatus. I dag har byen for lengst slukt både Nordstrand og dei andre bygdene, slik han òg har gjort med Sandvika, Lørenskog og andre plassar i nabokommunane. Vil Bærum, Oppegård og Nittedal li same lagnad som Aker gjorde? Det enkle rådhuset i Trondheimsveien er noko ganske anna enn det prangande stasbygget som på talet framleis var under bygging nede i Pipervika, og som i dag er Oslo rådhus. Trass i at Aker var den nest mest folkerike kommunen i Noreg då han blei slått saman med Oslo, var ei rekkje tilbod styrt frå hovudstaden: Deichman var biblioteket også for innbyggjarane i Aker, og brannvesen, telefonanlegg og kloakk var for det meste samordna. Sjukehuset for Oslo låg på Ullevål i Aker, drikkevatnet kom frå Maridalsvannet i same kommune. I fyrste etasje på Akers herredshus ligg det i dag ein Coop Xtra-butikk. Børsen har flytta inn i katedralen. Eg får lyst til å spørje dei som jobbar der, om dei kjenner suset frå historia, men orkar ikkje å dumme meg ut overfor ein morgontrøytt nittenåring på vakt. Så passerer vi Akerselva, og med det også bygrensa frå . Trondheimsveien har no blitt til Storgata, og her ligg byhistorie i tjukke lag: Til venstre ligg Kroghstøtten sjukehus, som lenge var byens hospital. Til høgre finn vi Hausmannskvartala, der byens jødiske minoritet lenge samla seg. I ein bakgard her ligg òg Herkules, Oslos temmeleg frigjorde homsesauna. Du ser dei såkalla innvandrarbutikkane opne for dagen. Ved trikkestoppet i Brugata passerer vi ei bygrense frå
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 18
, og nede ved Stortorget trakkar vi over endå ei grense – faktisk sjølve Grensen – frå . På sørsida av dette torget, som offisielt er Oslos origo – der alle avstandar til byen blir målte frå – går det ei grense frå -talet. Til slutt går vi inn i Kvadraturen, den gamle byen, som fekk si grense i . På denne halvtimeslange morgonturen har solstrålane så vidt nådd ned frå Holmenkollåsen til hustaka i sentrum. Men vi har passert seks bygrenser. Er det nokon som saknar desse i dag? Er det nokon som i fullt alvor meiner at det hadde vore betre om Aker var ein eigen kommune? Eg tviler. Dei fleste vil vel meine at Oslo må henge saman og bli styrt som éin by. Kven var det som avgjorde alle desse endringane? Det var nok staten, då som no. Somme tider kunne det vere at Oslo ønskte seg meir plass å vekse på. Andre gongar kunne Aker meine at eit slumområde nær bygrensa eigentleg høyrde til Oslo, og at dette var eit problemområde storbyen fekk ta tak i. I dagens debatt er det mange som presenterer det som nesten uhøyrt at Stortinget skal blande seg inn i kommunegrenser, men slik har det altså vore sidan parlamentet vedtok formannskapslovene . januar . Det fungerte på same måte med namnebytet i : Byen var imot, men Stortinget vedtok at namnet skulle vere Oslo, ikkje Kristiania. I våre dagar er det dei raudgrøne som får kritikk for å ikkje vere framtidsretta og vilje slå saman kommunar. Tidlegare har det vore motsett. I Aker var det Ap og Venstre som ønskte samanslåing, og då kommunen fekk Ap-ordførar etter krigen, gjekk prosessen raskt: I
Dette er også Noreg Ferdig NY.qxp_A 01.07.2019 12:28 Side 19
juli fatta Stortinget vedtak, og . januar var Aker historie – år etter danninga. Lokalt var høgresida mot kommunesamanslåing fordi dei ville ta vare på landsbystemninga og villaområda. Då Oslo og Aker slo seg saman, var ikkje T-banenettet i Groruddalen og Oslo sør bygd ut. Her låg framleis bondegardane side om side. I dag strekkjer byen seg langt ut forbi Oslo: Kommuneskiltet som fortel at du no har gleda av å entre Lørenskog, står midt i eit villafelt. Om det ikkje var for det blålakkerte kommuneskiltet med eit raudt vasshjul på, ville du nok ikkje ant at du no traska inn i heimkommunen til MM, Bjelleklang og Tom Nordlie. Dei fleste vil i dag meine at det var logisk å slå saman Oslo og Aker, men småkommunane (som eigentleg ikkje er så små) rundt Oslo får leve vidare. Er det meir logisk med ei kommunegrense på Stovner enn ei på Tøyen? Vel, stortingsfleirtalet vårt ser i alle fall ut til å meine det. Kanskje er frykta for samanslåingar fullstendig overdriven? Kanskje går det eit par år, og så ler vi litt av det heile. Eller kanskje blir fasit at samanslåingane ikkje løyste nokon verdsens ting. Hovudstaden er framleis ein delt by. Ikkje mellom Oslo og Aker, men mellom aust og vest – mellom rik og fattig. Men vi kan jo ikkje surve rundt i Oslo sentrum i all tid. Bilen står oppe på Sagene. Det er på tide å leggje ut på vegen.