Skip to main content

Det kvite kortet

Page 1

C l au d i a R a n k i n e pĂĽ n o r s k :

Medborgar. Eit amerikansk dikt. Samlaget 2018

Elles utgitt: Poesi: Don’t Let Me Be Lonely Plot The End of the Alphabet Nothing in Nature Is Private Skodespel: The provenance of beauty: A South Bronx Travelogue


Claudia Rankine

Det kvite kortet Eit skodespel i ĂŠi akt

Til norsk ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof

Samlaget Oslo 2020


Copyright © 2019 by Claudia Rankine Trykt med løyve frå Graywolf Press og The Marsh Agency © norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no o m s l a g s d e s i g n : Magnus Osnes ut ifrå original laga av Johan Lucas O m s l a g s b i l d e : Martha Tuttle F ø r t r y k k : Magnus Osnes S k r i f t : Bembo Book P a p i r : 80 g Munken Print Cream, 1,8 Tr y k k e r i : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0175-8

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Forord Ein kveld, under spørsmålsrunden etter ei opplesing, reiste ein kvit, middelaldrande mann seg. Etter å på rørande vis ha kommentert høgtlesinga mi frå Medborgar, spurde han meg: «Kva kan eg gjere for deg? Korleis kan eg hjelpe deg?» Mens eg stod på scena og betrakta han, lurte eg på korleis eg kunne skyve dette spørsmålet bort frå meg, historia mi, kroppen min, til meir relevante problemstillingar og dynamikkar knytt til amerikansk historie og kvit skuld. I den augneblinken kom eg til å tenke på Teju Coles essay «Den kvite redningsmannsindustrien». Kanskje hadde det vore betre om eg hadde nytta orda hans beint fram, om eg hadde sitert han når han trekker Hannah Arendt inn på kvitheitas område. «Vondskapens banalitet transformerer seg til sentimentalitetens banalitet. Verda er ingenting anna enn eit problem som kan fiksast med entusiasme.» Eller dette: «Den kvite redningsmannsindustrien handlar ikkje om rettferd. Den handlar om å ha ei stor emosjonell erfaring som rettferdiggjer privilegia.» Men i den augneblinken bestemte eg meg for å tre fram og slutte å gøyme meg bak alt eg har lese, alle referansane og sitata mine, og svare på spørsmålet hans frå ein personleg ståstad utan den distanserte staffasjen det gir å snakke gjennom referansar til andre. Det slo meg at han med spørsmålet sitt nytta seg av den eldgamle forsvarsmekanismen som kvite, liberale folk med gode intensjonar bruker for å sleppe å identifisere seg med rasistiske handlingar av den typen han nett hadde høyrt meg lese om. Spørsmålet hans hadde den nesten umerkelege effekten at det posisjonerte han utanfor dei problema Medborgar utforskar, samstundes som han ved å tilby meg hjelpa si underbygde sin overlegne posisjon i forhold til meg. Han ville hjelpe til med å gi svar ikkje berre på mine problem, men på problema til alle svarte folk, problema han berre fekk innblikk i den augneblinken, men elles ikkje var involvert i eller rørt av. Han verka heilt ute av stand til å innsjå at samfunnsproblema våre avheng av nærværet


hans, trass i at prosjektet mitt handlar om å formulere denne innsikta på alle vis eg kan. At kvit overmakt lever vidare (for å alludere til Saidiya Hartman, som skildrar korleis slaveriet lever vidare), er vårt felles problem. Cole skriv: «Alt han ser, er nød, men han ser det ikkje som nødvendig å undersøke årsaka til denne nøda.» Om han skulle undersøke årsaka til nøda, så ville han forstå at han ikkje trong invitere seg sjølv til åstaden – han er allereie der. Det var så mykje som kunne blitt sagt om den ofte meiningslause, reparative sjenerøsiteten kvitheita viser i møte med menneskeleg smerte og liding, men i dei minutta vi hadde til å adressere dette, svarte eg ganske enkelt mannen slik: «Eg trur spørsmålet du burde stille, er kva du kan gjere for deg sjølv.» Han sette ikkje pris på svaret mitt. Eg må innrømme at eg ikkje hadde venta raseriet som reiste seg frå baksida av maska hans av noblesse og storsinn – denne maska som er på grensa til å verke nedlatande, men som i røynda er heilt sentral for undertrykkinga av den amerikanske medskulda i antisvart rasisme. «Om det er slik du svarer på spørsmål», svarte han, «så kjem ingen til å vilje spørje deg om nokon ting.» Det kvite kortet vaks fram frå spørsmålet til denne mannen og måten han responderte på svaret mitt på. I hans sinn, kor var det eg feila? Venta han i utgangspunktet at eg skulle uttrykke takksemd for interessa hans? Skulle kjenslene hans og kjenslene til resten av publikum vere min høgste prioritet? Var høvet hans til å forstå arbeidet mitt avhengig av at eg bekrefta at han var likande? Eg ønskte verkeleg å ha den samtalen han starta. Eg hadde ikkje dratt så langt for å ikkje delta, men som affektteoretikaren Lauren Berlant har skrive: «Kva gjer det med tilknytinga til livet å konstant måtte navigere i atmosfæren av kvit humørløyse?» Etter denne hendinga blei det klart for meg at folk i publikum kan lese alle dei relevante bøkene om rasisme, sjå alle dokumentarane og filmane, kjenne og seie alle dei korrekte frasane, men i augneblinken samtalen finn stad, vil dei likevel trekke seg tilbake i forsvar, sinne, stille, altså trekke seg tilbake til ein komfortabel stad der dei har kontroll, noko som startar med å sette meg på


plass der eg ifølgje deira førestilling høyrer til. Kanskje kan ikkje nokon diskusjon om rasisme ha som utgangspunkt at deltakarane er likestilte. Kanskje er forventinga at eg, som svart kvinne, skal spele ut ei førestilling eg ikkje sjølv kan sjå, sjølv om eg motset meg denne. Kanskje er den einaste måten vi kan undersøke denne kjente og likevel usynlege dynamikken på, å samlast i eit rom og spele den ut. Teateret er av natur ein plass skapt av og for møte. Å skrive Det kvite kortet var ein måte å undersøke ein førestilt samtale om rasisme blant framande. Middagsselskapet, som ei setting der det er rom for å samtale i heimen til ein kvit familie, verka som den naturlege, om ikkje heilt nøytrale åstaden. Karakterane er samla for å diskutere moglegheitene for eit sal av kunst, samstundes som dei blir kjende med kvarandre. Det som fører dei saman, er eit ønske om å bli sett og kjent, men det som held dei der, er den komplekse menneskelege trongen til å bli forstått. Dette skodespelet kunne ikkje ha blitt skrive utan samtalar med og støtte frå Catherine Barnett, Lauren Berlant, Allison Coudert, Diane Paulus og P. Carl. Takk til David Dower og David Howse for å ha bestilt skodespelet, Diane Borger og Ryan Michael Sweeney for å ha vidareutvikla stykket og ArtsEmerson og American Repertory Theater for å ha regissert og produsert Det kvite kortet.

C LAUDIA R ANKINE


Karakterar C H A R LOTTE C UMMINGS : Kvinne, svart. Utdanning frå Yale, i førtiåra. I det seinaste arbeidet sitt bruker ho fotografi. Ho har vunne fleire store prisar, og det er like før ho slår igjennom på den internasjonale kunstmarknaden. Mor hennar er advokat for A C LU , og faren er epidemiolog ved Colombia-Presbyterian Hospital og professor på Colombia University. E R I C S C H MIDT : Mann, kvit. Kunsthandlar, tidleg i førtiåra. Oldebarnet til Anton Franz Schmidt, som grunnla eit av dei mest prestisjefylte galleria i New York. Eric er ekspert på moderne konseptuell kunst og er ein stor forkjempar for unge, progressive kunstnarar. Dei ti siste åra har han spelt ei sentral rolle i utforminga av kunstsamlinga The Spencer Art Collection, og han sit i tillegg i styret til stiftinga The Spencer Art Foundation. C H A R LES H AMILTON SPEN C E R : Mann, kvit. Entreprenør, kunstsamlar, tidleg i sekstiåra. Kunnskapsrik, med eit stort nettverk i politikken og i næringslivet. Han er ein kunstelskar som bygde opp formuen sin gjennom eigedomsutvikling. Han er også ein høgt respektert filantrop som interesserer seg for ideane rundt mangfald. V I R GINIA C OMPTON SPEN C E R : Kvinne, kvit. Kona til Charles, femtifem til seksti. Ho er interessert i kunst, og då ho var i slutten av tjueåra, arbeidde ho som kunstkonsulent for bedrifter. Dei har vore gifte i tretti år og har to søner. ALE X C OMPTON - SPEN C E R : Mann, kvit. Tjue, tredjeårsstudent på Colombia University og aktivist. Djupt engasjert i amerikansk samtidspolitikk, full av lidenskap fordi han kan sjå uretten i USA . Han ser foreldra som ein del av problemet.


Første scene


BILDE BAK F R AM Robert Rauschenberg, White Painting


BILDE BAK F R AM Robert Longo, Untitled (Ferguson Police, August 13, 2014)


BILDE BAK F R AM Glenn Ligon, Hands (Silketrykk av nyheitsfotografi frĂĽ Million Man March i 1995)


BILDE BAK F R AM Jean-Michel Basquiat, The Death of Michael Stewart


Lyden av ein tenniskamp. Stova/spisestova er i ei smakfull, elegant og minimalistisk loftsleilegheit i New York. Rommet er dekorert med samtidsverk av kunstnarar som tematiserer valden mot afroamerikanarar, og med Rauschenbergs måleri White Painting. Dei er opplyste og utmerker seg i rommet. Kunstverka blir projiserte på lerret spreidde rundt i det kvite rommet. Alt i rommet er kvitt, bortsett frå kunstverka. Det runde spisebordet tyder på eit planlagt middagsselskap, men det treng ikkje vere dekt. Over peishylla er det eit kunstverk dekt av eit klede. Bakarst på scena er det dører som leiar ut til ein balkong. Om mogleg sit publikum kring middagsselskapet, slik at dei også kan sjå på kvarandre. Dette er ein nydeleg laurdagskveld i Tribeca i mars 2017. Det er tre månadar sidan den nye regjeringa tok over, og familien Spencer ventar på kveldens gjest. Frå balkongen har ein utsikt over den lysande byen. Eric, Charles og Virginia ser Australia Open ein månad etter at turneringa blei send på TV.

V I R GINIA :

Serena er så vakker.

E R I C :

Eg føretrekker Venus.

V I R GINIA :

Dei er begge makelause.

E R I C :

Du er makelaus.

V I R GINIA :

Vel, eg antar at alle menneske er makelause – kva har du imot Serena?

E R I C :

Eg treng ikkje like alle. Men altså, ho er grei nok, ho. 21


C H A R LES :

Grei nok? Serena er alt anna enn grei nok.

V I R GINIA :

Kven ville trudd at systrene skulle spele mot kvarandre i ein finale igjen, så seint i karrierane. Det beste eg veit, er å sjå Serena vinne.

E R I C :

Kvifor ser de på når de veit korleis det endar? Det er vel ikkje noko gøy?

V I R GINIA :

Eg ser ikkje på henne før ho er ferdig, eg blir for nervøs. Men eg ville sjå Australia Open-­ finalen før den neste Grand Slam-turneringa starta. Ser du at ho er gravid?

C H A R LES :

(ser på TV-en) Er ho gravid? Og speler likevel?

E R I C :

Eg las at ho fekk eit eller anna hormonrush av graviditeten. Folk klaga over at det gav henne eit urettvist fortrinn.

V I R GINIA :

Altså, det er jo galskap. Heile det første trimesteret mitt vandra eg mellom badet og sofaen. Kvifor kjenner menn seg så trua av Williams-systrene?

E R I C :

Eg har ikkje noko problem med …

C H A R LES : (avbryt) Ho meiner menn som han russiske tennisfyren for eit par år sidan? Det var det verste. V I R GINIA :

Han sa at dei var skumle å sjå på.

C H A R LES :

Eg synest å hugse at han kalla systrene «brørne» eller noko sånt.

22


V I R GINIA :

Det er ikkje ulikt det som blei sagt om den førre førstedama.

C H A R LES :

Det hugsar eg godt.

V I R GINIA :

Det er vanskeleg å gløyme.

E R I C :

Kva var det igjen?

V I R GINIA :

Ei ape i høge hælar.

E R I C :

Var det verkeleg ein mann som sa det?

V I R GINIA :

Det var ei dame. Ho var sjef i det offentlege.

E R I C :

Ei kvinne? Jøss. Folk. Herregud. Charles, eg tenkte vi kunne ta ein prat før Charlotte kjem?

C H A R LES :

Kva tenker du på? (Charles gir Eric ein kanapé og ein serviett.)

E R I C :

Kvar er Lily?

C H A R LES :

Lily fekk fri i kveld. Virginia tenkte at middagen blei mindre formell sånn.

E R I C :

Å, eg skjønner.

V I R GINIA :

Noko vi burde vite?

E R I C :

Nei, nei, nei. Ho er herleg. Charlotte er ei av oss. Det er berre eit par småting vi bør lufte.

C H A R LES :

Ja, klart det.

23


E R I C :

Berre hugs at ho ikkje har sagt ja til å gi oss den nye serien sin, og ho lagar ikkje individuelle verk.

V I R GINIA :

Det må vel få andre samlarar til å trekke seg.

E R I C :

Nesten alle, heilt ut. Ho veit at om ho blir kjøpt av samlarar som dykk, vil det få prisane hennar til å skyte i vêret her i New York, men òg i London, Zürich og L.A. Tidlegare har ho nekta å selje til enkelte samlarar av prinsipp, men her veit eg at det ikkje vil vere noko problem.

V I R GINIA :

Kva meiner du med «nekta»?

E R I C :

Somme kunstnarar kan ikkje skilje verka sine frå seg sjølv. Eg trur ho er ei av dei. Ho har ikkje barn, arbeidet er alt for henne, så ho sel ikkje til kven som helst. Det er viktig for henne at samlaren er investert i verkets ånd. Ho treng pengar, ja, men det kan vere litt kinkig med henne.

C H A R LES :

Det forstår eg godt. Eg vil tru vi er dei perfekte samarbeidspartnarane for henne.

V I R GINIA :

Veit ho at Charles er interessert i verka vi såg i Miami?

C H A R LES :

Eric seier at dei er lova bort. Tek ho med nokre av dei nyaste arbeida?

E R I C :

Eg selde dette inn som eit middagsselskap. Eg vonar det er ok. Ho vil ikkje vise fram det nyaste arbeidet enno, men etter det ho fortalde meg, høyrest det gripande ut.

24


C H A R LES :

Men framleis med vekt på rasisme?

E R I C :

Framleis elegisk.

(Dørklokka ringer.) V I R GINIA :

Det må vere ho.

(Ingen rører seg.) E R I C :

Har nokon tenkt å sleppe henne inn?

V I R GINIA :

Å, ja. Charles?

E R I C :

Eg gjer det. (Han går for å opne døra.)

C H A R LES :

Og kvar er Alex?

V I R GINIA :

Eg sa han skulle komme klokka sju.

C H A R LES :

Som om han høyrer på noko av det vi seier.

V I R GINIA :

La det ligge i kveld.

(Eric kjem att med Charlotte.) E R I C :

Virginia, Charles – det er ei glede å presentere ein av dei viktigaste kunstnarane i det 21. hundreåret.

C H A R LES :

Kjære frøken Cummings, vi er så glade for at du ville komme.

C H A R LOTTE : Berre kall meg Charlotte.

25


C H A R LES :

Du er endå vakrare i røynda. Vi blei så imponerte over arbeidet ditt på Art Basel and the Armory. Og fotokollasjane frå Ferguson er sjølvsagt ugløymelege.

V I R GINIA :

Eg heiter Virginia. Velkommen.

C H A R LOTTE : Takk. V I R GINIA :

Kåpa di? Charles, ta no kåpa til Charlotte. Eric seier at vi ikkje har møtt kvarandre før, men eg veit at vi har helst før. Vi trefte kvarandre på Jack Shainman-galleriet.

C H A R LOTTE : Eg trur ikkje ... E R I C :

Jack Shainman? Eg introduserte deg for ... Det var ikkje Charlotte.

V I R GINIA :

Jo, det var det.

C H A R LES :

Eg antar at alle vil ha champagne?

C H A R LOTTE : Takk. De har ein nydeleg heim. Jøss, de har eit av Rauschenbergs kvite måleri? Belysninga gjer alt verkeleg ... skarpt. C H A R LES :

Sjølv om dei er monokromatiske, så er det utruleg kor mykje bilete endrar seg med belysninga. Det blei kuratert for å lyse opp rommet.

V I R GINIA :

Faktisk var det berre det eine biletet eg ønskte meg. Charles kuraterte dei andre. Det er mykje historie å sjå på kvar einaste dag. Heldigvis heng dei fleste borte på stiftinga.

26


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Det kvite kortet by Det Norske Samlaget - Issuu