Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 1
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 3
Atle Hansen
Apetryne Roman
Samlaget Oslo 2017
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 5
EG TRUR DET er mor til Simon
som seier at dei skal be meg med på telttur. Eg møter henne då eg syklar att og fram på vegen mellom husa våre. – Er du heilt aleine, Arne? spør ho. Eg nikkar med hovudet og kjenner ein klump i brystet. – Er det ingen du kan vera med? spør ho. Eg svarar henne ikkje, men snur og syklar heim. Eg går opp på rommet mitt og finn fram ei av bøkene eg har lånt på biblioteket, men får ikkje med meg verken handling eller ord.
5
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 6
Eg ligg berre stille på senga og ser på sidene og håpar nokon vil spørja kor eg var. Det bankar på døra. Mamma kjem inn. – Du har fått besøk, seier ho. – Simon og Ivar er her. Dei står ved hageporten. – Blir du med oss på telttur? spør Simon. – Ivar har telt med. Me har sett det opp inne i skogen. – Sjå her! seier Ivar og tek fram mobiltelefonen. Han viser meg eit bilde av eit telt med nokre tre bak og sjøen like ved. – Det er god plass til alle tre, seier Ivar. – I kveld skal me spidda pølser. Eg har invitert Anna og nokre andre jenter òg, seier Simon oppglødd.
6
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 7
TELTET STÅR PÅ ei slette i skogen
mellom høge tre og tette buskar. Me er gøymde for alle her. Det er berre oss. – Dette blir gøy, seier Simon og kastar seg flat på teltgolvet. – Kom inn du òg, Arne, seier han. Eg rullar soveposen ut og legg meg ved sida av Simon. Alt er bra. Me ler og preikar, og Ivar fortel om ting dei finn på i byen han bur i, og viser bilde og filmar han har på mobilen. Simon har vore der og kjenner dei han snakkar om. Eg har aldri vore så langt, 7
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 8
men ler saman med dei av alt det løgne Ivar fortel og viser. Alt er fint. Eg har ingen filmar å visa eller rare historier eg har opplevd. Eg har ikkje eingong den gamle mobilen min med. Eg fortel i staden om apekattane eg såg på fjernsyn, og hermar etter lydane og rørslene deira. Simon ler. Ivar ler òg. Alt er fint lenge.
8
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 9
JENTENE KJEM.
Dei er fire stykke. Tre av dei går eg i klasse med. Den fjerde er Anna. Ho òg er på sommarferie, nett som Ivar. Ho er den finaste jenta eg veit om. Simon òg liker Anna. Han er forelska i henne. Det har han fortalt meg sjølv. Eg har aldri vore forelska. Eg veit ikkje korleis forelska er. Me lagar bål og spiddar pølser. Anna sit attmed Simon. Ivar sit med dei andre jentene. Eg sit for meg sjølv. Ivar byrjar å fortelja dei same historiene 9
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 10
som han fortalde tidlegare, og viser dei same filmane. Alle ser på han. Alle ler av han. Alle utanom Anna. Ho er heilt alvorleg og ser inn i bålet medan Ivar fortel. Eg vil at Anna òg skal le. Eg vil at ho skal sjå meg. Difor fortel eg om apekattane enno ein gong. Difor lagar eg apelydar og prøver å herma etter dei. No ler alle. Anna òg. Ho ser på meg og ler og klappar i hendene.
10
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 11
SIMON LER IKKJE,
i staden byrjar han å herma etter meg. Han prøver seg på apelydar, han òg. Han får det ikkje til. Han merkar det sjølv. Ingen ler. Ikkje Anna heller. – Kan du ikkje gjera det ein gong til, Arne, spør Ivar. – Simon kan det ikkje. Det er du som kan det. Eg gjer som han seier. Eg gjer det for Anna, for at ho skal le, for at ho skal sjå meg.
11
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 12
Ivar finn fram mobiltelefonen sin. Han held mobilen heilt opp til ansiktet mitt og filmar meg. Eg ber han stoppa. Eg liker det ikkje. Eg snur meg vekk. Ingen ler lenger. Eg seier at han ikkje må visa filmen til nokon. – Nei då, seier han. Sjølvsagt skal han ikkje visa han til andre. – Du treng ikkje herma etter apene, Arne! seier Simon. – Du ser ut som ein apekatt, ein liten feit, stygg apekatt. Ivar byrjar å le høgt. Han hoppar rundt bålet som ei ape medan han peikar på meg. – Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger!
12
Apetryne ferdig_a 08.05.17 10:38 Side 13
Eg reiser meg sakte opp. Eg græt ikkje. Eg seier ikkje noko. Eg berre reiser meg og går. Heim. Eg burde visst betre. Ivar har einerett på latter. Simon har einerett på Anna.
13