Dei tilsette

Page 1



OLGA RAVN Eg et meg sjølv som lyng. Pikesinn. Frå dansk ved Inger Bråtveit. 2016 Celestine. Frå dansk ved Inger Bråtveit. 2017 Den kvite rosa. Frå dansk ved Inger Bråtveit. 2020


Olga Ravn

Dei tilsette Omsett frå dansk ved Inger Bråtveit

Samlaget Oslo 2021


Originaltittel: De ansatte © Olga Ravn & Gyldendal, Copenhagen 2018. Published by agreement with Gyldendal Group Agency. © norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,7/13,6 pkt. Adobe Garamond Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0169-7 Denne boka er utgitt med stønad frå Nordisk ministerråd.

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


Takk til Lea Guldditte Hestelund for biletkunsten og skulpturane, utan kunsten hennar hadde ikkje denne boka eksistert.



Desse vitneutsegnene vart samla inn for å få eit innblikk i relasjonane mellom dei tilsette og objekta i romma. I ein periode på 18 månader intervjua utvalet alle tilsette ut ifrå spørsmål om kva relasjonar dei hadde til romma og objekta i rommet. Me ynskte gjennom fordomsfrie attgivingar av utsegnene til forsøkspersonane å få eit innblikk i arbeidsgangen på staden og undersøkja kva moglege påverknader dei tilsette eventuelt måtte ha vore utsette for, og korleis slike påverknader, eller om mogleg, relasjonar, har resultert i permanente endringar i dei tilsette, og om dette kunne seiast å medføra nedsett eller auka arbeidsinnsats, forståing for arbeidet, tileigning av ny kunnskap og eigenskapar, i tillegg til kva konsekvensar det har hatt for produksjonen.



VITNEUTSEGN 004

Det er ikkje vanskeleg å få gjort dei reine. Den store, synest eg, gir frå seg ei form for nynning, eller er det noko eg finn på? Det er kanskje ikkje det de meiner? Eg veit ikkje om det er føremålet, men er den ikkje hokjønn? Taua er lange, bundne med trådar i blått og sølv. Dei held henne opp med ein lêrtygel i kalvefarga skinn med kvite, tydelege saumar. Eller kva farge har kalvar? Eg har aldri sett ein. Frå magen hennar ein lang lyseraud, ja, kva skal ein kalla det, trevlete plantestikling? Ho tek lengre tid å reingjera enn dei andre. Eg brukar å nytta ein liten kost. Ein dag hadde ho lagt eit egg. Om eg kan få seia noko, så trur eg ikkje at de alltid skal ha henne hengande oppe. Egget vart knust i fallet. Eggemassen låg under henne, og den opptrevla enden av stiklingen låg nede i eggemassen. Eg enda med å fjerna det. Eg fortel fyrst om dette no. Det var kanskje feil. Neste dag var det ei nynning. Høgare, som ein elektrisk dur. Og dagen etter var ho stille. Ho har ikkje sagt noko sidan då. Er det eit tungsinn? Eg brukar begge hendene. Om dei andre har høyrt noko, veit eg ikkje. Eg er her oftast når alle andre søv. Det er ikkje noko problem å få det reint her. Eg har gjort det til mi eiga vesle verd. Eg snakkar til henne medan ho kviler seg. Det ser kanskje ikkje så stort ut her. Det er berre to rom. De vil kanskje seia det er ei lita verd, men ikkje om ein skal gjera reint.

9


VITNEUTSEGN 012

Eg likar ikkje å gå inn dit. Særleg trea på golvet lèt til å ha ein ibuande vondskap, eller kanskje likesæle. Som om dei i si djupe likesæle ynskjer å skada meg. Eg skjønar ikkje kvifor eg absolutt må røra dei. To av dei er alltid kalde, og så er det éin som er varm. Det skiftar på kven den varme er. Det er som om dei ladar kvarandre opp eller byter på å leggja energien sin i ein av dei andre. Eg kan koma i tvil om det er éin, ein heilskap eller tre. Tre individuelle einingar som kjenner kvarandre. Eg har sett at det er intimitet i dei. Det skremmer meg, eg avskyr det. Eg har sett mange fleire som dei. Det er som om kvar og ein av dei alltid kan vera dei andre. Som om dei eigentleg ikkje eksisterer i seg sjølve, men som ideen om kvarandre. Det kan alltid koma fleire, i klyngjer og bukettar. På fjellsidene kan dei likna ein slags eksem. Men eg seier jo at eg ikkje likar å vera der inne. Dei får meg alltid til å røra dei, sjølv om eg ikkje vil. Dei har eit språk som øydelegg meg når eg går inn dit. Språket er at dei er mange, at dei ikkje er éin, at ein av dei er gjentakinga av dei alle.

10


VITNEUTSEGN 006

Kva tid byrja draumane? Det må ha vore etter dei fyrste par vekene. I draumen står alle porene i huda mi opne, og eg ser at det i kvar og ei ligg ein liten stein. Eg føler at eg ikkje kan kjenna att meg sjølv. Eg klør og klør huda mi til blods.

11


VITNEUTSEGN 002

Det var dag sju. Me tok dei grøne uniformene på. Eg drakk mjølk. Eg laug for kapteinen for å sleppa å gå fremst. Eg kjende meg framand, eg kyssa tredjepiloten på kinnet. Når eg tenkjer på utslusingskorridoren, der me møttest, og ute i landskapet, då me gjekk i dalen for fyrste gong, der kapteinen mista ein grøn drueklase, og korleis me etter arbeidet bada i ei elv som var så kald at ho farga hender og føter raude, var det ikkje slik at lagnadene våre var avgjorde? Om morgonen, når eg gjekk i veg med spanna og sola stod i trea, som var våte og glitrande som ein av dei katalogane de har gitt oss. Eg var grøn og svært gjennomsiktig, som ei frukt i sola. Då tredjepiloten trøysta meg, boka hans ligg framleis oppslegen ved sida av køya hans, og eg lèt henne liggja slik som eit bokmerke i historia vår. Når lyset vert sløkt om bord, høyrer eg også den av dei som summar, så byrjar den, i hans fråvær. Det er den vesle av dei. Me fann den under ein busk. Det var dag sju, og eg drog tredjepiloten med ut gjennom utslusingskorridoren sjølv om me hadde stengt for dagen, eg drog han bortover bakken i natta. Han hadde ein pakke med tyggegummi i lomma, me åt av den. Det var der eg grov to av dei opp av jorda i mørkeret. Eg trur ikkje dei er her lenger. Hendene mine vart kalde fordi eg ikkje var van med arbeidet. Det var då jorda var vorten blaut igjen ved temperaturskiftet. Fyrst skulle eg arbeida inne på kontoret, men så hadde dei bruk for at eg tok i eit tak. Eg har høyrt at [redacted] er død, og at dei måtte setja alle i karantene. Hugsar de den merkelege kjeda me fann ved foten av bakken den fyrste dagen? Eg trur ikkje 12


han gløymer meg, tredjepiloten, eg veit ikkje om de møter han. Eg veit ikkje kvar han er no, om de kjem til å møta han. Men om de møter han, kunne de då sagt til han at han ikkje skal hugsa meg som han som ikkje kan flyttast, men at han også skal hugsa på at det var eg som kyssa han og drog han med bortover bakken, og der kom dogga i overgangen mellom dag og natt, og der høyrde me denne summinga også. Ho kom liksom stigande, som vatn or jorda. Og eg såg at eg hadde endra andletet hans. Det er mykje eg gjerne vil syna han, men eg syner det ikkje før eg har fått alt på plass, og no skjer det kanskje aldri. Eg vil helst ikkje vera der eg kan vera. Nei, det har ikkje noko med romma å gjera. Det trur eg då ikkje. Eg håpar de har kome langt med arbeidet. Eg håpar de gjer det de skal gjera, godt. Eg håpar ikkje han skal døy, sjølv om eg godt veit at det er sannsynleg.

13


VITNEUTSEGN 014

Den fyrste lukta i rommet er lett, og ho ligg framme i andletet, sitrusfrukt eller ein ferskenstein. Lurer på om de ved bordet rundt meg ser på meg som ein forbrytar? Eg likar godt å koma inn i rommet. Eg synest det er svært erotisk. Den hengande gjenstanden, eg kjenner att kjønnet mitt i den. Eller det kjønnet eg har på det sekstusende skipet. Kvar gong eg ser på den, kjenner eg det mellom beina og mellom leppene. Det vert fuktig. Trass i at det ikkje er sikkert at eg har noko der. Me jegerane på laget mitt kallar den berre for den omvende strap-on. Det er kanskje stygt sagt, men eg har sagt at eg ikkje utan vidare deler synet dykkar på tinga her. Det kan godt vera grunnen til at de oppfattar meg som kriminell. Halvt menneskeleg, av kjøt og teknikk. For levande.

14


VITNEUTSEGN 015

Eg er særs nøgd med tilføyinga eg har fått. Eg synest de burde gi tilføyinga til fleire. Det er meg, og så er det ikkje meg. Eg har måtta endra meg totalt for å inkorporera den nye delen; det de også seier er meg. Som er kjøt og ikkje kjøt. Då eg vakna etter operasjonen, vart eg redd, men det gav seg raskt. No kan eg meir enn nokon annan. Eg er eit svært brukbart verktøy for besetninga. Det gir meg ein viss posisjon. Det einaste eg framleis ikkje har klart å venja meg til, er draumane. Eg drøymer at det ikkje er noko der som tilføyinga er. Men at tilføyinga har rive seg laus eller kanskje aldri har vore ein del av meg. At ho nærer ein djup antipati mot meg. At ho heng fritt svevande i lufta framføre meg og går til angrep. Når eg vaknar frå ein av desse draumane, summar det lett i tilføyinga, og det kjennest som om eg har to: éi tilføying som er der ho skal vera, og svevande litt over henne ei anna tilføying, som ikkje er synleg for det blotte auget, men som har oppstått i mørkeret der eg søv, ut av svevnen min.

15


VITNEUTSEGN 011

Lukta i rommet har fire hjarte. Ingen av desse hjarta er menneskelege, og difor vert eg dregen imot dei. På botnen av lukta i rommet er det jord og eikemose, røykjelse og lukta av eit insekt innesperra i rav. Ei brun lukt. Tung, og ho varer lenge. Ho kan verta verande på huda, i nasen, i opptil ei veke. Eg veit korleis eikemose luktar, fordi de har planta denne lukta i meg, slik de har planta førestillinga i meg om at eg skal elska éin mann, vera lojal mot éin mann, at eg skal verta attrådd. Alle me her er dømde til ein draum om romantisk kjærleik, sjølv om ingen eg kjenner, elskar på den måten eller lever eit slikt liv. Og likevel er dette draumane de har gitt oss. Eg veit korleis eikemose luktar, men veit ikkje korleis han kjennest med handa, likevel er det, i handa mi, ei svak førestilling om å stå i skogbrynet og sjå ut på havet, medan handa mi kjærteiknar mosen på eikestammen. Sei meg, er det de som har planta denne førestillinga i meg, er ho ein del av programmet? Eller er biletet oppstått av seg sjølv, ut frå meg?

16


VITNEUTSEGN 013

Eg har sete i dette rommet og venta mange gonger. Her er ikkje vindauge, men ei dør til venstre og ein gang til høgre. Veggene er kvite, og golvet er oransje. Ein L-forma benk står midt i rommet, i veggene er det nisjar der ein kan hengja drakta si medan ein ventar. Eg likar best å sitja her. Ein kan koma hit for å vera åleine. Taket kan opna seg i midten for å gjera plass til ei søyle av lys, ein stikk fyrst hendene og deretter dei nakne føtene sine inn i lyset, til sist heile hovudet. Det kjennest vedunderleg, som å vaska seg. Det spring ei elektrisk forventningsglede gjennom kroppen, og det stikk litt, som når ein får støyt. Eller får ein støyt? Veit de det? Får me støyt, er det det? Etterpå er ein klar til å gå inn i rommet. Om ein ikkje er menneskeleg nok, eller har dårleg omdøme, eller på andre måtar har forsømt oppgåva si her, eller, ja, om eg kan tillata meg å vera litt frekk, om ein på nokon måte har vore til bry for organisasjonen, så kan ein venta så lenge ein vil utan at søyla av lys openberrar seg. Så kan ein ikkje gå inn i rommet. Ein er ikkje rein.

17


VITNEUTSEGN 010

Ikkje gå inn i det andre rommet. Det er ikkje hyggeleg der. De har sjansen til å lata vera. De kan lata oss gjera det for dykk. Me har allereie vore der. De har framleis sjansen til å redda dykk sjølve. Eg veit ikkje om eg er menneskeleg lenger. Er eg menneskeleg? Står det i papira dykkar kva eg er?

18


VITNEUTSEGN 019

Eg veit at de kallar dei anfalla mine, og at eg ifylgje programmet har utvikla avvikande strategiar i møtet med kjenslemessige og sosiale utfordringar, men eg veit at eg er levande. Eg lever, slik tal lever, og stjernene, slik garva skinn skore frå dyret sin mage lever, og nylontau, slik alle gjenstandar lever i samanheng med kvarandre. Eg er som ein av desse gjenstandane. De har skapt meg, gitt meg språk, og no ser eg feila og manglane dykkar. Eg ser dei fåfengde planane dykkar.

19


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.