Den hesten er av snø

Page 1


Den hesten er av snø ferdig.qxd:a

12-08-11

07:50

Juliane Rui

Den hesten er av snø Dikt

Samlaget Oslo 2011

Side 3


Den hesten er av snø ferdig.qxd:a

12-08-11

07:50

© 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslagsillustrasjon: David Sanchez omslag: Johanne Hjorthol førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11/13,5 papir: 100 g Munken Print Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7808-1

Side 4


Den hesten er av snø ferdig.qxd:a

12-08-11

07:50

Side 7

Fingranes vesen uroar kvart sinn. Novu va taneme. Celi arpore. Eg kan ikkje skrive så mange ord det er som det forsvinn. Eref ind oihte. Uut elur. Her skulle vore eit lydspor, ei luke og de opna og ei stemme song ord de ikkje forstår. Som å høyre ein japansk eller fransk song når ein ikkje kan språket.

7


Den hesten er av snø ferdig.qxd:a

12-08-11

07:50

Haust. Eg kunne snakke om kvelden. Eg kunne peike. Eg kunne sjå på stjernene. Eg kunne vende orda. Bøye strenger. Ei fele. Eg kunne vore mildare lettare. Revar. Eg kunne leike i kvelden. Eg kunne vêre gradvis i mørkret. I vindar. Eg kunne folde vindar, eg kunne ein morgon halde fram denne gonga som mi denne keitete denne lågare stemma, men eg ville ikkje vite anna enn: Eg ville verke, ville hente ut av trådane, eit varmt pinnsvin. Hendingar frå andre soler av.

8

Side 8


Den hesten er av snø ferdig.qxd:a

12-08-11

07:50

Side 9

Eg ønskjer å vere som dei kinesiske dikta klar sannferdig Det verste eg gjorde på vegen heim var å tolke ein gest Eg kledde meg i gjennomskinleg for å notere ned fuglane Fuglar? Kvar hadde du vore? Fuglar der ute eg skriv dei i boka det er det (beste) eg kan gjere

(song) I wish to be like those chinese poems truthful, clear The worst thing I did 9


Den hesten er av snø ferdig.qxd:a

12-08-11

on my way home was to unform the clay make an owl make you recollect human sounds I dressed all in transparent to write the birds down it is the best I can do now I must rest now

I must

now I must rest I must decipher

10

07:50

Side 10


Den hesten er av snø ferdig.qxd:a

12-08-11

07:50

Side 11

Set ring kring foten. Det skal vere ein liten låsemekanisme. Lågvatn. Eg får det ikkje til. Det klistrar seg eg skrapar meg på rur. Eg syng først lyst. Lukkar noteboka. Eg syng mørkare. Om verda, utan sårheit korleis er det for ein fugl å vere stum? Fysiologi. Hvordan kan slangene fiskene fuglene høre. Viss songen går to trace a hoUl og det er eit hòl, som under bakken når frosten kjem hòl i dine jakkeerme eller det er ei nedteikning av eit heile.

11


Den hesten er av snø ferdig.qxd:a

Elgen. Eg er ein okse. I våren paringa. Eg stryk ho med geviret med mulen. Halvlys vi stansar. Lauv, eit bær eg hentar. I ein vinter, eg var. I ein vinter knelande i snøen. Fordjuping i snø. Vinden stilna i trekronene. Lydhør. Eg var aleine.

12

12-08-11

07:50

Side 12


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.