Skip to main content

Den dunkle dottera

Page 1

Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 1


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 3

Elena Ferrante

Den dunkle dottera Roman Frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Samlaget Oslo 


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 4


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 5

 Eg begynte å føle meg dårleg etter mindre enn ein times køyring. Smerta i hofta dukka opp igjen, og ei stund prøvde eg å ikkje tenke på det. Eg blei først uroleg då det gjekk opp for meg at eg ikkje hadde krefter nok til å halde om rattet. I løpet av få minutt var hovudet blitt tungt, billysa blei stadig mattare, eg gløymde til og med at eg køyrde. Eg hadde snarare inntrykk av å vere ved havet i fullt dagslys. Stranda var tom, vassflata låg roleg, men på ein påle nokre meter frå strandkanten blafra det raude flagget. Då eg var lita, hadde mor mi skremt meg veldig når ho sa: Leda, du må ikkje bade når du ser det raude flagget, det betyr at havet er uroleg, og at du kan drukne. Den redselen har eg hatt med meg gjennom åra, og sjølv no, endå vatnet var ei blikstille flate som strekte seg heilt ut til horisonten, våga eg ikkje å gå uti, eg var redd. Eg sa til meg sjølv: Kom igjen, ein liten dukkert, dei har sikkert gløymt å ta inn flagget, men eg blei ståande i strandkanten og plaske med tærne i vatnet. Berre no og då kom mor mi til syne oppe på sandvollen og ropte til meg som om eg framleis var eit barn: Leda, kva gjer du, du har vel sett det raude flagget? Då eg opna auga på sjukehuset, fekk eg eit glimt av 


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 6

meg sjølv ståande ved det blikstille havet. Kanskje var det derfor eg i ettertid var overtydd om at det ikkje dreidde seg om ein draum, men om ein urovekkande fantasi som varte fram til eg vakna opp i sjukesenga. Legane fortalde meg at bilen hadde køyrt inn i autovernet, men eg hadde komme frå det utan alvorlege skadar. Den einaste alvorlege skaden var den i den venstre hofta, ein uforklarleg brest. Vennene mine frå Firenze kom på besøk, Bianca og Marta kom heim, ja, til og med Gianni kom. Eg sa at eg hadde duppa av og derfor køyrt av vegen. Men eg visste godt at årsaka låg ein annan stad. Forklaringa låg i ei tåpeleg handling frå mi side, og nettopp fordi den var tåpeleg, bestemte eg meg for ikkje å snakke om den til nokon. Dei tinga det er vanskelegast å snakke om, er dei vi ikkje forstår sjølve.

 Då døtrene mine flytta til Toronto, der far deira hadde budd og arbeidd i mange år, blei eg skamfull og overraska då eg oppdaga at eg ikkje var det minste lei meg, snarare kjende eg meg lett, som om eg først då hadde sett dei til verda. For første gong på nesten tjuefem år følte eg ikkje lenger at ansvaret eg hadde overfor dei, tyngde meg. Leilegheita var ryddig som om ingen budde der, eg tenkte ikkje konstant på klesvask og innkjøp, hushjelpa som i mange år hadde hjelpt meg med husarbeidet, fann seg ein annan, meir innbringande jobb, og eg hadde ikkje behov for å erstatte henne. 


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 7

Mi einaste forplikting overfor jentene var å ringe dei éin gong om dagen for å høyre korleis det stod til, kva dei dreiv med. I telefonen snakka dei som om dei budde for seg sjølve. Eigentleg budde dei hos faren, men dei var vane med å halde oss to åtskilde og snakka derfor med meg som om han ikkje eksisterte. Når eg spurde korleis dei hadde det, svarte dei enten muntert unnvikande, eller dei blei irriterte og ordknappe, eller dei brukte den påtatte tonen dei hadde når dei var i lag med venner. Dei ringde også ofte til meg, særleg Bianca som var meir krevjande og dominerande i sitt forhold til meg, men berre for å høyre om dei blå skoa passa til eit oransje skjørt, om eg kunne finne visse ark som var stukne inn i ei bok, og sende dei så fort som mogleg, om eg framleis var tilgjengeleg for å bli overlest med raseriet deira, sorgene deira, trass dei to forskjellige kontinenta og den enorme himmelen som skilde oss. Telefonsamtalene var alltid hastige, iblant verka dei kunstige, som på kino. Eg gjorde det dei bad meg om, eg gjorde det dei forventa av meg. Men ettersom avstanden gjorde det fysisk umogleg å blande seg direkte inn i livet deira, kunne eg tilfredsstille ønska og lunene deira i ei blanding av vage og uforpliktande svar, og alle krav dei måtte ha, tok eg med lett hjarte, alle oppgåver som hadde med dei å gjere, blei omdanna til kjærlege gestar. Eg kjende meg fri som ved eit mirakel, som om ei vanskeleg arbeidsoppgåve, endeleg avslutta, ikkje lenger tyngde meg. No kunne eg jobbe utan å ta omsyn til rutinane og behova deira. Eg sat oppe om natta og gjorde rettearbeid mens eg lytta til musikk, eg sov lenge om ettermiddagen 


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 8

med proppar i øyra, eg åt ein gong om dagen og alltid på ein trattoria like nedanfor huset. Eg endra meg raskt, i veremåte, humør, men også i utsjånad. På universitetet irriterte eg meg ikkje lenger over dei altfor dumme eller altfor intelligente studentane. Ein kollega som eg ofte møtte, og som eg ein sjeldan gong gjekk til sengs med, sa ein kveld ganske overraska at eg var blitt mindre fråverande og meir sjenerøs. På få månader fekk eg tilbake den slanke kroppen eg hadde hatt som ung, eg kjende meg sterkare, og det verka som om tankane igjen hadde det rette tempoet. Ein kveld betrakta eg meg sjølv i spegelen. Eg var førtisju år, om tre månader fylte eg førtiåtte, men ved ein slags magi var mange år fjerna frå kroppen min. Eg veit ikkje om eg likte det, men det overraska meg så absolutt. Det var i denne tilstanden av usedvanleg velvære at eg, då juni kom, fekk lyst til å ta ein ferie. Eg bestemte meg for å dra til sjøen så snart eg var ferdig med eksamensarbeidet og alle dei kjedelege, byråkratiske formalitetane. Eg leitte på internett, eg sjekka foto og prisar. Til slutt leigde eg ei ørlita, ganske rimeleg leilegheit ved den joniske kysten frå midten av juli til slutten av august. Eg klarte likevel ikkje å komme meg av stad før . juli. Køyringa gjekk fint, i ein bil som var fullstappa av bøker som eg måtte ha for å førebu neste skoleår. Det var ein nydeleg dag, den tørre lufta som kom gjennom bilvindauget, var stinn av lukter, eg kjende meg fri og hadde ikkje dårleg samvit over å vere det. Men då eg var halvveges og fylte bensin, blei eg brått engsteleg. Tidlegare hadde eg alltid likt å vere ved havet, men i alle fall dei siste femten åra hadde eg funne det 


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 9

ubehageleg å sole meg, det gjorde meg straks trøytt. Leilegheita kom garantert til å vere stygg, utsikta ikkje meir enn ein blå flekk i det fjerne mellom billige, forfalne lågblokker. Eg kom sikkert ikkje til å få sove på grunn av varmen og den høge musikken frå ein eller annan nattklubb. Resten av køyreturen var eg i litt dårleg humør og tenkte at det hadde vore betre å bli heime, der eg kunne arbeide i fred og ro og puste inn aircondition-luft i ei stille leilegheit. Eg kom fram då sola var på veg ned. Den vesle byen såg fin ut, folk snakka i eit behageleg tonefall, det lukta godt. Eg blei tatt imot av ein eldre, svært høfleg herre med tett, kvitt hår. Han baud meg først på ein kaffi i baren, etterpå signaliserte han med smil og rørsler som ikkje var til å misforstå, at han ville bere all bagasjen for meg, også veska. Fullasta med mine koffertar slepte han seg kortpusta opp trappene til fjerde og siste etasje og sette bagasjen min framfor døra til ei lita loftsleilegheit: soverom, eit ørlite tekjøkken utan vindauge, som førte direkte inn på badet, eit opphaldsrom med store vindauge og ein terrasse som no i tussmørket hadde utsikt mot ein takkete kyst og eit endelaust hav. Mannen heitte Giovanni, han var ikkje eigaren av leilegheita, men ein slags vaktmeister og altmoglegmann. Myntane eg rekte han, ville han ikkje ta imot, tvert imot verka han nesten fornærma, som om eg ikkje hadde forstått reglane for ein korrekt velkomst. Då han gjekk, etter fleire gonger å ha forsikra seg om at alt var slik eg ønskte det, såg eg at det stod ei skål med fersken, plommer, pærer, druer og fiken på bordet i opphaldsrommet. Skåla skein som eit stilleben. 


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 10

Eg tok ein korgstol ut på terrassen og sat der ei lita stund og såg korleis kveldsmørket langsamt senka seg over havet. I mange år hadde feriane vore konsentrerte rundt dei to jentene, og då dei blei større og begynte å dra omkring i verda saman med venner, hadde eg alltid vore heime og venta på at dei skulle komme tilbake. Eg var ikkje berre engsteleg for alle slags katastrofar (farane ved å fly, farane på sjøen, krigar, jordskjelv, tidvassbølgjer), men også for det skjøre kjenslelivet deira, for eventuelle konfliktar med reisekameratar, for sentimentale drama der kjærleiken blei gjengjeld altfor lett eller ikkje blei gjengjeld i det heile tatt. Eg ville vere der viss dei plutseleg trong hjelp, eg var redd dei kunne klandre meg for det eg faktisk var, tankespreidd eller fråverande, fanga av meg sjølv. Nok. Eg reiste meg og gjekk for å dusje. Etterpå blei eg svolten og var tilbake ved fruktskåla. Eg oppdaga at under den vakre overflata var fikenane, pærene, plommene og ferskenane overmodne og ròtne. Eg fann ein kniv og skar vekk store brune bitar, men blei kvalm av lukta og smaken og kasta nesten alt saman i søpla. Eg kunne ha gått ut, eg kunne ha funne ein restaurant, men eg let det vere, eg var trøytt, eg ville sove. På soverommet var det to store vindauge, eg opna dei på vidt gap og slo av lyset. Eg såg at fyret no og då glimta gjennom mørket og lyste opp rommet i nokre sekund. Ein burde aldri komme til ein ukjend plass om kvelden, alt er utflytande, ting blir lett overdrivne. Eg la meg på senga i badekåpa med fuktig hår, stira i taket og venta på den augeblinken då rommet ville bli kvitt av lys; i det fjerne høyrde eg duren av ein kraftig båt


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 11

motor og svak song som minte om mjauing. Eg hadde ikkje faste konturar. Eg vrei meg matt over på sida og kom borti noko som kjendest som ein kjølig gjenstand laga av silkepapir. Eg slo på lyset. På det kritkvite putetrekket såg eg eit insekt som var tre eller fire centimeter langt, og som likna ei stor fluge. Det hadde hinneaktige venger, var mørk brunt, det rørte seg ikkje. Eg sa til meg sjølv: Det er ein sikade som kanskje har sunge slik at buken har sprokke på puta mi. Eg prøvde å skyve den bort med ein flik av badekåpa, den rørte på seg, så stod den stille igjen. Ein hann, ei hoe. Buken til hodyra har ikkje elastiske membranar, ingen song, den er stum. Eg grøssa. Sikaden stikk hòl på oliventreet, den får det til å drype saft ut av borken til mannaasken. Eg løfta varsamt opp puta, bar den bort til vindauget og rista ut insektet. Slik begynte ferien min.

 Dagen etter pakka eg badetøy, handkle, bøker, artiklar og notatbøker i ei veske, sette meg i bilen og drog for å leite etter strand og hav på vegen som snodde seg langs kysten. Etter om lag tjue minutt kom det til syne ein pinjeskog til høgre. Eg såg eit parkeringsskilt og stoppa. Fullasta med ting klatra eg over autovernet og tok fatt på ein sti farga rustraud av pinjenåler. Eg er svært glad i lukta av harpiks, som lita var eg lange somrar på strender som enno ikkje var etne opp av sementen til camorraen. Strendene begynte der pinje


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 12

skogen slutta. Lukta av harpiks er lukta av ferie, av sommarleikar frå barndommen. Ein knekk frå ei tørr pinjekongle, eit dump mot bakken, den mørke fargen på pinjekjernane får meg til å hugse munnen til mor mi som ler mens ho knekker skalet, får ut dei gylne pinjekjernane, gir dei til dei bråkete søstrene mine, som kranglar om kven som skal ha først, og til meg, som ventar stille, eller ho et dei sjølv og blir full av svart støv på leppene og seier for å lære meg å vere mindre sjenert: Der ser du, du får ingenting, du er verre enn ei grøn kongle. Pinjeskogen var tett, med ein samanfiltra underskog, og pinjestammene som hadde vakse seg skeive i vinden, såg ut som dei var på nippet til å falle om, skremde av eitt eller anna som kom frå havet. Eg passa meg for ikkje å snuble over dei glinsande røtene som skar over stien, og eg heldt tilbake gyset over støvete firfisler som smatt ut av solflekkane sine på leit etter ein skjulestad når eg gjekk forbi. Det tok ikkje meir enn om lag fem minutt, så dukka sandvollen og havet opp. Eg gjekk forbi forvridde eukalyptusstammer som vaks rett opp av sanden, var ute på ein gangsti av treplankar mellom takrøyr og oleander og kom fram til eit velhalde strandanlegg. Eg likte staden med ein gong. Det positive inntrykket blei forsterka av den vennlege, mørke mannen bak kassaapparatet og av badevakta, ein ung, tilbakehalden gut utan musklar, høg og tynn i raud genser og kortbukse, som følgde meg til parasollen. Sanden var som kvitt pulver, eg tok eit langt bad i det gjennomsiktige vatnet, eg sola meg. Så sette eg meg i skuggen med 


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 13

bøkene mine og arbeidde konsentrert fram til solnedgang mens eg naut brisen og dei stadige skiftingane i havet. Timane gjekk i ein så roleg blanding av arbeid, dagdraumar og velvære at eg bestemte meg for å dra til den plassen kvar dag. På under ei veke var alt blitt ein fredeleg rutine. Eg likte kneppa frå konglene som opna seg i sola mens eg gjekk gjennom pinjeskogen, dufta av visse grøne blad som likna myrt, remsene av bork som losna frå eukalyptustreet. Eg såg for meg korleis det måtte vere om vinteren, dei frosne pinjene i tåka, kristtornen som fekk raude bær. Mannen i kassa tok imot meg kvar dag med vennlege, gjenkjennande smil. Eg tok ein kaffi ved disken og kjøpte ei flaske vatn. Badevakta, som heitte Gino og ganske sikkert var student, opna straks parasollen og solsenga for meg, så vende han tilbake til stolen sin i skuggen – breie, halvopne lepper, oppmerksame auge – for å streke under med blyant viktige linjer i ei tjukk bok til ein eller annan eksamen. Guten gjorde meg mjuk om hjartet. Vanlegvis duppa eg av når eg låg og tørka i sola, men av og til sov eg ikkje, eg hadde auga berre halvveges igjen og betrakta han med sympati, mens eg passa på at han ikkje merka det. Han verka uroleg, vrei ofte på den rastlause, vakre kroppen, rufsa seg i det kolsvarte håret med handa, gnei seg stadig på haka. Døtrene mine ville ha likt han straks, særleg Marta, som lett forelska seg i dei langlemma, rastlause gutane. Og eg? Kven veit. Det er lenge sidan eg oppdaga at eg har tatt vare på lite av meg sjølv og mykje av døtrene mine. Eg såg på Gino gjennom eit filter, gjennom erfaringa til Marta og 


Den dunkle dottera ferdig_A 21.06.17 08:45 Side 14

Bianca, gjennom smakane og lystene som eg innbilte meg at dei måtte ha. Ungguten las, men det verka som han hadde sensorar som var uavhengige av blikket. Eg rørte meg så vidt for å flytte solsenga inn i skuggen, og han spratt opp og spurde om eg trong hjelp. Eg smilte, rista på hovudet, det var då inga sak å flytte på ei solseng. For meg var det nok å vite at eg var passa på, at eg ikkje hadde fristar eg måtte rekke, eller utfordrande oppgåver eg måtte ta fatt på. Ingen var avhengig av meg lenger, og omsider var eg heller ikkje ei byrde for meg sjølv.




Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Den dunkle dottera by Det Norske Samlaget - Issuu