Aude så rørsle kan synast

Page 1



Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:14 Side 1

Juliane Rui

Aude så rørsle kan synast Dikt

Samlaget Oslo 2017

1


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:14 Side 2


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 3


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 4


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 5

Eg vaknar eg har ikkje vakna om vinteren før eg har høyrt om han forstår at dette er snø men det er første gong eg ser det

5


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 6

gardsvegen blir dekt av snø ei smal kvit stripe mellom markene framleis haustlege langstrekte eg er ein pendel utan rørsle noko må kome borti meg ytst på trappa blæs vinden ein lyd i jakka

6


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 7

krystallane på rekkverket ein centimeterhøg skog målt med litlefingeren eg veit kor lang han er brukar han når eg kjem over sporteikn og er usikker nebbet til ein kråkefugl i lyngen avtrykk etter potar gjennom snø observasjonane svalnar tanken

7


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 8

einskilde snøflak mot augehinnene pusten ut av halsen klar tørr snøflaka forsvinn mot meg mot det eg er som når dei treffer bakken eller ein bjørkestamme

8


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 9

Frosne steinar i vatnet har dei vakse mjuke bogar endar i ein krapp spiss det såg annleis ut på skjeret tidlegare er det selar eg ser etter rørsle frostrøyk frå ein munn der ute råka i isen ei bleik strime sjøfuglane lettar frå når det mørknar pulsen deira fjerne slag endringane i naturen fråværet av artar venger høgt over meg knutar av lys

9


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 10

Spermkvalen ligg att når sjøen trekker seg tilbake fjøresteinane glatte av feittet ut rivnene i kroppen luft mot ryggvirvlane blåseholet søkkt ned i kjøtet høyrer berre pusten til kjærasten min og frå langt ute i sjøen varselrop frå måker lyd spreier seg framover i sirklar

10


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 11

Sola skin langt borte frå auga mine eg har venta ser mot kløfta i fjellet huda berr i andletet stansar strålane går i eitt med dei lyset nærer cellene lukka inn i meg blir det varme ein umetteleg natur omgir knoklane

11


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 12

Bakteriane hjelpsame beskytta av kroppsvarme bind dei næring eg pustar inn i jakkeermet etter varme møter min eigen pust handa på magen vernar ved å kvile der tida ein jamn straum av oksygen byttedyret frose ned ugla tiner det med kroppen sin ho kan høyre ei mus røre seg under snøen

12


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 13

Ei gaupe står i åkeren den tenkte grensa eg gjer ei rørsle ho flyttar seg lenger bort eg følgjer etter da blir ho berre spor dei stille skritta i djupsnøen eg tråkkar over dei det ser ut som berre eit menneske har vore ute

13


Aude så rørsle ferdig_a 06.04.17 14:15 Side 14

Oljeflekken mindre enn eit brystdun fjernar feittlaget i fjøra det kalde vatnet rett på huda lomen klemt i isen hakk frå nebbet i isen stille koloss ingenting skaper seg sjølv men vekst er eit skjold

14


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.