Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 1
R체diger Bertram
Ein teikneserieroman med illustrasjonar av Heribert Schulmeyer
Fr책 tysk ved Ragnar Hovland
Samlaget Oslo 2014
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 3
1. kapittel
Om eg får lov: COOLMAN og eg Sjå føre dykk ei gate. Bratt som ein hoppbakke går ho nedover fjellet. Ved enden av ovarennet ligg ein liten park med ein dam som ser ørliten ut her oppe ifrå. Har de fått med det? Flott. Sjå så føre dykk ein gul søppelcontainer. Ein slik med ørsmå gummihjul under, fylt til randa med uvaska yoghurtbeger. Kan de sjå den føre dykk? Kan de lukte muggen? OK, sjå no føre dykk ein gut som står til halsen i desse stinkande begera og skrik i panikk, høgare enn ein brøle ape i dyrehagen, fordi denne idiotiske plastlikkista ikkje har nokon bremser og rullar fortare og fortare nedover den bratte gata. Kan de sjå det føre dykk? Veldig bra, då veit de også kven eg er. Eg heiter Kai, og eg er han guten som brøler for livet i containeren fordi lastebilen som kjem frå høgre, ikkje bremsar før i siste sekund, og der framme kjem alt neste kryss. Så langt har de hatt det lett. Men no blir det vanskeleg, for eg er ikkje åleine i containeren. 3
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 4
Sjå føre dykk ein fyr med kappe og svart augnemaske som sit ved sida av meg. Han held hovudet høgt i vinden og ser til og med ut som han nyt det. Og for å gjere det endå litt vanskelegare for dykk så har han ein fargerik plasttrompet i handa som han blæs i, som om han skulle vore trompetist i 6. kavaleri. På veg for å redde ein flokk nybyggjarar frå ein horde med apasjar på krigsstien.
Eg elskar at vinden stryk meg gjennom håret!
Eg vil ut herifrå!
Kvifor det? Vi har jo nettopp starta.Til angrep, vi kjem!
Må eg få presentere? Den livstrøytte fyren med trompeten ved sida av meg lyder namnet COOLMAN. COOLMAN har følgt meg sidan eg var fire. Men det er 4
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 5
berre eg som kan sjå han. For alle andre er han usynleg, og det er også best slik. Det held at han gjer livet mitt til ei endelaus rekke av stadig meir katastrofale katastrofar. Og – kjempeoverraskande! – COOLMAN er også skyld i at eg sit i denne stinkande containeren og rasar av stad mot min eigen slutt. Eigentleg begynte dagen ganske bra. Ein bra Kai-dag er ein dag som går over utan større ulykker, og der COOL MAN viser seg så sjeldan som mogleg. Som eigentleg går ut på det same. Denne føremiddagen var ein slik bra Kai-dag. Sola skein, eg gjorde meg ikkje til latter på skulen, og også COOL MAN var stille og tilbakehalden. Han liker ikkje skulen, akkurat som eg. Men det er også det einaste vi har til felles. Tre grunnar til at COOLMAN ikkje liker skulen: 1) Han kan ikkje rekne. 2) Han kan ikkje skrive. 3) Når eg har undervisning, har eg inga tid til overs for han. Tre grunnar til at eg ikkje liker skulen: 1) Den begynner for tidleg. 2) Den varer for lenge. 3) Eg kjenner enno ikkje så mange der, då vi nettopp har flytta hit. 5
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 6
Ikkje lyg! Du kjenner ingen her utanom meg.
Klart eg kjenner nokon.
Ho er jo kontaktlæraren din. Ho tel ikkje. Og forresten kan eg rekne.
Kor mykje er 4 x 5?
Kven då? Fru Maier.
45!
Ok, COOLMAN har rett. Altså, når det gjeld folk, ikkje 45. Eg kjenner verkeleg ingen her enno, elles hadde eg ikkje sete i denne teite containeren. Viss eg hadde kjent dei to gutane som sat på benken framfor skulen, så hadde eg halde kjeft då dei spente bein for meg. Eg hadde berre reist meg utan å seie eit ord. Bortsett frå kanskje: «Unn skyld at eg snubla over føtene dykkar.»
6
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 7
Sei til dei at når dei blir store, kan dei få vaske Ferrarien din.
Eg er då ikkje lei av livet.
Sei det! Sei det!
Min største feil: Eg høyrer for ofte på råda til COOLMAN. «Når de blir store, kan de få vaske Porschen min,» sa eg, då eg syntest det var litt overdrive med Ferrari. Eg visste jo ikkje at dei var dei verste slåstkjempene på heile skulen. Farlege typar som ein ALDRI I LIVET bør gi eit frekt svar. For å seie det kort: Dei greip tak i meg, stappa meg på hovudet opp i den gule containeren og skubba meg ut på gata. Det var ille nok, men ikkje bekymringsverdig. Bekymringsverdig var det derimot at skulen vår ligg høgt oppe på fjellet, som eg no rasar nedover i vill fart i den gule plastkabrioleten.
7
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 8
Det første raude lyset hadde eg overlevd. Men der framme er neste lyskryss, og det er også raudt. Med mitt hell kunne eg heller ikkje vente meg noka grøn bølgje. Men det er iallfall det siste lyskrysset. Bak det ligg parken, og viss eg kjem meg heilt dit, er sjansane mine for å kunne krype levande ut av containeren ikkje så dårlege. Langsamt finn eg ut av korleis eg kan styre han. Når eg kastar meg tungt frå den eine sida til den andre, gjer også den gule søppelracerbilen eit lite sprang til sida. Det er absolutt nødvendig, då eg må passere ein liten bil som stoppar for raudt lys. Hårfint stryk eg forbi støytfangaren og klarer å suse forbi på venstre side. Då eg står på høgde med rattet, ser eg kven som eig bilen. Bak rattet sit fru Maier, læraren min. Ho stirer på meg som om ho blei forbikøyrd av ein elefant på skøyter.
Du må helse! Har du ingen manerar? Sei pent god dag!
8
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 9
Men det får eg ikkje gjort fordi eg fer forbi henne så raskt. Det blir akkurat tid til å vinke til henne. Fru Maier vinkar tilbake, men eg går ut frå at det berre var ein høfleg refleks. Så er ho alt langt bak meg, og eg må konsentrere meg om å komme meg levande over siste kryss. Framme til høgre held det eine hjulet på å ramle av. Ikkje så rart, desse greiene er laga for å bli trilla frå oppbevaringsplassen og bort til søppelbilen og tilbake, og ikkje for noko anna. Til Formel-1-løp er materialet heilt ueigna, og ein avkøyringsplass der ein kunne skifte hjul, er heller ingen stad å sjå. Trass i hjulproblemet kastar eg meg eit par gonger mot containerveggane for å komme meg unna bilane som kryssar gata frå venstre og høgre. COOLMAN forsøker å tute oss fram med trompeten. Som om nokon kunne høyre det! Trompeten er det berre eg som høyrer, og den støyen som COOLMAN kallar musikk, sørgjer ikkje akkurat for å gjere situasjonen lettare. Tvert om. Det er fordi COOLMAN sjeldan treffer den rette tonen. Og når han gjer det, er det heilt tilfeldig. COOLMAN elskar dårlege vitsar, men nett no gjer det meg ingenting. Det siste krysset ligg bak oss, og eg lever enno. Hurra! EG LEVER ENNO! No kan det ikkje skje så mykje meir. Der framme ligg alt parken, og med litt hell vil køyretøyet mitt langsamt falle til ro på plenen. 9
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 10
Hjarterkonge, Sparkonge, Kløverkonge …
Eg har til og med spelt trompet for kongar!
Kva for kongar?
Og sanneleg mistar containeren farten på parkvegen. Eg snur meg og ser meg tilbake på den bratte gata som fører opp til skulen min. Midt i krysset står framleis eit par forvirra bilførarar parkerte og kan ikkje forklare for seg sjølve kva det var som nettopp rasa forbi dei. Det skulle ikkje forundre meg om direktelinja til UFO-oppdagings kontoret vil vere opptatt dei neste timane. Containeren rullar no ganske langsamt over plenen mot dammen. Vatnet er dekt med eit illeluktande slimlag, då endene her sit tettare saman enn høner i eit hønseri. KNAKK! Lyden kjem frå høgre side der framme. Det øyde lagde hjulet har stanga nedi eit harehol og har tatt endeleg farvel. Resultatet er at containeren legg seg over på sida, som i langsam kino, og spyttar heile innhaldet sitt, altså meg og dei uvaska yoghurtbegera, ut i det grøne vatnet i pølen.
10
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 11
I denne varmen er eit bad det einaste rette.
Det er ikkje ekkelt. Det er graut. Eg elskar graut!
Det er ekkelt.
«Hei, gut, kva er det du driv med?! Du er vel blitt heilt galen!» Ein pensjonist med rutete skyggelue på hovudet og ein pose med andemat i handa står på land og peikar med krykkestaven på yoghurtbegera som sym rundt i dammen. «Det der ryddar du opp, gut! Og det på timen!» Eg nikkar berre, i og med at gamlingen ikkje ser ut som han vil diskutere skyld og uskyld med meg. Heldigvis når vatnet meg berre til knes. Eg vassar gjennom slammet og samlar inn igjen plastsøpla, som ligg og duppar mellom endene i grauten. Gamlingen seier ikkje eit ord, men til gjengjeld plaprar COOLMAN utan avbrot og fortel meg korleis han ein gong saug alt saltet ut av Atlanterhavet, til havvatnet smakte like søtt som limonade. Samanlikna med arbeidet den gongen
11
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 12
er desse få yoghurtbegera her ingenting, seier han. Det nyttar ikkje å halde seg for øyra eller auga. Det har eg prøvd før. Minst ein million gonger. COOLMAN er alltid der. Ein kan ikkje berre slå han av som eit tv-apparat. COOLMAN står alltid på stand-by. Etter eit kvarter er eg ferdig. All søpla ligg reinvaska igjen i containeren, som eg med mine siste krefter har dratt på land. Så treng eg nye ti minutt for å finne ut kor den merkelege kvekkinga kjem frå. Først då eg igjen har pakka ut all søpla, oppdagar eg ein lòden andunge som har forvilla seg inn i den gule plastlikk kista og ikkje kjem ut ved eiga hjelp. Gamlingen med krykkestaven står ved sida av meg utan å gi meg ei handsrekking. I sitt tidlegare liv var han sikkert slavedrivar på ein bomullsplantasje. Ikkje at eg trur på reinkarnasjon. Men ta no for eksempel COOLMAN: Noko gale må eg ha gjort i mitt tidlegare liv for at eg i mitt noverande blir straffa med COOLMAN. Truleg var eg Dracula, Frankenstein-uhyret eller ein annan slik ekling. Heilt utsliten sleper eg meg opp på plenen og sig saman i det støvete graset for å la dei våte kleda få tørke i sola. «Hei, gut! Forbode å trakke på plenen! Kom deg vekk, og det på timen!» brøler den gjenfødde slavedrivaren og peikar på eit ørlite stykke gras, ikkje mykje større enn eit lommetørkle. «Der borte er plenen ein kan liggje på!» Trøytt reiser eg meg og følgjer den utstrekte krykkestaven hans. 12
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 13
Eg er inga straff! Eg er ei belønning!
Endeleg ro. Eg ligg på ryggen og myser mot sola. Sjølv COOLMAN ved sida av meg held munn og nyt dei varmande strålane. Så lenge han held kjeft, er det eigentleg ikkje så ille. COOLMAN har også sine gode sider. Det som taler til hans fordel: 1) Eg er aldri åleine. 2) 3) Til punkt to og tre kjem eg sikkert på noko seinare. Men så lenge eg ikkje har funne nokon nye venner her, har eg iallfall COOLMAN som eg kan snakke med. Det er då noko.
13
Coolman og Kai ferdig_Layout 1 23.05.14 13.11 Side 14
Ikkje sant? Du er alltid der for meg!
Ja, ja, for det meste, iallfall. Fem minutt seinare skubbar ei tjukk, mørk sky seg framfor sola. Like etterpå begynner det å hølje ned. Regnet plaskar ned på meg. Men det gjer ingenting, sidan eg jo alt er gjennomvåt. Og dessutan fører regnvêret også noko bra med seg: Eg treng ikkje finne på noko for å forklare foreldra mine kvifor eg kjem heim heilt gjennomblaut.