HELLE BERG LEIREN OG MAJE KJOSBAKKEN
AmKed H ELLE
B
Samlaget • Oslo 2026
INNHALD Hei! 5 Bakemesterskapet junior 8 Slik brukar du boka 14
BOLLAR OG BRØD 20 Kveitebollar 23 Kanelknutar 27 Scones 31
KAKER 68 Brownies med salt karamell 70 Bursdagskake 74 17. mai-kake 79 Pavlova 82 Ostekake med jordbærkant 87 Sommarfuglrullekake 90 Draumekaka 96
Rundstykke 34 Focaccia 39 Bananbrød 43
SØTT OG SMÅTT 46 Cookies 49 Cupcakes 53 Red velvet-minikaker 57
BAKEKNEP 103 Knyting av kanelknutar 104 Sprøyteteknikk 106 Smørkrem i fleire fargar 108 Sitronkrem 110 Salt karamellsaus 112 Vaniljekrem 114
Makronar 60 Kongledessert 65
Draumar til heving 117
BAKEMESTERSKAPET JUNIOR Du kjenner meg kanskje aller best som Helle frå Bakemesterskapet junior. Det synest eg er veldig stas, og no tenkte eg å fortelje litt om korleis det faktisk var å vere med på TV – og korleis det gjekk til at eg hamna der: For nokre år sidan oppdaga eg at NRK skulle lage bakemeisterskap for barn. «Det vil eg vere med på!» var det første eg tenkte. På denne tida baka eg mest muffins og scones, og eg følte meg klar for å vere med i ein bakekonkurranse. Det var over 500 barn som søkte om å vere med, men berre åtte fekk delta. Sjølv om eg faktisk kom ganske langt i utveljinga, kom eg ikkje med i første sesong av Bakemesterskapet junior. Eg var skuffa, men samstundes tenkte eg at berre fordi eg ikkje kom med denne gongen, betydde ikkje det at eg aldri kom til å få vere med. Så eg bestemte meg for å øve meir.
8
Etter det baka eg ikkje berre muffins og scones. Eg begynte å prøve meg på større og meir utfordrande kaker. Eg øvde mykje, og då tida var inne for utveljing av deltakarar til sesong 2, var eg klar. Denne gongen var det nesten 700 barn som søkte, men all baketreninga hadde gjort susen, og eg blei vald ut som ein av deltakarane. Det blei ikkje mindre øving og baking fram mot innspelinga. For å gjere meg mest mogleg klar for konkurransen og det å skulle vere med på TV lét søstera mi som om ho var programleiar og bak kamera. Medan eg baka på tid, filma ho med mobilen og stilte meg spørsmål. Det var veldig gøy.
9
SLIK BRUKAR DU BOKA Bakeboka mi har fire kapittel. I det første kapittelet, «Bollar og brød», finn du oppskrifter på bakst som passar perfekt til kvardagskos. Her finn du mellom anna bollar, rundstykke og bananbrød – bakverk som minner meg om mange gode stunder med familien. I det andre kapittelet, «Søtt og smått», har eg samla nokre av mine favoritt oppskrifter på småkaker og søtsaker. Her finn du alt frå cupcakes og cookies til red velvet-minikakene vi laga på Bakemesterskapet junior. Desse oppskriftene passar det ekstra godt å lage og dele med vennar. I det tredje kapittelet, «Kaker», finn du oppskrifter på kaker som passar til fest og feiring, som 17. mai, bursdagar og jul. Men dersom du er litt som eg, kan du finne på å bake desse kakene ein heilt vanleg tysdag ettermiddag. Det finst jo alltid noko å feire! I det fjerde og siste kapittelet, «Bakeknep», forklarer og viser eg ulike teknikkar steg for steg. Desse triksa kan gjere bakinga endå meir spennande og resultata endå meir imponerande. Her kan du lære alt frå å knyte kanelbollar til å lage sitronkrem.
KVA BETYR TEIKNA? I kvar oppskrift vil du finne desse teikna. Her er det dei betyr: Slikkepottane viser kor vanskeleg oppskrifta er. Men ikkje ver redd – eg trur at absolutt alle kan klare alle oppskriftene i boka! Nokre oppskrifter treng du berre litt lengre tid på, og kanskje krev dei eit par ekstra forsøk. lett
middels
viser kva temperatur du skal setje omnen på når du startar å bake
14
vanskeleg viser kor mange porsjonar oppskrifta gir
KVA BETYR FORKORTINGANE? I oppskriftene brukar eg forkortingar for måla av dei ulike ingrediensane. Dette er dei ulike mengdemåla: g – gram kg – kilogram dl – desiliter ts – teskei
ss – spiseskei pk. – pakke cm – centimeter
15
TIPS
OM DU VIL LAGE DIN EIGEN SCONESVARIANT, KAN DU TIL DØMES TILSETJE SJOKOLADEBITAR, TØRKA FRUKT ELLER OSTEBITAR I DEIGEN.
32
Vanskegrad
220 grader
10 scones
DU TRENG
FRAMGANGSMÅTE
5 1/2 dl kveitemjøl 3 ts bakepulver 1/2 ts salt 100 g kaldt smør 1 egg 1 1/2 dl mjølk 1 ss rømme 1 ss honning 1 egg til pensling
1 Bland kveitemjøl, bakepulver og salt i ein bolle. Hald igjen
litt av mjølet.
2 Del kaldt smør opp i bitar og ha det i bollen. Bruk fingrane
til å klemme smøret inn i dei tørre ingrediensane, til du får ein smulete masse.
3 Visp egg, mjølk, honning og rømme lett saman i ein eigen
bolle.
4 Ha dei samanpiska ingrediensane oppi bollen med den
smulete massen. Rør saman med ei tresleiv til alt så vidt er blanda saman til ein deig. Ikkje rør meir enn du må. Om du rører for mykje, kan du få seige og tørre scones.
5 Strø eit jamt lag mjøl på kjøkenbenken, og velt deigen ut av
bollen og oppå mjølet. Strø litt mjøl jamt oppå deigen også.
6 Kjevle ut deigen til han er om lag 2 cm tjukk. I staden for
å kjevle kan du òg bruke hendene til å trykkje ut deigen.
7 Finn eit glas og form scones ved å trykkje ut sirklar i deigen.
Legg sconesane på eit steikebrett med bakepapir.
8 Pisk saman eit egg og pensle sconesane med eit tynt lag egg. 9 Steik dei midt i omnen på 220 grader i 12–15 minutt. 10 Avkjøl sconesane på ei rist.
33
42
D Ø R B N A N BA OR Å STUDERE, TTA HEIMAFRÅ F Y L F N I M R O FØR BR ØDET NESTEN KVAR TTE BANANBR LAGA HAN DE EILE FAMILIEN SEG I SOFAEN, LD. DÅ SAMLA H SØNDAGSKVE DEN FERSKE BAKSTEN. OSS SAMAN MED OG VI KOSA DET LENGE SIDAN NO, ER SJØLV OM DET ER AR VELDIG GODT. EIT MINNE EG HUGS
43
DU TRENG Vanskegrad 180 grader 1 stort eller 2 små brød
2 egg 4 dl sukker 2 modne bananar 2 dl smelta smør 8 ss mjølk 6 dl kveitemjøl 2 ts bakepulver 1 ts natron 2 ts vaniljesukker
FRAMGANGSMÅTE 1 Bruk ein handmiksar
eller ei kjøkenmaskin og pisk egg og sukker til det blir eggedosis.
2 Ta bananane på ein flat
tallerken og mos dei med ein gaffel. Bruk ein slikkepott og bland bananmosen inn i eggedosisen.
3 Smelt smør i ein liten kjele og
ha det oppi røra.
4 Tilset mjølk, kveitemjøl, bake
pulver, natron og vaniljesukker, og rør alt saman.
TIPS
DET ER LURT Å BRUKE DEI BRUNASTE BANANANE DU FINN. JO BRUNARE DEI ER, JO SØTARE ER DEI.
44
5 Bruk ein pensel og smør ei brød-
form med smelta smør, eller kle forma med eit bakepapir. Hell røra over i brødforma.
6 Steik brødet midt i omnen på
180 grader i 45–60 minutt.
TIPS
NÅR BRØDET HAR KJØLNA, KAN DU DRYSSE PÅ EIT LAG MED MELIS VED HJELP AV EIN TESIL FOR Å GJERE DET LITT EKSTRA FINT.
45
56
T E V L E V D RE MINIKAKER E FLØYELSKAKER OG VAR DEN ALLER ENE ER SMÅ RAUD FØRSTE DESSE MINIKAK TAKARANE OG EG FEKK I BAKEMESTERSK L E D E R D N A I E APET AD UTFORDRING DDE EG VERKEN BAKA ELLER SMAKT A H T E T K N U P S D I T T JUNIOR. PÅ DE , MEN DET VISTE SEG Å VERE BÅDE EI VELDIG FIN RED VELVET-KAKE EG GOD KAKE. DERFOR BAKA EG 20 AV DEI T OG IKKJE MINST SKIKKEL IL JESTANE FEKK KVAR SI KAKE G E L L A T A K I L S , N I M N E G A D S R SOM 12-Å E MED OSTEKREM OG ULIKE TYPAR KAKE R E R O K E D E N N U K PYNT DEI OG STRØSSEL. VENNANE MINE SYNTEST DET VAR VELDIG GØ Y SOM IKKJE VAR SÅ VANDE MED Å BAKE – TIL OG MED DEI .
57