Skip to main content

Bomulv

Page 1

Njord Svendsen og Akin Duzakin

Samlaget Oslo 2016

M_Bomulv.indd 5

09/03/16 10.12


– Få sjå musklane dine! ropte den minste ulven i flokken, han med den største kjeften. – Eg er opptatt med noko, sa Bomulv og prøvde å kome på noko å bli opptatt med. – Han har musklar av bomull! gaula Storkjeften og myste mot Bomulv. Dei andre småulvane lo håst, gliste og viste dei spisse og glinsande tennene sine. Kvar gong dei lo, kjente Bomulv seg meir einsam. Som om det var natt i hjartet.

M_Bomulv.indd 6

09/03/16 10.12


M_Bomulv.indd 7

09/03/16 10.12


M_Bomulv.indd 8

09/03/16 10.12


– Konkurranse! skrålte Storkjeften og skubba seg forbi Bomulv. Storkjeften stilte seg opp og ulte som kuling. – Din tur, sa han og sikta snuten mot Bomulv. Bomulv ville ikkje, fekk ikkje puste skikkeleg, men det var uråd å sleppe unna. Bomulv tok i, med alle krefter, og ut kom: Ingenting. Halsen var liksom tett. Storkjeften lo, og straks lo dei andre småulvane med, som på signal. Hånlatteren gjorde vondt i magen. Bomulv tusla mot skogkanten, bort frå dei andre. – Du er ikkje ekte, du er ikkje som oss, ropte Storkjeften etter han. Om eg berre kunne reise, tenkte Bomulv. Om eg kunne forsvinne inn i den store skogen, og kome ut igjen ein heilt annan stad.

M_Bomulv.indd 9

09/03/16 10.12


M_Bomulv.indd 10

09/03/16 10.12


– Korleis ser det ut på den andre sida av skogen? Bomulv spurde Storefar, sjefen i flokken. – Der er det berre menneske, sa Storefar. – Kva er menneske? sa Bomulv. – Menneske er monster på to bein, sa Storefar. – Men kvar er dei andre ulveflokkane, då? spurde Bomulv. – Dei er ikkje meir. Menneske drap dei, sa Storefar. Bomulv kunne nesten ikkje tru det han høyrde. For han visste at dersom ingen får møte nokon frå ein annan flokk å pare seg med, blir ingen nye ulvar fødde. Då blir alle borte! – Finst det verkeleg ingen andre flokkar? Ingen andre flokkar med nokon som meg? sa Bomulv. – Vi er dei siste ulvane. Du må finne din plass her, sa Storefar. – Ja, sa Bomulv, men eit stort NEI runga inni han. Bomulv lengta bort, som hundre trekkfuglar om hausten. Berre eg kan finne ut korleis det ser ut der, tenkte han. Berre eg kan finne ut om det finst nokon som meg. Bomulv sovna, og då han vakna, hadde han éin tanke i hovudet: Her kan eg ikkje bli. Og skogen knirka med bresteklare knoppar. Og han lista seg bort frå flokken.

M_Bomulv.indd 11

09/03/16 10.12


Bomulv sprang. Bomulv var redd. Bomulv var heilt einsam. Men eg er ikkje meir einsam enn eg var heime, tenkte Bomulv. Derfor sprang han, lenger og lenger, inn i den mørke skogen.

M_Bomulv.indd 12

09/03/16 10.13


M_Bomulv.indd 13

09/03/16 10.13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Bomulv by Det Norske Samlaget - Issuu