Alt skal ut

Page 1



Jon Hjørnevik

Alt skal ut Dikt

Det Norske Samlaget Oslo 2015



Innhald

INNHALD

I ein sofa frå Korea – dikt i utsal

s.

7

Den vanskelege andreboka

s.

79

Shortsen til far min

s. 153

Mor mi står i glaset

s. 233

Flukta frå rekkehuset

s. 305

Heimekontor i gravferda

s. 421



Jon Hjørnevik

I ein sofa frå Korea – dikt i utsal


Design: Kine Røst Omslagsfoto: Frøydis Geithus og Ine Syversen Foto: Einar Loftesnes: s. 23, 39, 42, 43, 56 Frøydis Geithus og Ine Syversen: s. 45 Forfattaren sjølv: s. 9 Mor til forfattaren: s. 11, 16, 24, 30, 41, 62, 70 72, 73 Far til forfattaren: s. 14 Slektsbilete: s. 53, 66 Teikningar: Forfattaren sjølv


Innhald Mellom homsar og hyller 12

Heiter hylla di Ivar?

13

Ein happy homo

14

Undring på eit kontor

15

Homo future – the choice of the last generation

16

Siste dans med ein trans

18

Oslo for alle

20

Velkommen til landet vårt

22

Verdsborgar i ein sofakrok

Klage og bønn frå det svake kjønn 24

Modellbygging

25

Trøst i ein saldo

26

Mann i kjærleikssorg

27

Sjekking

28

Mann møter vår

30

Draum i rus

32

Det mislikte diktet

Menn og marginar 35

Ekstremsport

36

Rekorden min

37

Den perfekte for meg

38

Talentet Curly

39

Kjensler for hest


Innhald

40

Berre eit sjølvmål

42

Spisskompetanse

43

Det er vår

Famling og familie 44

Livet er ein fast!

45

Kvinnedagen

46

Snart heim

48

Ei rekkje store historiske hendingar verda i større og mindre grad kunne vore forutan

50

Samlivskalenderen

52

Leveregel

Jenter, mas, tanter og fjas 53

Hittegodslyrikk

53

Filofaxen min

54

Jenter i dikt

54

Jenter i dikt

56

Motorelskov

57

Slektserotikk

58

Pusen min

59

Litt litteratur


Innhald

Oppvekst og utvekst 60

Mor Grimseth les frukostblandingslyrikk med ukjent innhald

62

Morgonstemning

62

Den første kvinna i mitt liv

64

Festskrift til kondomen

66

Fine minne frå ein oppvekst

67

Tårer frå ein barnefot

68

Krisesenteret for dikt

69

Mus og hår i den mangfaldige verda vår

Himmel, hav og helvete 71

Naken kaptein

72

Sjekk lasta di, kaptein!

74

Kalle Dykkarens song

76

Kvifor vart eg aldri surfargut?


12 Mellom homsar og hyller

Heiter

hylla di

Ivar?

Eg har ei hylle som heiter Ivar Eg har eit bord som heiter Kjell, mens sofaen eg ligg i, den heiter Isabell.

Eg har ei lampe som heiter Tommy, og nattbordet Jonatann, senga eg søv søtt i, den heiter Mimiann.

Eg ynkar, stønner og ber meg, eg er ein einsleg vilter ramn som hoppar til sengs med ei seng, ei seng som har damenamn.

Eg rullar meg rundt i dynene på Mimianns mjuke laken gnir eg meg inntil ho, men berre eg er naken.

Men så får eg ein kniv i ryggen, så drepande og kvass, for eg gløymde at det eg ligg på, er Frode Overmadrass.


Mellom homsar og hyller 13

Ein

happy homo

Eg heiter Fredrik, han heiter Bjarne, Bjarne valde meg framfor Geir Arne.


14 Mellom homsar og hyller

Undring på eit kontor Kven delte eg natt med, på mitt eige kontor, eg minnest deg vagt, var det fire du fòr? Eg trur det var kjekt, eg trur me drakk vin, – og kva gjer eg naken i kontorstolen min?

Eg trur du var flott, men det er berre sånn at eg går her og lurar, var du mørk eller blond? Sov du her litt, kor var det du låg, – eg undrar no berre, var du naken du òg?

Så lurar eg på, vart det meir enn litt klin, var eg øm, var eg god eller var eg eit svin, Kva var det i grunnen me gjorde i lag, – for det luktar litt rart på kontoret i dag?

Eg lurar og lurar, ja det går litt i ring, og i sanninga minnest eg slett ingenting. Kor er bukse og jakke, har du sett mine sko, – eg undrar no berre, var du han eller ho?


Mellom homsar og hyller 15

Homo future – the choice of the last generation I framtida kan nok ein barndom bli rar, når barnesinn lurar på bestefar.

Ein gut sit på fanget, og spør når det var, når var det det var du bestefar møtte bestefar?


16 Mellom homsar og hyller

dans med ein trans Siste

På ein søvnig Bangkok bar står ein einsleg vossing att, eg er ingen Lucky Luke, eg er nattas attpåklatt.

Baren stenger, vi går heim, vi er kvinnelause menn som no er utan håp, og ruslar tomhendt heim igjen.

Men i ei Bangkokgate, i eit busskur ser eg han, mot meg kjem ei kvinne, som ein gong var ein mann.

Det var Bangkok, det var Kho San Road, og ein frå Voss byr opp til dans, i eit busskur, under neonlys, med ein villig thailandsk trans.

Det er min første date, med det eg kallar trans, vi dansar nokså tett, eg kjenner varmen hans.


Mellom homsar og hyller 17

Eg trur transen likar meg, ho tek hardt om mine lår, kan eg lika at han klår? Det er kanskje best eg går.

På trynet i eit skur, det er dit eg skubbar han, no dansar transen trinn som ingen andre kan.

Ja, det var Bangkok, det var Kho San Road, og ein frå Voss fekk siste dans, i eit busskur, under neonlys, med ein villig thailandsk trans.

Dagen etter vaknar eg, eg ser ut og sola skin, eg pustar letta ut, ingen trans på armen min.

Der ute står eit skur, og i det ligg ein trans, eg vinkar bort til han som ein takk for siste dans.


18 Mellom homsar og hyller

Oslo for

alle

Oslo er for alle, Oslo har alltid vore bra, heilt sidan den gongen, Oslo heitte Kristiania.

Oslo for sm책ting, Oslo for Storting. Oslo for alt, og ingenting.


Mellom homsar og hyller 19

Oslo for Blitz, Oslo for monarken, Oslo for han, som sit og skjelv nedi parken.

Oslo for pengar, både svarte og kvite, Oslo for dei, som tener for lite.

Oslo for bygdefolk og andre framandkulturelle, Oslo for deg, med piercing i stellet.

Oslo for dei kule, Oslo for dei grå, om du vil ha ecstasy eller brunost på.

Oslo for Bislett, Oslo for trikken, Oslo for kjønnsoperasjon på den private klinikken.

Oslo for lesber, Oslo for homofil, Oslo for deg, som er litt i tvil.


20 Mellom homsar og hyller

Velkommen til landet vårt Umbele Kontiki, ein mørkhuda gut, kom til Gardermoen, han såg usikker ut.

Umbele Kontiki, ein framand profet med slørete blikk og ein analfabet.


Mellom homsar og hyller 21

Umbele Kontiki frĂĽ Afrikas land vart lett plukka ut av ein tenestemann.

Umbele vart ført til eit heilt eige rom, eit hemmeleg rom nesten ingen veit om.

Tenestemannen var høfleg og snill, han ba Umbele ta av seg nedantil.

Der stod guten, med lese- og skrivevanskar, og fekk eit handtrykk, frĂĽ ein med plastikkhanskar.


22 Mellom homsar og hyller

Verdsborgar i ein

krok

sofa-

Eg har sofa frå Korea, eg har krukke frå Sudan, eg har sokkar ifrå Dale og shampo frå Milan.

På veggen heng det pynt frå Mallorca og frå Kos, eit smalahove ifrå Voss og eit flybilde av Os.

Rundt meg heng heila verda, så liten kloden er i grunn, når maska ifrå Kenya er kjøpt i Ålesund.

Eg er ein verdsborgar og irriterer meg som fa n når det er folkefest og moro hjå min nabo frå Iran.

Ja min nabo frå Iran lagar fest med mat og løk, og ein verdsmann som meg kjem aldri på besøk.


Mellom homsar og hyller 23

Eg er inneslutta nordmann, i min sofa trivst eg best, nei, det er ikkje denne karen du tar med på fest.

Eg er ein verdsborgar og irriterer meg som fa n når det er folkefest og moro hjå min nabo frå Iran.

Eg stemmer SV utad, men innad Frp, eg er ein sofarasehatar som drikk arabisk te.

Eg dansar stovesamba på mitt orientalske teppe, eg har ein engelsk setter som eg kallar Vidar Kleppe.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.